Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 1/2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om vassdragsprosjektet ”Frivillige tiltak i landbruket" som held fram i tre nye år.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om vassdragsprosjektet ”Frivillige tiltak i landbruket" som held fram i tre nye år. Satsinga har ført til betring av vasskvaliteten i vassdraga på Jæren.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Leiarkonferanse for næringsaktørar i Rogalands-jordbruket

Det er store utfordringar i vente for jordbruket i høve til oppfølging av vassdirektivet og moglege endringar i regelverket for organisk gjødselvare. For å takle desse utfordringane må jordbruksnæringa satse sterkare på kompetanseheving.

I denne samanheng arrangerte nyleg programmet Verkemidlar for regional FoU og innovasjon (VRI) og Fylkesmannen i Rogaland, saman med Bondelaget og Rogaland fylkeskommune ein dialogkonferanse retta mot næringsaktørane i landbruket.

Jordbruket står overfor store utfordringar når det kjem til krav for oppfølging av vassdirektivet og moglege endringar i regelverk for organisk gjødselvare. Det er difor viktig at næringsaktørane i  jordbruket er kjent med dei utfordringane næringa står føre.
Dei 30 frammøtte fekk innføring i kva vassdirektivet inneber, og kva tiltak som er naudsynte for å nå måla om reine vassdrag. Både Bioforsk på Ås og Landbruks- og matdepartementet var representert med innlegg. I tillegg blei det sett fokus på revideringa av gjødselvareforskrifta, og korleis potensielle innstrammingar ville påverke jordbruket i Rogaland.

Fylkesnytt: Kvidal i Suldal kommune
Kvidal i Suldal kommune. Foto: Lars Slåttå.

Dei ulike tema vekte stor debatt, og det kom klart fram at ein måtte syte for at dei krava som blir sett, er godt fagleg fundamenterte og oppnåelege. Situasjonen i dag er ein ønska politikk, og den let seg ikkje snu over natta. Det blei og presisert at satsinga på biogass vil vere viktig for Rogaland som stort husdyrfylke. Utfordringane spesielt knytt til biorest (dvs. restprodukta i samband med produksjon av biogass) må løysast, og her må Rogaland vere på banen og drive fram gode prosjekt. Det vart oppmodna om at det måtte setjast stort fokus på FoU i fylket for å løyse dei utfordringane vi ser vil komma.
 

Prosjektet ”Frivillige tiltak i landbruket” held fram i 3 nye år

Kommunane på Jæren har i desse dagar vedtatt ei vidareføring av prosjektet ”Frivillige tiltak i landbruket” for 3 nye år. Prosjektet i regi av Aksjon Jærvassdrag skulle etter planen avsluttast no etter 5 år i drift. Prosjektet har så langt vore vellukka, og det har ført til betring av vasskvaliteten i vassdraga på Jæren. Det er likevel endå ein veg å gå for å nå krava i vassrammedirektivet om god økologisk tilstand i alle vatn og vassdrag. 

Prosjektet har jobba med frivillige tiltak innafor landbrukssektoren for å redusere avrenninga til vassdraga på Jæren. Det har vore mykje fokus på informasjonsarbeid rundt ulike ordningar i Regionalt miljøprogram, oppretting og drifting av bekkelag, og rådføring ved punktutslepp. Med dei utfordringane vi ser kome med gjennomføringa av krava til betra vasskvalitet gjennom EU sitt vassrammedirektiv, var det eit ønskje frå aktørane i Aksjon Jærvassdrag å vidareføre prosjektet i 3 nye år. Føresetnaden var at kommunane på Jæren ønska vidareføring. Alle kommunane har no hatt førespurnaden oppe til politisk behandling, med positive vedtak. Prosjektet blir difor vidareført i 3 nye år med dei same prosjektleiarane, Olav Husveg og Olaf Gjedrem.

