Historisk arkiv

Kan ikkje akseptere at barn ikkje har ein heim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Kommunal Rapport 04.01.2010.

Hovudstyret i Husbanken peiker i ein debattartikkel i Kommunal Rapport før jul på at bustadløyse blant barn må bli avskaffa. Det er eg samd i. Vi kan ikkje akseptere at eit einaste barn i Noreg må leve eit liv utan ein fast og trygg heim.

Ifylgje Norsk institutt for by- og regionsforskning (NIBR), som utførte den nasjonale kartlegginga av bustadlause i 2008, lever nær 400 barn eit liv utan fast bustad i kortare eller lengre periodar.

Kva veit vi om desse barna? Det er ingen personar i kategorien ”uten overnatting” som har dagleg eller delt omsorg for mindreårige barn. Heller ikkje personar som treng akutt overnatting har dagleg omsorg for barn.

Over halvparten av dei bustadlause som har omsorg til dagleg for mindreårige barn oppheld seg anten midlertidig hos vener, kjenningar, slekt eller i krisesenter. 14 prosent har dagleg omsorg for barn medan dei bur i eit mellombels butilbod. Ti prosent har dagleg omsorg for barn medan dei er i institusjon. Kartlegginga seier ikkje om denne gruppa har barna hos seg under opphald på institusjonen.

Eg er samd med hovudstyret i Husbanken i at vi treng eit meir forpliktande samarbeid mellom dei departementa som har eit delansvar på området. Eg vil difor utfordre mine kollegaer i regjeringa på korleis vi kan betre eit allereie tett samarbeid utover i 2010.

Eg vil og vurdere om det bør stillast nasjonale kvalitetskrav til dei mellombelse butilbod som fins, særleg med tanke på å hjelpa dei som har omsorg for barn.

Samstundes som eg ser alvoret i den situasjonen hovudstyret tek opp, vil eg peike på nokre av dei tiltaka regjeringa alt har fått på plass. Eit av dei viktigaste tiltaka i kampen mot fattigdom var den forbetringa av bustøtta som vi fekk på plass i 2009. Desse endringane kjem mellom anna vanskelegstilte barnefamiliar til gode. Ordninga er utvida frå 100 000 hushald til 150 000. Det er rekna med at det vil gå støtte til om lag 10 000 fleire barnefamiliar. For 2010 har vi også auka rammene til bygging av kommunale utleigebustader. Rundt 2 300 slike bustader blir etablert i år. Det er det høgste talet nokon gong, og det er viktige førebyggjande tiltak.

Desse tilskota til kommunane er viktige, fordi det er kommunane som har ansvar for å skaffe bustad til dei som ikkje klarar det sjølve. Mange kommunar gjer ein framifrå innsats. Andre kan gjere meir, ikkje minst for barnefamiliar.

Eit godt samspel mellom Husbanken og kommunane er avgjerande. Husbanken si viktigaste oppgåve er å førebyggje og kjempe mot bustadløyse. Dei kommunane som slit skal fylgjast opp. Gjennom eit forpliktande og langsiktig samarbeid med Husbanken skal kommunane bli flinkare til å løyse desse utfordringane sjølve. Slik skal dei bidra til å sikre at den einskilde innbyggjar får verdige rammer rundt liva sine.

Eg er glad for innspelet frå Husbankstyret. Eg kan forsikre om at arbeidet med å førebyggje og redusere bustadløyse blir ei av mine viktigaste oppgåver, både i år og åra som kjem.