Historisk arkiv

Husbanken får 5 milliardar meir i år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Låna i Husbanken er viktige både i distrikta og i byane. Difor er eg nøgd med at Stortinget 05.05.11 gjekk inn for å auke låneramma i Husbanken frå 15 til 20 milliardar kroner i 2011, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er stor etterspurnad etter lån frå Husbanken i år. Noko av etterspurnaden kjem av varsla strengare kvalitetskrav på grunnlån og at låneramma gjekk tom ved utgangen av 2010. Dette har ført til ein ekstraordinær låneaktivitet i 2011.

- Det har også vore ein auke i talet på startlån frå Husbanken. Dette er eit resultat av eit godt samarbeid mellom Husbanken og kommunane og det blir framleis gjort ein god jobb for å gjere startlån enda betre kjent, seier Navarsete.

Startlån er særskilt prioritert innafor Husbankramma og er regjeringas viktigaste verktøy før å hjelpe unge i etableringsfasen og vanskelegstilte inn i eigd bustad.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.