§ 41 nr. 2: Om dekking for tapt arbeidsinntekt for uføretrygda

Sak 14/2327

Avklaring til kommunelova § 41 nr. 2 - dekking for tapt arbeidsinntekt

Vi viser til e-post av 11. februar 2014. I e-posten blir det stilt to spørsmål:
1. Har ein folkevald som er 50 % uføretrygda krav på erstatning for tapt arbeidsinntekt?
2. Viss ja på spørsmål 1, kva må vedkommande legge fram av ”sannsynleggjering”/dokumentasjon for dette og i kva slags omfang?

Kommunal- og moderniseringsdepartementet presiserer at det følgjande er departementet si vurdering av kva vi meiner er gjeldande rett. Den einskilde kommune har likevel eit sjølvstendig ansvar for å etterleve gjeldande regler.

Departementet har desse kommentarane til spørsmåla:
Etter kommunelova § 41 nr. 2 er kommunen forplikta til å erstatte tap av inntekt som folkevalde har som følgje av sitt kommunale tillitsverv. Erstatninga er meint å dekke inntektstap som følgjer av at den folkevalde må forsømme ordinære gjøremål på grunn av tillitsvervet. Kommunen skal etter lova fastsette eigne satsar for legitimert og ulegitimert tap. Pensjonistar har, på linje med andre folkevalde, rett til erstatning for tap i inntekt som følgjer av kommunale tillitsverv.

Eit vilkår for retten til erstatning er at den tillitsvalde faktisk har lidd eit tap. Det har ikkje noko å seie for retten til erstatning om kravet er legitimert eller ikkje. Ført må ein slå fast om den tillitsvalde har lidt eit tap, så tar ein stilling til om ein skal gi erstatning for legitimert eller ulegitimert tap. Om tapet kan dokumenterast, skal det gis erstatning for legitimert inntektstap.

Blir det reist krav om erstatning for ulegitimert inntektstap, må den som reiser krav vise at tapet er sannsynleg. For at kravet om sannsynleggjering skal vere oppfylt, må den folkevalde som eit minimumskrav fremme eit erstatningskrav. Ein kan berre gi erstatning for ulegitimert inntektstap om den folkevalde faktisk forsømmer sitt arbeid på grunn av vervet som folkevald. Det er ikkje nok at tida den folkevalde bruker til sitt offentlege verv, kunne ha vore nytta til andre gjeremål. Om vervet må utførast til same tid som den folkevalde sine ordinære gjeremål, vil vedkomande normalt ha rett til erstatning.

Kommunen må ta stilling til om tapet er tilstrekkeleg sannsynliggjort når kravet blir sett fram, og vurdere kva for krav ein skal stille til sannsynleggjering av tapt inntekt. Det vil soleis vere opp til kommunen sjølv å avgjere om ein skal stole på den folkevalde utan fleire opplysningar, eller om ein skal be vedkomande om ei nærare forklaring. Ein må vurdere konkret om den einskilde folkevalde si forsømming av daglege gjeremål som følgje av tillitsvervet, gir rett til erstatning.