Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 1/2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Første Fylkesnytt for 2011 frå Fylkesmannen i Rogaland gjev ein siste inspirasjon til alle som ønskjer å delta i høyringa om ny regionalplan for landbruket i fylket. Frist for å delta i høyringa er 1. mars.

Første Fylkesnytt for 2011 frå Fylkesmannen i Rogaland gjev ein siste inspirasjon til alle som ønskjer å delta i høyringa om ny regionalplan for landbruket i fylket. Frist for å delta i høyringa er 1. mars. Mange har engasjert seg i høyringa. Blant anna har dei fire regionale høyringsmøta samle over 300 menneske.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

Beite og kulturlandskap – for folk og fe

Fylkesmannen i Rogaland har i samarbeid med landbrukstidskriftet Bondevennen utarbeidd heftet ”Beite og kulturlandskap - for folk og fe”. Heftet er godt mottatt både innan og utanfor fylket.

Heile 95 prosent av jordbruksarealet (innmark) i Rogaland er gras og beite. Vidare utgjer innmarksbeite 40% av jordbruksarealet, og store delar av utmarka blir nytta som beite. Beitedyra i utmarka er den viktigaste reiskapen for å førebyggje attgroing og pleia kulturlandskapet.

Landskapet rundt oss, utanfor byar og tettstader, er i stor grad resultat av landbruksdrift og aktivitetar knytt til landbruk. Med dette heftet ynskjer ein å synleggjera, inspirera og motivera til aktiv beitebruk, samt å synleggjera noko av mangfaldet ved kulturlandskapet.  

Beite Nord Hidle

Heftet er delt inn i seks kapittel:

  • Rogaland som beite- og grasfylke
  • Opparbeiding og stell av beite
  • Beite og kulturlandskap
  • Offentlege ordningar og rammer
  • Gjerding, gjerdehald og organisering av nære beite
  • Ugras

Heftet blei sendt ut til abonnentane av Bondevennen på slutten av fjoråret.

Kontaktperson: Birger Aasland  tlf. 51 56 89 87.
 

Kva er Rogaland utan landbruket?

Framside til Regionalplan for landbruk i RogalandNærare 300 personar har deltatt på i alt fire regionale høyringsmøte om regionalplan landbruk  siste månaden. Det er sterke meiningar om forslaget om deling av fylket i to omsetningsregionar for kjøp, sal og leige av mjølkekvotar.

Planen har fått mykje skryt. Men fleire har etterlyst større fokus på økonomien i landbruket og tydelegare mål om jordvern. Mange meiner også at planen i større grad bør synleggjere produksjonen av mat og behovet for kompetanse.

I planen er det foreslått at distrikta i Rogaland blir eigen omsetningsregion for kjøp, sal og leige av mjølkekvotar. Dette er føreslått som eit tiltak for å styrkje mjølkeproduksjonen i distrikta. Dette forslaget er det mange som har sterke meiningar om. Fleire har peika på at den høge prisen på mjølkekvotar er ei utfordring i Rogaland.

Det har vore stor breidde i kven som har deltatt på møta. Mange bønder, lokale politikarar, representantar for ulike organisasjonar i landbruket og tilsette i landbruksforvaltinga har møtt opp for å høyre meir om kva planen går ut på – og for å komme med konstruktive innspel.

Høyringsfristen er 1. mars 2011, og innspel til planen skal sendast Rogaland fylkeskommune.

Kontaktperson: Sissel C. Endresen  tlf. 51 56 89 60.
 

70 hogstflater kontrollerte – halvparten til omdisponering

Kontrollen i kjølvatnet av ”skogplantebrevet” til statsråd Brekk har avdekka urovekkande lite forynging av hogstflatene fylket. Resultatet er ei avskoging av dei beste skogareala.

48 prosent av dei kontrollerte hogstflatene frå 2006/2007 var godkjent omdisponerte eller under omdisponering – dei fleste til jordbruk. Fleirtalet av desse flatene var ikkje godkjent omdisponert , men blei oppgitt av eigar at skulle omdisponerast  til jordbruk – utan at det hadde skjedd 3 – 4 år etter hogst. Mange av flatene er difor under tilgroing av kratt og annan vegetasjon utan økonomisk verdi.

Forsømt hogstfelt
Forsømt hogstfelt. Foto: Lars Slåttå.

49 prosent av dei attverande hogstflatene var ikkje forsøkt forynga og var såleis også under tilgroing med krattskog. Berre 41 prosent av desse attverande flatene var tilfredstillande forynga.

Berre 21 prosent av 71 hogstflater var etter dette tilfredstillande forynga med tanke på framtidig kvalitetsproduksjon og CO2-binding. Dette meiner Fylkesmannen er alarmerande.

