§ 27: Interkommunalt samarbeid om økonomifunksjonane i kommunane

Sak 03/ 685

Ein kommune ønskte at departementet skulle vurdere ulike problemstillingar når det gjaldt høve til å etablere eit samarbeid om økonomifunksjonar etter kommunelova § 27.

Den første problemstillinga gjaldt om skatteoppkrevjarrolla kan organiserast som eit interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 27.

Departementet uttalte at ei slik ordning vil vere avhengig av korleis ein tolkar lov om betaling og innkrevjing av skatt av 21. november 1952 nr. 2. Lova regulerer skatteinnkrevjinga i kommunane. I brev til KRD av 06.05.1999 uttalte Finansdepartementet at skattebetalingslova ikkje er til hinder for at ein person kan vere skatteoppkrevjar i meir enn ein kommune. Dette har som føresetnad at innkrevjinga skjer fråskilt for kvar kommune, og held eit akseptabelt nivå. Ein person kan såleis vere tilsett i gradert stilling i to kommunar, dersom vedkomande rettar seg etter dei krava som skattebetalingslova legg til grunn for akseptabel kvalitet. Etter Kommunal- og regionaldepartementet si oppfatning inneber ikkje dette at det kan opprettast ein felles skatteoppkrevjar i eit samarbeid mellom kommunar.

Kommunen ønskte deretter svar på om kommunestyret vart den nærmaste overordna eininga for det interkommunale samarbeidet, og om organet i så fall kunne utøve offentleg styringsmakt på vegner av samarbeidskommunane.

Departementet peikte på at kommunelova ikkje inneheld særlege reglar om administrasjonen av interkommunale verksemder. Dagleg leiar vil i alle fall vere direkte underlagd styret i og med at verksemda er eit felles tiltak for fleire kommunar. Kommunestyra avgjer gjennom vedtektene rammene for samarbeidet, under dette kompetansen til dagleg leiar.

Eit interkommunalt styre etter kommunelova § 27 kan likevel ikkje få tildelt kompetanse som inneber utøving av styringsmakt. Unntak frå denne hovudregelen vil vere i dei situasjonane der særlov opnar for tildeling av kompetanse.

Ut frå kommunelova § 24 nr. 2 skal kommunane tilsetje ein rekneskapskyndig person med fagleg ansvar for rekneskapen. Kommunen ønskte svar på om oppgåva kunne løysast gjennom eit interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 27. Departementet uttalte at kommunen ikkje har høve til å overføre ansvaret for rekneskapane i kommunen til andre, her medrekna eit interkommunalt styre etter § 27 i kommunelova. Slik som ved skatteoppkrevjar-oppgåva, kan ein og same person vere tilsett som rekneskapskyndig i to kommunar, så framt funksjonen skjer fråskilt for kvar kommune.