Historisk arkiv

Legg til rette for bustadmodellar med ”Leige før eige”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Regjeringa vil at flest muleg skal kunne etablere seg i eigd bustad. For vanskelegstilte som er i eit grenseland for om dei bør eige eller leige, kan konseptet ”Leige før eige” vere eit godt alternativ, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at flest muleg skal kunne etablere seg i eigd bustad. For vanskelegstilte som er i eit grenseland for om dei bør eige eller leige, kan konseptet ”Leige før eige” vere eit godt alternativ, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Den nye modellen inneber at ein kombinerer Husbanken sine låne- og tilskotsordningar på nye måtar. Først kjøper kommunen ein bustad ved hjelp av grunnlån og bustadtilskot for utleigebustader. Bebuaren leiger bustaden nokre år først. Viss han etter kvart vil kjøpe bustaden, kan han få startlån og bustadtilskot til etablering.

- Eg vonar ordninga kan gje fleire mulegheit for å eige ein bustad. Det er viktig at kommunane har eit breitt spekter av verkemiddel til disposisjon når dei skal hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Viss mange kommunar tek denne modellen i bruk, vil me vurdere å følgje opp i seinare budsjettprosessar, seier Navarsete.

For 2011 disponerer Husbanken ei total låneramme på 15 milliardar kroner. Av desse er 8,2 milliardar kroner sett av til grunnlån og 5,5 milliardar kroner til startlån. Det er i tillegg sett av 405 millionar kroner til bustadtilskot til utleigebustader og 400 millionar kroner til bustadtilskot til etablering og tilpassing av bustad.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.