Fordi vi ved utveljing av kontrollflater prioriterte dei største hogstflatene, utgjer desse hogstflatene nær halvparten av hogstarealet av gran desse to åra. Resultata frå kontrollen gir difor ein indikasjon på omfanget av forynging etter hogst av granskog. Mest alle flatene er registrert på høg og super bonitet.

      Forsømt hogstfelt
Forsømt hogstfelt. Foto: Lars Slåttå.

Kontrollen fanga også opp alder på skogen ved hogsttidspunkt. Det går fram at storparten av grana blir hoggen lenge før den er hogstmoden. Av 71 kontrollfelt er 51 hogd i hogstklasse 4 (48 stk), eller i hogstklasse 3 (3 stk). Av det som er hogd i hogstklasse 4 er over 50 prosent av flatene ein ung hogstklasse 4. Dette er langt frå optimalt med tanke på både verdiskaping og mest mogleg CO2-fangst.

Total fordeling av kontrollerte hogstflater
Total fordeling av kontrollerte hogstflater 

Utfordrande
Resultata frå kontrollen er spesielt utfordrande fordi Fylkesmannen over fleire år nettopp har hatt fokus på forynging etter hogst – både overfor kommunane og skognæringa. Vi har også drive mykje informasjon om korrekt hogsttidspunkt.

Vi ser at det til dels er stor konkurranse om tømmeret i fylket blant tømmerkjøparar, noko som kan medverka til at stadig yngre granskog blir hogt. Vidare opplever vi at kommunane vegrar seg for å bruka juridiske verkemidlar overfor skogeigarar som ikkje forynger skogen etter hogst. Dette har mellom anna å gjera med kombinasjonen av eit uklart regelverk og ofte noko manglande kompetanse.

Oppfølging
Fylkesmannen skal no, i samarbeid med kommunane, følgja opp dei resultata som er avdekka. Dette gjeld i særleg grad dei flatene som er sagt å vera under omdisponering, og dei hogstflatene som skogeigar har sagt skal forbli skog, men som ikkje er forsøkt forynga 3 – 4 år etter hogst. I tillegg er det aktuelt med kontroll av nye hogstflater – både etter hogst i granskog og andre treslag.

Kontaktpersonar: Lars Slåttå  tlf. 415 67 572 og Stein Bomo tlf. 51 56 89 72.
 

Nettbasert etablerarkurs frå Skape.no

Etablerarsenteret for Rogaland, Skape.no har etablert eit nettbasert introduksjonskurs for etablerarar. Kurset er eigenutvikla, men har sitt utgangspunkt i det 3-timars introduksjonskurset Skape.no har kjørt dei siste åra.

Skape.no logoSkape.no gir rettleiing og opplæring til etablerarar i Rogaland og er eit partnarskap mellom alle kommunane i Rogaland, fylkeskommunen og statlege styresmakter. Eit av dei mest populære tilboda frå Skape.no er 3-timars introduksjonskurs.

Det nettbaserte introduksjonskurset står godt på eigne bein, men kan også ha funksjon som ”oppslagsverk” for første del av prosessen med oppstart av eiga bedrift. Kurset er enkelt å følgje, og det er ikkje krav til særskilde kunnskapar eller IKT-utstyr for å kunne navigere seg gjennom kurset. Vanleg PC med høgtalarar og Internett er det som skal til.

Kontaktperson: Geir Skadberg, tlf. 51 56 89 92.
 

Prosjekt flisfyrte veksthus i Rogaland

Veksthusnæringa i Rogaland nyttar i hovudsak fossil energi til oppvarming. Ikkje minst grunna omdømmet vurderer næringa no å få i gong nokre pilotprosjekt med flisfyrte veksthus.

Etter initiativ frå Fylkesmannen startast no opp eit lite prosjekt for å avklare eventuelle skrankar og løysingar for ulike typar veksthus i fylket.  Vestskog BA skal stå for mesteparten av arbeidet, men vil få kyndig hjelp frå Norsk Gartnerforbund. Med i arbeidsgruppa for prosjektet blir også Gartnerlaget i Rogaland og Bioforsk Vest, Særheim.

Delar av veksthusnæringa i Rogaland har god tilgang på fossilgass (naturgass) gjennom leidningsnett bygd av Lyse Energi AS. Gartnerinæringa har for tida dispensasjon frå avgifta på slik gass. Prosjektet som skal  vurdere flisfyring er difor først og fremst grunna i ønsket om ei meir miljømessig og klimatilpassa næring.

Blomstergartneri
Blomstergartneri. Foto: Arne Jostein Lyshol.

Kontaktperson: Geir Skadberg, tlf. 51 56 89 92. 

Til toppen