§ 27 jf pantelova § 6 1-a: Interkommunalt samarbeid og bruk av legalpant

 Sak 02/ 4022 

Eit interkommunalt selskap hadde som hovudoppgåve å samle inn og transportere forbruksavfall som deltakarkommunane har ansvar for. Det var selskapet sjølv som fakturerte og kravde inn avfallsgebyret. Ein fylkesmann bad departementet avklare om selskapet kunne utøve kommunen sin legalpanterett på vegner av deltakarkommunane. Vidare var det ønske om eit framlegg til organisering av samarbeidet slik at legalpanteretten kunne utøvast av andre enn den kommunen som har ein slik rett etter pantelova § 6-1 a).

Fylkesmannen meinte at selskapet ikkje hadde høve til å utøve legalpanteretten på vegner av deltakarkommunane. Vurderinga til fylkesmannen var mellom anna basert på fråsegner frå lovavdelinga i Justisdepartement av 29.11.1996 og 24.01.1997. I førstnemnde sak vart det uttalt at ”innkrevingsmyndighetenes art (tilsier) at den ikke skal kunne overføres til et annet rettssubjekt”.

Fylkesmannen la vidare til grunn at heller ikkje dei enkelte deltakarkommunane i det interkommunale samarbeidet kunne overføre legalpanteretten som knyter seg til avfallsgebyret. Dette gjeld både der kommunen står for faktureringa og/eller innkrevjinga av gebyret.

Departementet slutta seg til vurderingane frå fylkesmannen. Dette mellom anna på bakgrunn av fråsegner frå Justisdepartementet av 24. januar 1997 og rettsavgjerd i Rana namsrett av 16. februar 1999.

Legalpanteretten kan overførast til andre når han er blitt aktuell på kommunen si hand. Dette vil først skje når det underliggjande avgiftskravet er forfalle. Departementet la såleis til grunn at det ikkje er tillate for kommunen å overføre sine eksisterande og framtidige legalpanterettar til andre på permanent basis.