Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3821, 3822, 3842, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 2
Nærmare om budsjettforslaget

4 Nærmare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under programkategori 11.00 Administrasjon ligg lønns- og driftsutgifter til departementet og utgifter til stillingar som departementet finansierer i Europakommisjonen.

Mål

For 2015 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

1. God og effektiv forvalting

1.1: Effektiv organisering og drift av departementet

1.2: Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder

1.3: God og målretta informasjon

1.4: Kunnskapsbasert forvaltning og politikkutforming

Resultatrapport og strategiar

Delmål 1.1: Effektiv organisering og drift av departementet

Resultatrapport 2013/2014

Ny organisering

Det er innført ei ny organisering av BLD frå mars 2014 med formål å styrkje kapasitet og kvalitet i departementet og gjere organisasjonen meir robust med betre ressursutnytting og fleksibilitet. Arbeidet med utvikling av kompetanse i departementet er ført vidare.

Den nye organiseringa gjer det mogleg å omprioritere ressursar og medverkar til ei vidareutvikling av fagområda ved at ulike fagområde og ulike arbeidsmåtar er lagt inn i nye avdelingar. Organiseringa er gjennomført innanfor dagens ressursramme og ressursar til leiing og administrasjon har ikkje auka.

Kompetanseutvikling

Departementet starta eit systematisk arbeid i 2012 for å medverke til å styrkje kompetansen i lov- og regelverk, i prosessar og system, i språk og kommunikasjon og å auke rolleforståinga for departementet som fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Opplæringa består av eit introduksjonskurs for nytilsette, fagmodular i basiskompetanse, fordjupingsseminar i aktuelle og prioriterte tema det enkelte året, eksterne tilbod og FoU-kompetanse. Fagmodular innanfor basiskompetansen omhandlar tema som saksbehandlingsrutinar, utgreiingsskikk, forvaltingsrett, offentleglova, klarspråk og økonomiregelverket.

Styring

Departementet har arbeidd systematisk for å betre den interne og eksterne styringa frå departementet. Departementet har i samband med dette gjort endringar og forenklingar i målstrukturen til departementet, sjå innleiinga til kvar programkategori kor måla er omtala.

Sikkerheit og beredskap

BLD har ikkje sektoransvar for samfunnskritisk infrastruktur og har heller ikkje, slik Nasjonal sikkerheitsstyresmakt vurderer det, ansvar for objekt det er samfunnskritisk å sikre.

Det er likevel slik at BLD har sektoransvar for område det er viktig å sjå til er budde på kriser. Dette gjeld særskilt barnevernsområdet, inkluderingsområdet og utbetalingar via Arbeids- og velferdsetaten (Nav).

BLD har òg pådrivaransvar for område som er viktige for andre sektorar sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, til dømes universell utforming og informasjon til innvandrarbefolkninga. Hovudmålet for beredskapsarbeidet i BLD er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå.

Departementet arbeider med vidareutvikling av dette feltet og har styrka ressursinnsatsen og organiseringa på området.

Strategiar og tiltak for 2015

Organisasjon og utvikling

BLD vil i 2015 arbeide med vidare utvikling av kompetansen i departementet. Departementet vil også arbeide for å realisere måla som vart sett for omorganiseringa og for å nytte det potensialet som ligg i ny organisering.

Sikkerheit og beredskap

Som tiltak for å bu oss på kritiske hendingar i framtida vil BLD i 2015:

  • halde øvingar både i departementet og saman med underliggjande etatar og tilknytte verksemder, for å teste eigen beredskap

  • gå gjennom erfaringar etter øvingane med sikte på læring og forbetring i planverket i eiga og underliggjande verksemder

  • utvikle området vidare og følgje opp tilrådingar frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

Avbyråkratisering- og effektiviseringsreform

Den årlege produktivitetsveksten er viktig for velstandsauken i eit land. Regjeringa følgjer opp dette i Sundvolden-erklæringa og har sett ned ein eigen produktivitetskommisjon. Regjeringa vil byggje politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Regjeringa føreset at alle statlege verksemder gjennomfører årlege tiltak for å auke produktiviteten. For å gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skape handlingsrom for prioriteringar, blir det innført ei avbyråkratisering- og effektiviseringsreform. Delar av gevinstane frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane overførast i dei årlege budsjetta til fellesskapet. Denne innhentinga blir sett til 0,5 prosent av driftsutgiftene til verksemda. For å sikre at ordninga er føreseieleg, skal berekningsgrunnlaget vere saldert budsjett året før. Ordninga er nærmare omtalt i Gul bok 2015. For BLD inneber dette at budsjettramma blir redusert med 37,6 mill. kroner.

Innføring av nøytral meirverdiavgift

Frå 2015 blir det innført nøytral meirverdiavgift for ordinære statlege forvaltingsorgan. Denne ordninga inneber at betalt meirverdiavgift som hovudregel ikkje lenger skal førast som ei driftsutgift på verksemda sine eigne budsjettkapittel, men i staden belastast sentralt på kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter. Driftspostane 01–49 blir frå 2015 budsjettert utan meirverdiavgift.

Ordninga fjernar ei konkurranseulempe for private aktørar. For å unngå nye konkurransevridingar som går ut over private aktørar, blir enkelte forvaltingsorgan haldne utanfor ordninga. Ordninga er nærmare omtalt i Gul bok 2015. For BLD inneber dette at budsjettramma blir redusert med 32,9 mill. kroner.

Delmål 1.2: Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder

Resultatrapport 2013/2014

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

Busetjing av flyktningar og samarbeid med kommunane, for å auke kvaliteten og resultata i introduksjonsprogrammet og integreringsarbeidet, har vore dei høgast prioriterte oppgåvene i IMDi i 2013 og 2014.

IMDi har sidan 2011 arbeidd med ei større IKT-satsing som er innføringa av IMpact. Formålet med dette er utvikling og innføring av gode digitale verktøy for heile IMDis verksemd. Verktøyet skal mellom anna effektivisere busetjingsarbeidet og tilskotsforvaltinga, auke kvaliteten i dialogen med kommunane om introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap og betre rapporteringa på resultat. Dei nye løysingane vil leggje til rette for gevinstar både i og utanfor verksemda.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

I 2013 har hovudprioriteringane vore knytte til kvalitetsutvikling og konsentrasjon av kjerneverksemda. Omstilling og målgruppedifferensiering av institusjonar har vore sentralt. Arbeidet med effektivisering og omstillingar av administrative støttefunksjonar har halde fram, og nye rutinar og standardiserte prosessar vil vere på plass innan utgangen av 2015.

Kva syn brukarane har på kvalitet i barnevernet, anten det gjeld barn eller foreldre, er viktig. Brukarundersøkinga i 2013 viste at dei aller fleste barn og unge er tilfredse med tilbodet, men nokre unge opplever ikkje tilbodet som godt nok. Derfor er arbeidet med å gi god kvalitet og kompetanse i tenestene nødvendig. For å utvikle vidare utdanningar som kvalifiserer til arbeid i barnevernet, blei det i 2013 oppretta eit samarbeidsorgan mellom barnevernet og universitets- og høgskolesektoren. For å styrkje skoletilknytinga til barn i barnevernet, har Bufdir i samarbeid med Utdanningsdirektoratet gjennomført fleire tiltak for at etaten bidreg til at alle barn og unge med tiltak i barnevernet får eit godt skole- og opplæringstilbod i tråd med lova.

Det har vore ein betydeleg aktivitetsvekst i det statlege barnevernet dei siste åra. I 2013 mottok om lag 8 600 barn eitt eller fleire barnevernstiltak gjennom Bufetat, og ved utgangen av 2013 fekk 28 prosent fleire barn hjelp frå det statlege barnevernet samanlikna med same tidspunkt i 2009. I same periode har utgiftene reelt auka med knapt fire prosent. Dette tyder på at ein har oppnådd resultat av betre styring og meir effektiv drift.

Dei fleste barn og unge i barnevernet si omsorg tek imot fosterheimstiltak. På grunn av den sterke aktivitetsveksten i barnevernet dei siste åra, har arbeidet med å rekruttere nok fosterheimar vore utfordrande.

Bufetat har i fleire år spesialisert og effektivisert barnevernstenestene sine. Dei siste åra har lovpålagde oppgåver blitt prioritert og etaten utfører i mindre grad ikkje-lovpålagde oppgåver.

Dei siste åra har familievernet hatt ein betydeleg produktivitetsvekst. Talet på konsultasjonar frå 2006 til 2013 har auke med 22,4 prosent. Direktoratet har i 2013 gått igjennom det samla tilbodet om familievern. Gjennomgangen viser at det samla nasjonale tilbodet er godt. Trass i auken i konsultasjonar gir familievernstenestene 90 prosent av familiane eit tilbod om meklingstime innan 3 veker. Auken gjer det likevel nødvendig å ta i bruk meir digitale løysingar, samle og styrkje enkelte tenester og auke merksemda på førebygging. Samla vil dette gi ei meir robust og kompetent teneste. Det er sett i verk fleire tiltak for å auke kompetansen ved krisesentertilbodet i heile landet. Bufdir har endra krava til rapportering frå krisesentera og frå sentera mot incest, noko som vil gi ei betre oversikt over tilbodet.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Hovudmålet for 2013 var å redusere saksbehandlingstida og talet på saker under behandling. Fylkesnemndene har arbeidd med betring av administrativ styring gjennom å arbeide med leiarutvikling, effektivisering og samordning av rutinar og sikring av god kvalitet i saksbehandlinga. Ein auke i talet på nemndleiarar og effektivisering i fylkesnemndene førte til at talet på saker under behandling blei redusert i 2013.

Fylkesnemndene mottok 5 855 saker i 2013, ein auke på 4,5 prosent sidan 2012. Fylkesnemndene hadde 16,7 prosent fleire saker med realitetsavgjerd enn i 2012. Vidare har gjennomsnittleg saksbehandlingstid gått ned med 2 prosent sidan 2012, og tida for fastsetjing av møtetid for innkomne saker blei gjennom året redusert med gjennomsnittleg 2,7 veker per nemnd.

Departementet har sett i gang ei evaluering av fylkesnemndene som skal vere ferdig i februar 2015. Formålet er å få meir kunnskap om fylkesnemndene fungerer etter intensjonen og med særleg merksemd på ressursbruk, organsering og rettstryggleik.

Fylkesnemndene blei i Revidert nasjonalbudsjett 2014 tilført 5 mill. kroner for å setje i gang tiltak for å betre saksbehandlingstida ytterlegare. Desse ressursane er brukte til å tilsetje mellombelse nemndleiarar.

Strategiar og tiltak for 2015

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

Integreringspolitikken har mange aktørar. IMDi skal gjennom samhandling med andre etatar bidra til ei betre samordning av offentlege tenester som fremmar integrering. Sentrale samarbeidspartnarar er kommunane og KS og statlege etatar, mellom andre Utlendingsdirektoratet, Vox, Husbanken, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

IMDi vil òg i 2015 prioritere ressursar til arbeidet med busetjing av flyktningar og til IKT-utviklinga.

Departementet gjennomførte i 2013 ei ekstern evaluering av direktoratet. Resultata frå evalueringa vil bli følgt opp i 2014 og 2015. Resultata skal vere eit grunnlag for læring og for utvikling av styring og oppgåveløysing på området.

Regjeringa vil setje i gang eit prøveprosjekt med overføring av enkelte busetjingsoppgåver til Fylkesmannen i Hordaland og Østfold.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Det skal etablerast eit nasjonalt fagråd for kommunalt og statleg barnevern. Fagrådet vil ha representantar frå kommunane og det statlege barnevernet og skal vere ein arena for generelle drøftingar av tiltaksapparatet i barnevernet. Utforming og utvikling av fagrådet som samhandlingsarena må skje i nært samarbeid mellom kommunane og det statlege barnevernet. Bufdir har i 2014 arbeidd med mandatet til fagrådet, og arbeidet med opprettinga vil starte i 2015.

Eit prioritert område for Bufdir i 2015 er å utvikle seg i rolla som fagdirektorat. Direktoratet skal mellom anna vere ein god kunnskapsforvaltar, og bidra til auka kompetanse og kvalitet i barnevernet.

Bufdir skal vere ein fagleg premissleverandør for heile barnevernet og utarbeide gode, faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis på lokalt og sentralt nivå. Direktoratet skal arbeide vidare med ein felles metodikk for å berekne kapasitetsbehovet for institusjonsplassar til ulike målgrupper. Innsatsområda i Bufetat sin kvalitetsutviklingsstrategi skal førast vidare, og omfattar ytterlegare tenesteutvikling og effektivisering. Omstillingsarbeid i etaten vil også stå sentralt i 2015.

Regjeringa legg til grunn at det i 2015 framleis vil vere ein auke i talet på barn som har behov for hjelp frå det statlege barnevernet. Dette vil føre til ein auka vekst i talet på opphaldsdagar i statleg barnevern. På sikt ventar BLD at satsinga på det kommunale barnevernet vil bidra til ei ønskt utvikling der ein større del av omsorga for barn, både gjennom førebyggjande arbeid og gjennom konkrete tiltak for det einskilde barnet, skjer i barnet sitt nærmiljø og i regi av det kommunale tiltaksapparatet. Regjeringa føreslår å auke kommunane sine eigendelar ved plassering i barnevernsinstitusjonar i 2015.

Bufdir vil føre vidare arbeidet med å etablere ei funksjonell og effektiv organisering og drift av familievernskontora. Målet er ei familievernsteneste som sikrar eit likeverdig tilbod til brukarane, har høg kvalitet på det faglege arbeidet og utnyttar ressursane effektivt.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Sentraleininga for fylkesnemndene skal framleis leggje til rette for å få ned saksbehandlingstida. I tillegg skal fylkesnemndene arbeide for å effektivisere drifta ytterlegare utan at kvaliteten blir redusert. Departementet vil, i samarbeid med Sentraleininga for fylkesnemndene, følgje opp resultat frå evalueringa av fylkesnemndene.

Gjennomgang av forbrukarapparatet

Forbrukarrådet (FR), Forbrukarombodet (FO), Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (FTU-sekretariatet) er dei viktigaste organa i forbrukarapparatet. Det har ikkje vore gjennomført noka større evaluering av forbrukarapparatet sidan St. meld. nr 40 (1998–1999) Om forbrukerpolitikk og organisering av forbrukerapparatet. Fleirtalet i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget (Høgre og Framstegspartiet) uttrykte i budsjettinnstillinga hausten 2013 at det var behov for vurdere innretninga av det noverande forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet, og bad regjeringa om å gjere ein heilskapleg gjennomgang av dette feltet.

Forbrukarpolitikken og verksemda til forbrukarorgana har i dei seinaste tiåra vore sterkt påverka av generelle utviklingstrekk som globalisering og digitalisering. Samtidig har det sidan 1990-talet vore gjennomført ei omfattande harmonisering av forbrukarregelverk innanfor EØS-området. FR er eit sentralt organ, og har eit samansett mandat og arbeidsområde. I tillegg til å ha rolla som eit fritt og uavhengig interesseorgan har FR dei seinare åra fått utvida porteføljen av forvaltingsoppgåver, særleg innanfor mekling og behandling av forbrukartvistar. Samtidig er informasjons- og servicefunksjonen overfor publikum modernisert, gjennom overgang til digitale løysingar og større vekt på hjelp til sjølvhjelp.

Dette er bakgrunnen for at BLD i 2014 har bedt Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) sjå nærmare på rolla og oppgåveløysinga til FR. Difi skal vurdere om det finst uheldige rollemotsetnader i spennet mellom interesse- og forvaltingsoppgåver og om regionstrukturen er formålstenleg, gitt serviceoppgåvene FR har i dag. Ettersom det blant folk flest er relativt uklart kva som er forskjellen mellom FR og FO, skal Difi òg sjå nærmare på grenseflatene mellom dei to institusjonane, og på kva som eventuelt kan gjerast for å tydeleggjere rolla ombodet har som tilsynsorgan. Ein rapport frå Difi skal etter planen liggje føre innan 1. mai 2015. BLD vil etter dette kome tilbake til eventuelle forslag om endringar i apparatet på sektoren.

Vurdering av forbruksforskinga og verkeområdet til SIFO

Sektoransvaret BLD har for forsking på forbrukarområdet, blir hovudsakleg følgt opp gjennom basisløyvinga til og styringsdialogen med SIFO. Fleirtalet i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget (Høgre og Framstegspartiet) bad ved budsjettbehandlinga hausten 2013 regjeringa om å vurdere verksemdsområdet til SIFO. Parallelt med gjennomgangen av forbrukarapparatet, som er omtalt over, skal det gjennomførast ei eiga vurdering av forbruksforskinga og verkeområdet til SIFO.

Ein grunnleggjande føresetnad for å finansiere forbruksforsking med offentlege midlar er at forskinga er relevant, har høg kvalitet, og at ho i størst mogleg grad kan kome til nytte som grunnlag for debatt og avgjerder som gjeld forbrukarrolla.

SIFO har i dei seinare åra utvikla seg meir i retning av eit samfunnsvitskapleg institutt. Testverksemda ved instituttet er avvikla i 2014.

Basisløyvinga til SIFO er grunna på at kunnskap om tilhøva for forbrukarane krev langsiktige investerinar både i fagmiljø og i forskningsdata, og på at SIFO har eit oppdrag frå forvaltninga om å levere kunnskapar og dokumentasjon på bestemte område.

BLD bad sommaren 2014 styret til SIFO om å vurdere både finansieringsmodellen, spørsmålet om moglege institusjonelle samarbeidsløysingar og spørsmålet om korleis interaksjonen med brukarane av forskinga best kan takast hand om. BLD vil gjere ei heilskapleg vurdering av verksemdsområdet til SIFO etter at analysen og drøftinga til styret ligg føre.

Delmål 1.3: God og målretta informasjon

Resultatrapport 2013/2014

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som blei presenterte i Prop. 1 S (2012–2013).

Departementet legg vekt på publikumsvennleg, open og korrekt informasjon som skal vere forståeleg og bli gitt i rett tid for dei ulike målgruppene.

Kommunikasjonsverksemda til BLD skjer både på eige initiativ og behandling av medieførespurnader. Dette er ein viktig kanal til publikum. Barnevern, familie, oppvekst, inkludering, forbrukarfeltet og likestilling er alle fagområde som får mykje merksemd frå publikum og media, og som krev ein stadig aukande kommunikasjon.

Strategiar og tiltak for 2015

BLD skal drive god og målretta informasjons- og kommunikasjonsverksemd innan dei ulike fagområda til departementet. BLDs kommunikasjonsverksemd skal vere tufta på eigne initiativ og vurdert kontinuerleg ut frå aktivitetane innanfor fagområda.

Media og nettstaden til departementet er sentrale kanalar for å nå ut til dei ulike målgruppene. Kunngjeringar til publikum vil i aukande grad bli gjorde på departementet si heimeside og gjennom sosiale media. Informasjonen på nettstaden skal vere fullstendig og aktuell. Behandling av medieførespurnader skal utgjere ein vesentleg del av kommunikasjonsaktivitetane.

Delmål 1.4 Kunnskapsbasert forvalting og politikkutforming

Resultatrapport 2013/2014

På grunn av endringar i målstrukturen til BLD, dekkjer rapporteringa under delmålet tiltak som i Prop. 1 S (2012–2013) mellom anna blei omtalt under delmål 8.1 Godt kunnskapsgrunnlag for forbrukarpolitikken.

Barnevern

Bufdir er frå 2014 fagdirektorat for heile barnevernet, både det kommunale og det statlege. Dette vil bidra til å auke kvaliteten i heile tenesta. Direktoratet vil utarbeide faglege tilrådingar, utvikle vidare indikatorar på barnevernsområdet, spreie kunnskap og vere ein pådrivar for at alle delar av barnevernet tek i bruk nasjonale kvalitetsmål.

Departementet viser til hovudmål 1.6 Eit godt og effektivt barnevern for meir informasjon om fagdirektoratet og til programkategori 11.20 for informasjon om fleire tiltak som bidreg til kunnskapsbasert forvalting og politikkutforming i barnevernet.

Forskingsverksemda til SIFO

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) skal gi oppdatert kunnskap om viktige problemstillingar innanfor forbrukarpolitikken. Instituttet studerte i 2013 ei rekkje ulike tema, frå problemstillingar knytt til hushaldsøkonomi og gjeld og forholdet mellom forbruk og miljø, til problemstillingar knytt til forbrukskultur.

SIFO har sidan 2005 gjennomført årlege datainnsamlingar (SIFO-surveyen). I 2013 såg instituttet mellom anna på korleis norske hushald finansierer forbruket sitt og i kva grad dette påverkar risikoen for betalingsproblem. Instituttet vidareførte òg arbeidet med å utvikle kvaliteten på og nytteverdien av referansebudsjettet (tidlegare Standardbudsjettet). Referansebudsjettet blir mellom anna nytta ved fastsetting av bidragssatsar. Det blei i 2013 lansert ein ny internettbasert referansebudsjettkalkulator som har gjort kommunikasjonen med eksterne brukarar enklare.

