Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt 1/2005 Rogaland

30.11.2005
Frå fylkesmannens landbruksavdeling i Rogaland

Agrovisjon 2005 - blei ein suksess!
- ”Dette må vi gjera fleire gonger!” - Tilbakemeldingane frå deltakarane på Agrovisjon, 4.-5. november er svært positive. Målet var å få fram alt det positive som skjer i og omkring primærprodusentane i Matfylket Rogaland. Og bøndene slutta godt opp om både konferansen, utstillinga og dei sosiale arrangementa.

Gårdsbruk i Rogaland. Foto: LMD
Gårdsbruk på Jæren i Rogaland. Foto: LMD

Nyutnemnt statssekretær Ola T. Heggem heldt opningsforedraget, etterfølgt av ei rekkje foredrag om globale og nasjonale rammevilkår for framtidsjordbruket i Rogaland. Andre dagen var via seks parallellsesjonar for dei ulike produksjonane i landbruket. Med 475 konferansedeltakarar og nær 4000 besøkande på utstillingane er arrangørane svært godt nøgde.

Norwegian Wood - eit løft for Rogalands-skogbruket
Norwegian Wood er eit av fleire hovudprosjekt under Stavanger 2008(Europeisk kulturhovudstad), og prosjektet skal medverka til å utvikla den norske trebyen, med ein urban, moderne og berekraftig trearkitektur. Norwegian Wood skal arbeida for verdiskaping gjennom bruk og foredling av regionale ressursar, samt å byggja opp og stilla ut norsk kompetanse. Samla budsjett ca 40 millionar kroner.

Landbruksavdelinga er deltakar i eitt av delprosjekta: ”Utvikling av nye treprodukter til urbant byggeri med basis tradisjon, materialkvaltitet og nisjeproduksjon”. Landbruksavdelinga ser på deltaking i dette prosjektet som eit svært godt høve til å profilera lokalt trevirke og trebruk. Rogaland har eit stort utval av kvalitetar og treslag, men har ikkje store volum å visa til. Prosjektet passar difor som hand i hanske til våre utfordringar.

Stavanger 2008, med eit totalbudsjett på nær 300 mill. kr., vil kunna gi svært god drahjelp i utvikling av småskala og tradisjonsbasert produksjon. Fleire av byggjeprosjekta knyta til Norwegian Wood er så store at lokale råstoffleverandørar truleg blir for små. Men i mangfaldet av aktivitetar, goodwill og kompetanseoppbygging som følgjer i kjølvatnet av dette hovudprosjektet, vil også den lokale skogsektoren kunna hausta store gevinstar. Landbruksavdelinga vil arbeida proaktivt og målretta for at lokalt råstoff og lokale foredlingsanlegg skal bli ein størst mogleg del av denne storsatsinga - som også har eit internasjonalt fokus.

Mjølka renn til Jæren
Det føregår for tida ei uttynning av mjølkeproduksjonen i dei områda av fylket der landbruket betyr mest for verdiskaping og busetnad. Fylkesmannen har på ulike måtar sett fokus på spørsmålet og fått mange oppslag i media og tilbakemeldingar på anna vis. Statistikken viser at mjølkestraumen mot sentrale område på Jæren er akselererande, og utan motkrefter vil storparten av verdiskapinga knytt til denne produksjonen vera borte i mange distriktskommunar i løpet av 10 - 15 år. Som eit eksempel er kvotegrunnlaget siste seks åra redusert med 6 millionar liter i sju av dei undersøkte kommunane. Vi ser også at det blir stadig færre mjølkebruk i bykommunane.

Ny sauerase kan gi ferskt lammekjøt heile året
Mesteparten av lamma blir slakta på ettersommaren og hausten. Norgesgruppen har etterlyst ferskt lammekjøt til grillsesongen, og Fylkesmannen har tatt initiativ til å prøva ut ein ny sauerase for å imøtekomma dette behovet.

Sauerasen Dorset. Foto: FM i Rogaland
Sauerasen Dorset. Foto: Arne J. Lyshol, FM i Rogaland

Prosjektet med formål å framskaffa ferskt lammekjøt utanom sesongen blei lagt fram under Agrovisjon 2005 i Stavanger nyleg. 240 embryo (befrukta egg) av sauerasen Dorset frå New Zealand er lagt inn i 120 søyer fordelt på fem besetningar på Jæren. Det vil ta eit par år å byggja opp ein stamme av rasen slik at dei første grill-lamma av dorset vil blir klar i 2008.

