Historisk arkiv

Supplerende opptak til programmet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

11. november ble 26 nye kommuner tatt opp i programmet, og med dette er opptaket i 2011 avsluttet.

26 nye kommunar får bli med i ”Saman om ein betre kommune”. Dei skal jobbe med utfordringar som sjukefråvere og rekruttering. Kompetanse og arbeidstid blir også tema.

Saman om ein betre kommune er eit samarbeid mellom Kommunal- og regionaldepartementet, KS og forhandlingssamanslutningane. Målet er å hjelpe kommunane å betre omdømet. Til saman 53 kommunar er no med i programmet, som skal vare i fem år.

Kommunane i programmet er spreidde over heile landet. Totalt omfattar dei om lag 700 000 innbyggjarar. Det er planlagt å utvide med fleire kommunar hausten 2012.

Desse kommunane blir no inviterte med i ”Saman om ein betre kommune”:

  • Meland
  • Saltdal
  • Bjugn
  • Skiptvet
  • Meråker
  • Time
  • Strand
  • Sund
  • Bømlo
  • Lom
  • Steinkjer
  • Dyrøy
  • Luster
  • Vegårshei
  • Lunner
  • Våler
  • Fredrikstad
  • Nord-Aurdal
  • Hobøl
  • KS Agder: Lillesand, Arendal, Songdalen og Flekkefjord
  • Gamvik
  • Jondal