Consumer Scoreboards

EU-kommisjonen gjennomfører årleg undersøkingar for å kartleggje og dokumentere haldningane og kunnskapane til forbrukarane, og tilhøva for forbrukarane i heile den indre marknaden. Ifølgje undersøkinga Consumer Conditions Scoreboard, som blei publisert i 2013, er det dei norske forbrukarane som oftast handlar på Internett i Europa. Tre av fire nordmenn hadde handla på Internett det siste året, mot 45 prosent i resten av Europa. Berre 35 prosent av respondentane i Noreg svarte at dei blir påverka av miljøomsyn ved val av varer og tenester. Snittalet for EU-landa var på over 40 prosent.

Strategiar og tiltak for 2015

Barnevern

Bufdir skal arbeide aktivt med å utvikle kunnskapsgrunnlaget i barnevernet. Dette vil bidra til at kvaliteten på tenestene i barnevernet er god, og at barn og familiar som treng det, i størst mogleg grad får god hjelp. Det kommunale barnevernet skal få kunnskapsstøtte gjennom mellom anna faglege rettleiingar. I det statlege barnevernet skal metodar, tiltak og prinsippa for bruken av tiltaka utviklast i tråd med at kunnskapen på feltet utviklar seg.

Departementet vil i 2015 utvikle ein ny langsiktig forskings- og utviklingsstrategi på mellom anna barnevernsområdet. Strategien vil identifisere områda det skal satsast på dei neste åra.

Departementet viser til programkategori 11.20 for andre tiltak som bidreg til kunnskapsbasert forvalting og politikkutforming i barnevernet.

Verksemda til SIFO

SIFO produserer kunnskap som danner grunnlag for utvikling av forbrukarpolitikken.

SIFO vil arbeide vidare med å vidareutvikle kvaliteten og nytteverdien av referansebudsjettet i 2015.

SIFO vil òg arbeide med å identifisere situasjonar i marknaden der forbrukarane er særskilt sårbare. Åtferdsøkonomi, marknadsføring og tilhøve mellom økonomisk vekst og berekraft er område som SIFO arbeider med å utvikle kompetanse på.

FoU-aktivitetane i regi av DG Sanco under rammeprogrammet for forbrukarpolitikk

I tillegg til dei faste Consumer Scoreboards, omtalt under resultatrapporteringa, vil det i 2015 mellom anna bli lagt fram ein rapport om marknadsføring overfor barn i online-spel, mobil-applikasjonar og sosiale medium. Dei europeiske undersøkingane gir høve til å samanlikne tilhøva for forbrukarane i Noreg med tilhøva for forbrukarane i andre land i Europa. Slik kan kunnskapsgrunnlaget for politikkutforminga i Noreg utviklast vidare.

Nærmare om budsjettforslaget

Kap. 800 Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

161 999

159 361

162 715

21

Spesielle driftsutgifter

9 937

12 399

11 929

Sum kap. 0800

171 936

171 760

174 644

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn til stillingar og andre driftsutgifter i departementet og hospiteringar i andre institusjonar. Departementet føreslår ei løyving på 162,7 mill. kroner i 2015.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til tenestemenn som er lånt ut til Europakommisjonen på likestillings-, barne- og ungdomsfeltet. Løyvinga kan òg nyttast til støtte til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

Departementet føreslår ei løyving på 11,9 mill. kroner i 2015.

Kap. 3800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Tilfeldige inntekter

418

15

Refusjon av arbeidsmarkedstiltak

1

16

Refusjon av foreldrepengar

1 409

18

Refusjon av sykepengar

3 132

Sum kap. 3800

4 960

Programkategori 11.05 Integrering

Hovudinnhald og prioriteringar

Hovudmålet for integreringspolitikken er at innvandrarar og barna deira skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet.

Å stille krav til den enkelte bidreg til integrering. Flyktningar og mange familieinnvandrarar treng kvalifiseringstiltak, slik at dei blir i stand til å delta og klare seg sjølve. Introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap er sentrale tiltak for at dei raskt skal kome over i arbeid eller utdanning.

Arbeid gir fellesskap, nettverk og økonomisk sjølvstende. Arbeidslivet må i større grad enn i dag nytte ressursane og kompetansen til innvandrarar som skal bli buande i landet. Innvandra kvinner si deltaking på arbeidsmarknaden må auke.

Regjeringa ønskjer å mobilisere dei frivillige organisasjonane, slik at dei i enda større grad bidreg til at innvandrarar og barna deira deltek i lokalsamfunnet. Det er menneske som best integrerer menneske.

Å bu trygt og godt er grunnleggjande for eit menneske. Mange flyktningar treng hjelp til å finne bustad og etablere seg i ein kommune. Det er kommunane som avgjer kor mange flyktningar dei vil busetje. Rask etablering i ein kommune for flyktningar som har fått opphald, er nødvendig for god integrering. Busetjing av flyktningar er ei oppgåve som stat og kommune må løyse i fellesskap.

Offentlege tenester skal vere gode og effektive. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at brukarane får eit enklare møte med offentleg sektor og høgare kvalitet i tenestene. Politikken på dette området er nærmare omtalt under programkategori 11.10, delmål 4.3.

Regjeringa vil styrke arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege begrensingar av unge sin fridom. Regjeringa vil òg halde fram arbeidet for å førebyggje radikalisering og valdelig ekstremisme, jf. Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme. Frivillige organisasjonar, foreldra og ungdomsmiljø er viktige partar.

Den enkelte fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle. Politikken på integreringsområdet blir derfor sett i verk på tvers av politikkområde og sektorar.

BLD har det overordna ansvaret for å samordne politikken og tiltaka på integreringsområdet og for å sikre samanhengen mellom integreringspolitikken og andre politikkområde, til dømes sysselsetjing, helse og utdanning. Departementet har eit eige ansvar for mellom anna busetjing av flyktningar, forvalting av introduksjonslova og statsborgarlova og for å leggje til rette for tolking til og frå andre språk i offentleg sektor.

Hovudmåla og delmåla på BLD sitt område tar for seg oppgåvene til departementet, både som samordnar og som ansvarleg fagdepartement, sjå presentasjon av målstrukturen nedanfor.

Regjeringa har revidert og styrkt ordninga Mål for integrering som eit indikatorverktøy for samordning av integreringspolitikken. Indikatorane er delt inn i fire sentrale temaområde: arbeid og sysselsetjing; utdanning og kvalifisering; levekår; fellesskap og deltaking. Indikatorane er relevante for politikkutviklinga i dei departementa som deltek, og skal gjere det mogleg å følgje opp resultata av integreringspolitikken over tid på dei ulike departementa sine område. Det vil bli rapportert årleg i budsjettproposisjonen både til BLD og til andre departement, sjå omtale under programkategori 11.10, delmål 4.3 og i del III.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er fagorgan for BLD og skal setje i verk integreringspolitikken på ansvarsområdet til departementet. IMDi skal vere ein premissleverandør for utviklinga av politikken, gi faglege råd og vere eit kompetansesenter for kommunane og styresmaktene.

Vox er nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk og har det pedagogiske ansvaret for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar på oppdrag frå BLD. Vox har ansvar for læreplan, prøver, kompetansehevingstiltak for lærarar og leiarar i norskopplæringa, læremiddelutvikling og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for behandling av statsborgarsaker, og Utlendingsnemnda (UNE) er klageinstans på området.

Utlendingsfeltet og integreringsfeltet heng saman. Ei heilskapleg utlendingsforvalting, med god flyt i heile tiltakskjeda og samarbeid mellom dei ulike forvaltingsledda, er ein føresetnad for rask busetjing av flyktningar og legg premissar for det vidare integreringsarbeidet. Ansvaret for utlendingsfeltet er delt mellom fleire departement og etatar. Desse er mellom anna BLD, Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Utanriksdepartementet, UDI, UNE og IMDi.

Noreg har dei siste tiåra hatt ei kraftig vekst i innvandringa. Per 1. januar 2014 var det om lag 759 200 personar i Noreg som anten hadde innvandra sjølve (ca. 633 100) eller var fødde i Noreg med innvandrarforeldre (ca. 126 100). Dei utgjer til saman om lag 15 prosent av befolkninga. Til samanlikning utgjorde den tilsvarande gruppa 1,5 prosent i 1970.

Innvandrarane i Noreg kjem frå over 220 land og sjølvstendige regionar. Dei fleste av innvandrarane i landet er frå Polen (ca. 84 000 personar), Sverige (ca. 36 000), Litauen (ca. 33 000), Somalia (ca. 26 000) og Tyskland (ca. 24 000). Det er stor variasjon i kven som kjem, kva som er årsakene til at dei kjem, om dei kjem aleine eller saman med familie og kor lenge dei har vore i landet.

Etter ein periode med relativt open arbeidsinnvandring frå 1960-talet og fram til 1975 var innvandringa til Noreg frå land utanfor Norden i hovudsak flyktninginnvandring og familieinnvandring. Ei endring kom med EØS-utvidinga i 2004, og frå 2006 har arbeid på nytt vore den viktigaste innvandringsårsaka med den store auken av arbeidsinnvandrarar frå dei nye EU-medlemslanda i Sentral- og Aust-Europa. Dei seinaste åra har det òg vore ein auke i familieinnvandringa frå desse landa, først og fremst frå Polen. Blant familieinnvandrarane er det flest kvinner og barn.

I perioden 1990–2013 var 36 prosent av innvandringa frå land utanfor Norden familieinnvandring, 33 prosent arbeidsinnvandring, 20 prosent grunna behov for vern og 10 prosent gjennom utdanning og kulturutveksling. I 2013 var derimot samansetjinga 43 prosent arbeid, 32 prosent familie, 13 prosent vern og om lag 11 prosent utdanning med meir.

Det bur i dag innvandrarar og barn av innvandrarar i alle kommunar i Noreg. Oslo har den største prosentdelen innvandrarar av befolkninga si, med 31 prosent, deretter kjem Drammen og Lørenskog med 26 og 24 prosent av befolkninga.

Det er godt dokumentert at det er systematiske skilnader mellom innvandrarar og befolkninga elles og mellom grupper av innvandrarar på sentrale område som sysselsetjing, levekår og deltaking. Dette kan i mange tilfelle forklarast av kort butid. Andre viktige faktorar er innvandringsårsak og utdanningsnivå. Viktig er òg at skilnadene på fleire av desse områda er langt mindre for norskfødde med innvandrarforeldre enn for innvandrarar.

Prosentdelen sysselsette med innvandrarbakgrunn er framleis lågare enn i befolkninga elles. Tal frå SSB viser at i 4. kvartal av 2013 var 63,1 prosent sysselsette, mot 68,6 prosent i befolkninga elles. Det er store skilnader mellom landgrupper. Medan sysselsetjingsnivået blant innvandrarar frå Norden var på 76,3 prosent, var det frå Afrika på 41,9 prosent. Fleire menn enn kvinner er sysselsette, uansett landbakgrunn.

Studiar har vist at nokre grupper av innvandrarar er meir utsette for låg inntekt over lengre tid enn innbyggjarane elles. Låg yrkesdeltaking er den viktigaste årsaka til låg inntekt og dårlege levekår over tid i hushald. Vidare utgjer innvandrarane ein relativt stor del av gruppene med minst inntektsmobilitet over tid. Etter fleire år med små endringar i talet på barn som veks opp i familiar med låg inntekt over tid, viser nye tal frå SSB at det var ein auke i 2012. Det er først og fremst eit auka innslag av barn med innvandrarbakgrunn i låginntektsgruppa som forklarer denne utviklinga.

Tidlegare rapportar om levekår og kjønnsforskjellar frå SSB viser at det i dei fleste innvandrargruppene er levekårsskilnader mellom menn og kvinner. Menn har oftare erfaring frå yrkeslivet i opphavslandet. Kvinner står i større grad enn menn utanfor arbeidslivet, har færre norske vener og opplever meir einsemd. Tal frå SSB viser òg at innvandrarar oppfattar helsa si som dårlegare enn folk elles. Kvinner oppfattar helsa si som dårlegare enn menn.

Mange barn med innvandrarbakgrunn klarer seg svært bra i utdanningssystemet i Noreg. I grunnskole og i vidaregåande opplæring oppnår fleire grupper like gode eller betre resultat enn gjennomsnittet for alle elevar. OECD peiker på at elevar med innvandrarbakgrunn gjer det betre i skolen i Noreg enn i mange andre land.

Samtidig er det systematiske skilnader mellom innvandrarar som gruppe og befolkninga elles når det gjeld deltaking og resultat. Barn med innvandrarbakgrunn har lågare deltaking i barnehage enn barnegruppa sett under eitt. I grunnskolen har elevar som sjølv har innvandra dei lågaste snittkarakterane, mens elevar som er født i Noreg med innvandrarforeldre ligg mellom desse og elevar utan innvandrarbakgrunn. I den vidaregåande opplæringa fell éin av tre elevar som sjølv har innvandra frå. Samtidig er det relativt fleire elevar med innvandrarbakgrunn som fullfører vidaregåande opplæring som òg tek høgare utdanning.

Valdeltakinga for innvandrarar er lågare enn for innbyggjarane sett under eitt. Det gjeld ved både stortingsval og lokalval.

Desse variasjonane og nyansane i utviklinga på integreringsområdet er sentrale for vidare utforming av verkemiddel på området. Det gjeld både dei målretta tiltaka for utvalde grupper og dei store velferdsordningane for alle. Regjeringa har sett i gang arbeidet med fleire nye stortingsmeldingar med kontaktpunkt mot integreringspolitikken; mellom anna ei melding om livslang læring og utanforskap og ei melding om tiltak for å få fleire i arbeid. I tillegg vil BLD sine eigne meldingar om likestilling og om familiepolitikk, ha eit integreringsperspektivet.

Regjeringa sine hovudsatsingar på integreringsområdet vil i 2015 vere å:

  • auke integreringstilskotet med 50 mill. kroner. Dette kjem i tillegg til styrkinga på 250 mill. kroner frå 2014. Satsinga skal medverke til raskare busetjing av flyktningar og betre resultat i introduksjonsordninga. Regjeringa føreslår å auke tilskotet til kommunane ved busetjing av personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar til innslagspunktet for toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester. Dette skal medverke til raskare busetjing av flyktningar som krev særskild oppfølging eller tilrettelegging i kommunane.

  • vidareføre tilleggskvota frå 2014 på 500 plassar frå Syria og setje av 500 plassar i den ordinære kvota til syrere.

  • setje i gang eit prøveprosjekt med overføring av enkelte busetjingsoppgåver til Fylkesmannen i Hordaland og Østfold. Regjeringa omprioriterer 2 mill. kroner til prosjektet.

  • omprioritere 7,5 mill. kroner til utvikling av eit nytt IKT-system i IMDi.

  • styrke forsøket med gratis kjernetid i barnehage med 20 mill. kroner.

  • omprioritere midlar til arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom og styrking av arbeidet med tolk.

  • setje i gang arbeid med ei ny, stor undersøking om levekår blant innvandrarar.

Regjeringa vil halde fram arbeidet for å førebyggje radikalisering og voldelig ekstremisme, jf. Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme. Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å utgreie om det bør innførast reglar om tap av norsk statsborgerskap dersom ein statsborgar opptrer sterkt til skade for staten sine vitale interesser eller frivillig har tenestegjort i ei framand militær teneste.

BLD viser òg til at Regjeringa føreslår å styrkje tilskotet til utleigebustadar med 50 mill. kroner over Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett.

Mål

For 2015 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

2. Innvandrarar og barna deira skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet

2.1 Rask busetjing av flyktningar til kommunane

2.2 Rask overgang til arbeid eller utdanning for nykomne innvandrarar

2.3 God bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet

2.4 Innvandrarar deltek i demokrati og samfunnsliv

Rapporteringa på delmål 2.4 Høg oppslutning om norsk statsborgarskap i Prop. 1 S (2013–2014) for BLD har blitt flytta inn under delmål 2.4 Innvandrarar deltek i demokrati og samfunnsliv. Det tidlegare delmål 2.6 Offentlege tenester tilpassa mangfaldet i befolkninga er flytta inn under hovudmål 4.

Resultatrapport og strategiar

Delmål 2.1: Rask busetjing av flyktningar til kommunane

Flyktningar som har fått opphald i Noreg skal få hjelp til å finne seg ein bustad og etablere seg i ein kommune. BLD har ansvar for busetjing av flyktningar, og IMDi har ansvar for å finne høvelege plassar i busetjingskommunane. Det er kommunane som vedtek kor mange flyktningar dei ønskjer å busetje. Retten til grunnleggjande kvalifisering gjennom introduksjonsprogrammet er knytt til at dei blir busett i ein kommune etter avtale mellom staten og kommunen.

Dei viktigaste tiltaka for å nå delmålet er tilskot til kommunane og IMDi sitt busetjingsarbeid. Samarbeidsavtalen mellom staten og KS om busetjing og mottak, Nasjonalt utval for busetjing og mottak, FoU-arbeid og utviklinga av nytt IKT-system i IMDi for å gjere busetjingsarbeidet enklare og meir effektivt er òg tiltak for å nå delmålet.

Resultatrapport 2013/2014

Busetjinga i første halvår 2014 er 24 prosent høgare enn på same tid i fjor, og talet på flyktningar i mottak som venter på busetjing er noko redusert. Alle kommunar blir nå bedt om å busetje flyktningar.

Barn skal prioriterast i busetjingsarbeidet. Målet er at barn og barnefamiliar skal busetjast i ein kommune innan tre månader etter at dei har fått opphald. Vaksne utan barn skal busetjast innan seks månader.

Per 30. juni 2014 hadde kommunane busett 3 653 personar. Dette er 24 prosent fleire enn på same tid i 2013. 49 prosent av dei busette personane i første halvår 2014 blei busette i løpet av seks månader etter vedtaket om opphald, samanlikna med 55 prosent i første halvår 2013.

Per 30. juni 2014 hadde kommunane busett 216 einslege mindreårige under 18 år frå mottak og omsorgssenter. Av desse blei 70 prosent busette i løpet av tre månader etter at dei fekk vedtak om opphald, samanlikna med 80 prosent på same tid i 2013.

Det har vore utfordrande å nå målet for barnefamiliar. Berre 26 prosent av busette barn i familiar blei busette i løpet av tre månader. Samtidig har talet på barn som ventar i mottak gått ned. Ved utgangen av juni 2014 var det 655 barn i mottak som venta på busetjing, medan det var 782 på same tid året før.

Den 30. juni 2014 venta 5 042 personar i mottak på å bli busette. På same tid i 2013 var talet 4 453. Ved utgangen av 2013 var talet 5 443. Det høge talet på personar som ventar på busetjing er ei stor utfordring.

Det er særlege utfordringar knytte til busetjing av flyktningar med store hjelpebehov. Enkelte ventar svært lenge i mottak på å bli busette i ein kommune.

Tabell 4.1 Busette flyktningar i kommunane og familiesameinte med desse

Busetjingsår

2010

2011

2012

2013

Per 30.06.14

Flyktningar

4 614

4 158

4 358

5 331

2 916

Overføringsflyktningar

1 099

1 265

1 236

958

582

Familiesameinte1

1 134

1 555

1 852

1 716

594

Sum

6 847

6 978

7 446

8 005

4 128

Einslege mindreårige av desse

669

629

471

421

216

1 Personar som kommunane får integreringstilskot for. Søknaden må vere innlevert i integreringstilskotsperioden til den ein søkjer om familiesameining med.

Tabell 4.2 Talet på personar i mottak som ventar på å bli busette

Per 31.12. 10

Per 31.12. 11

Per 31.12. 12

Per 31.12.13

Per 30.06.14

Ventande i mottak

1 627

1 967

3 829

5 443

5 042

Fleire flyktningar enn før blir busette, og talet på busetjingsplassar i kommunane har auka. Busetjinga er òg jamnare gjennom året, men kommunane har ikkje vedteke tilstrekkeleg med kommuneplassar for å dekkje behovet. Dette er ein flaskehals i busetjingsarbeidet.

Regjeringa har prioritert arbeid for auka busetjing i 2014. Regjeringa har styrkt integreringstilskotet og tilskotet til utleigebustader for 2014. Vidare er tilskotet til utbetring eller etablering av utleigebustader for flyktningar og andre prioriterte grupper av vanskelegstilte på bustadmarknaden auka, til inntil 40 prosent. Regjeringa har ført vidare tilskotsordninga med utviklingsmidlar til kommunane for å arbeide systematisk med kvalitet i norskopplæring og introduksjonsprogram, jf. nærmare omtale under kap. 821, post 62. God kvalitet i kvalifiseringa i kommunane legg til rette for å auke busetjinga. Tilskotsordninga har derfor òg vore eit viktig verktøy i dialogen med kommunane om auka busetjing.