Avbøtande tiltak ved ufrivillige omdisponeringar
I etterkant av prosjektet Bynært landbruk har Landbruksavdelinga tatt initiativ for å sjå på korleis ulemper på grunn av at delar av landbrukseigedom blir tatt til utbyggingsformål, kan reduserast eller bli snudd til noko positivt.

Steingjerde på Jæren. Foto: Bård Løken, Samfoto
Parti frå Jæren.
Foto: Bård Løken, Samfoto

Utbyggingsjord blir normalt kompensert med pengeerstatning, men mange ønskjer heller å få kompensert med ny jord. Både landbruket og byen er tent med eit livskraftig landbruk som eit berande element i regional grønstruktur. Det er difor viktig å sjå bustad-, nærings- og landbruksinteresser i samanheng.

Jordbytte via minneleg jordskifte er ei løysing som er blitt godt mottatt t.d. på Jåttå i Stavanger. Jordbytte skjer ved at ein byter areal med ulik storleik og framtidig verdi. I eitt eksempel der eit mjølkeproduksjonsbruk mista 65 daa, kan bruket byta til seg 230 daa landbruksjord. Dette fører til at sju

grunneigarar får overta 65 daa utbyggingsjord og kan dela utbyggings-gevinsten - medan mjølkeproduksjonsbruket får styrka næringsgrunnlaget sitt. Alle partar blir dermed godt nøgde.

MåltidsARENA
Prosjektet MåltidsARENA skal stimulera til vidare utvikling og vekst i mat- og måltidsklynga i Rogaland. Visjonen er at Rogaland skal vera eit kraftsenter for mat og måltidsnæringa av nasjonalt og internasjonalt omfang.

Dei viktigaste målsetjingane er:

  • Omgrepet ”Matfylket Rogaland” skal vera eit innarbeida uttrykk for næringsutvikling, forsking og kompetanse i næringskjeda frå råvarer til ferdige måltid.
  • Skapa 20 innovative bedrifter knyta til produksjon og utnytting av mat og måltid, i tillegg til 250 kompetansekrevjande arbeidsplassar
  • Måltidets Hus skal vera etablert som eit nasjonalt mat- og måltidsfagleg knutepunkt.
  • Senter for Mat- og måltidsforsking ved Universitetet i Stavanger skal vera på plass i Måltidets Hus.

Regionalt miljøprogram gir fleire turløyper og høgre status for freda fornminne
Om lag 2200 har søkt om tilskot gjennom tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram i Rogaland. Dette er rundt 40% av den potensielle søknadsmassen. At det blir gjeve tilskot til turstiar stimulerer til at det no vert lagt til rette for etablering av mange nye turløyper. Freda fornminne som Rogaland er rikt på har fått auka status på grunn av tilskot til årleg skjøtsel av desse. Ordninga med tilskot til avfallshandsaming og ugraskontroll har utløyst debatt om returordningane for næringsavfall frå landbruket er gode nok.

Økologisk skolemjølk
Omlag 1800 elevar på ca 20 skolar har i haust fått økologisk skolemjølk i Rogaland. Tine sitt meieri i Haugesund er nummer to i landet med tapping av økomjølk i småkartongar. No treng Tine Meieriet Sør meir økologisk mjølk før ordninga kan utvidast.

Tilgangen på økologisk skolemjølk har vore vanskeleg, men etter at Grønn Hverdag sette fokus på dette, blei skoleelevar i Rogaland blant dei første som fekk slik mjølk.

Ku. Foto: Eilif Trones
Foto: Eilif Trones

Ny runde med kommunebesøk
Kommunebesøk er eit viktig ledd i å styrka dialogen med kommunane. Sentralt tema i denne besøksrunden er korleis overføringa av ansvar har fungert. Kommunen si rolle som landbrukspolitisk aktør står difor sentralt.

Form og innhald kan variera litt etter kommune og utfordringar, men tidsramma er to-tre timar. Frå kommunen møter m.a. ordførar, rådmann, jordbruks- og skogbrukssjef. Vi møter med landbruksdirektør, sekretær og ein fagperson, litt avhengig av tema som skal opp.

Til toppen