Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 3/2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om satsing på bioenergi i landbruket i fylket.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om satsing på bioenergi i landbruket i fylket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

 

Folkefjøset på Jæren

Prosjektet Folkefjøset på Jæren er godt i gang. Formålet med prosjektet er å bidra til fornying og modernisering av driftsbygningar for mjølkeproduksjon til akseptable kostnader. Fokus skal vera på rimelege bygningstekniske løysingar som bønder flest har råd til å byggja. I praksis går dette i stor grad ut på å ta med eksisterande driftsbygning i byggjeplanen, men vi arbeider også med ein ny ”typebygning” som vi vonar skal bli ein god del rimelegare enn dagens nybygg.


Folkefjøset på Jæren. Foto: Geir Undheim.

Prosjektet
Prosjektet Folkefjøset på Jæren starta 1. juli 2008 etter initiativ frå Hå kommune. Dette er eit tilbod til dei bruka som ønskjer å halda fram med mjølkeproduksjon, men ikkje ser syn på å byggja ein ny, stor driftsbygning. Slik sett blir dette gjerne gode opplegg for familiebruk. Då er det naturleg å setja ei øvre grense på 400 000 liter mjølkekvote. For mange som frå før har eit godt båsfjøs med gode opplegg for handtering av grovfòr og gjødsel, kan det vera mykje å spare på å ta eksisterande bygningsmasse med i byggjeplanane. Dessutan unngår ein spørsmålet kva eksisterande fjøs skal nyttast til. Dette er ofte for godt til å rivast.

Finansieringa av Folkefjøs-prosjektet kjem frå:

  • sentrale BU-midlar
  • 9 kommunar fordelt på Jæren, Dalane og Ryfylke 
  • Sparebank1 SR-bank 
  • Norsk Landbruksrådgiving Rogaland og 
  • Tine

For å få ut informasjon og presentera døme på gode byggjeprosjekt som gir reduserte kostnader, er det foreslått om lag 10 pilotprosjekt i prosjektplanen. Primært skal dette fordelast på alle kommunane. Pilotprosjekta skal nyttast aktivt i informasjonsarbeid og presentasjon der dei som vil, kan komma og sjå på dei ulike planløysingane.

Interesse for prosjektet
Interessa for prosjektet er stor. Til oktober 2009 har 73 gardsbruk meldt interesse for å vera med. I det vidare arbeidet med desse 73 gardsbruka har prosjektleiaren fram til oktober 2009 laga eitt eller fleire byggjeforslag på ca. 30 bruk, medan ca. 20 bruk av ulike grunnar har avslutta planane om å byggje folkefjøs. Dei fleste av desse 20 vil anten byggja heilt nytt, eller dei har avslutta byggjeplanane. Nokre har også funne det rett å venta med å ta avgjerd.

Pilotbruk
Arbeidet med å finna fram til gode pilotbruk har komme godt i gang. Til no er 3 pilotprosjekt på plass, og vi arbeider med å få avtala med enda 3 stk. Eit pilotprosjekt i Klepp har pr. oktober 2009 komme langt med byggjearbeidet, og planen er at dei skal ta bygningen i bruk i november. Så snart bygningane i pilotprosjekta blir tatt i bruk, vil vi så langt vi kan, evaluera dette og sjå på dei ulike funksjonane i bygningen.

Pilotprosjekt i Klepp kommune skal takast i bruk november 2009.

Konklusjon
Prosjektet Folkefjøset på Jæren er komme godt i gong, også forhold til prosjektplanen. Pilotbruka har hatt høg prioritet i 2009, og interessa for å bli med har vore stor. Framdrifta vil bli rapportert og røynsler bli brukt i informasjonsarbeid til andre som er interessert i å byggja. Alle er velkomne til å vitja pilotbruka og sjå om planløysingar og idear kan nyttast andre stader.

Kontaktperson: prosjektleiar Geir Undheim, tlf. 51 78 91 80, mob. 904 75 975.

 

Fylkeskommunen med positivt skogvedtak

Regional- og kulturutvalet i Rogaland fylkeskommune sa torsdag eit samrøystes ja til forslag til ”Handlingsplan for skogbruket i Rogaland 2010-2013”. Planen går no vidare til behandling i fylkestinget i desember.

Skog i Rogaland.
Skog i Rogaland. Foto: Lars Slåttå

Fylkespolitikarane er opptatt av både større lokal foredlingsgrad, auka produksjon og bruk av bioenergi og skogen som CO2-fangar. Det er også politisk interesse for å utnytta potensialet for juletreproduksjon i Rogaland. Samstundes er enkelte skeptiske til endringar i landskapet og opptatt av å sikra kontroll med treslag som ikkje er heimehøyrande i Rogaland.

I handlingsplanen er det sett opp fem hovudgrupper av tiltak:

  • Utnytt skogen sine fortrinn i klimasamanheng
  • Utbygging av infrastrukturen
  • Kompetanseheving i næringa og rettleiingsapparatet
  • Langsiktig areal- og ressursforvaltning
  • Lokal foredling og bruk av lokalt virke - til byggjeri og bioenergi

Ei politisk styringsgruppe har sikra arbeidet forankring i fylkeskommunen. Sjølve utarbeidinga av handlingsplanen blei sett bort til Fylkesmannen v/fylkeskogsjefen.