IMDi har i 2013 og 2014 prioritert arbeidet for å auke busetjinga av flyktningar. Ein auka og tettare dialog med kommunane og større systematikk i busetjingsarbeidet ser ut til å ha vore ei anna årsak til auken i busetjinga. Vidare viser IMDi til god effekt av eit styrkt samarbeid med andre aktørar på området, mellom andre UDI, KS, Husbanken og Fylkesmannen. Likevel er måloppnåinga på området ikkje god nok.

Strategiar og tiltak for 2015

Flyktningar som har fått opphald i Noreg, skal raskt få tilbod om ein stad å bu og starte det nye livet. Jo raskare ein flyktning får etablert seg i ein kommune, desto raskare kan vedkomande delta og bidra med sin kompetanse og sine ressursar i arbeidsliv og i lokalsamfunn. Å busetje flyktningar er ei varig oppgåve for kommunane.

Lokalt næringsliv og frivillige aktørar vil i større grad trekkjast inn i busetjingsarbeidet.

Prognosane for 2015 viser at det er behov for å busetje om lag 11 000 flyktningar i norske kommunar. Talet inkluderer personar som blir busette frå mottak og omsorgssenter, og overføringsflyktningar som blir busette når dei kjem til landet. I tillegg reknar ein med at det vil kome om lag 2 000 familiesameinte til kommunane. Det er behov for å busetje 410 einslege mindreårige flyktningar. Tilstrøyminga av asylsøkjarar til Noreg har vore om lag like stor i 2014 som i 2013, per 31. juli begge år. Talet på personar i mottak som ventar på å få ein kommune å bu i, har vore sterkt aukande i 2013 og ligg framleis på eit for høgt nivå i 2014. Lang ventetid i mottak fører til at personane kjem seinare i gang med introduksjonsprogrammet, noko som forseinkar oppstart i arbeid eller vidare utdanning. Kommunane må busetje fleire flyktningar og auke kapasiteten i introduksjonsordninga.

Regjeringa er oppteken av å auke busetjinga og å stimulere kommunane til eit godt busetjingsarbeid.

Ein samarbeidsavtale mellom staten og KS blei inngått i april 2013 og gjeld ut 2015. Avtalen inneheld konkrete resultatmål for perioden. Avtalen blei evaluert og fornya i 2014. Kommunane skal ifølgje avtalen tilby busetjingsplassar etter behov i 2014 og 2015, slik behovet blir fastsett av Nasjonalt utval for busetjing og mottak. Avtalen blir følgt opp innanfor gjeldande konsultasjonsordning mellom Regjeringa og KS.

Nasjonalt utval for busetjing og mottak er nyoppnemnt for perioden 2014–2017. Utvalet har like mange representantar for staten og kommunesektoren og blir leia av staten ved IMDi. Som tidlegare skal utvalet fastsetje busetjingsbehovet, og IMDi skal fordele flyktningane på kommunane i samråd med KS.

Integreringstilskotet skal gi rimeleg dekning av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har i samband med busetjing og integrering av flyktningar det året dei blir busette, og dei neste fire åra. Saman med tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal tilskotet sørgje for at kommunane kan gi eit godt kvalifiseringstilbod til flyktningane. Regjeringa føreslår for 2015 å auke integreringstilskotet med 50 mill. kroner. Regjeringa føreslår òg å auke tilskot 2 i ordninga Tilskot ved busetjing av personar med alvorlege kjende funksjonshemmingar, og/eller åtferdsvanskar.

Gjennom Husbanken kan kommunane søkje om lån og tilskot til etablering av utleigebustader til flyktningar og andre vanskelegstilte. Mange kommunar gir tilbakemeldingar om at mangel på eigne bustader ofte gjer at dei ikkje kan ta imot fleire flyktningar. Det er òg viktig at kommunar driv bustadsosial planlegging og tilrettelegging for flyktningar, slik at dei kan etablere seg i eigen leigd eller eigd bustad, og slik at utleigebustadene kan frigjerast til andre vanskelegstilte i bustadmarknaden. Regjeringa føreslår å styrkje tilskotet til utleigebustader over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kvart år ber IMDi kommunane om å busetje eit visst tal flyktningar som får opphald i Noreg. Førespurnaden er basert på eit behov som er fastsett av Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar mv. IMDis arbeid med langsiktige samarbeidsavtalar med utvalde kommunar held fram i 2015. Rutinane ved utsøking og busetjing skal vurderast. Det vil òg bli lagt vekt på auka samarbeid med andre aktørar.

IMDi, Husbanken og Fylkesmannen vil òg i 2015 leggje vekt på å informere kommunane om dei økonomiske verkemidla Husbanken rår over. Kommunane treng mellom anna ofte informasjon og råd for å etablere og utvikle passande bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige. IMDi, Bufdir og Husbanken skal hjelpe kommunane med dette.

Regjeringa er opptatt av fornying og effektiv ressursbruk. Regjeringa vil i det høvet setje i gang eit forsøk der fylkesmennene i Hordaland og Østfold får ansvar for å busetje flyktningar i sine fylke, for å sjå om dette bidrar til auka busetjing. Tidsramma for forsøket vil vere 2015 og 2016.

Eit nytt IKT-system for busetjing og integrering er under utvikling i IMDi. IKT-systemet skal effektivisere arbeidet og auke kvaliteten i dialogen med kommunane og gi betre rapportering på resultata frå arbeidet. Utviklingsarbeidet er ein del av eit større arbeid med heile IKT-systemet i IMDi. Regjeringa føreslår for 2015 ei omprioritering på 7,5 mill. kroner til eit nytt IKT-system.

Busetjing og integrering av flyktningar heng saman. I tillegg til rask busetjing er det viktig å hjelpe kommunane med å utvikle kvaliteten på introduksjonsprogrammet og norskopplæringa. IMDi skal arbeide nært saman med Nav, Vox og kommunane for å betre kvaliteten i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, og også i introduksjonsprogrammet. Regjeringa set òg i 2015 av midlar som kommunane kan søkje, til tiltak for å styrkje kvaliteten og resultata i desse ordningane, for at dei som tek del i introduksjonsprogrammet, raskt kjem over i arbeid eller vidare utdanning og kvalifisering. Sjå nærmare omtale under kap. 821, post 62.

Regjeringa viser til oppmodingsvedtak nr. 590 av 20. juni 2014 Stortinget ber regjeringen vurdere incentiver for raskere bosetting av enslige mindreårige asylsøkere i kommunene.

Kommunane har dei seinare åra oppfylt behovet for busetjing av einslege mindreårige flyktningar. Resultata knytte til tidsmåla har òg blitt vesentleg betre dei seinare åra. I 2011 var 27 prosent av dei 618 busette einslege mindreårige flyktningane busette innan tre månader etter at dei hadde fått innvilga opphaldsløyve. I 2013 var 72 prosent av dei 421 busette einslege mindreårige flyktningane busette innan tre månader. I første halvår 2014 var 70 prosent av dei 216 busette einslege mindreårige flyktningane busett innan tre månader. Det er per i dag usikkert om det vil bli nok plassar til busetjing av enslege mindreårige i 2015.

Regjeringa vil styrkje dei økonomiske verkemidla som skal bidra til raskare busetjing av alle flyktningar. Regjeringa føreslår å auke integreringstilskotet og tilskotet til utleigebustadar. Regjeringa føreslår også å auke tilskot 2 i ordninga Tilskot ved busetjing av personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar. Desse tiltaka skal òg bidra til raskare busetjing av einslege mindreårige flyktningar, sjølv om dette ikkje er særskilde tiltak for einslege mindreårige. Regjeringa vil følgje situasjonen nøye.

Regjeringa føreslår å oppretthalde refusjonsordninga for kommunale utgifter til barnevernstiltak knytt til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

Delmål 2.2: Rask overgang til arbeid eller utdanning for nykomne innvandrarar

I Noreg blir det lagt til rette for at flyktningar med behov for grunnleggjande kvalifisering raskt kan kvalifisere seg for den norske arbeidsmarknaden.

Dei viktigaste tiltaka for å nå målet om rask overgang til utdanning eller arbeid er opplæring i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsprogram. Integreringstilskotet og tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar er viktige verkemiddel i denne samanhengen. Vidare er tilsynet frå Fylkesmannen, utviklingsmidlar til kommunane, FoU-arbeid og utvikling av eit nytt IKT-system i IMDi viktige tiltak.

Resultatrapport 2013/2014

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

SSB publiserte i 2013 for første gong statistikk over deltakarar i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap som er regulert av introduksjonslova. I 2012 deltok om lag 37 000 i denne opplæringa. Tala for deltakarar i 2012 viser at mange av deltakarane hadde familie eller flukt som årsak til innvandring, og at ein stor del av deltakarane hadde bakgrunn frå Eritrea, Somalia, Afghanistan og Thailand. Det var flest kvinnelege deltakarar.

For at deltakarane så snart som mogleg skal lære norsk, bør personar med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap starte raskt i opplæringa. Dei fleste startar raskt, og tendensen har vore stigande dei siste åra. Totalt var det 11 442 personar som fekk rett og plikt til opplæring i 2012, og av dei hadde 85 prosent av kvinnene og 91 prosent av mennene starta i opplæring innan halvtanna år frå dei fekk rett og plikt til opplæring.

Det er òg viktig at dei som startar i opplæring, fullfører. Graden av gjennomføring har betra seg kontinuerleg over fleire år. Tal frå Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) per 30. juni 2014 viser at av dei 9 670 personane som fekk rett og plikt til opplæring i 2010, var det 8 067 personar som framleis var i målgruppa tre år etter. Av desse hadde 87 prosent av kvinnene og 92 prosent av mennene oppfylt plikta si til 300 timar opplæring innan tre år. Resultata på norskprøvene gir viktig informasjon om ferdigheitsnivået i norsk. Kandidatane til prøva omfattar både dei som har rett til gratis opplæring, dei som betaler for opplæringa sjølve, og personar som tek prøva på eiga hand utan å ha fått opplæring. Fram til 1. september 2013 var det frivillig for deltakarane å gå opp til avsluttande prøve i norsk, anten Norskprøve 2 eller Norskprøve 3. Norskprøve 3 prøver ferdigheiter på eit høgare nivå enn Norskprøve 2. Tabellen under viser dei samla prøveresultata dei siste fem åra.

Tabell 4.3 Prøveresultat, Norskprøve 2 og 3

Norskprøve 2 og 3

Muntleg prøve

Skriftleg prøve

Talet på møtte

Greidd prøve

Greidd prøve i prosent

Mål i prosent

Talet på møtte

Greidd prøve

Greidd prøve i prosent

Mål i prosent

2013

17 728

14 898

84,0

90

18 879

10 660

56,5

65

2012

15 981

13 328

83,4

90

16 403

9 509

58,0

65

2011

15 659

13 473

86,0

90

16 302

9 591

58,8

65

2010

14 459

12 636

87,4

90

14 510

8 397

57,9

65

2009

11 461

10 108

88,2

95

11 791

7 029

59,6

60

Tabellen viser at fleire har gått opp til norskprøvene dei siste åra, og det var ein nokså stor auke frå 2012 til 2013. Det er langt fleire kvinner enn menn som går opp til prøve. Kvinner har betre resultat på prøvene enn menn, særleg på dei skriftlege prøvene.

Frå 1. september 2013 blei det obligatorisk for alle som var omfatta av rett og plikt til opplæring, å avslutte opplæringa med ei prøve i norsk og ei i samfunnskunnskap. Vox har i den samanhengen utvikla ei ny prøve i norsk som blei teken i bruk frå 1. mars 2014. Ansvaret for den praktiske gjennomføringa av prøvene er overført til kommunane.

God måloppnåing krev at opplæringa har høg kvalitet og er tilpassa målgruppene. For å heve kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap gjennomførte Vox i samarbeid med Fylkesmannen etterutdanningskurs for lærarar, fagdagar og leiarsamlingar i 2013. Vox har også gjennomført modulbaserte kurs for å heve kompetansen hos tospråklege lærarar i samfunnskunnskap. Evalueringar viser at deltakarane er svært fornøgde med kursa. Frå januar 2014 blei det starta opp vidareutdanning i alfabetisering ved Høgskolen i Bergen. Universitetet i Bergen tilbyr dessutan nettstøtta vidareutdanning i norsk som andrespråk retta mot lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk.

Utprøving av ulike metodar i opplæringa har òg halde fram, mellom anna i nettbasert opplæring og alfabetisering.

Asylsøkjarar over 16 år som bur i mottak, kan få inntil 250 timar norskopplæring. Tal frå IMDi viser at det var om lag 4 700 asylsøkjarar som deltok i norskopplæring i mottak andre halvår 2013. Blant asylsøkjarar som kom i 2012, hadde 45 prosent av kvinnene og 56 prosent av mennene starta opp med norskopplæring innan utløpet av det påfølgjande halvåret.

Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar

På oppdrag frå departementet utarbeider SSB kvart år eigen statistikk og ein monitor for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Tala viser at det stadig er fleire som deltek i programmet, og i 2013 deltok totalt 13 700 nykomne i ordninga. Dette er ein auke på 4 prosent frå året før. Over 70 prosent av deltakarane var frå Somalia, Eritrea, Afghanistan, Etiopia eller Iran. Det var om lag like mange kvinner som menn som deltok. Tal frå SSB viser òg at 63 prosent av dei som gjekk ut av introduksjonsordninga i 2011, var sysselsette eller under utdanning i november året etter. 71 prosent av dei var menn. Det er ein auke på 2 prosentpoeng frå året før. For kvinner var resultata uendra på 53 prosent. Dette er ikkje tilfredsstillande, og situasjonen vil bli følgt nøye.

Det er positivt med ein auke i resultata, sjølv om målet om 70 prosent over i arbeid og utdanning enno ikkje er nådd. Tala SSB publiserte i år, er ulike frå tidlegare publiserte tal for resultata av introduksjonsordninga. Éi endring er at kvinner som er i fødselspermisjon, ikkje lenger er med i gruppa som har avslutta eller avbrote programmet. Dei nye tala viser at fleire kvinner er i arbeid eller utdanning året etter avslutta program, enn det ein tidlegare har trudd. Likevel ser ein at skilnaden i resultata mellom menn og kvinner, som tidligare år, er stor. Introduksjonsordninga er retta mot nykomne flyktningar, og dei er i gjennomsnitt relativt unge. Ei forklaring på noko av kjønnsskilnaden er at mange av deltakarane i introduksjonsprogrammet er i ein periode av livet der dei får barn eller er heimeverande med små barn.

Tal frå IMDi viser at om lag 3 100 personar avslutta introduksjonsprogrammet i 2013. Dette er det høgaste talet sidan programmet blei innført. 47 prosent av deltakarane gjekk direkte over til arbeid eller utdanning etter avslutta program. Det er det same nivået som i 2012. Det er framleis store variasjonar i resultatoppnåinga kommunane imellom. I 14 kommunar gjekk minst 80 prosent av deltakarane direkte over i arbeid eller utdanning, mot under 20 prosent i 17 kommunar. IMDi har lagt stor vekt på å formidle resultata til kommunane, og det er no langt meir lokal merksemd og debatt om resultata.

SSB har på oppdrag frå IMDi utarbeidd rapporten Introduksjonsordningen i kommunene. En sammenligning av kommunenes resultater. Eit formål med prosjektet har vore å finne ut kor mykje arbeidsmarknaden og samansetjinga av flyktningar betyr for resultata i kommunane. Det er klare skilnader frå kommune til kommune når ein ser på gjennomsnittleg tid frå busetjing til arbeid og utdanning. På kommunenivå er det ein skilnad på 27 månader frå den raskaste av kommunane til den kommunen som bruker lengst tid. For dei fleste kommunane er skilnadene i gjennomsnittleg observert tid relativt små. Analysen viser at dei eigenskapane ved flyktningane som SSB har sett på, berre i liten grad kan forklare dei observerte skilnadene mellom kommunane. Det betyr at kommunane i stor grad kan påverke resultata sjølve. Det er viktig med kunnskapsutveksling mellom kommunane. Rapporten er eit utgangspunkt for å sjå nærmare på kva dei mest effektive kommunane gjer, og vurdere kva som kan overførast til andre, liknande, kommunar. IMDi vil arbeide vidare med kunnskapsutvikling og tilrådingar for eit integreringsarbeid som er effektivt og basert på kunnskap.

Det blei innført plikt til kommunal internkontroll og fylkesmannstilsyn med ordningane i introduksjonslova 1. september 2012. IMDi set tema for tilsynet, og for åra 2013–2015 er temaet at introduksjonsprogrammet skal vere heilårig og på fulltid. Fylkesmannen skal føre tilsyn i minst to kommunar i kvart fylke.

I 2013 fekk IMD i også i oppdrag, i samråd med NOKUT, å utarbeide ein plan for å auke kompetansen blant programrådgivarar i introduksjonsordninga og rettleiarar i Jobbsjansen. Rådgivarane skal få auka kompetanse om ordningar for godkjenning av utanlandsk utdanning. Tiltaket skal gjennomførast i 2014 og 2015, og er eitt av fleire tiltak i handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse.

Auka fleksibilitet og arbeidsretting av introduksjonsprogrammet er viktig for å få til ein raskare overgang til arbeid. Det er sendt på høyring eit forslag om at introduksjonslova skal endrast slik at deltakarane får rett til permisjon frå introduksjonsprogrammet ved overgang til arbeid eller utdanning.

I 2013 blei det innført ei ny tilskotsordning med utviklingsmidlar for å styrkje arbeidet med introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap i kommunane. Ordninga blei ført vidare i 2014, sjå omtale under kap. 821, post 62.

Strategiar og tiltak for 2015

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Regjeringa ønskjer å styrkje språkopplæringa for alle med innvandrarbakgrunn. Det er fordi gode norskkunnskapar og grunnleggjande kjennskap til det norske samfunnet ofte er ein føresetnad for å kunne skaffe seg arbeid og utdanning. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap er derfor eit sentralt integreringstiltak. Opphaldsgrunnlag og alder avgjer kva for rettar og plikter innvandraren har til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, sjå tabell 4.4.

Departementet vurderer kontinuerleg tiltak som kan bidra til å heve kvaliteten på opplæringa i norsk og samfunnskunnskap og til å spreie gode døme. Ordninga med opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal evaluerast i 2015. Satsinga på etter- og vidareutdanning for lærarar held fram, og Vox skal i 2015 vurdere korleis ein kan halde fram med å auke kompetansen til lærarar i norsk og samfunnskunnskap.

Revidert læreplan, innføringa av obligatoriske prøver og utvidinga av timetalet vil medverke til at fleire lærer meir norsk. Statleg tilsyn og kommunal internkontroll vil medverke til betre kvalitet og opplæring i samsvar med lova. Sjå nærmare omtale av tilsyn under rapporteringa på introduksjonsordninga. For nærmare omtale av tilskotsordninga med utviklingsmidlar til kommunane for å styrkje kvalitet og resultat i integreringsarbeidet, sjå kap. 821, post 62.

Tabell 4.4 Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Personkrins1

Rett

Plikt

Gratis

Plikt til å avleggje avsluttande prøver

Omfang2

1) Personar som har fått asyl, personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameinte med desse gruppene og dei med kollektivt vern, 16–55 år

X

X

X

X

600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg

2) Familiesameinte med norske og nordiske borgarar busette i Noreg, 16–55 år

X

X

X

X

600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg

3) Personar frå gruppe 1) eller 2)

i alderen 55–67 år

X

X

600 timar (550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 400 norsktimar i tillegg

4) Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS-/EFTA- regelverket, 16–55 år

X

300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap)

1 Gjeld personar som har fått løyve etter 1. september 2005 som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve etter utlendingslova.

2 For dei med rett og plikt, eller berre rett, til opplæring som har fått løyve mellom 1. september 2005 og 1. januar 2012, er omfanget 300 timar (250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap), ved behov opptil 2 700 norsktimar i tillegg.

Introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar

Det er viktig å møte dei som har lovleg opphald i Noreg med krav og forventingar om å bidra og delta i det norske samfunnet. Deltaking i arbeidsliv og gode ferdigheiter i norsk er nøklane til inkludering i det norske samfunnet. Introduksjonslova gir nykomne innvandrarar mellom 18 og 55 år både rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram om dei har behov for grunnleggjande kvalifisering. Personkrinsen for rett og plikt til introduksjonsprogram er personar som har fått asyl, har fått kollektivt vern i ein massefluktsituasjon, er overføringsflyktningar eller har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl. I tillegg kjem familiemedlemmer til personar i desse gruppene og personar som etter samlivsbrot har fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet.

Regjeringa har som mål å auke prosentdelen innvandrarkvinner som deltek i arbeidslivet, både gjennom styrkt språkopplæring og andre målretta tiltak. Departementet vil derfor halde fram arbeidet med tiltak for å få høgare kvalitet i introduksjonsprogrammet, for å få betre individuell tilpassing og meir arbeidsretting og for å styrkje resultata, særleg for kvinner.

