Historisk arkiv

Statsrekneskapen for 2011 lagt fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2011 vart 79,4 milliardar kroner. Det er 4,8 milliardar kroner mindre enn i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2011. Dei samla inntektene vart 6,1 milliardar kroner høgare, medan dei samla utgiftene vart 1,3 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2011 vart 79,4 milliardar kroner. Det er 4,8 milliardar kroner mindre enn i nysaldert budsjett, vedteke i desember 2011. Dei samla inntektene vart 6,1 milliardar kroner høgare, medan dei samla utgiftene vart 1,3 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Det er overført 84,2 milliardar kroner frå Statens pensjonsfond utland (SPU) til stats­budsjettet. Det svarer til det oljekorrigerte underskotet i nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget i desember 2011. I rekneskapen vart det oljekorrigerte underskotet 79,4 milliardar kroner, og statsrekneskapen vert såleis gjort opp med eit overskot på 4,8 milliardar kroner.

Samanlikna med saldert budsjett for 2011(vedteke i Stortinget desember 2010) vart det oljekorrigerte underskotet 55,6 milliardar kroner mindre. Inntektene vart 51,1 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 4,5 milliardar kroner mindre . Om lag 40,0 milliardar kroner av inntekts­auken er høgare skatte- og avgiftsinntekter, 4,1 milliardar kroner er auka rente- og utbyteinntekter og om lag 6,4 milliardar kroner er auka inntekter under departementa. Utgiftsnedgangen kjem mellom anna av lågare renteutgifter og utgifter til dagpengar under folketrygda. Ein reknar no den reelle, underliggjande utgiftsveksten frå rekneskapen 2010 til rekneskapen 2011 til å vera på 1,7 prosent.

Unytta løyving på budsjettpostar merkte «kan overførast» og inntil 5 prosent av unytta løyving på driftspostar kan overførast til neste budsjettermin. Det er samla overført 44,4 milliardar kroner til 2012. Av dette gjeld 33,3 milliardar kroner den særskilde løyvinga av lån til mellombels statleg eksportfinansieringsordning vedteken i desember 2011. Utanom denne posten er det overført 11,1 milliardar kroner til 2012. Dette er ein auke på 0,3 milliardar kroner frå året før.

Bruken av petroleumsinntekter, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet, er no rekna til 94,1 milliardar kroner i 2011. Det er om lag 34 milliardar kroner mindre enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2011 og 4,9 milliardar kroner mindre enn rekna i nysalderinga (vedteke i Stortinget desember 2011). Venta realavkastning av SPU i 2011 er rekna til 123,2 milliardar kroner, svarande til 4 prosent av fondet ved inngangen til året. Bruken av petroleumsinntekter vart dermed om lag 29 milliardar kroner mindre enn venta realavkastning av SPU. Det strukturelle, oljekorrigerte under­skotet kjem fram ved at den oljekorrigerte budsjettbalansen mellom anna vert korrigert for verknaden av konjunkturane på skatteinntektene i statsbudsjettet.

Statsrekneskapen syner at netto inntekter frå oljeverksemda vart 350,8 milliardar kroner. Beløpet vart overført SPU, medan det i samsvar med nysaldert budsjett vart ført tilbake 84,2 milliardar kroner til statskassa. Netto renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond vart samla 103,0 milliardar kroner med 97,0 milliardar kroner i SPU og 6,0 milliardar kroner i Statens pensjonsfond Noreg. Overskotet i Statens pensjonsfond vart dermed 369,7 milliardar kroner. Av dette er over­skotet i SPU knapt 363,7 milliardar kroner. Det samla over­skotet i statsbudsjettet (4,8 milliardar kroner) og Statens pensjonsfond (369,7 milliardar kroner) vart 374,4 milliardar kroner.

Marknadsverdien av SPU auka med 227,1 milliardar kroner, frå 3 080,9 milliardar kroner ved utgangen av 2010 til 3307,9 milliardar kroner ved utgangen av 2011. Overskotet auka verdien av fondet med 363,7 milliardar kroner, medan andre tilhøve minka kapitalen med 136,6 milliardar kroner. Av dette auka netto valutakursvinst kapitalen i fondet med 49,2 milliardar kroner, medan realiserte og urealiserte tap reduserte kapitalen i fondet med 185,8 milliardar kroner.

Frå utgangen av 2010 til utgangen av 2011 minka kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg med 5,4 milliardar kroner, frå 134,9 milliardar kroner til 129,5 milliardar kroner. Endringa kjem av netto renteinntekter og utbyte på 6,0 milliardar kroner og 11,4 milliardar kroner i samla netto realiserte og urealiserte tap på aksje- og renteplasseringane.

Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett for budsjettåret 2011 

 


(tal i mill. kroner)

Saldert budsjett (desember 2010)

Nysaldert budsjett(desember 2011)

Rekneskap
(april 2012) 

1.

Statsbudsjettet

 

 

 

A

Inntekter i alt

1 113 185

1 218 699

1 223 525

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

313 018

373 493

372 242

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

800 167

845 206

851 283

B

Utgifter i alt

960 149

950 365

952 121

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

25 011

21 002

21 439

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

935 138

929 363

930 682

 

Oljekorrigert overskot
i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-134 971

-84 158

-79 399

+

Overført frå
Statens pensjonsfond utland

134 971

84 158

84 158

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

0

0

4 758

2.

Statens pensjonsfond

 

 

 

 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i
statsbudsjettet (A.1-B.1), vert
overført til Statens pensjonsfond utland

288 007

352 491

350 804

-

Overført frå Statens
pensjonsfond utland til statsbudsjettet

134 971

84 158

84 158

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

113 100

104 200

103 004

=

Overskot i Statens pensjonsfond

266 136

372 534

369 650

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

 

 

 

 

Samla overskot

266 136

372 534

374 408