Rundskriv til lov av 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)

Inndelingslova i seg sjølv seier ikkje noko om når ei grense bør endrast eller kvar ho skal gå, men gir reglar om kva som skal skje frå det er teke initiativ til ei endring og til endringa er gjennomført og kven som har kompetanse til å fastsette kva.

Fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser blir regulert av lov av 15. juni 2001 nr. 70, lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova). Forarbeida til lova er Ot.prp. nr. 41 (2000–2001) om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) og Innst.O. nr. 86 (2000–2001)Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om fastsetjing og endring av kommune og fylkesgrenser (inndelingslova).

Rundskrivet erstattar rundskriv H-01-07.

Dei seinaste endringane i inndelingslova er omtalt i Prop. 76 L (2015–2016), Innst. 347 L (2015–2016) og Lovvedtak 85 (2015–2016) av 07.06.2016. Bakgrunnen for dei seinaste endringane er at departementet i arbeidet med konkrete inndelingssaker i den pågåande kommunereforma blei merksam på behov for å gjere nokre mindre endringar i inndelingslova, for at lova kan fungere som ein tenleg reiskap ved grenseendringar.

Kommune- og fylkesgrensene avgrensar den stadlege kompetansen til kommunen, fylkeskommunen og fylkesmannen. Det er den administrative grensa som avgjer kva område dei lokale styresmaktene kan ta avgjerder om. Ei kommunegrense treng ikkje falle saman med grensa mellom to private eigedomar som ligg i kvar sin kommune eller i kvart sitt fylke. Kommunegrensa er avgjerande for rettar og plikter som innbyggjarane har. Ei endring av ei kommunegrense kan mellom anna avgjere kva for skattar og avgifter som gjeld, kva for offentlege tenester som kan nyttast (til dømes skule- og barnehagetilbod) og kva kommune ein kan stemme i.

Rundskriv til lov av 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) (pdf)