§ 77 nr 1 og 2: samansetjing av kontrollutvalet, gyldigheten av vedtak dersom kontrollutvalet er ulovleg samansatt og kommunalt tilsette

Sak 08/478

Vi viser til brev 31. januar 2008. Vi seier oss leie for at det har tatt så lang tid å svare på brevet.

1. Om samansetjinga av kontrolutvalet:

Kommunelova § 77 nr. 1 fastset at minst ein av medlemmene i kontrollutvalet skal veljast blant medlemmene i kommunestyret. Det er ikkje høve til å fråvike denne føresegna.

Dersom kommunestyret har valt eit kontrollutval utan medlem frå kommunestyret, er utvalet ulovleg samansatt, og valet av kontrollutval vil dermed vere ugyldig. Kommunestyret må då halde nyvalg, eventuelt gjennomføre nytt valoppgjer dersom feilen kan rettast på denne måten, og syte for at ein av kommunestyremedlemmene blir valt inn i utvalet.

Departementet meiner at feil m.o.t. samansetjinga av kontrollutvalet ikkje utan vidare fører til at dei vedtaka utvalet har gjort blir ugyldige. Det må stillast eit krav om samanheng mellom resultatet av avgjerda og det forholdet at ein medlem som har vore med på å treffe avgjerda, er valt i strid med reglane i kommunelova. Vi viser til punkt 6 i rundskriv H- 10/07 frå departementet.

2. Kven kan veljast som medlemmer av kontrollutvalet?

Kommunelova § 77 nr. 2 fastset at "ansatte i kommun"e enr utelukka frå val til kontrollutvalet. Denne føresegna blei opprinneleg tatt inn som § 60 nr. 2 i kommunelova i 1992. I Ot.prp. nr. 42 (1991 - 92) s. 196 uttala departementet følgjande :

"Hovedbegrunnelsen for å utelukke medlemmer av nemnder med beslutningsmyndighet, er å unngå at kontrollutvalgets medlemmer gransker egen virksomhet. Dette hensynet gjelder kanskje i enda større grad kommunens ansatte. Departementet mener således at heller ikke personer som er ansatt i kommunen skal kunne sitte i utvalget."

Departementet sa og på s. 301:

"........Det er hensynet til utvalgets uavhengighet og hensynet til den allmenne tillit som ligger til grunn for begrensningene."

Departementet har tidlegare uttala seg to gonger om kven som skal omfattast av omgrepet "ansatte i kommunen". I ei sak frå 1995 la departementet til grunn at omgrepet ikkje burde tolkast så vidt at det omfatta friviljuge brannmannskap. 12004 la departementet til grunn at omgrepet omfattar alle som har eit ordinært tilsettingsforhold til kommunen, utan omsyn til om tilsettingsforholdet er fast eller midlertidig, eller om det er tale om ei stilling på full tid eller på deltid.

Til orientering legg vi ved kopi av dei to breva.

Departementet finn - etter ei nøye vurdering av det spørsmålet som blir teke opp i skrivet - at ein bør leggje til grunn at omgrepet "ansatte i kommunen" omfattar alle som eit slikt forhold til kommunen at dei reknast å ha kommunen som arbeidsgjevar, sjølv om dette ikkje kan seiast å vere hovudarbeidet til vedkomande. Det har ikkje noko å seie om det er tale om ein liten stillingsbrøk. Dette er og best i samsvar med ordlyden lova. Departementet meiner og omsynet til kontrollutvalet si frie og sjølvstendige rolle høve til administrasjonen og andre folkevalde og omsynet til publikum sin tillit til kontrollutvalet, talar for ei slik løysing.