Arbeidsgivarar, særleg på lokalt nivå, kan spele ei viktig rolle i kvalifiseringa ved å tilby praksisplassar, og dei kan bidra med kunnskap om arbeidsliv og behov for arbeidskraft. Dei kan òg, ved å samarbeide med kommunen, få betre innsikt i det potensialet for arbeidskraft som deltakarane i introduksjonsordninga representerer. Frivillige organisasjonar speler ei viktig rolle i introduksjonsordninga, og kommunane bør ha eit systematisk samarbeid med frivillig sektor. Frivillige organisasjonar representerer ein lokal ressurs, og dei kan bidra til utvida nettverk og kjennskap til lokalsamfunnet.

Tilskotsordninga med utviklingsmidlar til kommunane som blei innført i 2013 for å styrkje kvaliteten og resultata i integreringsarbeidet blir ført vidare i 2015, sjå omtale under kap. 821, post 62. Ordninga skal betre både opplæringa i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsprogrammet.

Lokale styresmakter bør leggje til rette for meir bruk av utdanning som kvalifiseringstiltak i introduksjonsprogrammet. Det føreset god samordning mellom ansvarlege styresmakter og fleksibilitet i organiseringa av grunnskole og vidaregåande opplæring for vaksne.

Det er framleis eit stort behov for utvikling av kunnskap og formidling av erfaringar for å oppnå betre resultat med introduksjonsprogrammet i fleire kommunar. Dette vil stå sentralt i den oppfølginga IMDi har av kommunane i 2015. Introduksjonsordningen vil bli evaluert i 2015.

Delmål 2.3: God bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet

For å auke deltakinga på arbeidsmarknaden er det, i tillegg til å styrkje grunnleggjande kvalifisering, omtalt under delmål 2.2, viktig å sikre god bruk av kompetansen til innvandrarane.

Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ei sentral rolle når det gjeld å setje i gang tiltak for å bidra til ei god utnytting av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet. BLD har ei pådrivarrolle for å nå målet om høgare sysselsetjing blant innvandrarar og god bruk av deira kompetanse.

Dei viktigaste tiltaka i BLD for å nå delmålet er å setje i gang utgreiingar for å bidra til raskare godkjenningsordningar, mål om rekruttering innanfor staten, Nettverk for mangfald i statlege, heileigde bedrifter, Mangfoldsportalen, Jobbsjansen, etablerartiltak, informasjonstiltak for arbeidsinnvandrarar og FoU-arbeid.

Resultatrapport 2013/2014

Delmål 2.3 er direkte knytt til det overordna målet om auka sysselsetjing av innvandrarar. Situasjonen for innvandrarar på arbeidsmarknaden er slik eit viktig bakteppe for måloppnåinga.

Innvandrarar stod for over 80 prosent av veksten i sysselsetjinga i Noreg frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal 2013. Nye innvandrarar frå EØS-landa bidrog mest til denne veksten. Sjølv om talet på sysselsette innvandrarar auka mykje sist år, gjekk sysselsetjingsprosenten for innvandrarar i alt opp med berre 0,3 prosentpoeng, frå 62,8 prosent i 2012 til 63,1 prosent i 2013. Dette kjem av at prosentdelen innvandrarar som bur i Noreg, auka i takt med sysselsette innvandrarar i løpet av 2013. Av heile den norske befolkninga i same aldersgruppe, 15–74 år, var 68,6 prosent sysselsette. Det er ein skilnad i sysselsetjingsprosenten på 5,5 prosentpoeng samanlikna med innvandrarar. Ser vi på dei mest yrkesaktive aldersgruppene, kjem det likevel fram større skilnader, som til dømes 11,6 prosentpoeng for aldersgruppa 25–39 år, og 13,3 prosentpoeng for dei mellom 40 og 54 år. Det er store skilnader i sysselsetjinga mellom grupper av innvandrarar. Blant innvandrarar frå EØS-området er tilgang på arbeid ei svært viktig årsak til innvandringa, og sysselsetjingsnivået for desse gruppene ligg over 70 prosent. I gruppene frå Asia og Afrika er sysselsetjinga derimot respektive 55,2 og 41,9 prosent.

Desse skilnadene i nivå har vore relativt stabile uavhengig av konjunkturane på arbeidsmarknaden. Skilnadene har fleire årsaker, mellom anna kort butid, behov for vidare utdanning og kvalifisering, og diskriminering. I gruppene frå Asia og Afrika er det fleire flyktningar med kort butid i Noreg enn i andre grupper. Dessutan er sysselsetjinga blant kvinner frå enkelte land i Asia og Afrika svært låg uavhengig av butid, noko som òg trekkjer gjennomsnittet ned i desse gruppene.

Den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar i Noreg gjekk svakt opp frå 6,5 prosent i mai 2013 til 7,0 prosent i mai 2014. I befolkninga elles var det ein auke frå 1,8 prosent til 1,9 prosent i den same perioden.

Mangfoldsportalen.no rettar seg mot arbeidsgivarar, tillitsvalde og ansvarlege for opplæring og HR i verksemder i offentleg og privat sektor. IMDi er ansvarleg for portalen. Her finst fagkunnskap, råd og tips, e-læring og andre verktøy. Mangfoldsportalen blir utvikla vidare og oppdatert fortløpande med ny kunnskap, fagartiklar og gode døme.

Frå 2014 blei det innført ein ny tilskotsordning der verksemder i offentleg og privat sektor kan søkje om støtte til mentor- og traineeordningar. Det blei sett av 3 mill. kroner til tilskotsordninga i Prop. 1 S (2013–2014). Det er IMDi som forvaltar ordninga og fordeler tilskot etter eit rundskriv. Det blei gitt tilskot til seks prosjekt. Desse prosjekta representerer både offentlege og private verksemder. IMDi følgjer opp prosjekta gjennom referansegrupper, og samlar og deler nyttige erfaringar. Formålet med tilskotsordninga er at fleire personar med innvandrarbakgrunn skal få innpass i arbeidslivet, karriereutvikling og betre bruk av eigen kompetanse, og dessutan styrkje nettverka sine og få innsikt i nye arbeidsområde og verksemder.

Erfaringar frå forsøksverksemd retta mot innvandrarar som ønskjer å etablere si eiga bedrift, tyder på at innvandrarar møter særlege utfordringar, til dømes manglande kjennskap til norske rutinar og prosessar og vanskar med å få lån. Det er få målretta tilbod om rettleiing for etablerarar som tek omsyn til dei særlege behova denne gruppa har.

Frå 2014 blei det innført ei ny ordning med tilskot der kommunar og fylkeskommunar kan søkje støtte til styrking og utvikling av det ordinære tilbodet om etableraropplæring, slik at det kan bli lagt betre til rette for etablerarverksemd for innvandrarar og på den måten skape større sysselsetjing og vekst. Det blei sett av 6 mill. kroner til tilskotsordninga i statsbudsjettet for 2014. Det er IMDi som forvaltar ordninga og fordeler tilskot etter eit rundskriv.

Etter ønske frå Stortinget blei Norsk senter for flerkulturell verdiskaping i Buskerud fylkeskommune gitt ei særskild stilling. Det inneber at senteret må søkje på linje med andre om midlar til drifta, men at dei vil bli prioriterte dersom dei tilfredsstiller dei andre vilkåra i rundskrivet.

Det blei søkt om tilskot til 16 prosjekt på til saman 11,2 mill. kroner. Av dei fekk fire fylkeskommunar og éin kommune tilsegn. Buskerud fylkeskommune fekk tilsegn på 2,25 mill. kroner. Det var fleire gode søknadar mellom dei som fekk avslag.

Handlingsplan 2013–2016: Vi trenger innvandrernes kompetanse inneheld tiltak på tre hovudområde: godkjenningsordningar for kompetanse frå utlandet, rekruttering til offentleg og privat sektor og etablerarverksemd. Som ei oppfølging av tiltak nr. 4 i planen har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, i samråd med Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, sett i gang ei utgreiing for å få meir kunnskap om behovet for kompletterande utdanning for innvandrarar frå land utanfor EØS som søkjer om godkjenning for å utøve lovregulerte yrke i Noreg.

Som ei oppfølging av tiltak nr. 7 i handlingsplanen er det utlyst midlar til ei utgreiing som skal føreslå modellar for produksjon av statistikk med formål å følgje gjennomstrøyminga og tida innvandrarar bruker i godkjenningsprosessen for lovregulerte yrke.

Det er viktig at arbeidsinnvandrarar som har busett seg i landet, får dei same sjansane til å ta del i yrkes- og samfunnslivet som resten av innbyggjarane. Startpakka Ny i Norge for arbeidsinnvandrarar og familieinnvandrarar om nøkkelspørsmål om arbeid og opphald i landet er utarbeidd av IMDi og har vore distribuert sidan 15. september 2009. I løpet av 2013 blei det distribuert 57 000 eksemplar av ei oppdatert papirutgåve (på norsk, engelsk og polsk). Det er særleg føretak i oljesektoren og leverandørane deira som bestiller store mengder bøker. Startpakka finst no òg i nettutgåve på norsk, engelsk, polsk og litauisk. Tilbakemeldingane tyder på at Ny i Norge framleis treffer informasjonsbehovet, og startpakka blir no i tillegg nytta av offentlege etatar i tenesteytinga. Kommunar, vaksenopplæringssenter, utdanningsinstitusjonar, føretak og frivillige organisasjonar distribuerer Ny i Norge til arbeidsinnvandrarar.

Det er store variasjonar når det gjeld deltaking i arbeidslivet blant innvandrarane. Mange kvinner tek ikkje del i arbeidslivet, er heimeverande og blir økonomisk underhaldne av ein mann som er i arbeid. Tiltaket Jobbsjansen rettar seg mellom anna mot denne gruppa. Resultat frå IMDi for 2013 viser at 943 personar tok del i Jobbsjansen / Ny sjanse i 2013, mot 461 i 2012. Fleirtalet av deltakarane var kvinner. Av dei 261 deltakarane som gjekk ut av Jobbsjansen / Ny sjanse i 2013, gjekk 60 prosent over i arbeid eller utdanning. Dei siste åra har det vore ei svært positiv utvikling i resultata for Jobbsjansen / Ny sjanse, frå 39 prosent i 2011 til 60 prosent i 2013, ein auke på 21 prosentpoeng. Jobbsjansen blei innført sommaren 2013, og Ny sjanse blei da ein del av Jobbsjansen.

Strategiar og tiltak for 2015

Det er lagt opp til ein brei innsats for å få personar som står utanfor arbeidsmarknaden over i arbeid. Denne innsatsen er omtalt i Prop. 1 S (2014–2015) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Høg sysselsetjing og auka verdiskaping dannar grunnlaget for utvikling av velferdssamfunnet. Innvandrarar er ein viktig del av arbeidskrafta i Noreg. Eit større mangfald i arbeidslivet kan medverke til å løyse oppgåvene i eit meir samansett og variert norsk samfunn. Regjeringa vil arbeide vidare for ein inkluderande rekrutteringspolitikk og mot diskriminering, slik at kompetansen til innvandrarar kjem til nytte i det norske samfunnet på alle nivå i arbeidslivet.

Arbeidslivet må i større grad enn i dag nytte ressursane og kompetansen innvandrarar har. Mange innvandrarar kjem til Noreg med utdanning og erfaring frå arbeidslivet, og mange skaffar seg tilleggsutdanning og får erfaring frå arbeidslivet etter at dei har kome hit. Likevel kan dei ha problem med å få godt fotfeste i arbeidslivet. Sysselsette innvandrarar er oftare overkvalifiserte for jobben dei har. Dette gjeld i særleg grad innvandrarar frå Afrika og Asia. Det førekom diskriminering av personar med innvandrarbakgrunn som søkjer jobb. Det er òg utfordringar med arbeidsforholda i enkelte bransjar som sysselset mange innvandrarar. Fleire utval har peika på kor viktig det er med betre og meir effektive godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning, og har føreslått tiltak. Innvandrarar møter òg særskilde utfordringar når dei skal etablere eigne, levedyktige føretak.

Status for gjennomføring av tiltaka i Handlingsplan 2013–2016: Vi trenger innvandrernes kompetanse og vidare oppfølging av planen vil bli vurdert. Arbeidet med å utnytte ressursane og kompetansen til innvandrarar i større grad enn i dag kjem i tillegg til arbeidet med oppfølging av tiltak for å betre kvalifiseringa av nykomne innvandrarar. Låg kompetanse og svake grunnleggjande ferdigheiter samanlikna med krava i arbeidsmarknaden er ei utfordring og gjer at ein del innvandrarar også i 2014 vil ha behov for tilpassa opplæring og særskild hjelp for å kome i arbeid. Nærmare informasjon om strategiar og tiltak for introduksjonsprogrammet i 2014 står under delmål 2.2.

Det er viktig at offentleg sektor har ein mangfaldig arbeidsstyrke som speglar befolkninga, slik at han kan tilby best moglege og likeverdige tenester. Dette vil også medverke til å styrkje tilliten til det offentlege tenesteapparatet i befolkninga. Offentleg sektor skal gå føre med eit godt døme. Plikta til å intervjue minst éin søkjar med innvandrarbakgrunn til stillingar i staten dersom han eller ho er kvalifisert for stillinga, vil bli ført vidare. IMDi vil også i 2015 arbeide for at fleire kommunar og fylkeskommunar skal innføre ei tilsvarande ordning.

Regjeringa har som mål å få fleire kvinner med innvandrarbakgrunn til å delta i arbeidslivet, og Jobbsjansen blir ført vidare i 2015. Sjå også omtale under kap. 821, post 62.

Delmål 2.4: Innvandrarar deltek i demokrati og samfunnsliv

Deltaking i demokrati og samfunnsliv er avgjerande for å byggje eit trygt fellesskap basert på tillit mellom menneske og til offentlege institusjonar. Arbeidet for deltaking skjer på tvers av sektorar og på mange samfunnsområde.

Dei viktigaste tiltaka på BLD sitt område for å nå dette delmålet er tilskot til frivillig verksemd på lokalt og nasjonalt nivå, mellom anna til innvandrarorganisasjonar. Dette kjem i tillegg til tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (jf. delmål 2.2). Vidare gjennomfører IMDi tiltak for å auke valdeltakinga i befolkninga med innvandrarbakgrunn. BLD har òg ansvar for forvaltinga av statsborgarlova.

Resultatrapport 2013/2014

Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd skal medverke til å auke deltakinga i samfunnslivet og til å styrkje frivillige organisasjonar si rolle i integreringsarbeidet, sjå omtale under kap. 821, post 71. Det blir gitt støtte til lokale innvandrarorganisasjonar, til frivillig aktivitet i lokalsamfunn, til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, til arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting, til organisasjonar og grupper som gir målretta informasjon om det norske samfunnet til nye innvandrarar, inkludert organisasjonar som har intensjonsavtalar med IMDi. Vidare blir det gitt støtte til innsats for særleg utsette innvandrargrupper.

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) blei oppretta i 1984, som eit rådgivande og uavhengig organ for styresmaktene i saker som angår personar med innvandrarbakgrunn. Den siste utvalsperioden var frå 2010 til 2013. KIM har gjort ein viktig innsats med å løfte fram synspunkta til innvandrarar inn i politikk, media og forvalting. Innvandrarar deltek no i mykje større grad i samfunnsliv og offentleg debatt enn da KIM blei oppretta. Regjeringa vil derfor fornye dialogen med innvandrarorganisasjonar og -miljø. KIM er frå og med 2014 ikkje ført vidare. Regjeringa ønskjer å fornye dialogforma med innvandrarane og organisasjonane deira. Som eit ledd i dette vil Regjeringa halde ein årleg nasjonal konferanse med lokale innvandrarorganisasjonar og innvandrarråd og andre relevante aktørar. Den første konferansen blir halden hausten 2014.

Valdeltakinga til personar med innvandrarbakgrunn har vore lågare enn for befolkninga som heilskap. Det gjeld både ved lokalval og stortingsval, jf. Del III Mål for integrering.

IMDi gjennomførte ei rekkje informasjons- og mobiliseringstiltak for å auke valdeltakinga i befolkninga med innvandrarbakgrunn ved stortingsvalet 2013. Tiltaka var ein del av regjeringa si markering av stemmerettsjubileet 1913–2013.

På oppdrag frå departementet held Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet. Den primære målgruppa er religiøse leiarar med innvandrarbakgrunn (imamar, munkar, prestar, pastorar og dessutan forstandarar og andre som er gitt leiaransvar på ulike nivå). Sidan 2007 har om lag 107 deltakarar fått opplæring om trussamfunna sine rettar og plikter, tilhøvet mellom religion og samfunn i Noreg, verdi- og religionsdialog og rådgivarrolla religiøse leiarar har overfor enkeltmenneske. IMDi har frå 2014 teke over forvaltinga av tilskotet til kurset.

Statsborgarskapsområdet

I løpet av 2013 blei meir enn 13 000personar norske statsborgarar eller fekk lovnad om norsk statsborgarskap dersom dei løyste seg frå tidlegare statsborgarskap. Dette er 800 fleire enn i 2012. Personar frå Somalia, Irak og Afghanistanutgjorde dei største gruppene med overgang til norsk statsborgarskap. 37 prosent av dei nye statsborgarane i 2013 var barn.

Det er klare mønster i kven som vel å søkje om statsborgarskap, avhengig av kva land dei kjem frå, og årsaka til at dei innvandrar til Noreg. Heilt frå midten av 1980-talet har søkjarar frå Asia toppa statistikken. I fjor var 46 prosent av dei som fekk norsk statsborgarskap, frå Asia, 26 prosent frå Afrika og 18 prosent frå europeiske land.

I 2013 registrerte UDI 1 924 avslag i saker om statsborgarskap. Av dei gjaldt 1 879 saker der statsborgarlova stiller krav om klarlagd identitet. Kravet om klarlagd identitet er registrert som ikkje oppfylt i 326 saker, det vil seie i 17 prosent av sakene.

Departementet arbeider kontinuerleg slik at forvaltinga av statsborgarskapsregelverket skal bli best mogleg. I 2013 fekk organa som forvaltar statsborgarskapsregelverket, heimlar for å hente nødvendige opplysningar frå andre organ utan å bli hindra av teieplikt. UDI rapporterer at heimlane fungerer etter formålet. Dei skriv at elektronisk saksbehandling og elektronisk samhandling gir større effektivitet, betre brukarservice og kontroll og garanti for at forvaltinga legg korrekte opplysningar til grunn.

Nye statsborgarar blir inviterte til ein frivillig statsborgarseremoni. Under seremonien gir deltakarar over 18 år eit truskapsløfte. Deltakarane på seremonien får boka Velkomen som ny statsborgar. Departementet reviderer boka som blei trykt første gong i 2006. Ei ny og revidert utgåve av boka skal givast ut. Ansvaret for å arrangere seremoniane er lagt til fylkesmannsembeta. IMDi har ansvar for å gi rettleiing til fylkesmennene. I 2013 blei det til saman gjennomført 27 seremoniar med i alt 2 746 deltakarar. Deltakinga var på 24,3 prosent, som er ein nedgang på 2,6 prosentpoeng frå 2012. Målet var å auke deltakinga i 2013. Det er store skilnader mellom fylkesmannsembeta når det gjeld deltaking i seremoniane. Størst deltaking hadde Oppland og Aust-Agder, med respektive 37 og 36 prosent.

Strategiar og tiltak for 2015

Forsking viser at samarbeid mellom innbyggjarar i samfunnet har ein eigen verdi i utviklinga av tillit, kjensle av fellesskap og sosial kapital. Frivillige organisasjonar har ei viktig rolle i å skape eit inkluderande samfunn for alle, som demokratiske aktørar og som møteplassar.

Frivillige organisasjonar og foreiningar i sivilsamfunnet er dermed viktige arenaer for integrering. Dei medverkar òg til å byggje nettverk og kompetanse som kan vere eit springbrett vidare til utdanning og arbeid. Ikkje minst speler frivillige organisasjonar ei viktig rolle for deltaking i lokalsamfunnet. Dei frivillige organisasjonane fungerer som ein døropnar ut i samfunnet for grupper av innvandrarar som i liten grad deltek i det norske samfunnet.

Innvandrarorganisasjonar er ein viktig ressurs både for innvandrarane sjølve og som samarbeidspartnarar for andre frivillige organisasjonar og styresmakter. Regjeringa gir derfor tilskot til drift av lokale innvandrarorganisasjonar. Regjeringa vil føre vidare tilskot til frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling. Innretninga på tilskota til lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd vil bli endra, og forvaltinga av tilskotsordninga blir i 2015 flytta frå fylkeskommunane til utvalde kommunar. Tilskotsordninga blir målretta, slik at 20 kommunar som har mange innbyggjarar med innvandrarbakgrunn, tildeler midlar til frivillige innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd. Ei slik løysing vil styrkje den lokale forankringa og samarbeidet mellom kommunane og innvandrarorganisasjonane lokalt, i tillegg til at det medverkar til å styrkje kommunane sitt ansvar i integreringsarbeidet. Samtidig vil det vere med på å byggje opp kompetanse på integrering i kommunane.

Tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet blir òg førte vidare. Departementet føreslår at ein ny organisasjon, Caritas Norge, får tildelt støtte gjennom ordninga i 2015. Premissane for å gi støtte er at organisasjonane jobbar utoverretta, er inkluderande, driv brubygging og samarbeider med andre organisasjonar. Tilskota må medverke til å byggje relasjonar som er baserte på respekt, tillit og aksept mellom ulike aktørar på integreringsfeltet. Organisasjonane må kunne vise til planlagde mål og oppnådde resultat for å få støtte.

Vidare vil departementet prioritere informasjon og rettleiingstiltak retta mot arbeidsinnvandrarar og personar som ikkje er omfatta av introduksjonsordninga. Arbeid og familie er hovudårsaker til innvandringa til Noreg. Dei siste åra har behovet for tilrettelagd informasjon auka. Det blir òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar som har intensjonsavtalar med IMDi, for å styrkje arbeidet deira med integrering i lokalsamfunn. Dei store frivillige organisasjonane og aktivitetane deira er møteplassar i kommunane og arenaer der innvandrarar kan bli kjende med sitt eige lokalsamfunn. Deltaking i organisasjonane medverkar til at ein får kontaktar og nettverk, noko som igjen kan vere viktig for å få jobb og kome inn på andre arenaer i samfunnet.

Vidare vil departementet føre vidare innsatsen for særleg utsette innvandrargrupper. Formålet er å skape arenaer for direkte kontakt med utsette innvandrargrupper.

Regjeringa ved Kulturdepartementet har sett i gang eit nytt forskingsprogram på sivilsamfunn og frivillig sektor for perioden 2013–2017. BLD bidreg i dette arbeidet med vekt på å få meir forsking på rolla og deltakinga til barn, unge og innvandrarar i frivillig verksemd og kva rolle frivillig verksemd speler i å byggje tillit og fellesskap i samfunnet.

I 2015 er det kommune- og fylkestingsval. Det er viktig at innvandrarar som har stemmerett, bruker stemmeretten sin. IMDi har fått i oppdrag å auke valdeltakinga i innvandrarbefolkninga.

Det er viktig at leiarar med innvandrarbakgrunn i trussamfunn får innsikt i dei grunnleggjande verdiane som det norske samfunnet byggjer på, og får styrkt kompetansen sin i utøvinga av leiaroppgåvene sine i det norske samfunnet. Slik kan dei bli tryggare når det gjeld å formulere seg, ta meir ansvar og vise større engasjement og få reiskapar til å handtere konkrete rådgivaroppgåver. Kurset Å vere religiøs leiar i det norske samfunnet vil derfor bli ført vidare.

Statsborgarskapsområdet

Alle norske statsborgarar har vilkårslaus rett til opphald i Noreg, vern mot utvising, stemmerett ved stortingsval og rett til norsk pass. Regjeringa er oppteken av at det norske statsborgarskapet skal henge høgt. Statsborgarskapet er eit symbol på lojalitet og tilhøyrsle mellom borgar og stat. Det blir forventa at alle norske statsborgarar følgjer norsk lov og utfører sine plikter, som del av fellesskapet. Dei viktigaste verkemidla for å nå delmålet er statsborgarskapsregelverket og statsborgarseremoniane.

Regjeringa ønskjer å sikre at norske statsborgarar har tilstrekkeleg tilknyting til Noreg. Regjeringa vil innføre krav om greidd prøve i samfunnskunnskap for dei som ønskjer å bli norske statsborgarar. Det vil bli knytt rimelege unntaksreglar til kravet. Vidare skal dei som søkjer norsk statsborgarskap, meistre eit minimum av norsk munnleg. Forslaget skal sendast på høyring.

Regjeringa vil auke butida som krevst for permanent opphald i Noreg, frå tre til fem år. Å fylle krava til permanent opphald er ein av føresetnadene for statsborgarskap etter søknad. Det vil vere nødvendig med ein gjennomgang av statsborgarskapsregelverket i samband med auken i butid for å få permanent opphald.

Det er eit krav for å få norsk statsborgarskap at søkjaren seier frå seg andre statsborgarskap. Norske borgarar som frivillig byter statsborgarskap, mistar det norske statsborgarskapet automatisk. For barn går det norske statsborgarskapet tapt sjølv om berre ein av foreldra har samtykt til det nye statsborgarskapet. Departementet utgreier no unntak frå tapet av norsk statsborgarskap, mellom anna for barn som blir bortførte.

Regjeringa vil sjå nærmare på om det er tiltak som kan gjere identitetskontrollen og identitetsfastsetjinga betre. Regjeringa vil òg setje i gang eit arbeid med å utgreie om det bør innførast reglar om tap av norsk statsborgarskap dersom ein statsborgar opptrer sterkt til skade for statens vitale interesser eller frivillig har tenestegjort i ei framand militær teneste.

Regjeringa vil arbeide for at deltakinga i statsborgarseremonien skal auke. Seremoniane skal vere ei høgtidleg og verdig markering av overgangen til norsk statsborgarskap. Seremonien skal markere at nye statsborgarar sluttar seg til dei grunnleggjande verdiane som statsborgarskapet kviler på, med like rettar og plikter. Seremonien vil òg gi lokalsamfunnet og storsamfunnet høve til å ønskje nye statsborgarar velkomne.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.05 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

820

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

193 628

191 246

193 093

1,0

821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

5 602 235

6 700 673

7 611 902

13,6

822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 767 601

1 700 431

1 606 477

-5,5

823

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene

7 718

6 749

-100,0

Sum kategori 11.05

7 571 182

8 599 099

9 411 472

9,4

Inntekter under programkategori 11.05 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

3820

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

9 405

3821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

117 066

187 516

190 911

1,8

3822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

137 474

158 719

121 037

-23,7

Sum kategori 11.05

263 945

346 235

311 948

-9,9

Utgifter under programkategori 11.05 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01-23

Drift

278 992

277 141

272 619

-1,6

30-49

Nybygg og anlegg

13 131

41 252

47 498

15,1

50-59

Overføringer til andre statsregnskaper

6 390

6 614

6 798

2,8

60-69

Overføringer til kommuner

7 214 959

8 213 232

9 026 530

9,9

70-98

Overføringer til private

57 710

60 860

58 027

-4,7

Sum kategori 11.05

7 571 182

8 599 099

9 411 472

9,4

Kap. 820 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

193 628

191 246

193 093

Sum kap. 0820

193 628

191 246

193 093

Status for verksemda

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er BLD sitt utøvande organ for statens integreringspolitikk og er ein premissleverandør for utviklinga av politikken på feltet. IMDi er organisert med kontor i Oslo, Gjøvik, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Narvik.

Dei viktigaste oppgåvene til IMDi er:

  • å medverke til at kommunane buset flyktningar som får opphald i Noreg, i tråd med busetjingsavtalen mellom staten og KS og dei måla som er sette for busetjinga

  • å medverke til rask overgang frå introduksjonsprogram til arbeid eller utdanning

  • å medverke til å utvikle og setje i verk integreringspolitikken

  • å vere eit kompetansesenter for kommunane og andre samarbeidspartnarar som arbeider med integrering

  • å ta initiativ overfor ansvarlege styresmakter om kva høve og barrierar ulike grupper av innvandrarar står overfor, og å gi departementet råd og rettleiing

  • å medverke til å førebyggje og motverke tvangsekteskap og kjønnslemlesting, mellom anna gjennom arbeidet til minoritetsrådgivarar på ungdomsskolar og vidaregåande skoler og integreringsrådgivarar ved utanriksstasjonane

  • å ta initiativ overfor og å samarbeide med næringsliv og organisasjonar for å auke innvandrarar si deltaking i arbeids- og samfunnsliv

  • å medverke til ein auke i bruken av, og talet på, kvalifiserte tolkar og til sikring av tilgang på tolkar som dekkjer fleire språk

  • å byggje opp under utøvinga av ansvaret til fagstyresmaktene.

Målgrupper

Kommunane er den viktigaste målgruppa og samhandlingspartnaren til IMDi. Andre målgrupper er mellom andre næringsliv og arbeidsgivarar, statlege organ på både direktoratsnivå og lokalt nivå, ulike organisasjonar, nykomne innvandrarar og meir etablerte innvandrargrupper, innbyggjarane generelt og personar i utlandet som skal busetje seg i Noreg.

Verkemidla

Dei viktigaste verkemidla til IMDi er kunnskap og kunnskapsutvikling, dokumentasjon, spreiing av erfaring, informasjon og haldningsskapande arbeid. I tillegg disponerer direktoratet økonomiske verkemiddel som tilskotsordningar, prosjektmidlar og utviklings- og forskingsmidlar.

I 2015 vil IMDi møte dei største utfordringane på desse områda:

Busetjing

IMDi skal, i samarbeid med KS og kommunane, bidra til rask busetjing av personar som har fått vedtak om opphald i Noreg etter søknad om asyl, jf. omtale under delmål 2.1. Den 30. juni 2014 venta 5 042 personar med løyve om opphald i mottak på å bli busette. I 2015 er det behov for å busetje 11 000 flyktningar i norske kommunar. IMDi vil utvikle vidare det systematiske samarbeidet med kommunane om ei jamn og planfast busetjing. Einslege mindreårige og familiar med barn skal prioriterast.

Arbeid og kvalifisering

Det er viktig med innsats frå relevante styresmakter for å få god måloppnåing.

Dei største utfordringane i 2015 vil vere å få til ein rask overgang frå introduksjonsprogram til arbeid og/eller utdanning.

Evaluering av IMDi

IMDi blei oppretta den 1. januar 2006 ved at UDI blei delt og det blei etablert eit eige direktorat for integrering og mangfald. Departementet har sett i verk ei ekstern evaluering av direktoratet. Evalueringa blei gjennomført i 2013 og blir følgt opp i 2014 og 2015.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift av IMDi. Innanfor ramma ligg oppgåver knytte til arbeidet med uttak og busetjing av overføringsflyktningar, mellom anna til kulturorienteringsprogram og til informasjonsverksemd om flyktningar.

Departementet føreslår ei løyving på 193,1 mill. kroner i 2015, der 4,1 mill. kroner er satt av til IMDis arbeid knytt til vidareføring av tilleggskvota frå 2014 på 500 overføringsflyktninger frå Syria. Løyvinga skal mellom anna nyttast til å finansiere to nye stillingar i arbeidet med busetjing og kontakt med frivillige innvandrarorganisasjonar og til eit forsøk der fylkesmennene i Hordaland og Østfold får ansvar for å busetje flyktningar i sine fylke. Frå og med 2015 blir oppgåva med å følgje opp plikta Noreg har etter Nordisk språkkonvensjon, flytta frå Finnmark fylkesbibliotek til IMDi.

Kap. 3820 Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Diverse inntekter

1 525

15

Refusjon av arbeidstiltak

15

16

Refusjon av foreldrepengar

3 084

18

Refusjon av sykepengar

4 781

Sum kap. 3820

9 405

Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overførast

34 766

38 483

39 530

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

13 131

41 252

47 498

50

Noregs forskingsråd

6 390

6 614

6 798

60

Integreringstilskot, kan overførast

4 987 160

5 895 503

6 793 969

61

Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, overslagsløyving

333 100

448 165

433 934

62

Kommunale innvandrartiltak

169 978

209 796

232 146

70

Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging

1 860

1 925

1 989

71

Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

51 137

51 582

48 119

72

Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.

2 523

2 611

3 671

73

Tilskot

2 190

4 742

4 248

Sum kap. 0821

5 602 235

6 700 673

7 611 902

Post 21 Spesielle driftsutgifter – kunnskapsutvikling, integrering og mangfald, kan overførast

Målet med løyvinga er å få god og relevant kunnskap om integrering og mangfald i samfunnet, bidra til formidling av slik kunnskap og utvikle gode metodar og god praksis til bruk for kommunar og statleg forvalting.

Rapport 2013/2014

I 2013 og 2014 har mykje av midlane vore nytta til utvikling og vedlikehald av statistikk og nye analysar om migrasjon, integrasjon og levekår. Det er gitt midlar til deltaking i forskingsprogrammet Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor og til Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sitt kompetanseutviklingsarbeid på området kjønnslemlesting. Det er òg gitt midlar til kurset Å være religiøs leiar i det norske samfunnet. Det er lagt vekt på å skaffe fram systematisk kunnskap om einslege mindreårige flyktningar, familieinnvandring og språktilbod til 3–5-åringar med minoritetsspråkleg bakgrunn. Andre sentrale tema for prosjekt har vore måloppnåing innanfor introduksjonsprogrammet for nye flyktningar, norskopplæring og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, alfabetisering for vaksne innvandrarar, forsking på nye prøver i norsk og samfunnskunnskap, innvandrarelevar i vidaregåande skole, elevar som innvandrar seint i skoleløpet, kunnskap om innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, bustadløysingar for flyktningar, førebygging av tvangsekteskap og ekstrem kontroll, valdeltaking, likskap og forskjellar mellom Oslo-ungdom med og utan innvandrarbakgrunn, om lengre utanlandsopphald blant barn og unge med innvandrarbakgrunn og innvandrarar i distriktskommunar.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 39,5 mill. kroner. Løyvinga vil bli nytta til faste prosjekt, evalueringar, statistikkprosjekt og kartleggingar og til ei ny, stor undersøking om levekår blant innvandrarar. Løyvinga blir òg nytta til prosjekt innanfor samarbeidsavtalen med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår, utviklingsarbeid, utvikling av dataverktøy og formidling av kunnskap. Evalueringar, statistikkprosjekt og prosjekt knytte til handlingsplanar og satsingar skal prioriterast. Det blir òg gitt midlar til å styrkje arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og andre alvorlege inngrep i unges fridom, og til kurset Å være religiøs leiar i det norske samfunnet. I kunnskapsarbeidet skal kjønnsperspektivet stå sentralt.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til å utvikle gode verktøy som skal gjere arbeidet med busetjing og tilskotsforvalting enklare. Vidare skal det lagast eit nytt og meir brukarvennleg personregister og registreringsverktøy for norskopplæringa og introduksjonsordninga. Dei nye løysingane vil også gi betre statistikk på desse områda. Dei nye løysingane vil leggje til rette for gevinstar både i og utanfor verksemda.

Departementet føreslår å flytte 7,5 mill. kroner frå kap. 822, post 60 til utvikling av eit nytt IKT-system for busetjing og integrering. Departementet føreslår ei løyving på 47,5 mill. kroner i 2015.

Post 50 Noregs forskingsråd

Midlane på posten skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) under Noregs forskingsråd.

Departementet føreslår ei løyving på 6,8 mill. kroner i 2015.

Post 60 Integreringstilskot, kan overførast

Formål

Formålet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetjing. Målet er at einslege mindreårige flyktningar og barnefamiliar skal busetjast i ein kommune innan tre månader etter at dei har fått opphaldsløyve, og at andre vaksne skal vere busette innan seks månader. Tilskotet skal gi ei rimeleg dekking av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningane i busetjingsåret og dei fire neste åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane driv eit planfast og aktivt busetjings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får arbeid og kan forsørgje seg sjølve og ta del i samfunnet. Tilskotet skal også medverke til rask busetjing av eldre og flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar.

Tildelingskriterium

Integreringstilskot

Kommunane får utbetalt integreringstilskot ved busetjing av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag og familiesameining med flyktningar i fem år. For familiesameining med personar som har opphald på humanitært grunnlag, får kommunane utbetalt integreringstilskot for dei tre første åra.

Integreringstilskotet kan, i enkelte tilfelle og når særlege grunnar taler for det, bli utbetalt for personar som blir busette frå mottak sjølv om dei ikkje har opphald på grunnlag av søknad om asyl, er overføringsflyktningar eller har kollektivt vern. Ein føresetnad er at dei blir busette etter avtale med kommunen.

Alle kommunane får tilskot etter same satsstruktur og nivå. Kommunane får eit høgare tilskot for einslege vaksne enn for andre vaksne. Kommunane får òg eit høgare tilskot for einslege mindreårige enn for andre barn. Satsane er viste i tabellen under. Tilskotet blir utbetalt uavhengig av kva behov den enkelte flyktningen måtte ha for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen.

Tabell 4.5 Satsar for integreringstilskotet

Busetjingsår

Satsar 2011

Satsar 2012

Satsar 2013

Satsar 2014

Satsar 2015

År 1 (einslege vaksne)

200 000

210 000

215 000

225 000

232 000

År 1 (andre vaksne)

150 000

156 500

165 000

177 000

182 000

År 1 (einslege mindreårige)

150 000

156 500

165 000

177 000

182 000

År 1 (barn)

130 000

135 000

145 000

177 000

182 000

År 2

150 000

156 500

166 800

200 000

210 000

År 3

131 500

135 000

135 000

142 600

152 000

År 4

80 000

80 000

80 000

80 000

82 200

År 5

70 000

70 000

70 000

70 000

70 000

Sum (einslege vaksne)

631 500

651 500

666 800

717 600

746 200

Sum (andre vaksne)

581 500

598 000

616 800

669 600

696 200

Sum (einslege mindreårige)

581 500

598 000

616 800

669 600

696 200

Sum (barn)

561 500

576 500

596 800

669 600

696 200

Tilskot ved busetjing av personar over 60 år og personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar

Ved busetjing av personar som har fylt 60 år, får kommunen eit ekstra eingongstilskot. Satsen for 2015 er føreslått til 157 500 kroner.

Ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar kan kommunane få ekstra tilskot på grunnlag av dokumenterte behov. Ordninga har to delar, og personar som kommunane søkjer tilskot for, kan utløyse anten tilskot 1 eller tilskot 2. Departementet føreslår å setje satsen for tilskot 1 til 175 900 kroner (eingongstilskot) for 2015. Departementet føreslår å auke satsen for tilskot 2 inntil innslagspunktet for toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester, jf. kap. 575, post 60. Tilskot 2 kan utbetalast for inntil fem år, det vil seie for same periode som for integreringstilskotet.

Tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar

Kommunane får eit særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, jf. kap. 821, post 61.

Barnehagetilskot

Ved busetjing av barn i barnehagealder (0–5 år) får kommunane eit eingongstilskot til særskild tilrettelegging for barn av nykomne flyktningar, til dømes med tospråklege assistentar. Satsen for 2015 blir føreslått til 24 400 kroner.

Overføringsflyktningar

Regjeringa føreslår å vidareføre kvota for overføringsflyktningar på 1 620 frå 2014. Det blir utbetalt integreringstilskot ved busetjing av overføringsflyktningar. I tillegg blir det løyvt midlar til tiltak for gjenbusetjing av flyktningar på kap. 820, post 01 og kap. 490, post 73 Gjenbusetjing av flyktningar – støttetiltak. Sjå eigen omtale under postane. Midlane på kap. 490, post 73 kan nyttast under kap. 821, post 60.

Oppfølging og kontroll

Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap for integreringstilskotet. Berekningsutvalet kartlegg kommunane sine utgifter til busetjing og integrering. Sosialkontor/sosialtenester, introduksjonsprogram/introduksjonsstønad, barne- og ungdomsvernstenester, innvandrar- og flyktningkontortenester, tolketenester, omsorg for personar med rusproblem, støttekontakt, bustad- og bustadadministrasjonstenester, sysselsetjingstiltak, yrkeskvalifisering og arbeidstrening, integreringstiltak i grunnskolen, kultur- og ungdomstiltak, barnehagar, utgifter til den kommunale helsetenesta og felleskostnader blir rekna som integreringstiltak.

Integreringstilskotet er mellom anna med på å finansiere introduksjonsprogramma til kommunane. Deltaking i introduksjonsordninga og i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap i kommunen skal registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR), sjå rapportering under delmål 2.2.

Rapport for 2013/2014

I 2013 blei det betalt ut integreringstilskot for 4 646,5 mill. kroner. Det blei betalt ut eldretilskot på 14,9 mill. kroner, tilskot ved busetjing av flyktningar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og åtferdsvanskar på 224,5 mill. kroner, barnehagetilskot på 24,2 mill. kroner og skoletilskot på 76,9 mill. kroner.

Budsjettforslag 2015

Regjeringa føreslår å auke integreringstilskotet med 50 mill. kroner. Satsinga skal medverke til raskare busetjing av flyktningar og betre resultat i introduksjonsordninga. Det blir føreslått ei løyving på 6 794,0 mill. kroner, der 94,2 mill. kroner er knytt til vidareføring av tilleggskvota frå 2014 på 500 overføringsflyktningar frå Syria. Det blir vidare føreslått at 500 plassar i den ordinære kvota nyttas til syrere.

Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving

Særskilt tilskot blir utbetalt til kommunane når einslege mindreårige flyktningar blir busette.

Tildelingskriterium

Alle kommunar får utbetalt tilskotet ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar. Tilskotet blir differensiert frå den månaden vedkomande blir busett. Tilskotet blir utbetalt til og med det året den einslege mindreårige fyller 20 år. IMDi betaler ut tilskotet til kommunane basert på talet på barn som blir busette i dei respektive kommunane.

