§ 59 nr 5: Spørsmål om myndigheit for administrasjonssjefen dersom kommunestyret treffer eit lovstridig vedtak

Sak 06/1952

Saka gjaldt spørsmål om korleis administrasjonssjefen skal stelle seg dersom kommunestyret har fatta eit vedtak i strid med lova. Departementet la til grunn at administrasjonssjefen må kunne bringe vedtaket inn for lovlegskapskontroll etter kommunelova § 59 nr. 5, og at spørsmålet om oppsetjande verknad ev. må avgjerast av fylkesmannen.

Til toppen