Til å følgja opp tiltaka i handlingsplanen er det sett i gong eit treårig prosjekt ”Verdiskaping og CO2-binding i rogalandsskogbruket” med Christen Egeland som prosjektleiar. Prosjektet er finansiert gjennom Regionalt utviklingsprogram.

           Forside Handlingsplan for skogbruket i Rogaland 2010-2013

Kontaktperson: Lars Slåttå tlf. 51 56 89 70 mob. 415 67 572.

 

Vassdirektiv og landbruket i Rogaland

Figgjovassdraget på Jæren er pilotområdet for vassdirektivets planperiode 2010-2015. Nedslagsfeltet til Figgjo dominerast av landbruksdrift, spesielt i nedre delar og Skas-Heigre. Her er heile 70-80 prosent av nedbørsfeltet dyrka mark. Om lag 300 bønder eig eller leigar jord i feltet, og husdyrproduksjon er dominerande. Dette medfører store utfordringar.

Fylkestinget vedtok i oktober tiltaks- og forvaltningsplan for Figgjo og Otra med følgjande oppfordring frå fylkeskommunen: ”Rogaland fylkeskommune vil sterkt understreke landbrukets næringsmessige betydning i store deler av Figgjovassdraget nedslagsfelt. Mange av de foreslåtte tiltak i forvaltningsplanen er basert på frivillighet og samarbeid fra næringen, samtidig som næringen påføres en økonomisk belastning og ventelig også reduksjoner i produksjonsvolumet. Konsekvensene for produsert volum i Rogaland må belyses med eventuelle tiltak for å opprettholde matproduksjonen i fylket. Rogaland fylkeskommune forutsetter at økonomiske støtteordninger iverksettes for å erstatte eventuelle tap næringen vil ha”.

Figgjo som pilotområde
Fylkesmannen i Rogaland saman med Rogaland bondelag og forsøksringen har sett i gong eit arbeid for å sjå på kva som kan gjerast i nedbørsfeltet for å redusere næringsavrenninga frå jordbruksareala, utan at det skal slå negativt ut for næringa. Vi har sett under arbeidet med forvaltnings- og tiltaksplan for Figgjo at kunnskapen omkring konsekvensar og kostnad ved ulike tiltak i sektoren har vore, og er, for dårleg.

I haust har det vore arbeidd med eit avtaleutkast som vi ønskjer at bøndene skal slutte opp om. Skas-Heigre blei plukka ut som prioritert område, då dette området har størst utfordringar med næringsavrenning frå landbruket. Avtalen er frivillig og det skal givast støtte gjennom regionalt miljøprogram (RMP). Avtalen gjer at bonden forpliktar seg til å ha ugjødsla randsoner og må gjødsle etter balansegjødslingsprinsippet. I tillegg vil dei få rettleiing til å sjå på ekstratiltak det enkelte bruket kan gjere for å redusere avrenningsfaren.

     
Vassdirektivet og landbruket i Rogaland
Vassdirektivet og landbruket i Rogaland. Foto: Anne Grete Rostad

Balansegjødsling
For å drive balansegjødsling er det naudsynt å vite kva gjødsla inneheld. I første omgang skal vi kartleggje næringsinnhaldet i gjødsla på nokre få driftseiningar, for å sjå om P-verdiane svarar til dei verdiane som er nytta nasjonalt. Forsøksringen sine gjødselprøveresultat syner noko lågare P-innhald i gjødsla enn dei verdiane som nyttast nasjonalt. Alle som går inn på avtalen må syta for at dei har gjødselprøvar som ikkje er eldre enn eitt år ved inngåing av avtale.

Det skal også opprettast tre referansegardar kor det skal praktiserast redusert P-gjødsling i dei ulike vekstkulturane for å få ein betre kunnskap om P-behovet for plantane, og opprette målestasjonar både for jordprøvar og vassprøvar for å dokumentere effekten av tiltaka.

Kontaktperson: Anne Grete Rostad tlf. 51 56 89 78.

 

Bioenergi i eit husdyr- og tomatfylke

Med ein stor del av landets husdyrproduksjon basert på 10 prosent av arealgrunnlaget, og ein ”nærmarknad” på 10 prosent av befolkninga i landet, har Rogaland særskilte utfordringar på energi/klima/miljø-området. Vidare har vi ei stor veksthusnæring som bør bli klimanøytral innan 2020. Utfordringane er store og dei er løyselege. Vi meiner at energi- og miljøutfordringane blir viktige utviklingsdrivarar for landbruket i åra framover. Landbruket i Rogaland skal leggje til grunn at i utfordringane ligg det utsikter for skaping av meirverdiar. Difor meiner Fylkesmannen at satsing på bioenergi også må inn som ein av strategiane for styrking og utvikling av husdyrproduksjonane og veksthusnæringa i fylket.

