§ 76 og § 77: Om retten for kontrollutvalet til innsyn i skatterekneskapen og tilsyn med skatteoppkrevjaren i kommunen

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Sak 07/331

Saka gjaldt spørsmål om kontrollutvalet har rett til innsyn i skatterekneskapen til kommunen, og om kontrollutvalet sitt tilsyn med skatteoppkrevjarfunksjonen i kommunen. Departementet uttala at kontrollutvalet må ha lik rett som andre forvaltnings- eller tilsynsorgan til å få opplysningar om skatterekneskapen, og at det må byggje på ei konkret vurdering i kvar sak om kor langt utvalet kan føre tilsyn med skatteoppkrevjaren.