§ 59: Kommunen sitt val av tilbydar som gjenstand for lovlegkontroll

Sak 02/1462

Departementet fekk spørsmål frå ein fylkesmann om vedtaket i ein kommune om val av renovatør kan vere gjenstand for lovlegkontroll etter kommunelova § 59.

Departementet framheva at lovlegkontroll etter kommunelova § 59 berre omfattar dei forvaltnings- og offentlegrettslege sidene ved ei avgjerd. Spørsmål om innhald og omfang av kommunen sine privatrettslege plikter på kontraktsrettsleg, erstatningsrettsleg eller tingsrettsleg grunnlag, fell utanfor lovlegkontrollen.

Departementet uttalte vidare at fylkesmannen kan kontrollere saksbehandlinga i kommunen, og sjå på alle forhold i tilknyting til prosessen rundt val av ny renovatør (til dømes habilitet og spørsmål som gjeld høve for kommunen til å setje ei oppgåve ut på fastpristilbod). Når ein kommune har gjort vedtak om kva for ein tilbydar som skal få renovasjonsoppdraget, er dette eit privatrettsleg forhold. Slike forhold blir regulerte av lov av 16. juni 1999 nr. 69 om offentlege innkjøp, og tilhøyrande forskrift av 15. juni 2001, som regulerer innkjøpsverksemda til det offentlege. Eventuelle innvendingar mot vedtaket – og/eller tildelingskriteria, må behandlast etter særskilde reglar i sistnemnde lov. Fylkesmannen kan såleis ikkje kontrollere slike avgjerder i medhald av kommunelova § 59.