Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011:

Nye Gulating lagmannsrett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Nye Gulating lagmannsrett skal stå ferdig sommeren 2011. No foreslår Regjeringa å løyva 36,2 millionar kronar til dekking av meirutgiftar til eingongsinvesteringar, husleige og drift ved Gulating.

Illustrasjon av nye Gulating lagmannsrett. Foto: Statsbygg/MIR
Slik skal nye Gulating lagmannsrett bli seende ut. Foto: Statsbygg/MIR

Nye Gulating lagmannsrett skal stå ferdig sommeren 2011. No foreslår Regjeringa å løyva 36,2 millionar kronar til dekking av meirutgiftar til eingongsinvesteringar, husleige og drift ved Gulating.

Regjeringa er oppteken av at Gulating lagmannsrett skal ha tidsriktige og funksjonelle lokalar som legg til rette for ei effektiv saksavvikling, og kor det vert teken omsyn til tryggleik, tilgjenge og openheit.

– Dei nye domstolslokala vil medverke til ei god utnytting av ressursane i lagmannsretten. Tryggleik og god avvikling av saker har vore to hovudårsakar til satsinga, seier justisminister Knut Storberget.

I 2009 og 2010 vart det løyvd til saman 165 millionar kronar under Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett til bygging av nye lokalar for Gulating lagmannsrett. Etter planen vil dei nye lokala vera ferdigstilte sommaren 2011.

Meir til domstolane. Regjeringa legg òg framlegg om å auke løyvinga til domstolane med 40 millionar kroner. Det skal sikre rask avvikling av sakar.

– Vi ser no dei gode resultata i heile straffesakskjeda. Politiet klarer opp fleire saker, difor får også domstolane ei auka saksmengde. Vi gjer framlegg om å auke løyvinga for å sikre at norske domstolar held fram med å være blant dei mest effektive i Europa, seier Storberget.  

Til toppen