Rapport for 2013/2014

I 2013 blei det betalt ut særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar for 333,1 mill. kroner.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 434 mill. kroner, der 0,6 mill. kroner er knytt til vidareføring av tilleggskvoten på 500 overføringsflyktningar frå 2014. Satsen for 2015 blir føreslått til 191 300 kroner.

Post 62 Kommunale innvandrartiltak

Formålet med løyvinga er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane. Midlane skal mellom anna brukast til desse tiltaka:

  • forsøk med gratis korttidsopphald (kjernetid) i barnehagar i område med ein høg prosentdel barn med innvandrarbakgrunn, jf. omtale under programkategori 11.10, delmål 4.3

  • forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga som del av områdesatsing i Oslo Sør, jf. omtale under programkategori 11.10, delmål 4.3

  • områdesatsing i indre Oslo øst i samarbeid med Oslo kommune, jf. omtale under programkategori 11.10, delmål 4.3

  • Jobbsjansen, jf. omtale under delmål 2.31

  • utviklingsmidlar til kommunane2

  • nasjonalt bu- og støttetilbod for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap

  • tilskotsordning til regionale etablerarsenter for innvandrarar, jf. handlingsplanen Vi trenger innvandrernes kompetanse

Rapport for 2013/2014

Forsøk med gratis kjernetid i barnehage

Midlane til forsøket skal dekkje 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke til alle barna i målgruppa for forsøket. Midlane skal òg brukast til arbeid med å rekruttere barn som ikkje har søkt barnehageplass, til arbeid med systematisk språkstimulering i barnehagane, til å heve kompetansen til barnehagepersonalet og til tiltak retta mot foreldre, spesielt mødrer.

Forsøket med gratis kjernetid i barnehage i område med ein høg prosentdel barn med innvandrarbakgrunn starta i bydelen Stovner i Oslo i 2006 og er gradvis utvida. Dei områda som var med i forsøket med gratis kjernetid i barnehage i 2013 og 2014, er dei fire bydelane i Groruddalen og bydelane Gamle Oslo og Søndre Nordstrand i Oslo, Fjell og delar av Strømsø i Drammen og skolekrinsane Slettebakken, Fridalen og Ny-Krohnborg i Årstad i Bergen. Målgruppa for forsøket var fram til hausten 2014 i hovudsak 4- og 5-åringar. I august 2014 blei det sett i gang prøveprosjekt med å målrette forsøket mot familiar med låg inntekt i bydel Gamle Oslo, Bergen og Drammen. Fleire aldersgrupper blei da innlemma i forsøket. Samtidig blei det innført krav om at foreldra til barna i forsøket skal delta i aktivitetar. Forsøket i bydelane i Groruddalen og i bydel Søndre Nordstrand blir førte vidare utan endringar i den perioden områdesatsinga varer.

Løyvinga til forsøket var på 69,9 mill. kroner i 2013 og 79,9 mill. kroner i 2014. Av dette fekk Oslo kommune 58,1 mill. kroner, Drammen kommune 7,2 mill. kroner og Bergen kommune 4,6 mill. kroner i 2013. I 2014 fekk Oslo kommune 60,2 mill. kroner, Drammen kommune 9,6 mill. kroner og Bergen kommune 7,6 mill. kroner.

Forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga

Det er starta arbeid med eit forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga (aktivitetsskolen) for alle elevar frå 1. til 4. trinn på Mortensrud skole i bydel Søndre Nordstrand i Oslo. Forsøket blir finansiert av BLD og Kunnskapsdepartementet og forvalta av Utdanningsdirektoratet i samarbeid med IMDi. Forsøket hadde oppstart skoleåret 2013/2014. Løyvinga på BLD sitt budsjett var i 2013 på 1,7 mill. kroner, og på 2,2 mill. kroner i 2014. Forsøket skal evaluerast.

Områdesatsing i indre Oslo aust i samarbeid med Oslo kommune

Regjeringa bidrog i 2014 med om lag 25 mill. kroner i eit spleiselag med Oslo kommune til områdesatsing i indre Oslo aust. Løyvinga er fordelt over budsjetta til fleire departement. Kommunal- og moderniseringsdepartementet koordinerer arbeidet på statleg side.

På BLD sitt budsjett blei det gitt 1,85 mill. kroner til integreringstiltak på kap. 821, post 62. Midlane gjekk til tiltak som skal bidra til at bebuarar med innvandrarbakgrunn i området får sjansen til betre å nytte ressursane sine og bidra til fellesskapet.

Ny sjanse / Jobbsjansen

Over statsbudsjettet for 2013 blei det tildelt 57 mill. kroner til Ny sjanse og Jobbsjansen. IMDi fekk 64 søknader til Jobbsjansen. 53 prosjekt fekk tildelt midlar. Dei 53 prosjekta er fordelte på 43 kommunar/bydelar. 22 av prosjekta i Jobbsjansen er førte vidare frå Ny sjanse. Ni av dei tidligare Ny sjanse-prosjekta søkte og fekk utvida prosjektet, medan dei andre 13 fekk sine Ny sjanse-prosjekt gjorde om til Jobbsjansen-prosjekt. 31 av prosjekta er nye prosjekt. Det er tildelt prosjektmidlar til kommunane på til saman 54,8 mill. kroner. Dei resterande 2,2 mill. kronene er brukte på metode- og kunnskapsutvikling.

Over statsbudsjettet for 2014 blei det tildelt 87 mill. kroner til Jobbsjansen. IMDi fekk inn 57 søknader, og 54 prosjekt blei tildelt midlar. 47 prosjekt er ført vidare frå 2013, 11 av dei er utvida frå i fjor. Det blei tildelt midlar til 7 nye prosjekt. Det er til saman 1368 deltakarar i prosjekta. Det er blitt tildelt prosjektmidlar til kommunane på til saman 84 mill. kroner. Dei resterande 3 mill. kronene skal brukast på metode- og kunnskapsutvikling.

Utviklingsmidlar til kommunane

Ordninga starta opp i 2013, og det blei i 2013 utbetalt 32 mill. kroner til 66 prosjekt i 59 kommunar. Mange av prosjekta knytte seg til å forbetre samordning mellom sektorar, særlig når det gjeld verkemiddelapparatet til Nav. Mange la òg vekt på arbeidsretting av kvalifiseringa, og ein del av prosjekta la vekt på opplæring/kvalifisering av personar med liten eller ingen skolebakgrunn. IMDi har sett i gang ei følgjeevaluering av arbeidet med kommunale utviklingsmidlar. I 2014 blei det utbetalt 32 mill. kroner til 65 prosjekter i 47 kommunar. IMDi fekk inn totalt 87 søknader. Fire prosjekter gjeld tiltak 3 i Handlingsplan 2013–2016: Vi trenger innvandrernes kompetanse. Kvinner og personar med liten eller ingen skolebakgrunn er hovudmålgruppa i mange av dei andre prosjekta. Arbeidsretting av både norskopplæring og introduksjonsprogrammet står sentralt i dei fleste prosjekta. Lokalt næringsliv er ein premissleverandør i opplæringa og ein viktig aktør i kvalifiseringa.

Det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap

Bufdir har i samarbeid med enkelte kommunar etablert eit nasjonalt bu- og støttetilbod til unge over 18 år som står i fare for å bli eller har vore utsette for tvangsekteskap. I 2013 omfatta tilbodet 21 plassar, og løyvinga er på 10,85 mill. kroner. Bu- og støtteordninga blei styrkt med 1,4 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett i 2014. Regjeringa føreslår ei styrking av tilbodet i 2015.

Tilskotsordning til regionale etablerarsenter for innvandrarar

Frå 2014 er det innført ei ny tilskotsordning til regionale etablerarsenter for innvandrarar. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om støtte til å styrkje og utvikle det ordinære tilbodet om etableraropplæring for å leggje betre til rette for etablerarverksemd blant innvandrarar.

Eit rundskriv fastset mål og kriterium for tilskotsordninga, som blir forvalta av IMDi. 6 mill. kroner er tildelte i 2014. Av 15 søknader blei 5 innvilga og 10 fekk avslag. Dei som fekk innvilga midlar, var: Buskerud fylkeskommune (2,25 mill. kroner), Telemark fylkeskommune (900 000 kroner), Rogaland fylkeskommune (800 000 kroner), Nordland fylkeskommune (300 000 kroner) og Oslo kommune (1,75 mill. kroner).

Norsk senter for flerkulturell verdiskaping i Buskerud fylkeskommune søkte om 3,49 mill. kroner og blei tildelt 2,25 mill. kroner.

Budsjettforslag 2015

Regjeringa føreslår å styrkje gratis kjernetid i barnehagar med 20 mill. kroner frå saldert budsjett 2014. Dette er ei vidareføring av satsinga som blei vedteke i samband med revidert budsjett 2014. Vidare føreslår regjeringa å flytte 2,35 mill. kroner for å styrkje nasjonalt bu- og støttetilbod for personar som er utsette for tvangsekteskap.

Det blir føreslått ei løyving på 232,1 mill. kroner som fordeles slik:

  • 89,9 mill. kroner til forsøk med gratis kjernetid i barnehagar i Oslo, Bergen og Drammen kommune

  • 2,2 mill. kroner til forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga

  • 1,85 mill. kroner til områdesatsing i indre Oslo øst i samarbeid med Oslo kommune

  • 87 mill. kroner til Jobbsjansen. Ein del av løyvinga skal nyttast til metodedokumentasjon

  • 32 mill. kroner til utviklingsmidlar til kommunane

  • 13,2 mill. kroner til nasjonalt bu- og støttetilbod for personar over 18 år som er utsette for tvangsekteskap

  • 6 mill. kroner til ei tilskotsordning for regionale etablerarsenter for innvandrarar

Post 70 Busetjingsordninga og integreringstilskot, oppfølging

Midlane på posten skal nyttast til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 2 mill. kroner. Midlane skal nyttast til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet.

Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

Løyvinga på post 71 er delt i 1) tilskot til frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling, 2) tilskot til drift av nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, 3) tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting og 4) informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar. I tillegg blir det over denne posten gitt midlar til innsats for særleg utsette innvandrargrupper.

1. Frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling

Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) drift av lokale innvandrarorganisasjonar og b) frivillig verksemd. Delar av løyvinga er øyremerkte til organisasjonar og aktivitetar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo, som ein del av områdesatsingane. Hovuddelen av midlane blir, på bakgrunn av rundskriv frå IMDi, fordelt på 20 kommunar med mange innbyggjarar med innvandrarbakgrunn. Midlane blir fordelte mellom kommunane ut frå talet på utanlandskfødde personar og barna deira som er fast busette i kommunen, og som er fødde utanfor Norden, Sveits, USA, Canada, Australia og New Zealand. Tal frå Statistisk sentralbyrå per 1. januar det føregåande året ligg til grunn for berekninga av tilskotet.

Mål

Målet med driftstilskot til lokale innvandrarorganisasjonar er å medverke til og styrkje deltakinga i organisasjonslivet og i sosiale nettverk for denne delen av befolkninga.

Målet med tilskotet til frivillig verksemd er å skape møteplassar og aktivitetar i lokalsamfunn på tvers av ulike grupper i befolkninga. Tiltaka skal vere knytte til integrering av personar med innvandrarbakgrunn.

Begge tilskota skal medverke til å skape auka tillit til, og tilhøyrsle i, det norske samfunnet.

Rapport for 2013/2014

I 2013 var det 18,13 mill. kroner på denne tilskotsposten. Av desse midla blei 2,25 mill. kroner sette av til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og Søndre Nordstrand. 15,88 mill. kroner blei sette av til fylkeskommunane. Av desse var 14,16 mill. kroner tilskot, og 1,47 mill. kroner blei brukt til administrasjon.

Det blei tildelt 2,83 mill. kroner (2,03 mill. kroner)3 til drift av lokale innvandrarorganisasjonar, fordelte på 225 (211) organisasjonar. Det blei tildelt 10,77 mill. kroner (10,45 mill. kroner) i prosjektstøtte til 676 (693) aktivitetar og tiltak. Av mottakarane er 247 (282) innvandrarorganisasjonar og 411 (393) andre aktørar. Om lag 89 prosent av tiltaka er gjennomførte i samarbeid mellom to eller fleire ulike aktørar.

2. Nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet

Målet med tilskotet til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet er å medverke til auka deltaking i, og auka tillit til, samfunnet blant innvandrarar og barna deira. Tilskotet skal medverke til å gi alle dei same moglegheitene, rettane og pliktene når det gjeld å delta i samfunnet og å ta i bruk eigne ressursar.

Dei nasjonale ressursmiljøa vil ha ei viktig rolle i å følgje innvandrings- og integreringsfeltet. Dei skal mellom anna vere ei kjelde til alternativ kunnskap, formidling av erfaringar og synspunkt frå innvandrarar og barna deira. Miljøa skal samle og formidle eksisterande kunnskap og kompetanse på integreringsfeltet basert på erfaring, ei brei kontaktflate og solid forankring i ulike innvandrarmiljø. Miljøa skal dekkje ulike behov i arbeidet med integrering.

Departementet føreslår at det i 2015 blir gitt øyremerkte tilskot til nasjonale ressursmiljø, slik det går fram av tabellen nedanfor. Departementet føreslår samtidig at Caritas Norge blir eit nytt nasjonalt ressursmiljø på integreringsfeltet frå 2015. Caritas når særleg ut til arbeidsinnvandrarar og deira familier.

Departementet vurderer at desse organisasjonane, stiftingane og sentra vil gi den nødvendige balansen mellom breidde, fornying og kontinuitet, jf. formålet med ordninga.

Tabell 4.6 Tilskot til nasjonale ressursmiljø

Organisasjon

Tilskot 2014

Tilskot 2015

Antirasistisk senter (ARS)

2 175 000

2 175 000

Human Rights Service (HRS)

900 000

1 000 000

Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

800 000

800 000

Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)

1 265 000

1 265 000

Minotenk – minoritetspolitisk tenketank

750 000

750 000

MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

1 450 000

1 550 000

Multikulturelt Initiativ- og Ressursnettverk (MiR)

200 000

500 000

Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS)

1 970 000

1 970 000

Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)

1 440 000

1 440 000

Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)

1 850 000

1 850 000

LIM – Likestilling, Integrering, Mangfold

700 000

700 000

Utrop

500 000

500 000

Caritas Norge

-

1 000 000

Totalt

14,0 mill. kr

15,5 mill. kr

3. Frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom

Mål

Målet med ordninga er å stimulere frivillige organisasjonar til å førebyggje tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom gjennom å arbeide for endring i haldningar og praksis i aktuelle miljø. Gjennom dette vil ein auke sjansane for at dei unge kan ta sjølvstendige val når det gjeld ektefelle, og hindre kjønnslemlesting av barn som har opphald i Noreg.

Det blir gitt støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid, inkludert informasjonstiltak, nettverksbygging og andre former for dialog og kontakt retta mot unge med innvandrarbakgrunn og foreldra deira.

Rapport for 2013/2014

Frivillige organisasjonar kan søkje om støtte til haldningsskapande og førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og mot kjønnslemlesting. Ordninga blir forvalta av IMDi.

I 2013 blei det gitt støtte til 35 prosjekt. 13 prosjekt er om tvangsekteskap, 7 om kjønnslemlesting og 15 om både tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Dei 23 prosjekta som er førte vidare frå 2012, er omtalte i Erfaringsrapport – Tilskudd til frivillige organisasjoners holdningsskapende/forebyggende arbeid mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og alvorlige begrensninger av unges frihet. Per juni 2014 har 26 prosjekt fått støtte på til saman 8,68 mill. kroner.

4. Informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar

Ordninga er todelt og gjeld støtte til a) informasjon om det norske samfunnet retta mot arbeidsinnvandrarar og personar som ikkje er omfatta av introduksjonsordninga, og b) aktivitetar knytte til intensjonsavtaler mellom IMDi og frivillige organisasjonar. Ordninga blir forvalta av IMDi.

Mål

Innvandrarar skal få informasjon som er tilpassa behova deira. Særleg nykomne treng kunnskap om, og innføring i, det norske samfunnet. Mange treng i tillegg rettleiing for å styrkje deltakinga i lokalsamfunnet. Ordninga skal bidra til å styrke frivillige organisasjonar sitt arbeid med integrering av flyktningar og innvandrarar i lokalsamfunn.

Rapport for 2013/2014

For 2014 var det sett av 7,05 mill. kroner. Organisasjonar har fått støtte på til saman 3,94 mill. kroner, fordelte på 10 søkjarar. Til samanlikning fekk til saman 13 søkjarar støtte i 2013. Støtta har mellom anna gått til informasjonssenteret til Caritas Norge for arbeidsinnvandrarar og Jushjelpa i Midt-Norge, som jobbar med å styrkje rettane til arbeidsinnvandrarar og å forhindre sosial dumping. I tillegg har dei sju frivillige organisasjonane som IMDi har intensjonsavtalar med, i 2014 motteke støtte på til saman 2,8 mill. kroner. Desse organisasjonane er Raudekrossen Noreg, Norsk Folkehjelp, Norges Fotballforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening, Redd Barna, Frivillighet Norge og Den Norske Turistforening. I 2013 blei det òg tildelt 400 000 kroner til gjennomføringa av Mangfaldsveka. Midlane til Mangfaldsveka er ikkje førte vidare i 2014.

5. Innsats for særleg utsette innvandrargrupper

Formålet er å skape arenaer for direkte kontakt med utsette innvandrargrupper. Det blir gitt støtte til ulike tiltak som bidreg til myndiggjering og integrering av utsette innvandrargrupper. Tiltaka er bygde på samarbeid med ressurspersonar og brubyggjarar i ulike minoritetsmiljø.

Rapport for 2013/2014

For 2014 blei det sett av 2 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper. Av midlane fekk Kirkens Bymisjon / Primærmedisinisk Verksted (PMV) 1,1 mill. kroner, MIRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner 650 000 kroner til prosjektet Mødre som veiledere og NORSOMbro / Leadership Foundation 250 000 kroner.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 48,1 mill. kroner. Midlane vil bli nytta til desse formåla:

  • 15,5 mill. kroner til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet

  • 13,13 mill. kroner til lokale innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd i lokalsamfunn, av dette 2,3 mill. kroner til organisasjonar og aktivitet i Groruddalen og Søndre Nordstrand

  • 10 mill. kroner til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting

  • 7,45 mill. kroner til informasjon og rettleiingstiltak retta mot innvandrar

  • 2 mill. kroner til innsats for særleg utsette innvandrargrupper4

Post 72 Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.

Løyvinga skal finansiere den faglege og administrative gjennomføringa av autorisasjonsprøva for tolkar. Løyvinga skal òg nyttast til å leggje til rette for at fleire kan ta Tospråkleg sjekk for potensielle tolkar (ToSPot) og test i tolkens ansvarsområde (TAO) og slik kunne kvalifisere seg til opptak i Nasjonalt tolkeregister.

Frå og med 2015 blir oppgåva med å følgje opp den plikta Noreg har etter Nordisk språkkonvensjon, flytta frå Finnmark fylkesbibliotek til IMDi.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 3,7 mill. kroner. Styrkinga frå 2014 vil mellom anna gjere at fleire kan ta tospråklig sjekk for potensielle tolkar (ToSPot) og test i tolkens ansvarsområde (TAO) og slik kunne kvalifisere seg til opptak i Nasjonalt tolkeregister.

Post 73 Tilskot

Løyvinga blir nytta til tilskot til deltaking i nasjonale og internasjonale kunnskapsforum og til ei tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn.

Rapport for 2013/2014

Løyvinga er nytta til Kunnskapssenter for velferdsetatane, administrativt underlagt Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, deltaking i Transatlantic Council on Migration, Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet og ei tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 4,2 mill. kroner. Midlane skal nyttast til tilskot til deltaking i Transatlantic Council on Migration, Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet og Leadership Foundation. Løyvinga skal òg nyttast til ei tilskotsordning for mentor- og traineeordningar for personar med innvandrarbakgrunn.

Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

86 165

156 816

157 590

02

Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter

30 901

30 700

33 321

Sum kap. 3821

117 066

187 516

190 911

Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar i kommunane kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD / DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 157,6 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, der 46,8 mill. kroner er knytt til vidareføring av tilleggskvota frå 2014 på 500 overføringsflyktningar frå Syria. Tilsvarande beløp blir førte som inntekt på kap. 3821, post 01.

Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD / DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 33,3 mill. kroner av utgiftene på kap. 821, post 61 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, der 1,1 mill. kroner er knytt til vidareføring av tilleggskvota på 500 overføringsflyktningar frå 2014. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på kap. 3821, post 02.

Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast

30 268

29 075

28 086

22

Prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

12 612

11 588

11 910

60

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 724 721

1 659 768

1 566 481

Sum kap. 0822

1 767 601

1 700 431

1 606 477

Post 21 Spesielle driftsutgifter – opplæring i norsk og samfunnskunnskap, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til å utvikle kompetanse, metodar, lærebøker og andre læringsressursar for den obligatoriske opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Løyvinga skal òg nyttast til å dekkje lønn og driftsutgifter i Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, som tek hand om dette arbeidet.