Fylkesnytt: Skas Heige-kanalen
Skas Heige-kanalen. Foto: Arne Jostein Lyshol

Prosjektet vil vere i same form som før, men med ekstra fokus på gjennomføringa av tiltak som kjem fram av tiltaksplanen for Figgjovassdraget. Ved innføringa av vassdirektivet og dei krav som er sett til betra vasskvalitet, er det behov for ekstra god oppfølging av frivillige tiltak innafor landbrukssektoren. Det er behov for informasjon og igangsetjing av nye tiltak, samt dokumentasjon på korleis dei ulike tiltaka verkar på vassdraget. Denne kunnskapen vil vere viktig å ha med seg når ein går inn i fase 2, kor det skal bli utarbeida eigen forvaltningsplan og tiltaksprogram for alle vassdrag.
 

Optimisme i sauehaldet

Det er optimisme i sauehaldet i Rogaland. Lønsemda har blitt betre, kvaliteten på lammekjøtet har gått opp og sauebøndene trivst. Med det har Rogaland eit godt utgangspunkt for eit offensivt sauehald også i framtida.

Den 3-årige satsinga Auka produksjon i sauehaldet i Rogaland omtalte vi i fylkesnytt 2/2009.  Eit halvt år ut i prosjektet kan vi konkludere med at satsinga har blitt godt motteken. I vinter arrangerte vi 6 møte rundt i fylket - der det samla møtte opp om lag 600 bønder. Satsinga fokuserar på sauebonden sine utfordringar innan kvalitet og kompetanse og har strukturert rådgivingstilboda i 7 tema:

A. Me startar med sau!
B. Nytt sauhus?
C. Sjukdom og helse
D. Reduser lammetapet
E. Fôring og stell
F. Beitesamarbeid (organisert beitebruk)
G. Økonomisk gjennomgang

    Fylkesnytt: Sauesanking
Sauesanking.
Foto: Arne Jostein Lyshol

 

Etter møterunden har snautt 150 bønder teikna seg på eitt av fagtema, og det er påmeldte til alle tema. Ikkje overraskande ønskjer 60 prosent å få utgreie/teikna nytt sauehus. Dei to andre tema som har fått størst påmelding er (C) Sjukdom og helse og (F) Fôring og stell. Rådgivinga blir gitt frå slakteria i fylket, enten gjennom deira eigne rådgivarar eller innleigd kompetanse. Det er i seg sjølv svært positiv at Nortura SA, Prima Jæren AS og Fatland AS samarbeider om satsinga. Bøndene kan melde seg på ulike fagtema gjennom heile prosjektperioden. Til hausten/vinteren køyrer vi ein ny møteserie, stort sett etter same leisten som første runde. Hovudfagtema på møta blir helse og lammetap.
 

Turstiar i landbruket sitt kulturlandskap

Gjennom tilskotsordninga ”Regionalt miljøprogram” vert det gitt tilskot til vedlikehald av turstiar som går over eller i kanten av jordbruksareal. I 2009 vart det gitt tilskot til om lag 535 km turstiar i Rogaland.

Fylkesnytt: Tursti
Tursti. Foto: Synnøve Hognestad.  

Tilskot gjennom ”Regionalt miljøprogram i jordbruket i Rogaland” går til landbrukseigedomar i aktiv drift og er meint som ei påskjønning for det meirarbeidet ein kan rekne med ved etablering av turstier på sin eigedom. Ofte vil det t.d. vere behov for ekstra tilsyn med gjerde og grinder.

For å få tilskot skal turstien vere merka på eit offentleg tilgjengeleg turkart. Eit slikt kart har kommunen ansvar for å utforme. Av kartet skal det gå klart fram kvar det er naturleg å parkere. I tillegg skal turstien vere godt merka i terrenget slik at det er lett for turgåarar å finne fram.

I 2009 vart det søkt om tilskot til om lag 535 km turstiar. Tilskotet har medverka til etablering av  mange nye turistar, særleg gjeld dette kommunane på Jæren. I tillegg blir det også gitt tilskot til etablerte turstiar. I mange tilfelle er turstiane ein del av ei lengre turløype som også går vidare  ut i utmarka. Tilskotet gjer difor at fleire får gå tur i og oppleve jordbrukslandskapet, og til at fleire utmarksområde vert meir tilgjengeleg.

