Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2013

14 millionar kroner til kommunale frisklivssentralar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet

For å møte helseutfordringane i framtida vil regjeringa styrkje førebyggjande helsetenester. Tilskotet til kommunale frisklivssentralar vert tredobla, frå sju millionar til 21 millionar kroner.

Nordmenn har generelt god helse, men vi står nå overfor nye utfordringar med overvekt og fedme, livsstilsjukdommar og psykiske problem som i aukande grad er årsak til fråfall og sjukemeldingar. Dette kan få avgjerande betydning for befolkninga si helse framover.

– Når fysisk og psykisk sjukdom oppstår, må vi kome tidleg inn for å hindre at sjukdommen utviklar seg. Da må vi satse på gode førebyggjande tilbod i kommunane, der folk bur og lever liva sine. Klarar vi å førebyggje meir, kan vi reparere mindre. Det er betre for den einskilde, og det er betre for samfunnet. Med dette tilskotet ønskjer vi særleg å styrkje lågterskeltilbodet til personar med psykiske problem, seier helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre.

Frå 2008 til 2012 har talet på frisklivssentralar i kommunane auka frå 42 til 150. Regjeringa ønskjer at enda fleire kommunar skal etablere frisklivssentralar.

Frisklivssentralar skal hjelpe personar som står i fare for å utvikle sjukdom eller forverre sjukdommen sin på grunn av levevanar. Dette er eit kommunalt lågterskeltilbod som primært gir hjelp innanfor områda fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt. Fleire av sentralane har også tilbod til personar med psykiske lidingar og problem knytt til det å vere avhengig av rus. Regjeringa ønskjer at tilskotet skal bidra til at dette tilbodet vert styrkt.

Frisklivssentralane skal leggjast til rette slik at dei inkluderer minoritetsgrupper og bidreg til utjamning av sosiale helseskilnader.

Les mer om revidert nasjonalbudsjett 2013

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter

Til toppen