Rapport for 2013/2014

I 2013 fekk Vox tildelt 28,1 mill. kroner til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. I 2013 og 2014 blei det gjennomført leiarsamlingar, etterutdanningskurs for lærarar i norsk og nasjonale kurs for tospråklege lærarar som underviser i samfunnskunnskap. Vox har òg ansvaret for ei godkjenningsordning for private tilbydarar av opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. I 2013 blei det gitt støtte til utvikling av ein digital nettressurs utvikla av NTNU, LearnNow, som er gratis tilgjengeleg for alle. Læremidlet har blitt utvikla vidare i 2014. Det er sett av 1 mill. kroner under Arbeids- og sosialdepartementets kap. 601, post 21 til formålet. Sjå omtale i Prop. 1 S for Arbeids- og sosialdepartementet. Ei rekkje andre læremiddel som tidlegare har fått støtte, er gjort ferdige i 2013. Vox har arbeidd med å utvikle digitale prøver i norsk og samfunnskunnskap i 2013 og 2014.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 28,1 mill. kroner. Løyvinga skal mellom anna nyttast til å føre vidare arbeidet med etter- og vidareutdanning og til å utvikle norskprøver opp til eit høgare språknivå.

Post 22 Prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Det har fram til 2014 vore to avsluttande prøver i norsk, Norskprøve 2 og Norskprøve 3. Frå 1. september 2013 blei det obligatorisk for alle som blir omfatta av rett og plikt til opplæring frå same dato, å avslutte opplæringa med prøver i norsk og samfunnskunnskap. Det har i den samanhengen blitt utvikla nye prøver i norsk og samfunnskunnskap. Formålet med denne løyvinga er gode prøver og ei effektiv gjennomføring av prøvene.

Rapport for 2013/2014

Norskprøve 2 og 3 består av éin munnleg og éin skriftleg del. I 2013 blei det gjennomført over 36 600 munnlege og skriftlege prøver. Det er Folkeuniversitetet / Norsk språktest som i 2013 har vore ansvarlege for å gjennomføre prøvene på grunnlag av ein avtale med Vox.

Ansvaret for den praktiske gjennomføringa av prøvene blei frå 2014 lagt til kommunane. Norskprøve 2 og 3 blei same år erstatta av ei ny norskprøve, Norskprøva, der dei enkelte språkferdigheitene, som lytte, snakke, samtale og skriftleg framstilling, blir sensurerte kvar for seg. Det inneber at ein kandidat kan få ulikt resultat på dei enkelte delprøvene, og omgrepa «greidd» / «ikkje greidd» er ikkje lenger i bruk. Alle får eit prøvebevis.

Om lag 7 900 kandidatar gjennomførte den munnlege prøva, og 9 700 den skriftlege prøva.

870 personar gjennomførte prøva i samfunnskunnskap første halvdel av 2014.

Budsjettforslag 2015

Regjeringa føreslår ei løyving på 11,9 mill. kroner, som omfattar utgifter til å utvikle og halde ved like prøvene, oppmelding, informasjon om og gjennomføring av prøvene, og sensur og tilbakemelding til opplæringsstadene om resultata.

Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Målet med tilskotsordninga er at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk til at dei kan fungere i yrkes- og samfunnslivet. Tilskotet blir òg nytta til norskopplæring for asylsøkjarar. Med innføringa av dei obligatoriske prøvene i norsk og samfunnskunnskap har kommunane fått ansvar for den praktiske gjennomføringa av prøver.

Opplæringa skal skje i samsvar med introduksjonslova med forskrifter og retningslinjer for norskopplæring for asylsøkjarar. Tilskotet skal stimulere kommunane til å fremme effektivitet, gjennomstrøyming og resultat i opplæringa, mellom anna gjennom interkommunalt samarbeid. Kommunane kan behalde eit eventuelt overskot av tilskotet dersom dei effektiviserer opplæringa gjennom formålstenleg organisering og god kvalitet innanfor ramma av lov, forskrifter og retningslinjer.

Tildelingskriterium

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova er todelt: ein har persontilskot og grunntilskot. I tillegg kjem tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar i mottak.

Persontilskot

Kommunen vil få tilskot for kvar person i målgruppa med rett og plikt eller rett til opplæring som har fått opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve. Tilskotet har to satsar, éin for personar frå Afrika, Asia, Oseania (bortsett frå Australia og New Zealand), Aust-Europa, Sør-Amerika og Mellom-Amerika og ein lågare sats for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Grunngivinga for å ha to satsar er at dei som har eit morsmål som ligg nærmare norsk, og som meistrar det latinske alfabetet, lærer norsk raskare enn andre. Utbetalinga skjer over tre år.

Tabell 4.7 Satsar for persontilskotet

2013 Utbetaling over 5 år

2013 Utbetaling over 3 år

2014 Utbetaling over 3 år

2015 Utbetaling over 3 år

Tilskotsår

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

Låg sats

Høg sats

År 1

9000

24 400

12 100

31 400

12 200

31 900

12 800

31 900

År 2

13 200

34 200

20 600

53 800

21 200

54 700

22 000

57 800

År 3

11 000

30 000

12 300

33 900

12 400

34 100

12 900

35 900

År 4

3 500

9 400

År 5

3 500

9 400

Sum

40 300

107 400

45 000

119 100

45 800

120 700

47 700

125 600

Grunntilskot

For å betre dei økonomiske rammevilkåra for dei små og mellomstore kommunane er det eit grunntilskot for kommunar med 150 personar eller færre i personkrinsen for rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova. Tilskotet blir utbetalt i to satsar: høg sats til dei kommunane som har 4–150 personar i personkrinsen, og låg sats til dei som har 1–3 personar i personkrinsen. I 2013 blei resultattilskotet avvikla, og høg sats for grunntilskotet blei styrkt. Høg sats er om lag 560 000 kroner og låg sats om lag 180 000 kroner. Talet på personar i personkrinsen registrerte i NIR per 15. januar 2015 vil liggje til grunn for den endelege fastsetjinga av satsane og utbetalinga til kommunane i 2015. Tilskotet gjer det også lettare for kommunar som ikkje har busett flyktningar tidlegare, å etablere opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Norskopplæring for asylsøkjarar i mottak

Norskopplæringa omfattar asylsøkjarar i ordinære mottak som er over 16 år, og som ikkje har fått endeleg vedtak. Ordninga gjeld ikkje personar over 18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren. Asylsøkjarar som er lenge i transittmottak fordi dei har store helseproblem, kan få norskopplæring. Asylsøkjarar kan få inntil 250 timar opplæring. Opplæringa skal avsluttast når den enkelte har fått 250 timar, eller når ho eller han har fått avslag utan utsetjande verknad. Asylsøkjarar som får positivt vedtak, har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.

Kommunane får tilskot per person som er omfatta av norskopplæring for asylsøkjarar. Heile tilskotet for den enkelte blir utbetalt det året asylsøkjaren kjem til eit ordinært mottak. Satsen for 2015 er 18 200 kroner.

Oppfølging og kontroll

IMDi tok over ansvaret for tilskotsforvaltinga frå Fylkesmannen i 2013. Kommunane skal ikkje leggje fram særskild rekneskap verken for tilskot til opplæring etter introduksjonslova eller for tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar. Gjennom den årlege kartlegginga frå Berekningsutvalet vil ein få oversikt over om det er eit rimeleg samsvar mellom kommunane sine utgifter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap og statstilskotet. Kommunane skal registrere gjennomført norskopplæring for den enkelte som er omfatta av rett og plikt til opplæring, i NIR. Kommunane skal også registrere norskopplæring for asylsøkjarar i NIR. Dersom kommunane gjennomfører opplæring etter introduksjonslova og norskopplæring for asylsøkjarar til ein lågare kostnad enn det tilskotet dei har motteke, beheld dei tilskotet uavkorta. Kommunane er ikkje forplikta gjennom lov til å gi asylsøkjarar norskopplæring, men når dei har motteke tilskot til norskopplæring for asylsøkjarar, må dei gi opplæring i samsvar med retningslinjene for dette tilskotet. Dersom norskopplæring for asylsøkjarar ikkje er gjennomført i tråd med retningslinjene, vil det etter ei konkret vurdering kunne bli aktuelt å krevje tilskotet tilbakebetalt. Det blei innført plikt til kommunal internkontroll og fylkesmannstilsyn med ordningane i introduksjonslova 1. september 2012. IMDi set tema for tilsynet, jf. omtale under delmål 2.2.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår å flytte 7,5 mill. kroner til kap. 821, post 45 til utvikling av nytt IKT-system for busetjing og integrering.

Departementet føreslår ei løyving på 1 566,5 mill. kroner til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i samsvar med introduksjonslova og til norskopplæring for asylsøkjarar, der 6,0 mill. kroner er knytt til vidareføring av tilleggskvota frå 2014 på 500 overføringsflyktningar frå Syria.

Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

137 474

158 719

121 037

Sum kap. 3822

137 474

158 719

121 037

Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med statistikkdirektivet til OECD / DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 121 mill. kroner av utgiftene på kap. 822, post 60 blir rapporterte inn som utviklingshjelp. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på kap. 3822, post 01.

Kap. 823 Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

7 718

6 749

Sum kap. 0823

7 718

6 749

Rapport

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) blei oppretta i 1984, som eit rådgivande og uavhengig organ for styresmaktene i saker som angår personar med innvandrarbakgrunn. Den siste utvalsperioden var frå 2010 til 2013. Utvalet blei avvikla i 2014. Sjå rapportering under delmål 2.4.

Programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa har som mål å styrkje familien si stilling i det norske samfunnet. Familien skaper ei trygg ramme omkring barns oppvekst.

Hovudprioriteringa på familieområdet i dette budsjettforslaget er ei styrking av familievernet. I budsjettforslaget for 2015 føreslår regjeringa å auke løyvinga til familievernet med 15 mill. kroner. Dette kjem i tillegg til satsingar i tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet 2014. Formålet er å styrkje det førebyggjande arbeidet til familievernet mellom anna ved:

  • å auke satsing på rettleiing til foreldre for å styrkje godt foreldreskap

  • å tilby fleire samlivskurs for å førebyggje konflikt og samlivsbrot

  • å auke samarbeidet med helsestasjonar og andre relevante tenester for å fange opp familiar på eit tidleg tidspunkt

  • å utvikle digitale tilbod til befolkninga for å auke tilgjenge og effektivitet i familieverntenesta.

Ein ønskjer òg å styrkje familievernet sitt tilbod til valdsutsette familiar og familiar med høgt konfliktnivå gjennom:

  • formidling av kunnskap til foreldre om skadeverknadane langvarige konfliktar kan ha for barns utvikling

  • styrking av det samla hjelpetilbodet til familiar med høgt konfliktnivå (mekling, foreldresamarbeid, samtalegrupper og samtalar med barn)

  • terapeutisk hjelp til familiar som lever med vald: tilbod til utøvaren, til barn og til andre som blir råka.

I revidert nasjonalbudsjett for 2014 blei det løyvt midlar for å styrkje familievernets kompetanse og kapasitet i arbeidet med å følgje opp biologiske foreldre etter omsorgsovertaking av barnevernet. Denne satsinga blir føreslått ført vidare i 2015.

Det er gitt ein nærmare omtale av satsinga på familievernet under strategiar og tiltak for delmål 3.2. Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna og delmål 3.3 Effektive verkemiddel i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar.

Familiane er ulike og har ulike behov, og regjeringa ønskjer at familiane i større grad skal kunne velje sjølve korleis dei vil innrette seg. Velfungerande familiar gir tryggleik og tilhøyrsle, og skaper rom for utvikling. Politikken må derfor fremme valfridom og fleksibilitet. Fellesdelen i foreldrepengeordninga er auka for at familiane sjølve i større grad skal kunne velje kven av foreldra som skal vere heime med barnet. Vidare ønskjer regjeringa at det skal bli enklare å få unntak frå kvotane dersom den eine av foreldra ikkje kan vere heime, og regjeringa har sendt på offentleg høyring forslag til ei utvida unntaksordning. Sjå nærmare omtale av foreldrepengeordninga under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon. Auka i kontantstøtta frå 1. august 2014 er føreslått ført vidare for å gi meir reell valfridom mellom barnehage og kontantstøtte for foreldre med eittåringar.

Vald og overgrep mot barn og vaksne er eit alvorleg samfunnsproblem. Regjeringa arbeider både for å førebyggje valden og for å gi gode tilbod til personar som er utsette for vald. Satsinga på familievernet inneber ei styrking av familievernet sitt tilbod til valdsutsette familiar og familiar med høgt konfliktnivå. Regjeringa vil òg opprette ei ny tilskotsordning til tiltak for valdsutsette barn. Tilskota skal i hovudsak gå til tiltak som hjelper valdsutsette barn med å meistre kvardagen. Sjå nærmare omtale under programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge, delmål 5.1 Like moglegheiter til deltaking for alle barn og unge.

Regjeringa vil i 2015 følgje opp tiltak i handlingsplanar og strategiar på valdsfeltet og utvikle og styrkje innsatsen mot vald ytterlegare. Regjeringa vil mellom anna følgje opp arbeidet med Barndommen kommer ikke i reprise – Strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017) og lansere ein ny tiltaksplan for å styrkje innsatsen på dette området.

Det er behov for meir kunnskap om omfang av vald og seksuelle overgrep blant barn og unge. Departementet vil i 2015 sette i gang eit forprosjekt for å utvikle eit etisk og forsvarleg utforming for ei omfangsundersøking på dette området.

Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om familiepolitikken. I arbeidet med meldinga har ein som utgangspunkt at det må vere ei tydeleg kopling mellom familie- og oppvekstpolitikken. Kva innverknad familien har på barns oppvekstvilkår, tiltak frå samfunnet si side for å støtte opp om familien og tiltak når familien sviktar, vil vere viktige tema i meldinga. Meldinga vil ha eit generasjonsperspektiv og vil sjå på familie- og samlivsformer i ulike livsfasar og samspelet mellom generasjonar.

Barn har rett til begge sine foreldre, og det er foreldra sitt ansvar å kome fram til løysingar som tek vare på barnets behov for tryggleik, omsorg og kjærleik, òg etter eit samlivsbrot. Familieverntenesta er eit godt utvikla og lett tilgjengeleg hjelpeapparat som bidreg til tidleg innsats og betre samarbeid mellom foreldra om barna etter eit samlivsbrot. Regjeringa vil likestille foreldra som omsorgspersonar med same retter, men òg passe på at barnets beste alltid veg tyngst. Departementet greier ut endringar i barnelova for å fremme likestilt foreldreskap og bidra til å redusere konfliktar ved samlivsbrot. Forslag til lovendringar vil bli sendt på alminnelig høyring.

Regjeringa har som mål i likestillingspolitikken at alle skal ha like moglegheiter og fridom til å treffe eigne val. Regjeringa vil fremme ei melding for Stortinget om likestilling. Viktige tema for denne meldinga vil vere oppvekst og utdanning, arbeidsliv, næringsliv og entreprenørskap, vald og overgrep, og menns og kvinners helse.

Regjeringa vil fremme forslag om ei ny, felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov. Målet er eit meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering.

Det er eit mål at velferdstenestene er tilpassa behova i ei mangfaldig befolkning. Den enkelte fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle, medrekna innvandrarar og barna deira. BLD har eit særskilt samordningsansvar for integreringspolitikken. Mål for integrering, tolkefeltet, områdesatsing og FoU-arbeid er viktige tiltak. Regjeringa vil mellom anna styrkje gratis kjernetid i barnehage og arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom.

Det er eit mål å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne. Regjeringa vil arbeide vidare for eit universelt utforma samfunn. Innsatsen på feltet blir ført vidare ved at regjeringa har sett i gang eit arbeid for å utvikle ein ny handlingsplan for universell utforming med hovudvekt på IKT og velferdsteknologi. Planen skal gjelde for perioden 2015–2019.

Meld. St. 45 (2012–2013) Frihet og likeverd –Om mennesker med utviklingshemming er behandla i Stortinget. Regjeringa vil òg følgje opp oppmodingsvedtak nr. 357 (2013–2014) frå Stortinget, og setje ned eit breitt samansett utval som skal føreslå eigna og konkrete tiltak som styrkjer grunnleggjande rettar for menneske med utviklingshemming med tanke på sjølvstende, privatliv, familieliv og deltaking i samfunnet.

Sjølvbestemming, rettstryggleik, kvalitet i opplæringa, deltaking i arbeid, gode og normaliserte bustadforhold og god helse og omsorg vil vere viktige innsatsområde for å nå dei politiske måla. Gjennomføring av politikken krev koordinert innsats innanfor ulike sektorar. Som eit generelt og sektoroverskridande tiltak vil regjeringa føre vidare Informasjons- og utviklingsprogrammet for menneske med utviklingshemming.

Bufdir vil ha ei sentral rolle i arbeide med å oppdatere og følgje opp både informasjons- og utviklingsprogrammet og tiltaka i Meld. St. 45.

Det er fortsatt eit behov for å styrke lhbt-personers grunnleggande rettar og motvirke diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. For å sikre ein god koordinering og forankring av arbeidet framover vil BLD, i samråd med andre departement, arbeide vidare med ein målretta og systematisk innsats frå 2015.

Regjeringa vil arbeide vidare med ein målretta og systematisk innsats mot etnisk diskriminering frå 2015.

Dei offentlege tenestene skal vere tilgjengelege, av ein kvalitet som den enkelte har krav på, og ta utgangspunkt i føresetnadene og behova til den enkelte. Offentlege verksemder har eit sjølvstendig ansvar for å sikre at kvaliteten på tenestene er tilpassa behova til brukarane, og at dei er tilgjengelege for alle, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, religion og livssyn. Dette gjeld både organiseringa av tenestene, retningslinjene for tenestetilbodet og kontakten mellom førstelinja og brukarane.

Mål

For 2015 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

3: Trygge rammer for familiane

3.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

3.2: Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna

3.3: Effektive verkemidlar i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar

4: Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

4.1: Eit meir likestilt samfunn med like rettar

4.2 Eit godt og effektivt handhevingsapparat

4.3 Offentlege tenester tilpassa mangfaldet i befolkninga

Resultatrapport og strategiar

Delmål 3.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Politikken skal fremme valfridom og fleksibilitet og gjere det mogleg for familiane å velje dei løysingane som passar dei best. Regjeringa har allereie i 2014 utvida fellesdelen av foreldrepengeordninga og auka kontantstøtta for alle eittåringar. Regjeringa har òg sendt på høyring forslag om ei utvida unntaksordning for kvotane i foreldrepengeordninga.

Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i delmål 3.1 Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna i Prop. 1 S (2012–2013) og delmål 3.2 Ein familiepolitikk som tek vare på barna sine behov og fremmar likestilling i Prop. 1 S (2013–2014).

For nærmare omtale av foreldrepengeordninga, sjå programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon.

Resultatrapport 2013/2014

BLD har ansvar for dei sentrale overføringsordningane til barnefamiliar: kontantstøtte, barnetrygd og foreldrepengar. Ordningane blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten (Nav). I det følgjande blir utviklinga i bruk av kontantstøtte og barnetrygd kort gjennomgått. Det blir òg gitt ein statusrapport om Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs område.

Kontantstøtte

Kontantstøtta blei auka til 6 000 kroner per månad frå 1. august 2014 for alle eittåringar som ikkje går i barnehage. Stønadsperioden for kontantstøtte er inntil elleve månader, frå og med månaden etter at barnet har fylt eitt år til og med månaden før barnet fyller to år. Maksimal kontantstøtte utgjer dermed 66 000 kroner per barn. Barn som er i barnehage mindre enn 20 timer i veka, har rett til halv kontantstøtte, 3 000 kroner per månad. Aukinga gjer kontantstøtta til eit meir reelt alternativ til barnehage for dei minste barna og bidreg til større valfridom for familiane.

Figur 4.1 Prosentdel barn med kontantstøtte.  Regiontall1.

Figur 4.1 Prosentdel barn med kontantstøtte. Regiontall1.

1 Gjennomsnittstal for perioden august 2012 til mai 2014.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Dei regionale skilnadane i bruken av kontantstøtte har òg halde seg. Agder-fylka og Rogaland har den høgaste bruken av kontantstøtte, mens bruken i Nord-Noreg er låg, sjå figur 4.1. Kontantstøttebruk er framleis meir vanleg i familiar med innvandrarbakgrunn enn i befolkninga sett under eitt.

