Høyringsbrev
Høyringsbrev | | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet sender med dette framlegg til endringar i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Einingsregisteret (einingsregisterlova) til høyring. Høyringsbrevet inneheld framlegg til endringar i regelverket om krav til dokumentasjon ved registrering i Einingsregisteret. Det vert føreslått at det ikkje lenger skal vere naudsynt å registrere opplysningar om sameigarar i tingsrettslege sameige. Føremålet med endringane er å gjere registrering i Einingsregisteret enklare for tingsrettslege sameige.
Departementet sender òg til høyring framlegg til endringar i krava til signering av elektroniske meldingar i forskriftene til einingsregisterlova og føretaksregisterlova. Framlegget går ut på å utvide signeringsreglane for elektroniske meldingar, slik at også juridiske personar får høve til å signere meldingar elektronisk når dei har roller som gjev rett til å signere. Føremålet med endringane er å gjere krava til signering av elektroniske dokument enklare, og såleis leggje betre til rette for å auke talet på elektroniske meldingar
Framlegg til enkelte endringar for å rette feil og inkuriar vert sendt til høyring samtidig.
Høyringsnotatet er utarbeidd i samarbeid mellom Brønnøysundregistra og Nærings- og fiskeridepartementet.
Vi ber om at høyringsinstansane sender høyring til ev. underliggande etatar som kan vere interessert i å sjå på framlegget.
Høyringsfristen settast til 20.1.2015 (to månader). Vi ber om at høyringssvara òg sendast elektronisk til postmottak@nfd.dep.no.
Med helsing
Emma C. Jensen Stenseth (e.f.)
avdelingsdirektør
Cecilie Bakke Dueled
seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikkje handskrive signaturar