Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Finansmarknadsmeldinga 2012:

Styrkjer stillinga til forbrukarane i finansmarknadene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa meldar om endringar i Finansklagenemnda og i reglane om nemndhandsaming av forbrukartvistar. – Vi ynskjer å gjera det tryggare og lettare for forbrukarane å få løyst tvistar med finansføretak. Dei tiltaka vi no arbeidar med vil styrkja stillinga til forbrukarane i finansmarknadene, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Regjeringa meldar om endringar i Finansklagenemnda og i reglane om nemndhandsaming av forbrukartvistar. – Vi ynskjer å gjera det tryggare og lettare for forbrukarane å få løyst tvistar med finansføretak. Dei tiltaka vi no arbeidar med vil styrkja stillinga til forbrukarane i finansmarknadene, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

– Endringane i Finansklagenemnda vil mellom anna heva integriteten og kompetansen i nemnda, medverka til betre sakshandsaming og gjera det lettare å melda inn klager. I tillegg arbeider Regjeringa med fleire moglege regelverksendringar som kan gjera det enda tryggare og enklare for forbrukarane å få løyst tvistar med finansføretak, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Stortinget bad i juni i fjor Regjeringa vurdera om det er grunnlag for endringar i organiseringa av og verksemda i Finansklagenemnda som kan medverke til å styrkja rettstryggleiken til klagarane. I Finansmarknadsmeldinga 2012, som leggjast fram for Stortinget i dag, gjer Finansdepartementet greie for korleis ein følgjer opp denne oppmodinga. Hovudbodskapen er at regelverksarbeid som Regjeringa har satt i gang frå før, kan gjera det tryggare og lettare for forbrukarane å få løyst tvistar med finansføretak, samstundes som det ligg an til fleire endringar som kan styrkja stillinga til forbrukarane i klagesakshandsaminga i Finansklagenemnda.

Regelverksprosessar
Regjeringa vil i løpet av 2013 følgja opp to framlegg om klagenemnder på finansmarknadsområdet. Det eine er fremja av Banklovkommisjonen (NOU 2011: 8 Ny finanslovgivning), og går ut på at finansføretak og kundane deira kan krevja at ein tvist vert handsama av ei klagenemnd, jamvel om finansføretaket ikkje har slutta seg til klagenemnda. Finanskriseutvalet (NOU 2011: 1 Bedre rustet mot finanskriser) står bak det andre framlegget, som seier at finansføretak som ikkje rettar seg etter nemndfråsegner som gjev forbrukaren medhald, må dekkja sakskostnadene til forbrukaren ved ei eventuell rettssak. Retten til å få dekt sakskostnadene skal etter framlegget gjelda handsaming i fyrste rettsinstans, og i høgare rettsinstansar dersom det er finansføretaket som ankar. Finansdepartementet vurderer òg endringar i reglane om dokumentasjon av sal og rådgjeving av alternative spareprodukt.

Regjeringa arbeider med nye reglar om forbrukartvistar, basert på framlegg frå eit offentleg utval (NOU 2010: 11 Nemndsbehandling av forbrukertvister) og komande EØS-reglar om utanrettsleg tvisteløysing. Her kan det mellom anna verta aktuelt å innføra nye minstekrav for at klagenemnder skal få offentleg godkjenning, heimel for retts- og tvangskraft for avgjerder frå nemnder som er offentleg godkjende, og offentleg tilsyn med verksemda i klagenemndene.

Endringar i Finansklagenemnda
Finansklagenemnda er eit utanrettsleg tvisteløysingsorgan som er frivillig skipa av finansnæringa og representantar for kundane deira, og finansiert av finansføretaka som er tilknytte ordninga. Modellen gjev grunnlag for nøytral og effektiv tvisteløysing og har vist seg vellukka i fleire bransjar. Finansieringa kan medverka til at føretaka skikkar seg meir ansvarleg, fordi dei er nøydde til å dekkja utgiftene til Finansklagenemnda. Finansklagenemnda har stort sett vist seg å vera eit velfungerande og effektivt tvisteløysingsorgan, men det er likevel rom for å styrkja stillinga til forbrukarane ved handsaming av klagesaker i ordninga.

Etter oppmoding frå Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, har avtalepartane bak Finansklagenemnda gjort framlegg om fleire endringar:

  • For det fyrste kjem det klåre krav om at leiaren og nestleiaren i kvar fagnemnd skal vera ein høgt kvalifisert jurist som er nøytral i høve til avtalepartane og dei næringane og interessegruppene som avtalepartane representerer. Vidare legg ein opp til å utvida nemndene. I dag setjast møta i nemndene med fem medlemer til stades. I tillegg til leiaren (eller nestleiaren dersom leiaren ikkje kan møta) representerer to medlemer Forbrukarrådet (i forbrukarsaker) og to medlemer representerer den aktuelle finansnæringa. No skal møta setjast med sju medlemer, for nestleiaren skal møta fast saman med leiaren, og det skal i kvar fagnemnd oppnemnast ein meinig, uavhengig medlem som er kvalifisert jurist, og som oppfyller dei same krava til sjølvstende som leiaren og nestleiaren. Dei tre uavhengige medlemene skal oppnemnast ved samrøystes vedtak i Finansklagenemndas styre.

  • For det andre skal det verta lettare å melda inn godt utforma klager til Finansklagenemnda. Finansklagenemndas styre skal greia ut og gjera forbetringstiltak på dette området, og ein tek mellom anna sikte på å gje god rettleiing på internett om korleis ei klage skal leverast, og elles leggja til rette for bruk av tenlege elektroniske løysingar ved innlevering av klager. Klagarar vil framleis kunna få rettleiing frå Finansklagenemndas sekretariat om korleis ei klage skal setjast opp.

  • For det tredje skal finansføretaka skilja tydeleg mellom interne klageordningar og ein nøytral klageinstans som Finansklagenemnda når finansføretaka kommuniserer med kundane sine. Finansføretaka bør informera tydeleg om Finansklagenemnda, og senda klager rett dit om dei er av ein slik karakter at dei bør handsamast av eit uavhengig organ. Dette er òg i tråd med nye retningsliner frå Finanstilsynet.

Justis- og beredskapsdepartementet har i dag sendt brev til Finansklagenemnda og gjeve førehandslovnad om offentleg godkjenning av Finansklagenemnda, basert på dei føreslådde endringane. Offentleg godkjenning inneber visse rettar og plikter, mellom anna at saker ikkje kan prøvast for domstolane så lenge dei er til handsaming i nemnda, og at ei sak som er realitetshandsama av ei nemnd, kan leggjast direkte fram for tingretten (utan at saka fyrst har vore handsama i Forliksrådet).

– Finansnæringa og dei andre avtalepartane bak Finansklagenemnda har skipa ei god tvisteløysingsordning, som dei no skal gjera enda betre. Saman med dei regelverksendringane Regjeringa arbeidar med, vil det innebera styrkja rettstryggleik for kundane til finansføretaka, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

______________

Les meir:

Til toppen