Giske kommune – motsegn til reguleringsplan for Ålesund lufthamn, Vigra

Miljøverndepartementet finn ikkje å kunne stadfesta Giske kommunestyre sitt vedtak av 12. mai 2009 om reguleringsplan for Ålesund lufthamn, Vigra med den vegløysing for fylkesveg 135 som planen legg opp til. Departementet legg stor vekt på omsynet til Blindheimsvik fuglefredingsområde, som er oppført på Ramsarlista. Motsegna frå Møre og Romsdal fylke vert teken til følgje. Miljøverndepartementet legg til grunn at det knyter seg viktige nasjonale og regionale samfunnsmessige interesser til Ålesund lufthamn, Vigra. Det er såleis viktig at det vert lagt til rette for ei utviding av sikkerheitssona for lufthamna mot vest. Dette inneber at noverande fylkesveg 135 må leggast ned. Ut frå dei opplysningane som ligg føre i saka, og etter ei heilskapleg vurdering, finn departementet at ny fylkesveg bør leggast på nordsida av lufthamna. Giske kommunestyre har i uttale den 9. februar 2010 gjeve uttrykk for at det i tilfelle reguleringsplanvedtaket av 12. mai 2009 ikkje vert stadfesta bør det vedtakast statleg reguleringsplan. På denne bakgrunn har Miljøverndepartementet med heimel i § 18 i plan- og bygningslova av 1985 fatta vedtak om bruk av statleg reguleringsplan for Ålesund lufthamn med vegløysing for ny fylkesveg nord for lufthamna. Dette er og i samsvar med oppmodinga frå Samferdselsdepartementet.

Vi viser til oversending av 15. juli 2009 frå Møre og Romsdal fylke.

Saka er i medhald av § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova av 1985 sendt Miljøvern-departementet for endeleg avgjerd. Møre og Romsdal fylke har fremja motsegn til planen ut frå miljøvernomsyn.

Miljøverndepartementet har i samsvar med heimelen i § 34-2, 10. ledd i ny plan- og bygningslov av 27. juni 2008 nr. 71, satt i kraft 1. juli 2009, handsama saka etter dei reglane som gjaldt då planane vart lagt ut til offentleg ettersyn.

Miljøverndepartementet finn ikkje å kunne stadfesta Giske kommunestyre sitt vedtak av 12. mai 2009 om reguleringsplan for Ålesund lufthamn, Vigra med den vegløysing for fylkesveg 135 som planen legg opp til. Departementet legg stor vekt på omsynet til Blindheimsvik fuglefredingsområde, som er oppført på Ramsarlista. Motsegna frå Møre og Romsdal fylke vert teken til følgje.

Miljøverndepartementet legg til grunn at det knyter seg viktige nasjonale og regionale samfunnsmessige interesser til Ålesund lufthamn, Vigra. Det er såleis viktig at det vert lagt til rette for ei utviding av sikkerheitssona for lufthamna mot vest. Dette inneber at noverande fylkesveg 135 må leggast ned.
Ut frå dei  opplysningane som ligg føre i saka, og etter ei heilskapleg vurdering, finn departementet at ny fylkesveg bør leggast på nordsida av lufthamna.
Giske kommunestyre har i uttale den 9. februar 2010 gjeve uttrykk for at det i tilfelle reguleringsplanvedtaket av 12. mai 2009 ikkje vert stadfesta bør det vedtakast statleg reguleringsplan.

På denne bakgrunn har Miljøverndepartementet med heimel i § 18 i plan- og bygningslova av 1985 fatta vedtak om bruk av statleg reguleringsplan for Ålesund lufthamn med vegløysing for ny fylkesveg nord for lufthamna. Dette er og i samsvar med oppmodinga frå Samferdselsdepartementet.


I. MOTSEGNA

Bakgrunn for saka

Nye sikkerheitsføresegner stiller krav om at flyplassar med tilliggande område skal  inngå i reguleringsplan. Det aktuelle området på Ålesund lufthamn, Vigra er i dag utan slik reguleringsplan. Avinor starta i samarbeid med kommunen reguleringsplanarbeid i 2005.

Flyplassen ligg i utgangspunktet mellom to fuglefredingsområde. I austre del av rullebana er forholda avklart. I vestre del, der sikkerheitssona skal utvidast, har det oppstått ein konfliktsituasjon som knyter seg til omlegging/flytting av eksisterande fylkesveg 135. Vegen går i dag mellom eksisterande flyplassområde og Blindheimsvik fuglefredingsområde, som vart oppretta i 1988.

