Høyringsbrev

Samferdselsdepartementet legg med dette fram forslag til ny forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet (PT). Den nye forskrifta skal erstatte gjeldande forskrift av 21. februar 2005 nr. 168 om gebyr til Post- og teletilsynet, og skal etter planen tre i kraft 1. januar 2015.

Samferdselsdepartementet legg med dette fram forslag til ny forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet (PT). Den nye forskrifta skal erstatte gjeldande forskrift av 21. februar 2005 nr. 168 om gebyr til Post- og teletilsynet, og skal etter planen tre i kraft 1. januar 2015.

Det er fleire grunnar til at departementet foreslår endringar i gebyrregelverket. Ein av dei viktigaste årsakene er behovet for ei forenkling og klårgjering av kven som har plikt til å betale gebyr etter regelverket. Endringane vert òg foreslått for å oppnå betre effektivitet i PT sitt arbeid med å administrera ordninga og for å oppnå betre samanhang og konsistens i forskrifta.

Stortinget vedtek kvart år kor mykje PT skal krevje inn i gebyr det kommande året. PT krev inn det fastsette beløpet frå dei som har plikt til å betale gebyr etter lov og forskrift. Gebyrutrekninga går ut på å fordele PT sine kostnader forholdsmessig mellom dei som skal betale gebyr.

Det går fram av høyringsutkastet at departementet foreslår ei ny gebyrforskrift til avløysing for den gjeldande. Det inneber at det i utgangspunktet ikkje er nødvendig å markere i kursiv dei endringane  som vert foreslått i forksriftsutkastet, da regelverket skal fastsetjast som ei ny forskrift. For å lette arbeidet for høyringsinstansane slik at det går klårare fram kva som er foreslått endra samanlikna med gjeldande forskrift, er likevel forslag til endringar merka i kursiv i utkastet til ny forskrift.

Samferdselsdepartementet ber om at merknader vert sendt departementet innan måndag 13. oktober 2014


Med hilsen 


Jørn Ringlund (e.f.)                                            Eli Wongraven
avdelingsdirektør                                               seniorrådgiver

Brevet i pdf