§ 39 a: Innbyggjarinitiativ – generell klargjøring

Sak 03/ 4042.

Ein kommune ønskte at departementet skulle kome med ei klargjering av innhaldet i kommunelova § 39a, då denne paragrafen vart oppfatta som noko uklar.

 

Kjerneinnhaldet i initiativretten er at innbyggjarane i kommunen har høve til å krevje at ei sak med eit konkret framlegg blir behandla av kommunestyret, det øvste politiske organet i kommunane. Initiativretten blir ikkje påverka av at ein kommune er organisert med eit parlamentarisk styringssystem.

Kommunestyret er pliktig til å ta stilling til framlegget som blir fremja, dersom vilkåra i regelen er oppfylte. Omsynet bak regelen tilseier ei liberal tolking i vurderinga av om framlegget oppfyller vilkåra i lova. Departementet understreka at kommunen fritt kan ta saka opp til behandling, sjølv om vilkåra for behandling av initiativ ikkje er oppfylte.

 

Kommunelova § 39a. nr. 3 set grenser for kor ofte ein kan krevje at initiativ med ”same innhald” blir behandla. Ut frå forarbeida kan det ikkje fremjast innbyggjarinitiativ i saker som har det same innhaldet som eit framlegg som ligg til behandling, eller som tidlegare har vore behandla av kommunestyret. Dette gjeld likevel ikkje dersom det har gått minst fire år sidan eit slikt framlegg sist vart behandla.

Vidare klargjorde departementet forholdet mellom initiativ fremja etter § 39a og saker som er fremja for kommunestyret på ordinær måte. På bakgrunn av forarbeida meiner departementet at ein må forstå regelen slik at avgrensinga ”same innhald” også omfattar saker som er behandla i kommunestyret etter framlegg frå administrasjonen eller folkevalde.

 

Avgrensinga ”same innhald” inneber at ein må ta stilling til om eit framlegg materielt sett fell saman med ei sak som er behandla tidlegare. Det må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Ved denne vurderinga vil formålet med regelen gje rettleiing. Departementet uttalte at tvil kan tilseie at vurderinga bør gjerast av kommunestyret eller fylkestinget sjølv.

Er ei sak til behandling i eit anna organ enn kommunestyret på det tidspunktet initiativ blir fremja, har kommunestyret ikkje plikt til å gripe inn i den pågåande saksbehandlinga før kommunestyret har teke stilling til det innsende framlegget.

 

Departementet peikte likevel på at sjølv om ei sak til dømes ligg hos byrådet, må eit framlegg etter § 39a leggjast fram for bystyret. Det er opp til bystyret ved behandlinga av framlegget å avgjere om saka skal avgjerast av bystyret sjølv eller av byrådet. Departementet poengterte at kommunane gjerne måtte arbeide ut rutinar slik at dei som eventuelt har ansvaret for den aktuelle saka, blir varsla, og at det kan avklarast om ein skal vente med vidare behandling til kommunestyret kan ta stilling til innbyggjarinitiativet.

 

Departementet understreka at det følgjer av fjerde leddet i regelen at framlegg som er framsette, og som blir nedrøysta i kommunestyret, ikkje kan påklagast, med mindre dette følgjer av særlege reglar. Avgjerda kan likevel vere emne for lovlegkontroll.

Til toppen