Husdyrproduksjonane i fylket produserer for mykje fosfor. Veksthusnæringa brukar i dag mykje ikkje-fornybar energi. Landbruket i Rogaland importerer mange innsatsfaktorar utanfrå, noko som gjer næringa sårbar. Landbruket i Rogaland må gjere tiltak som reduserer utsleppa av klimagassar.

Maisbasert biogassanlegg i Tyskland.
Maisbasert biogassanlegg i Tyskland. Foto: Geir Skadberg.  

Biogass
Alt dette kan løysast. Gjødselbaserte biogassanlegg er eit konkret tiltak. I Hå kommune er prosjektet Hå Biopark as under planlegging, og vonleg blir dette biogasanlegget basert på gjødsel og matavfall realisert. Hovudutfordringa for dette anlegget er som for alle biogassanlegg; ein må ha eit bruksføremål eller marknad for den såkalla bioresten. Teknologi for separering av det som skal inn i prosessen, eller det som ”kjem ut” har vi. Det er også noko kunnskap om korleis bioresten kan nyttast til gjødsel og jordforbetringsprodukt, sjølv om det her framleis er eit stykke å gå. Marknadspotensialet er usikkert, men det bør vere ein framtidig marknad for forbetra organisk gjødsel i landbruket (og med det spare innkjøp av kunstgjødsel), men også i hage- og parkmarknaden. Kompetanse på gjødselbaserte biogassanlegg er mangelvare, men våre naboland kan hjelpe oss med det. I det internasjonale bioenergiprosjektet enerCoast, kor Ryfylke IKS og Fylkesmannen i Rogaland er norske partnarar, både får og byggjer vi kompetanse på dette området. Og vi ser kor utruleg bakpå vi er på bioenergiområdet i forhold til andre land.

Veksthusnæringa
For veksthusnæringa er problemstillinga for så vidt enklare. I dag brukast for det meste fossil nordsjøgass som oppvarmingskjelde. Her kan ein leggje om til grøn, fornybar biogass og/eller flisbaserte anlegg. I tillegg kan ein på sikt også vurdere å bruke bioresten som gjødsel i veksthusa og som vekstmedium.

Ansvar for konkurransekrafta
Landbruket må ta energi- og miljøutfordringane på alvor. Vi har bra kompetanse på flisbasert bioenergi og skaffar kompetanse på gjødselbasert bioenergi frå utlandet. På sikt vil det byggjast opp sterkare kompetansemiljø på desse områda her heime. For landbruket i Rogaland er det avgjerande for styrking av konkurransekrafta at bioenergi får omfang. Vi trur ikkje at satsing på bioenergi på kort sikt gir auka inntening i landbruket. Difor må bioenergianlegg få økonomisk støtte utanfrå - det vere frå statleg hald, gjennom regionale ordningar, frå næringslivet elles eller gjennom miljøstøtteordningar som CO2-kvotar eller grøne sertifikat. Landbruket i Rogaland må truleg sjølv ta eit aktivt ansvar for både utviklingsarbeid og finansiering.

Kontaktperson: Geir Skadberg tlf. 51 56 89 92.

 

Planprogram for Regionalplan landbruk er godkjent

Planprogrammet blei vedtatt av Fylkestinget 20. oktober i år. Fylkestinget vedtok to tilleggspunkt til føreslått planprogram: 

  • kompetansen på bruk av fornybar energi må styrkast både i landbruket og i vidaregåande opplæring
  • forsking må stå sentralt i målsetjinga om å utvikle eit berekraftig landbruk og næringsutvikling i Rogaland
     
  • Les hele Forslaget til planprogram 
    (pdf, 734 Kb) 

Det har vore stort engasjement i utarbeidinga av planprogrammet både frå næringa og den politiske styringsgruppa, der representantar frå alle parti på fylkestinget er representert.

     Planprogram Regionalplan landbruk Rogaland

Formål med planen
Regionalplanen for landbruk skal vere eit styringsverktøy som er retningsgivande for utviklingstiltak, prosjekt og verkemiddelbruk på regionalt og kommunalt nivå. Han skal også danne grunnlag for utforming av regionalpolitiske strategidokument og handlingsplanar.

  • Setje landbruket på den regionalpolitiske dagsorden 
  • Gi ein samla oversikt over status og utviklingstrendar for landbruket 
  • Avklare handlingsrommet ein har regionalt 
  • Avklare og prioritere tiltak som skal gjennomførast for å styrke landbruket 
  • Leggje til rette for ein differensiert landbrukspolitikk i fylket 
  • Medverke til å styrke konkurranseevna og krafta til landbruket i alle delar av fylket 
  • Skape begeistring for og i landbruket

Framdriftsplan
Arbeidet med sjølve Regionalplan for landbruk i Rogaland er alt i full gang, og planen skal vere ferdig våren 2010. Det er Fylkesmannen som har hovudansvaret for å fylla planen med innhald, men også fylkeskommunen stiller med sektretærhjelp. Vi tek sikte på sende planen ut på høyring i mai 2010.

Kontaktperson: Sissel C. Endresen tlf. 51 56 89 60.

Forsidebilde: Geir Skadberg

Til toppen