Historisk arkiv

Kulturbudsjettet for Finnmark:

Meir til samiske kulturformål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

I statsbudsjettet for 2010 aukar løyvinga til samiske kulturformål med 10 millionar kroner. 3,3 millionar går til kulturformål under Sametinget, som får ei løyving på totalt 65 millionar kroner i 2010.

I statsbudsjettet for 2010 aukar løyvinga til samiske kulturformål med 10 millionar kroner. 3,3 millionar går til kulturformål under Sametinget, som får ei løyving på totalt 65 millionar kroner i 2010.

Tilskotet til Nordnorsk Opera og Symfoniorkester vil få ein auke på 10,2 millionar kroner. Tilskotet til Landsdelsmusikerne i Nord-Norge aukar med  1 million kroner, noko som vil gje eit tilskot på i underkant av 17,2 mill. kroner. Desse tiltaka vil også kome Finnmark til gode. Tilskotet til Stellaris Danseteater er foreslått auka til vel 4 millionar kroner.

Internasjonalt samisk filmsenter får ei auke på 500 000 kroner frå posten for regionale filmmidlar, og nordområdesatsinga aukar frå 5 millionar til 9 millionar kroner i 2010.

Den totale løyvinga over KKDs budsjett til Finnmark i 2010 er på om lag 33,4 millionar kroner.

Tiltak                         Alle beløp i 1000-kroner

Vedtak 2009

Endring

Forslag
2010

Internasjonalt samisk filmsenter

1 500

500

2 000*

Landsdelsmusikerne i Nord-Norge

16 163

1 000

17 163

Nordnorsk Opera og Symfoniorkester

26 092

10 231

36 323

Nordområdesatsing, inkl. Norsk-russisk kultursamarbeid
(tilskuddet går til ulike tiltak i de tre nordligste fylkene)

5 000

4 000

9 000

Samiske kulturformål under Sametinget

61 993

3 360

65 353

 

* Auken kjem frå posten for regionale filmmidlar.