§ 27: Organisering av interkommunalt brannvesen

Sak 02/6440

Ein brannsjef bad departementet om svar på spørsmål som gjaldt organisering av interkommunalt samarbeid om brannvern.

Det var etablert eit interkommunalt samarbeid om brann- og feievesen, med to kommunar som deltakarar. Samarbeidet var eit eige rettssubjekt, og var organisert som eit interkommunalt selskap. I samband med ny lov om interkommunale selskap (IKS-lova) vedtok kommunane at eksisterande interkommunale selskap skulle organiserast som interkommunale samarbeidsføretak etter kommunelova § 27.

Første spørsmål var om selskapet kunne opptre under eige namn som ikkje var knytt til nokon av kommunane. Departementet peikte på at namnet på verksemda i utgangspunktet ikkje blir påverka av val av organisasjonsform. Er verksemda organisert som eit interkommunalt selskap etter IKS-lova, må namnet på selskapet tilfredsstille krava i firmalova § 2-2. Dette medfører at namnet må innehalde orda ”interkommunalt selskap” eller ”IKS”.

Neste problemstilling gjaldt om det kan delegerast styringsmakt direkte til eit interkommunalt styre, eller om styringsmakta først må delegerast til rådmannen. Departementet peikte på at styringsmakt som blir delegert til eit interkommunalt styringsorgan etter kommunelova § 27, blir sett på som delegert frå kommunen som kommune, utan at det er nødvendig først å delegere til rådmannen.

Vidare var det reist spørsmål om kven som ville ha arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i eit interkommunalt samarbeid. Departementet peikte på at i ei interkommunal verksemd som ikkje er å rekne som eit eige rettssubjekt, vil det vere dei enkelte deltakarkommunane som har ansvaret for dei tilsette. Eit anna ansvarsforhold kan likevel avtalast mellom kommunane, til dømes at dei tilsette i verksemda er tilsette i ein av deltakarkommunane, jf. Ot.prp. nr. 42 (1991–92) s. 112. Er ei interkommunal verksemd å rekne som eit eige rettssubjekt, er ho sjølv å rekne som arbeidsgjevar.

Om /ei interkommunal eining er å rekne som eit eige rettssubjekt, må avgjerast ut frå ei konkret heilskapsvurdering. Eit døme på ei slik vurdering er Rt. 1997 s. 623. Typiske moment i denne vurderinga er om organet har sjølvstendig budsjett og tilsetjingsmynde. Vidare om det har høve til å inngå avtalar med andre, og om eit fleirtal kan binde eit mindretal, jf. Rt.1997 s. 623.

Neste problemstilling gjaldt dei rettane dei tilsette har til å delta i styret for det interkommunale samarbeidet. Departementet peikte på at dette ikkje er regulert ved organisering etter kommunelova § 27, dette i motsetning til IKS-lova § 10. Føresegnene i IKS-lova gjeld ikkje for interkommunale einingar som er organiserte med basis i kommunelova § 27. Det er likevel ikkje noko til hinder for at deltakarkommunane i vedtektene fastset reglar om representasjonsrett for dei tilsette i styret.

I kva grad eit styre i ei interkommunal verksemd har høve til å binde selskapet til visse plikter, vil avhenge av innhaldet i vedtektene som er vedtekne for verksemda til styret. Ut frå § 27 nr. 2 bokstav d, er det høve til å gje styret mynde til å ta opp lån på vegner av deltakarane. Dette gjeld utan omsyn til om verksemda er ein eigen juridisk person. For ein utførleg gjennomgang av spørsmål som gjeld interkommunalt styre, viste departementet til NOU 1995: 17 Om organisering av kommunal og fylkeskommunal virksomhet.

Den siste problemstillinga gjekk på om eit interkommunalt samarbeidsføretak etter kommunelova § 27 kan – eventuelt skal – ha eit representantskap. Departementet slo fast at verksemda vil kunne organiserast med eit øvste, for eigarane representativt organ, og eit underordna, mindre organ, valt av det øvste. Det vil da vere det øvste organet som formelt er styre etter § 27, men som i praksis gjerne blir kalla representantskap eller liknande. Dette organet vil i så fall ha full instruksjonsrett og omgjeringsmynde i forhold til det underordna organet og dei vedtaka det gjer innanfor organet sin eigen delegerte kompetanse. For ei nærmare utgreiing om temaet viste departementet til NOU 1995: 17, side 72.