Dei fleste kommunane er i gang med å utforme turstikart for sin kommune. Rennesøy og Sandnes kommune har gode turstikart på nettsidene sine. I tillegg har vi fått tilsendt digitale turkart frå Finnøy og Klepp kommune. 

    Fylkesnytt: Tursti på Sola
Tursti på Sola. Foto: Arne Jostein Lyshol.

 

Produksjonstilskot - Stikkprøvekontoll etter risikovurdering

Vindafjord kommune har gjennomført ei prøveordning der kommunen sjølv plukka ut kven som skulle bli kontrollert etter søknad om produksjonstilskot. Kommunen hadde på førehand søkt og fått innvilga dispensasjon frå ordninga med automatisk utval av 5 % av søkjarane.

Vindafjord kommune ville rette fokus på spreieareal og regelverket rundt dette. Hovudføremålet for kommunen var å gjere bøndene medvetne på det ansvaret dei har med å ha nok spreieareal og det å berekne spreieareal og justere dette i takt med eventuell auke i produksjonen. I alt blei 27 bruk trekt ut for kontroll noko som var i overkant av 5% av søknadsmassen. Dei fleste bruka som blei trekt ut hadde stor husdyrproduksjon.

Før kontrollen på bruka hadde kommunen skaffa seg oversikt over kor stort spreieareal bruket måtte ha ut frå det dyretalet som var oppgitt i søknaden. Det vart også teke omsyn til om bruket hadde innmarksbeite som er godkjent som spreieareal. Under kontrollen måtte brukarane leggje fram skriftlege avtalar om leige av spreieareal og eventuelt kvittering for levert husdyrgjødsel.

Fylkesnytt: Øvre Vats
Øvre Vats. Foto: Sissel C. Endresen. 

Resultatet av kontrollen viste at det ikkje var nokon større avvik som vil gi grunnlag for trekk i produksjonstilskotet. For kommunen var dette ei stadfesting på at bøndene i kommunen har eit bevisst forhold til spreieareal.

Fylkesmannen i Rogaland er positiv til det arbeidet Vindafjord kommune har gjort i samband med denne risikobaserte kontrollen. For kommunen sin del blei det nok ein del ekstra arbeid med denne kontrollen fordi dei hadde valt ut bruk med stort husdyrtal. Men samstundes var det tydeleg at kommunen lukkast i det som var føremålet med den risikobaserte kontrollen, nemleg å rette fokus på spreieareal og regelverket rundt dette.

Juletrenæringa mot nye høgder

Rogaland er størst på juletre, og no viser satsinga for alvor att i kraftig auke i omsetninga. Over 135 000 juletre til ein førstehandsverdi på 17,5 millionar kroner blei selt i 2009. Dette er ein auke på over 30 prosent i høve til 2008.

Eksport
Juletrenæringa i Rogaland satsar på kvalitetsproduksjon, bl.a. for å kunna konkurrera på utanlandsmarknaden. Det er for tida manko på juletre i Europa, og prisane for dei beste kvalitetane er gode. Hovudtyngda av produksjonen i Rogaland er edelgranarter. Målet er å auka produksjonsarealet vesentleg dei neste åra. Stand er for tida den desidert største juletrekommunen.

Nyttar skogfond
Etter at både Fylkesmannen og pyntegrøntorganisasjonen sjølv i mange år har drive informasjon om bruk av skogfond, viser no statistikken at dette arbeidet har lukkast. I gjennomsnitt blei det i 2009 trekt 20 prosent i skogfond. Vi ser også at i motsetning til det ordinære skogbruket er juletrenæringa flinke til å bruka skogfondet til nyinvesteringar.

Fylkesnytt: Juletrefelt
Juletrefelt. Foto: Lars Slåttå.

Til toppen