§ 39 a: Innbyggjarinitiativ om folkerøysting når initiativet er sett fram i tilknyting til behandlinga av budsjettetsak

Sak 03/ 4042

Ein fylkeskommune ønskte departementet si vurdering av om eit initiativ om folkerøysting kan reknast for å vere ei ny og/eller sjølvstendig sak når initiativet er sett fram i tilknyting til behandlinga av budsjettetsak ut frå kommunelova § 39a. Departementet peikte på at dette må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Det kan likevel vere formålstenleg å setje opp ei tredeling av typetilfelle:

1. Det blir fremja eit initiativ som inneheld framlegg om å ta opp ei heilt ny sak og at denne saka blir lagd ut til folkerøysting. Etter departementet sitt syn er det klart at kommunen/fylkeskommunen her må ta stilling, både til om ein vil gå vidare med saka og om det eventuelt er aktuelt med folkerøysting.

2. Kommunen/fylkeskommunen har teke avgjerd i ei sak. Deretter blir det fremja innbyggjarinitiativ med framlegg om at avgjerda blir lagd ut til folkerøysting. I ein slik situasjon kan ein vanskeleg sjå på framlegget om folkerøysting som noko anna enn eit framlegg om ”gjenopptaking” av ei sak som alt er ferdigbehandla. I eit slikt tilfelle meiner departementet at initiativretten ikkje gjeld, men det er likevel ingen ting i vegen for at kommunestyret/fylkestinget likevel tek opp og vurderer initiativet. Det må likevel vere akseptabelt om kommunen/fylkeskommunen vel å avvise initiativet på formelt grunnlag.

3. Kommunen/fylkeskommunen er i prosess om ei aktuell sak. Før saka er avgjord, tek innbyggjarane initiativ til ei folkerøysting om saka. Ein synsvinkel er at initiativet gjeld eit framlegg som alt er til behandling. Temaet for folkerøystinga vil jo nettopp vere den aktuelle saka. Departementet meiner likevel at det er meir naturleg å sjå eit framlegg om at innbyggjarane skal høyrast før det blir teke avgjerd, som eit isolert forhold som det må takast stilling til som ein del av behandlinga av saka. Regelen om initiativrett gjeld dermed ikkje i eit slikt tilfelle. Dersom slike initiativ skal kunne avskjerast ved å vise til at kommunen/fylkeskommunen alt har innleidd behandlinga av ei sak, vil det aldri vere mogleg for innbyggjarane å bruke initiativretten til å kome med innspel i saker som er til behandling. Dette ville etter departementet sitt syn vere ei lite formålstenleg avgrensing, trass i at denne typen initiativ kanskje ikkje ligg innanfor det som var tenkt som kjerneområdet for regelen. Det ville heller ikkje vere i tråd med intensjonane med regelen, som er å leggje til rette for medverknad og auka engasjement frå innbyggjarane.