I planarbeidet har det vore skissert og vurdert 3 alternative løysingar til framtidig vegsystem.
- Alt. 1: Dagens fylkesveg vert stengd og nytt samband etablert langs nordsida av flyplassen via eksisterande kulvert under flyplassen i aust.
- Alt. 2: Fylkesvegen blir ført i ein ny ca. 190 meter lang kulvert under rullebana/ sikkerheitsområde.
- Alt. 3: Fylkesvegen blir flytta vestover, ut av framtidig sikkerheitssone, og ført gjennom Blindheimsvik fuglefredingsområde.

Møre og Romsdal fylke uttala seg til planen i brev av 3. september 2008 og fremja motsegn til reguleringsplanen med alternativ 3. Fylket meinte at alternativ 1 ville vere det beste i forhold til verneinteressene.  Fylket ville ikkje gå mot alternativ 2 med ny kulvert dersom partane gjekk inn for dette.  Avinor tilrådde alternativ 1, medan Statens vegvesen kunne akseptera alle dei tre alternativa.

Giske kommunestyre gjekk i første handsaming av reguleringsplanen inn for alternativ 1. Medlemmer av kommunestyret bad om at dette vedtaket vart undergjeve lovlegheitskontroll etter kommunelova. Saka vart etter det teken opp til ny handsaming i kommunestyret, som i møte den 12. mai 2009  igjen vedtok reguleringsplanen, men då med alternativ 3 som løysing.

Vedtaket vart mellom anna grunngjeve med den auka køyrelengde på snaue 2 km som det blir for delar av lokalsamfunnet på vestre Vigra dersom fylkesvegen blir stengd/ flytta nord om flyplassen, og den auka trafikkmengde som det vert på fylkesvegen på strekninga frå flyplassen til Gjøsund.

Mekling i saka vart ikkje halde.

Møre og Romsdal fylke v/fylkesdirektøren viser i sitt oversendingsbrev hit av 15. juli 2009 til at Avinor etter oppmoding frå fylkesdirektøren uttala seg til saka i brev av 19. juni 2009. Avinor framhevar mellom anna at alternativ 1 også er det beste i forhold til eventuelle framtidige strengare krav til sikkerheit eller behov for auka kapasitet.

Fylkesdirektøren kan ikkje sjå at reguleringsalternativ 3 med ny veg gjennom verneområde bør godkjennast. Det å skulle etablere eit vegsamband gjennom verneområdet ville ligge langt utanfor det fylkesdirektøren kunne opne for.
Heller ikkje Avinor har gått inn for denne løysinga.

Fylkesdirektøren vil i likskap med Avinor vise til alternativ 1 med ny fylkesveg på nordsida av flyplassen. Då ingen av partane har gått inn for alternativ 2 med ny kulvert under rullebana ser fylket ikkje grunn til å kommentere dette alternativet ytterlegare. Fylkesdirektøren vil likevel peike på at finansiering av ny kulvert ikkje kan påreknast prioritert for fylket sin del.

Synfaring i saka vart halde den 2.oktober 2009 med mellom anna representantar frå Giske kommune, Møre og Romsdal fylke, Samferdselsdepartementet, Avinor, Direktoratet for naturforvaltning, Statens vegvesen, aksjonsgruppa for Sørestrandvegen og Miljøverndepartementet.

Samferdselsdepartementet (SD) ga uttale til saka i brev av 28. oktober 2009. I brevet blir det mellom anna vist til Avinor si vurdering av dei tre alternative vegløysingane.  Samferdselsdepartementet er einig med Avinor om at alternativ 1 med veg på nordsida av flyplassen er den beste løysinga. Dette alternativet vil etter Samferdselsdepartementet si  meining ivareta alle kjente krav med omsyn til sikkerheitsområda på flyplassen. Alternativet gjer det mogeleg å utvikle flyplassen over tid utan at vegen eventuelt må leggast om på nytt, og løysinga krev ingen dispensasjon frå luftfartstilsynet. Alternativet inneber også ei god løysing for det verna fuglefredings-området, Blindheimsvika, vest for rullebana. Ulemper med denne løysinga er at bebuarane vest på Vigra får snaue 2 km lengre kjøreveg.

Samferdselsdepartementet konkluderer med at motsegna frå Møre og Romsdal fylke bør takast til følgje, og meiner at alternativ 1 er den beste løysinga. Samstundes vert Miljøverndepartementet bedt om å vurdere om det er mogleg for dette departement å vedta ei av dei alternative løysingane.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) ga uttale til Miljøverndepartementet i brev av 4. november 2009. I uttala vert det gitt ei grunding gjennomgang av dei ulike sidene av saka. Mellom anna vert det peikt på at anlegg av ny veg gjennom Blindheimsvik fuglefredingsområde, som er ein del av Giske våtmarkssystem og oppført på lista over verdas viktigaste våtmarksområde, er klart i strid med både verneføresegnene for området og Noreg si forplikting etter Ramsarkonvensjonen.

