Historisk arkiv

Rapportar frå Kystverket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har motteke to rapportar frå Kystverket. Den eine vurderer situasjonen og mulege tiltak for vraket av U-864 utanfor Fedje i Hordaland. Den andre går gjennom status for tidlegare undersøkte vrak som kan innehalde olje.

Pressemelding

Nr.: 124/2006
Dato: 19.12.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig 22 24 64 37

Rapportar frå Kystverket

Fiskeri- og kystdepartementet har motteke to rapportar frå Kystverket. Den eine vurderer situasjonen og mulege tiltak for vraket av U-864 utanfor Fedje i Hordaland. Den andre går gjennom status for tidlegare undersøkte vrak som kan innehalde olje.

- Regjeringa vil så snart råd er gjennomføre tiltak for å sikre havmiljøet rundt ubåtvraket ved Fedje, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet Vidar Ulriksen. – Når det gjeld dei andre vraka som er undersøkte vert miljørisikoen førebels ikkje vurdert som akutt, og vi vil sjå Kystverket si tilråding i samanheng med den samla oljevernberedskapen.

- I Fiskeri- og kystdepartementet skal vi no gå gjennom dei to rapportane frå Kystverket før regjeringa avgjer kva tiltak som skal gjennomførast, seier Vidar Ulriksen.

Det er gjort omfattande undersøkingar av ubåtvraket og Kystverket har henta inn vurderingar frå ei rekke fagmiljø, både i Noreg og i utlandet. Dette breie materialet ligg til grunn for Kystverkets tilrådingar.

Sjå også: