Historisk arkiv

Regjeringa sin fiskeripolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sin tale på Aalesund Rederiforening.

Regjeringa sin fiskeripolitikk

Statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet,
Aalesund Rederiforening, Ålesund, 8. desember 2006.

Først av alt vi eg takke for invitasjonen, og nytte høvet til å gratulere Aalesund rederiforening med jubileet. I 100 år har fiskebåtreiarane her i distriktet kjempa for viktige fiskerispørsmål i organiserte former. 100 år er ein betydeleg alder. Men når eg i dag ser ut over denne spreke forsamlinga her, ser det ikkje ut til at alder tyngjer det minste.

Ingen kunne vel førestille seg kva for endringar disse 100 åra har ført med seg. Aalesund rederiforening har vore aktiv i ein periode der Noreg har opplevd ei rivande teknologisk utvikling i fisket.

Silda kom. Det blei verdas største sesongfiske. Silda hopa seg opp og blei til slutt borte. Som sunnmøringar flest viste de omstillingsteft av dimensjonar og nye fiskeri blei viktige satsingar. Og det med suksess!

No er silda her igjen. Takka vere ei langsiktig oppbygging basert på råda frå havforskarane og styresmaktene sine reguleringar, kan vi no nyte godt av havet sitt sølv igjen. Silda gav oss ein dyr lærepenge. Den enorme utviklinga innan fartøy, fangstreiskapar, -metodar og – teknikk og fritt fiske går ikkje i lag med ei berekraftig fiskeriforvalting. Regulering av fiskeria vart naudsynt for å sikre berekraftig forvaltning og ei rettferdig fordeling av ressursane.

Utviklinga av levande kyst- og bygdesamfunn er eit heilt sentral politisk mål for denne regjeringa. Folk skal ha fridom til å bu der dei ønskjer. Vi veit at mange vil bu langs kysten. Ein føresetnad for det, er at dei har ein god jobb å gå til.

Kysten bugnar av ressursar som har gitt grunnlag for utvikling av ei fiskerinæring av ypparste internasjonal klasse. Ei næring som er van med å konkurrere, og som skaffar landet enorme eksportinntekter – nesten 32 milliardar kroner i 2005. Det samla fangstuttaket i norske fiskeri har dei siste 10 åra halde seg relativt stabilt på rundt 3 millionar tonn. Vi er på ein 10. plass i verda når det gjeld hausta kvantum.

Fiskernæringa er viktig for landet, og fiskeripolitikken er viktig for regjeringa.

Målet til regjeringa er å auke verdiskapinga i heile landet ved å føre ein aktiv nærings- og distriktspolitikk.

Vi ønskjer å legge til rette for størst muleg avkastning for samfunnet og den enkelte næringsutøvar av det som vert hausta, produsert og vidareforedla. Vi vil sikre arbeidsplassar og velferd for kystsamfunna, og vi vil gjennomføre ein distriktspolitisk snuoperasjon som gjer det muleg for folk å bu der dei sjølve vil.

Ressurskontroll

Regjeringa vil sikre at ressursane forvaltast på ein måte som gir godt driftsgrunnlag også i framtida. Ei av dei største utfordringane i den samanhengen er kampen mot overfiske og kampen for ei berekraftig utnytting av fiskeressursane.

Regjeringa har gjort ein aktiv innsats for å bukt med ulovleg fiske og overfiske i våre og tilgrensande havområde, vi gjer stadig framsteg og må halde kontinuerleg trykk på denne saka. Det ulovlege uttaket i Barentshavet vart i 2005 rekna til 100 000 tonn torsk til ein verdi av omkring halvannan milliard kroner i førstehandsverdi. Det er mellom 20 og 25 prosent av den totale torskekvoten! Noregs del av dette er litt under halvparten.

Dette har ein enorm innverknad på dei norske kvotene og det krev ikkje mykje fantasi for å forstå kva dette har å seie for inntektene og ikkje minst attraktive arbeidsplassar. Dette aksepterer vi ikkje og difor arbeider vi kontinuerleg og på fleire frontar i kampen mot overfiske og for ei berekraftig utnytting av ressursane.

I november vedtok Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) nye forpliktande reglar for hamnestatskontroll. Norge har vore særs aktiv i arbeidet med å få vedtatt dette nye regimet, og det er ein viktig milepel for regjeringa sitt internasjonale arbeid i kampen mot det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket. Tiltaka vil tre i kraft frå mai neste år.

Reglane vil gjelde for alle medlemslanda i NEAFC - Russland, alle EU-land, Island, Færøyane, Grønland og Noreg. Hamnestatskontrollen omfattar landingar frå både fiskefartøy og omlastefartøy i medlemslanda sine hamner.

Eit sentralt element er at reglene skal gjelde alle utanlandske fartøy, og for all fisk i konvensjonsområdet til NEAFC. Det inneber for eksempel kontroll med russiske fartøy som landar torsk i EU, men også av norske fartøy som leverer i utlandet.

Fartøya må sende ei førehandsmelding til hamnestaten før dei kan lande. Det skal opplysast om kva slags fisk som finst om bord, kor mykje det er og kva type produkt det er.

Hamnestaten sender meldinga vidare til fiskefartøyet sin flaggstat, som må bekrefte at fangsten er lovleg fanga og avrekna fartøyet sine kvotar, før hamnestaten kan tillate landing og vidare transport eller omsetting av fisk. Dette vil på ein effektiv måte stanse landingar av ulovleg fanga fisk.

Ein betydeleg del av landingane skal kontrollerast. Kontrollen skal omfatte fullstendig overvaking av heile landinga, og sikre at alle opplysningar som vert gitt er korrekte. Formålet er å hindre at det vert gitt falske opplysningar i førehandsmeldingane. Slike regelbrot vil bli sanksjonerte på same måte som brot på andre oppgåveplikter.

Grunnlaget for å svarteliste fartøy er blitt betydeleg forbetra ved at også UUU aktivitet i medlemslanda sine økonomiske soner er omfatta. Fram til no har berre ulovleg aktivitet i internasjonalt farvatn - Smuttholet, Smutthavet og havområda vest av Irland - vore omfatta. Dette gjer det umuleg å operere med bekvemmeligheitsflagga omlastingsfartøy i Barentshavet utan å bli svartelista. Svartelista fartøy skal ikkje få lov til å anløpe hamner eller ta i mot service, forsyningar, gjere mannskapsbyte og liknande i medlemslanda sine hamner.

Vi er svært tilfredse med vedtaket i NEAFC. Dette er eit langt skritt framover for å betre kontrollen med UUU-fisket. Internasjonalt samarbeid – og nasjonal innsats - er ein føresetnad for få bukt med UUU. Det er sjølvsagt også viktig med solid innsats på fiskefelta. Derfor har regjeringa auka ressursane til overvaking, kontroll og rapportering i Fiskeridirektoratet og i Kystvakta.

I budsjettforslaget for 2007 går regjeringa inn for å styrke innsatsen på kontrollområdet med ytterlegare 7,5 millionar kroner, med særleg fokus på det ulovlege fisket i Barentshavet. I tillegg ligg det inne at Kystvakta sitt budsjett skal styrkjast med 18 millionar kroner. Budsjettforslaget skal behandlast i Stortinget i neste veke.

Tiltak for å få bukt med det ulovlege fisket i Barentshavet var også det sentrale temaet under 35. sesjon i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen tidlegare i haust. Norge og Russland vart i fjor einige om ei rekke kontrolltiltak, og mykje er oppnådd. Fokuset i år har vore å få ytterlegare fortgang i implementeringa av desse tiltaka.

Strukturpolitikken

Strukturpolitikken for fiskeflåten har blitt behandla i Stortinget ei rekke gonger dei siste 20 åra. Det har vore brei tverrpolitisk semje om at fangstkapasiteten skal tilpassast ressursgrunnlaget for å oppnå ei berekraftig utvikling i næringa, og for å sikre lønsemd i flåten.

Det har også vore brei semje om korleis dette skulle gjerast. Den nye retninga i strukturpolitikken som vart lagt fram i 2003 av den førre regjeringa, førde til splitting i Stortinget. I 2005 valde ein å erstatte einingskvoteordninga i havfiskeflåten med ei strukturkvoteordning, utan å leggje saka fram for Stortinget.

Resultatet måtte jo bli som det har blitt: Sidan den gong har strukturdebatten skapt høge bølgjer, både i og utanfor næringa. Allereie i Soria Moria-erklæringa varsla derfor regjeringa at ein ville gjennomgå strukturtiltaka for fiskeflåten. Strukturpausen som vart innførd i fjor haust, og strukturutvalet sitt arbeid, er ei konkret oppføljing av Soria Moria-erklæringa.

Som vi kunne vente har dei ulike forslaga frå strukturutvalet vekt stor debatt og engasjement. Det er kome inn over 50 svar på høyringsbrevet. Regjeringa meiner dette er så viktige spørsmål at vi no vil leggje fram ei stortingsmelding om strukturordningane for fiskeflåten før påske. Her vil vi invitere Stortinget til å fullføre den omfattande fiskeripolitiske debatten som har gått føre seg dei siste åra om dei prinsipielle spørsmåla i strukturpolitikken.

Regjeringa ønskjer med denne meldinga å leggje grunnlaget for ein framtidig politikk som sikrar næringa stabile, gode rammevilkår, og som samstundes har brei politisk oppslutning.

Strukturutvalet leverte eit godt grunnlag i si utredning, og det har kome mange og gode høyringsfråsegn. Dette gir et solid fundament for å trekkje dei nødvendige konklusjonar.

”Strukturpausen” vidareførast inntil Stortinget har behandla saka og eit nytt regelverk er på plass. Driftsordninga for kystfiskeflåten vil derfor også verte vidareført i 2007, og det vil bli gjort nødvendige tilpassingar i ordninga for å sikre at den kan nyttast også av aktive fiskarar som har nytta den i perioden 2004 til 2006. For havfiskeflåten vil dei same tillempingar som vart gjort i reguleringane for 2006, bli vidareført i 2007.

Med dette vil vi unngå at enkeltpersonar kjem i ein vanskelig situasjon på grunn av strukturpausen. Regjeringa ønskjer å sikre at enkeltpersonar i minst mulig grad blir skadelidande, mens vi utformer den framtidige strukturpolitikken.

Nox avgift

Også NOx avgifta er naturleg nok ei stor og viktig sak for fiskeflåten. Det er slik at Norge gjennom Gøteborgprotokollen allereie i 1999 forplikta seg til å kutte utsleppa av NOx til 156.000 tonn innan 2010. Dette inneber ein reduksjon på nærare 30 prosent samanlikna med utsleppa i 2004!

Den førre regjeringa varsla i Stortingsmelding nr. 21 (2004-2005) eigne krav til NOx-utslepp frå blant anna skip i innanriksfart og frå fiskeflåten. Denne politikken fekk brei tilslutning ved Stortinget si behandling av meldinga, men vart ikkje følgd opp med konkrete forslag den gong. Dermed er vi blant anna på etterskot innan reinseteknologi, medan 2010 kjem stadig nærare.

Denne regjeringa kom derfor til at det var nødvendig å innføre ei NOx-avgift frå 1. januar 2007 for å bidra til å stimulere til at dei nødvendige reduksjonar blir gjennomført. For fiskeflåten vart det foreslått ei tilskotsordning som skal gi inntil 100 pst. støtte til investeringar i reinsetiltak, mens det for andre næringar er betydelig lågare støttenivå på grunn av EØS-regelverket.

Finansdepartementet har sendt ut ei eiga forskrift på høyring slik at alle partar kan gi innspel til forslaget til utforming av avgifta. Finansministeren har klart gitt uttrykk for at næringa sine synspunkt skal takast omsyn til.

Det har vore nær dialog mellom Finanskomiteen i Stortinget og regjeringa i saka, og næringane med NHO i spissen har særlig argumentert for at det må opnast for å kunne inngå miljøavtaler som alternativ til avgifta. På bakgrunn av denne dialogen har Stortinget vedtatt endringar i det opphavlege NOx-opplegget. Dei viktigaste endringane er at det vert tatt inn ein heimel for myndigheitene til å inngå forpliktande miljøavtalar, der dei som inngår i miljøavtalen takast unna frå NOx-avgift i avtaleperioden.

Stortinget har også lagt føringar for at det i avgiftsforskrifta skal tas inn ei overgangsordning der avgifta vert refundert for den delen av utsleppet frå 1. januar som seinare blir reinsa.

Ein føresetnad er at det vert inngått avtale om å sette i verk NOx-reduserande tiltak innan 1. juli 2007. I tillegg la Stortinget føringar for at dersom nokon i løpet av 2007 kan dokumentere ved målingar eller liknande at utsleppet er lågare enn det som er lagt til grunn, kan det refunderast avgift frå 1. januar 2007 i tråd med det faktiske nivået.

Det går føre seg ein dialog mellom NHO og myndigheitene i forhold til muligheita for å inngå eventuelle miljøavtalar. Dersom det vert semje om eit grunnlag for å inngå ei forpliktande miljøavtale, vil denne måtte notifiserast til ESA før den kan bli gjort gjeldande.

Eg håper og trur at den konstruktive dialogen som har vært mellom departement, Storting og næringslivet kan bidra til at saka kan få eit utfall som det er semje om, og som både kan ivareta omsynet til lønnsemda i næringslivet og dei utsleppsforpliktingane som Noreg har tatt på seg.

Rekruttering

Regjeringa vil arbeide for at fiskeflåten både no og i framtida skal vere ein konkurransedyktig og attraktiv arbeidsplass. Rekruttering er derfor eit spørsmål vi har fokus på.

No ser vi at konkurransen om arbeidskrafta på sjøen aukar kraftig. Det kjem stadig oftare signal frå i næringa om at mannskapssituasjonen i norsk fiskerinæring er vanskeleg, og at fleire fartøy slit med å skaffe arbeidskraft. Det gjeld både faglært og ufaglært arbeidskraft. Særleg vert boomen i offshore tatt fram som ei årsak til den skjerpa konkurransen.

Den delen av fiskeflåten som har attraktive arbeidsvilkår, blant anna god løn, har i dag rett nok mindre problem med å rekruttere sertifisert personell og faglært arbeidskraft. Samtidig er det heilt klart at ein innan fiskeflåten stiller med ulike føresetnader for å lykkast med dette, blant anna på bakgrunn av driftsgrunnlag og organisering av drifta.

Den 20. september vart det halde eit fellesmøte mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Finansdepartementet og Noregs Fiskarlag, der fiskarlaget presenterte sine synspunkt på rekrutteringssituasjonen i fiskeflåten. Det vart understreka frå vår side at det ikkje er aktuell politikk å innføre nettolønnsordningar for fiskeflåten.

Det er derimot brei einigheit om at det er viktig å sjå på både langsiktige rekrutteringstiltak og andre tiltak for å sikre fiskeflåten dyktig mannskap.

I september mottok Fiskeri- og kystdepartementet rapporten Frå ungdom til fiskar, frå fiskar til farøtyeigar, som er laga av ei arbeidsgruppe leia av Noregs Fiskarlag. Arbeidet med denne rapporten er ei oppfølging av Soria Moria-erklæringa, der det heiter at ”Regjeringa vil opprette rekrutteringskvoter eller andre ordningar som sikrar ungdom ein vei inn i fiskerinæringen.

Regjeringa vil legge til rette for å få ungdom til å søke fag innan fiskeri- og havbruk.” Bakgrunnen for initiativet er at det i dag er dyrt for nye aktørar, og særleg for ungdom, å etablere seg med eige fartøy med eigne kvotar. I rapporten tar ikkje berre for seg kvotespørsmålet når dei drøfter korleis ungdom kan sikrast ein veg inn i fiskerinæringa. Rapporten har også eit breiare og meir langsiktig kompetanse- og rekrutteringsfokus.

Han ser på korleis det bør leggjast til rette for å få ungdom til å søke fag innan fiskeria, og tiltak for at flåten skal klare å behalde mannskapet dei allereie har. Det vert peika på at fiskeflåten sjølv bør ta grep for å auke ungdommens interesse for å gå inn i yrket.

Rapporten kjem med klare tilrådingar om tiltak på kort og lang sikt som kan bidra til å betre rekrutteringa til næringa. No skal vi følgje opp desse tilrådingane. Første ledd i denne prosessen er å sende rapporten på høyring. I høyringsrunden er det eit mål at utdanningsinstitusjonane og andre instansar som ikkje var med i arbeidsgruppa skal få mulegheit til å leggje fram sine synspunkt.

Fiskarlaget har som oppfølging av møtet 20. september også spelt inn andre forslag til tiltak som kan betre rammevilkåra for fiskeflåten. det gjeld blant anna auke i fiskarfrådraget, endringar i avskrivingsreglane og provianteringsreglane, og avsetningsordningar for investeringar.

Vi har Fiskarlagets innspel til vurdering i relevante departement. Frå vår side har vi spesielt bedt om at ei vurdering av auke i fiskarfrådraget vert prioritert. Dette er det forslaget som først og fremst vil kome mannskapet til gode.

Det er svært positivt at næringa kjem på banen slik ho gjer no, for å betre tilhøva når det gjeld rekruttering. Dette gjeld både nyrekruttering og tiltak for å behalde den arbeidskrafta ein har ombord.

Regjeringa tar signala frå næringa alvorleg. Vi må sjå på fleire tiltak, blant anna utdanning og dei konkrete tiltaka som næringa har kome med i tillegg til dette. Og eg vil også i denne forsamlinga få understreke – som eg gjer så ofte eg kan – at det er viktig at vi alle bidrar til å skape eit positivt bilde av det å vere fiskar. Det er faktisk slik at det går bra i dei fleste flåtegruppene i dag, og det må vi vere flinkare til å understreke, slik at ungdomen ønskjer å satse på denne næringa.

Marint verdiskapingsprogram

Regjeringa har frå dag ein satsa nytt og friskt på verdiskaping og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringa.

I forslaget til statsbudsjett for 2007 går regjeringa inn for å opprette eit marint verdiskapingsprogram, med ei ramme på 75 millionar kroner. Programmet skal leggje til rette for omstilling og utvikling i fiskeri- og havbruksbedrifter.

Programmet skal fremme auka marknadsorientering i den norske sjømatnæringa, og vidarefører innrettinga i det marine innovasjonsprogrammet som starta i 2006 – den gong med ei løyving på 40 millionar kroner. Hovuddelen av auken på 35 millionar kroner skal styrke lønsamt marint næringsliv i område med særlege omstillingsbehov. Programmet skal stimulere til nyskaping og meir marknadsretting, slik at vi får igjen fleire kroner pr. kilo fisk.

Gode rammevilkår er avgjerande for framtida til fiskeflåten vår. Men det er ikkje berre konkrete rekrutteringstiltak som er viktig i den samanheng. Dei avgjerande rammevilkåra som påverkar framtida til næringa, er korleis vi forvaltar og skaper verdiar av ressursane våre.

Ressurskontroll, strukturpolitikk, rekruttering, verdiskaping – dei vala vi tek i desse sakene syner kvar regjeringa vil med fiskeripolitikken sin. Vi har no halde på eit år, og vi ser fram til fortsettinga. Og som eg seier så ofte eg kan; For å lage ein god politikk er vi avhengig av gode innspel frå næringa. Eg vil med dette ønskje lykke til med resten av generalforsamlinga og ikkje minst med jubileumsfeiringa.