Direktoratet for naturforvaltning meiner at ei flytting og etablering av ny fylkesveg, som omtala i reguleringsplanen, vil få negative konsekvensar for Blindheimsvik fuglefredingsområde. Direktoratet meiner det finns alternativ vegløysing i området. Direktoratet støtter Møre og Romsdal fylke si motsegn til reguleringsplanen og rår til at den vert teken til følgje.

Aksjonsgruppa for Sørestrandvegen har i fleire oversendingar til Miljøvern-departementet, sist av  15. november 2009, kome med nye opplysningar og kommentarar i saka. Mellom anna vert det i sistnemnde brev peika på at gruppa stiller seg uforståande til at det skal bli for dyrt å bygge kulvert under rullebana i vest i staden for veg på nordsida når desse to alternativa vil koste omtrent det same.  Det vert og peika på at stenging av dagens fylkesveg 135 vil medføre store ulemper for ca. 700 bebuarar på vestre del av Vigra, og desse vil bli avstengd for allmenn ferdsel i området mot sør. Det vert og berre ein veg mellom nord og sør på Vigra, og med auka trafikk på denne vegen vert det ekstra ulemper for bebuarane i Røysa. Aksjonsgruppa meiner det må vere eit klart krav at det framleis må vere ein passasje også på vestre ende av flyplassen.

Giske kommune v/ordføraren vart per telefon orientert om aktuelle løysingar av saka, og kommunestyret vedtok i møte den 9. februar 2010 å be Miljøvern-departementet vedta eit planalternativ for Ålesund lufthamn, Vigra som statleg plan.

Miljøverndepartementets vurdering

Konflikten i denne saka gjeld spørsmålet om kva for konsekvensar ei forlenging av sikkerheitssona i vestre del av rullebana på Ålesund lufthamn, Vigra skal få for  eksisterande fylkesveg 135, som i dag ligg mellom flyplassen og Blindheimsvik fuglefredingsområde.

Kommunen har i sitt endelege vedtak 12. mai 2009 om reguleringsplan for Ålesund lufthamn, Vigra lagt til grunn at fylkesvegen vert oppretthalden på vestsida av flyplassen, men flytta lenger inn i fuglefredingsområdet (alt. 3). Møre og Romsdal fylke har ut frå miljøvernomsyn reist motsegn mot ei slik løysing og gjeng i staden inn for alternativet med ny veg på nordsida av rullebana (alt. 1)

Alternativet med å legge fylkesvegen i kulvert under vestre del av rullebana (alt.2), som også vart lagt fram som reguleringsplan, har vorte vurdert som for kostbart å gjennom-føre, og ingen av partane har derfor gått inn for dette alternativet. Derimot har ei aksjonsgruppa for bebuarane på vestre del av Vigra gått sterkt inn for denne løysinga.

Miljøverndepartementet legg til grunn at sikkerheitssona i vestre del av rullebana på Ålesund lufthamn, Vigra må utvidast.  I den samanheng må ein også ta stilling til om-legging av og framtidig ny trasé for dagens fylkesveg 135. 

Departementet viser her til at ein med ei løysing som valt av Giske kommune vil kome i direkte strid med verneføresegnene for nemnde fuglefredingsområde, og med dei plikter Noreg har etter Ramsarkonvensjonen. Direktoratet for naturforvaltning meiner den flyttinga av fylkesvegen som kommunen legg opp til vil medføre store negative konsekvensar for dette fuglefredingsområdet. Direktoratet er såleis samd med uttala og motsegna frå Møre og Romsdal fylke.

Miljøverndepartementet kan slutte seg til dei vurderingar som Direktoratet for naturforvaltning har gjort med omsyn til konsekvensane av ei flytting av fylkesvegen inn i fuglefredingsområdet.  Vi finn derfor ikkje å kunne stadfeste det reguleringsplanvedtaket som Giske kommunestyre har vedtatt den 12. mai 2009 som gjeld ny del av fylkesveg 135.

      
Vedtak

Miljøverndepartementet stadfester ikkje Giske kommunestyres vedtak av 12. mai 2009 om reguleringsplan for Ålesund lufthamn, Vigra. Motsegna frå Møre og Romsdal fylke vert såleis teken til følgje.

 

II. STATLEG REGULERINGSPLAN

Av opplysningane i saka gjeng det fram at det i medhald av nye sikkerheitsføresegner er krav om ei utviding av sikkerheitssona ved  Ålesund lufthamn, Vigra. Dette kravet må oppfyllast innan 1. oktober 2013 dersom ikkje lufthamna skal risikere reduserte
driftsvilkår. Samferdselsdepartementet har på bakgrunn av dette oppmoda Miljøverndepartementet vurdere om eit av vegalternativa kan vedtakast som statleg reguleringsplan.

Etter plan- og bygningslova av 1985 § 18 er statleg reguleringsmyndigheit lagt til Miljøverndepartementet, jfr. Kgl. res. av 20. juni 1986. Plan- og bygningslova § 18 gjev Miljøverndepartementet heimel til å utarbeide og vedta reguleringsplan. Heimelen kan brukast når ”viktige statlige eller fylkeskommunale utbyggings-, anleggs- eller vernetiltak gjør det nødvendig, eller når andre samfunnsmessige hensyn tilsier det.”

Vedtak om bruk av statleg plan kan treffast på alle trinn i planprosessen, og kan vere aktuelt når kommunen ikkje ser seg tent med å vedta plan for viktige statlege eller regionale utbyggingstiltak. Staten kan gjere planvedtak etter § 18 i plan- og bygningslova dersom gjennomføringa av det aktuelle tiltaket elles ville ha blitt vesentleg forsinka sett frå staten si side.

Etter ei samla vurdering har Miljøverndepartementet  kome fram til at ein i dette høvet bør bruke heimelen i plan- og bygningslova av 1985 til å vedta statleg reguleringsplan. Før staten fattar vedtak skal kommunen ha hatt høve til uttale seg. Miljøvern-departementet har innhenta uttale i saka frå Giske kommune, jfr. utskrift frå møte-protokoll frå kommunestyret, dagsett 9. februar 2010. Kommunestyret tilrådde bruk av statleg reguleringsplan.

Ut frå dei føreliggande opplysningane finn departementet at det planalternativet som viser ny fylkesveg på nordsida av flyplassen er det mest tenlege, sett ut frå omsynet til utviding av sikkerheitssona vest for flyplassen og framtidig drift av flyplassen (planalternativ 1). Departementet er klår over at ei slik løysing vil føre til nokre ulemper for bebuarane vest for flyplassen i form av snautt 2 km lengre køyreveg, men har ikkje funne dette avgjerande i denne samanhengen.

Ved ei omlegging av trafikken frå fylkesveg 135 til ny veg nord for flyplassen og inn på riksveg 658 vil riksvegen få ein forventa auke i trafikken på 939 biler per døgn. Trafikkmengden på riksvegen er i dag 4350 biler per døgn. I følgje konsekvens-utgreiinga burde denne trafikkmengda allereie ha medført avbøtande tiltak for å betre trafikktryggleik og miljø. Ei auke på 939 biler per døgn tilsvarar 21 % auke på den aktuelle vegstrekninga.  I konsekvensutgreiinga vert det peika på at dette er ein kraftig auke, men ikkje dramatisk i forhold til eksisterande trafikk. Det vert vidare peika på at denne trafikkauken må føre til at det vert gjennomført kompenserande tiltak i form av gang- og sykkelveg langs riksveg 658, og ei vurdering av avkøyrsler og eventuell støyskjerming.

Miljøverndepartementet viser til dette og legg til grunn at nødvendige avbøtande tiltak i det aktuelle området vert gjennomført i samband med omlegginga av vegsystemet rundt flyplassen. 

Etter opplysningane i saka er planalternativ 1 handsama etter prosessreglane i plan- og bygningslova. Dette planalternativet har såleis vore lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring, innkomne merknader er handsama og planen har vore vedteke av planutval og kommunestyret. Kommunestyret sitt planvedtak vart seinare erstatta med planalternativ 3, som det vart reist motsegn mot.

Miljøverndepartementet finn at sakshandsaminga av reguleringsplan for Ålesund lufthamn, Vigra alternativ 1 gir tilstrekkeleg grunnlag for Miljøverndepartementet til å kunne tre i kommunestyret sin stad som vedtaksmyndigheit, jfr. plan- og bygningslova § 27-2.       

      Vedtak

I medhald av § 18 første ledd i plan- og bygningslova av 1985 vedtek Miljøverndepartementet reguleringsplan for Ålesund lufthamn, Vigra dagsett 2. mai 2008 og revidert 12. januar 2009, som statleg reguleringsplan. Samstundes vedtek departementet reguleringsføresegner knytt til planen med nokre mindre endringar gjort av departementet.

Dette vedtak kan ikkje påklagast, jfr. plan- og bygningslova § 27-3 første ledd.

Vi ber om at Giske kommune underretter dei grunneigarar som vert omfatta av reguleringsvedtaket. Vidare ber vi om at vedtaket vert kunngjort på vanleg måte etter reglane i plan- og bygningslova av 1985 § 27-3 første ledd. Kunngjeringsutgiftene vert dekt av Miljøverndepartementet.

Dei vedtekne statlege reguleringsplankarta med tilhøyrande reguleringsføresegner følgjer vedlagt med departementet si påteikning.


Med helsing


Erik Solheim


Kopi:
Giske kommune
Samferdselsdepartementet
Avinor
Direktoratet for naturforvaltning
Møre og Romsdal fylkeskommune

Vedlegg:
Plankart og reguleringsføresegner