Tabell 4.8 Barn med kontantstøtte. Månadlege gjennomsnitt

Andre halvår 2012

Første halvår 2013

Andre halvår 2013

Første halvår 2014

Barn i kontantstøttealder

56 883

56 465

56 392

55 923

Barn med kontantstøtte

16 943

22 125

19 414

23 640

– i prosent av antall barn i kontantstøttealder

29,8

39,2

34,4

42,3

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.9 Barn med kontantstøtte etter alder. Månadlege gjennomsnitt

Andre halvår 2012

Første halvår 2013

Andre halvår 2013

Første halvår 2014

Totalt antall barn med kontantstøtte

16 943

22 125

19 414

23 640

– av desse barn 13–18 mnd.

11 030

14 899

12 614

16 064

– i prosent av totalt antall barn med kontantstøtte

65,1

67,3

65,0

68,0

– av desse barn 19–23 mnd.

5 913

7 226

6 800

7 576

– i prosent av totalt antall barn med kontantstøtte

34,9

32,7

35,0

32,0

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Gjennomsnittleg bruk av kontantstøtta for eittåringar i 2011 var 30 prosent. Av tabellane 4.8 og 4.9. kan ein lese at nedgangen i kontantstøttebruken har stoppa opp, og at bruken har auka i løpet av 2013. Fleire barn får kontantstøtte om våren enn om hausten. Dette heng saman med at barnehagane har hovudopptak om hausten, og at det dermed er fleire familiar som ventar på barnehageplass for eittåringane sine om våren.

Barnetrygd

Den ordinære barnetrygda blei ført vidare utan endringar i satsar eller regelverk i 2013 og 2014.

Finnmarks- og svalbardtillegget blei avvikla frå 1. april 2014. Forslag om dette blei fremma av regjeringa i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) Endring av Prop. 1 S (20132014) Statsbudsjettet 2014.

Tabell 4.10 Mottakarar av barnetrygd. Gjennomsnittstal for 2006 og 2013

I alt

Ordinær stønad

Utvida stønad til einsleg forsørgjar

Småbarnstillegg til einsleg forsørgjar*

2006

I alt

617 485

487 102

130 383

7 177

Prosentdel

100

78,9

21,1

2013

I alt

664 382

534 084

130 298

4 693

Prosentdel

100

80,4

19,6

* Einslege forsørgjarar som fyller vilkåra for rett til utvida stønad etter barnetrygdlova og full overgangsstønad etter folketrygdlova, og som har barn i alderen 0–3 år, har rett til eit småbarnstillegg. Det har vore ein årleg nedgang i talet på utbetalte småbarnstillegg dei siste åra som følgje av færre mottakarar av overgangsstønad.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.11 Mottakarar av barnetrygd etter kjønn. Gjennomsnittstal for 2006 og 2013

Ordinær stønad

Utvida stønad

Småbarnstillegg til einsleg forsørgjar*

2006

Prosentdel kvinner

97,0

82,5

98,0

Prosentdel menn

3,0

17,5

2,0

2013

Prosentdel kvinner

92,2

80,1

97,5

Prosentdel menn

7,8

19,9

2,5

* Einslege forsørgjarar som fyller vilkåra for rett til utvida stønad etter barnetrygdlova og full overgangsstønad etter folketrygdlova, og som har barn i alderen 0–3 år, har rett til eit småbarnstillegg. Det har vore ein årleg nedgang i talet på utbetalte småbarnstillegg dei siste åra som følgje av færre mottakarar av overgangsstønad.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLD sitt ansvarsområde.

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvalting av ytingane barnetrygd, kontantstøtte og foreldrepengar og regelverket for barnebidrag. Etaten har hatt vedvarande utfordringar både når det gjeld talet på saker til behandling, og når det gjeld å forsikre seg om at det blir rett utbetaling til kvar mottakar.

Arbeids- og velferdsetaten har dei siste åra arbeidd målretta med å betre kapasiteten og kvaliteten på ytingsforvaltinga. Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere saksbehandlingstidene, og dei har òg sett i gang eit systematisk og langsiktig arbeid for å betre kontrollen og kvaliteten på ytingsforvaltinga.

Samla sett har saksbehandlingstida og kvaliteten på ytingsforvaltinga blitt betre dei seinare åra, men det er framleis utfordringar.

Av ordningane på BLD sitt ansvarsområde har ein særskilte utfordringar knytte til barnebidragsområdet. Eit positivt trekk på dette området er at det over fleire år har vore ein reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet om hjelp for å bli samde om barnebidrag etter eit samlivsbrot. Sjå nærmare omtale av utviklinga på bidragsområdet under delmål 3.2 Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna.

BLD har lagt vekt på at utfordringane som er knytte til Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på ansvarsområdet til departementet må sjåast i samanheng med dei samla utfordringane for etaten. Det er viktig å ha ei heilskapleg tilnærming til utfordringane. BLD har derfor ein tett dialog med Arbeids- og sosialdepartementet og etaten sjølv. Denne dialogen vil bli ført vidare.

Arbeids- og velferdsetaten jobbar vidare med konkrete tiltak for å betre forvaltinga av sakene og informasjonen som blir gitt til brukarane på BLDs ansvarsområde.

Det er utarbeidd saksbehandlingsstandardar for dei ulike ordningane som etaten forvaltar. Kontrollen av kvaliteten i saksbehandlinga er styrkt gjennom innføring av systematiske stikkprøvemålingar mellom anna på bidragsområdet.

For å møte utfordringane knytte til saksbehandlingstid og kvalitet har Arbeids- og velferdsetaten gjennomført organisatoriske endringar som skal tryggje effektivitet og gi mindre variasjon i forvaltinga av ytingar. Saksbehandlinga for dei enkelte ytingane skal samlast i større einingar. Første del av denne spesialiseringa blei gjennomført i 2013 og omfatta mellom anna bidragsområdet.

Den organisatoriske endringa knytt til behandlinga av bidragssaker har førebels ikkje gitt den ønskte effekten på saksbehandlingstida og kvaliteten i saksbehandlinga. Arbeids- og velferdsetaten har stor merksemd på dette området og forventar at endringane vil gi positiv effekt på sikt.

Ei nærmare utgreiing om status og strategiar for Arbeids- og velferdsetaten si verksemd er gitt i Prop. 1 S (2014–2015) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Ammefri med lønn

Ei lovendring om rett til ammefri med lønn blei sett i kraft 1. januar 2014. Den nye ordninga gir kvinner som ammar, rett til lønn for inntil ein time ammefri på arbeidsdagar med avtalt arbeidstid på minst sju timar. Det er arbeidsgivaren som skal dekkje lønna. Retten gjeld i barnet sitt første leveår.

Strategiar og tiltak for 2015

Kontantstøtte og barnetrygd

Det er ikkje føreslått endringar i regelverk eller satsar for kontantstøtte eller barnetrygd frå 2014 til 2015.

Gjennom EØS-avtalen er Noreg underlagt EUs koordineringsregler for trygd. Noreg eksporterar derfor familieytingar til EØS-området. Enkelte EU-land vurderar endringar med sikte på å redusere eksporten. Noreg følgjer debatten og utviklinga i Europa på dette området.

Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på BLDs ansvarsområde

Arbeids- og velferdsetaten vil halde fram med det målretta arbeidet for å betre kapasiteten og kvaliteten i ytingsforvaltinga. Det vil bli arbeidd vidare med å samle behandlinga av ytingane i færre og større einingar.

Arbeidet med modernisering av IKT-systema i etaten held fram. IKT-moderniseringa er ei av dei største satsingane i etaten framover, og skal medverke til at nye tenester, metodar og verktøy blir tekne i bruk. Moderniseringa inneber nye og betre moglegheiter for kontakt mellom brukarar og Arbeids- og velferdsetaten, endringar og effektivisering av saksbehandlinga og ei omfattande organisatorisk utvikling. Nye IKT-løysingar skal mellom anna gjere det mogleg å auke bruken av sjølvbetjening.

Modernisering av forvaltinga på foreldrepengeområdet er høgt prioritert, men det er ikkje fastsett ein endeleg framdriftsplan for denne delen av arbeidet.

Utviklingsarbeidet i Arbeids- og velferdsetaten er nærmare gjort greie for i Prop. 1 S (2014–2015) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Forsking

Det blir overført store beløp frå det offentlege til barnefamiliane kvart år. På kort tid har det vore relativt store endringar i kontantstøtta og foreldrepengeordninga. Det er viktig å følgje med på utviklinga og vite kva effekt endringane har på kort og lang sikt. Departementet vil derfor setje i gang eit forskingsprosjekt på dette området.

Delmål 3.2: Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna

Regjeringa ønskjer å styrkje stillinga til familien i det norske samfunnet. Familien skaper ei trygg ramme omkring barns oppvekst, utan omsyn til kva form den enkelte familien har. Familievernet sitt arbeid med å førebyggje vanskar og tilboda deira til dei familiane som opplever vanskar, er viktige tiltak for å nå målet om trygge familierelasjonar. Forsking viser at ein trygg oppvekst kan gi store helsegevinstar seinare i livet.

Tilbod om mekling og samtalar om foreldresamarbeid for delte familiar er eit viktig verkemiddel for å nå målet om godt foreldresamarbeid til beste for barna. For å nå målet om likestilt foreldreskap må ein leggje til rette for at begge foreldra får ta del i omsorga for barnet.

Resultatrapporteringa under dette delmålet tek utgangspunkt i delmål 3.1 Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna og delmål 3.2 Ei velfungerande og tilgjengeleg familievernteneste i Prop. 1 S (2012–2013) og delmål 3.2 Ein familiepolitikk som tek vare på barna sine behov og fremmar likestilling, delmål 3.3 Likeverdig foreldreskap og godt samarbeid til beste for barna og delmål 3.4 Velfungerande og tilgjengelege familieverntenester i Prop. 1 S (2013–2014).

Resultatrapport 2013/2014

Familievernet

Familievernet er ein statleg finansiert lågterskelteneste som skal gi tilbod om behandling og rådgiving der det er vanskar, kriser eller konfliktar i familien. Familievernet arbeider òg med mekling etter ekteskapslova og barnelova. Førebyggjande arbeid og utadretta verksemd er òg ein viktig del av familievernet sitt arbeid. I det offentlege hjelpeapparatet er det berre familievernet som har familien som hovudarbeidsområde og parbehandling som spesialfelt.

BLD gav i 2013 Bufdir i oppdrag å gå igjennom dimensjoneringa og organiseringa av familieverntenesta for å få til eit nasjonalt likeverdig tilbod. Gjennomgangen viste at det nasjonale tilbodet gjennomgåande har god kvalitet, men at dimensjoneringa og organiseringa av tenesta ikkje er likeverdig på landsbasis. Analysane i rapporten viser at det er fleire gevinstar ved å slå saman mindre og mellomstore familievernkontor med kort geografisk avstand og gjere om nokre kontor til såkalla utekontor som administrativt ligg under større kontor. Dette vil medverke til ei meir robust og kompetent teneste. Bufdir føreslår òg ei differensiering og delvis digitalisering av meklingsordninga for å kunne gi ei meir brukarretta og tilgjengeleg meklingsteneste. Gjennomgangen viser at auka innsats i arbeidet med valdssaker og saker der det er høg konflikt mellom foreldra, krev auka bemanning i tenesta. Sjå omtale av tilbod til valdsutøvarar og valdsutsette barn under delmål 3.3.

Familievernet har hatt ei betydelig auke i produktiviteten dei siste åra. Årsrapporten frå Bufdir viser at talet på konsultasjonar har auka med 22,4 prosent frå 2006 til 2013. Årsrapporten viser vidare at familievernet arbeidde med 42 200 saker i 2013. Av dei var 16 800 meklingar. Samla sett er dette er ein auke i talet på saker på om lag 2 prosent frå 2012. Meklingssakene auka mest (3,5 prosent). Det er ein reduksjon i talet på dei som har meklingar etter ekteskapslova som meklingsårsak, medan det er ein auke i talet på meklingssaker etter barnelova og for sambuarar. Talet på saker etter barnelova samanlikna med det totale talet på saker har halde seg stabilt over tid.

Årsrapporten viser at kravet om ei ventetid på maksimalt tre veker for meklingar blei oppfylt i 90 prosent av sakene. Kravet om 100 prosent er ikkje nådd, men resultatet er betre enn i 2012 (87 prosent).

Bufdir har i 2013 evaluert innføringskurset i mekling. Kurset får gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Opplæringa nye meklarar får gjennom innføringskurset, gir meklarane eit godt fundament for å kunne utføre meklingsoppgåva. Evalueringa viser likevel at det er behov for kompetanseheving i høgkonfliktsaker og i samtalar med barn, og at desse områda skal gjennomgåast og styrkjast. Bufdir arbeider med å utvikle faglege standardar som er baserte på den beste tilgjengelege kunnskapen, og med å oppnå ein einskapleg metodikk på området.

Bufdir innleidde i 2013 eit samarbeid med Domstoladministrasjonen for å etablere ein struktur for gjensidig kompetanseutvikling og retningslinjer for samarbeid om barnelovsakene mellom familievernkontora og tingrettane. Arbeidet blir ført vidare i 2014.

Bufdir har i 2012 og 2013 arbeidd med eit høgkonfliktprosjekt for å greie ut og utvikle tiltak og metodar som kan betre tilbodet til familiar med høgt konfliktnivå. I 2013 har Bufdir motteke rapportar frå prosjektet som vil bli gjennomgått og sette i verk i tenesta der det er formålstenleg.

Bufetat har i 2013 hatt i oppdrag å føre vidare og auke samarbeidet mellom familieverntenesta og kommunane om etablering av samtalegrupper (Pis-grupper) for barn med skilde foreldre og parallelle tilbod til foreldra (Fortsatt foreldre-kurs). Målet er å gi betre tilbod til familiar etter samlivsbrot.

Tabell 4.12 Årsverk i familievernet

År

2008

2009

2010

2011

2012

Årsverk

424

432

422

419

424

Kjelde: SSB

Tilskotsordninga til samlivstiltak

Den overordna målsetjinga med tilskotsordninga til samlivstiltak er å støtte opp om samlivet i parforhold og å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Det blei gitt støtte til 109 lokale samlivskurs og 15 utviklingstiltak på samlivsområdet.

Fastsetjing og endring av foreldreskap

Divisjon for rettsmedisinske fag ved Nasjonalt folkehelseinstitutt gjennomfører DNA-analysar i farskapssaker på oppdrag frå det offentlege (Arbeids- og velferdsetaten og domstolane). I 2013 blei det utført 755 analysar, medrekna 11 eksterne kvalitetstestar. Dette er ei nedgang på 117 analysar frå året før. Median saksbehandlingstid for oppdraga var sju kalenderdagar i 2013.

Departementet har i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet førebudd iverksetjinga av endringane i barnelova som blei fremma i Prop. 105 L (2012–2013) Om endringar i barnelova (farskap og morskap). Endringane blei sette i kraft 31. august 2013 og 1. januar 2014.

Barnebidrag

Det har over fleire år vore ein reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet gjennom Nav for å få barnebidraget på plass etter eit samlivsbrot. Berekningar viser at om lag 45 prosent av dei delte familiane bruker hjelpa det offentlege tilbodet kan gi, medan resten av foreldra, det vil seie 55 prosent, ordnar dette gjennom private avtalar. Ved utgangen av mars 2014 blei det utbetalt barnebidrag og/eller bidragsforskot for 111 556 barn.

Litt over ein femtedel av dei bidragspliktige har så dårleg økonomi at dei ikkje har evne til å betale bidrag (Arbeids- og velferdsdirektoratet 2014). Det er fleire utan bidragsevne blant dei yngre bidragspliktige enn blant bidragspliktige over 40 år. Når den bidragspliktige manglar bidragsevne, får mottakaren eit forskot frå Nav dersom inntekta elles ikkje er så høg at barna er godt forsørgde utan offentleg bidragsforskot. For å forbetre økonomien til dei einslege bidragsmottakarane med lågast inntekt får mottakarar med barn over 11 år frå 1. juli 2014 eit høgare bidragsforskot.

Det er gitt ein nærmare omtale av Arbeids- og velferdsetaten si forvalting på på bidragsområdet under delmål 3.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Det er framleis i hovudsak menn som er bidragspliktige, og kvinner som er bidragsmottakarar. Mannlege bidragsmottakarar og kvinnelige bidragspliktige ser ut til å liggje stabilt på mellom 7 og 8 prosent.

Tabell 4.13 Barn som får bidrag / forskot på bidrag, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner)

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

1 442

Barn 6–10 år

1 627

Barn 11–14 år

1 770

Barn 15–18 år

2 071

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå april 2014

Fordi så mange som 55 prosent av foreldra gjer private avtalar om barnebidrag, er statistikken frå Nav ikkje lenger representativ for delte familiar generelt. Statistisk sentralbyrå (SSB) har derfor på oppdrag frå BLD gjennomført ei representativ intervjuundersøking med foreldre om bustad og samvær i 2012. Undersøkinga kartla korleis familiar i dag organiserer kvardagslivet etter samlivsbrot, og er ei oppfølging av tilsvarande undersøkingar i 2002 og 2004. Undersøkingane vil sett under eitt gi nyttig kunnskap om familiepraksis i delte barnefamiliar over ein tiårsperiode, inkludert dei foreldra som avtaler og praktiserer delt bustad.

Til no har det kome to rapportar frå prosjektet: Bosted og samvær 2002, 2004 og 2012 og Hos mor, hos far eller delt bosted? (SSB rapport 2014/2 og 2014/27). Rapportane fortel:

  • Prosentdelen barn med delt bustad har auka frå 8 prosent i 2002 til 25 prosent i 2012.

  • Prosentdelen barn som bur fast hos mor, har gått ned frå 84 prosent i 2002 til 66 prosent i 2012.

  • Prosentdelen barn som bur fast hos far, har i heile tiårsperioden vore omkring 7–8 prosent.

  • Det gjennomsnittlege månadlege samværet mellom samværsforelder og barn har auka frå 6,5 dagar i 2002 til 8,6 dagar i 2012.

  • Det er ganske få barn som skiftar bustadordning. Berre 12 prosent av barna har skifta bustadordning i tida etter brotet mellom foreldra.

  • Av dei som var med i 2012-undersøkinga, varierte delen med delt bustad mykje med når foreldra skilte lag. Blant dei som hadde flytta frå kvarandre før 2001, hadde berre eit av ti par delt bustad. Av dei som flytta frå kvarandre i 2010 eller seinare, hadde ein tredjedel delt bustad. Dette kan tyde på at prosentdelen barn med delt bustad kan kome til å halde fram å auke i åra som kjem.

Fleire forskingsrapportar med utgangspunkt i tal frå undersøkinga Bosted og samvær 2002, 2004 og 2012 vil kome i 2014/2015.

Betre behandling av foreldretvistar der barn er utsette for vald eller overgrep

Stortinget vedtok i juni 2013 fleire endringar i barnelova for å styrkje barneperspektivet i foreldretvistar, jf. Prop. 85 L (2013–2013) Endringer i barnelova (barneperspektivet i foreldretvister). Lovendringane tok til å gjelde 1. januar 2014.

Departementet fastsette i desember 2013 ei forskrift om samvær med tilsyn av ein offentleg oppnemnd tilsynsperson etter barnelova, og gav ut ei rettleiing til forskrifta.

Domstoladministrasjonen fekk i 2014 2 mill. kroner til kompetanseheving for aktørane i domstolane for å betre kvaliteten på samtalar med og høyring av barn i samband med endringane i barnelova.

Surrogati

Surrogati er eit globalt fenomen. Haag-konferansen for internasjonal privatrett, der også Noreg er medlem, greier ut problemstillingar knytte til surrogati. Sekretariatet til Haag-konferansen leverte førebels rapportar i 2011 og i 2012, som mellom anna kartla og omtalte ulike former for nasjonal lovgiving, menneskerettar, sårbarheit hos partane og risiko ved bruk av surrogati. Ein rapport om vidare oppfølging kom våren 2014. Sekretariatet føreslo der å setje ned ei ekspertgruppe. Haag-konferansen vil ta stilling til dette i 2015.

For å gi barn fødde av surrogatmor i utlandet juridiske rettar i Noreg, vedtok departementet ei mellombels forskrift 23. mai 2012 nr. 446 om anerkjenning av farskap for barn fødde av surrogatmor i utlandet. Ei mellombels lov 8. mars 2013 nr. 9 om overføring av foreldreskap for barn fødde av surrogatmor i utlandet mv. tredde òg i kraft. Søknadsfristen for etablering av foreldreskap etter den mellombelse ordninga var 1. januar 2014. Etter det tidspunktet kan foreldreskap berre søkjast etablert etter dei vanlege reglane i barnelova og adopsjonslova.

Haag-konvensjonen 1996

Arbeidet for å leggje til rette for ratifikasjon av Haag-konvensjonen frå 1996 om foreldreansvar og tiltak for vern av barn har halde fram. Konvensjonen kan bidra til å førebyggje og løyse mellom anna foreldretvistar og barnevernsaker som har tilknyting til fleire land. Han kan dermed også bidra til å førebyggje barnebortføring. Departementet har i 2013 hatt på høyring forslag om ei ny lov om gjennomføring av konvensjonen, med forslag til endringar i barnelova, ekteskapslova, barnevernlova o.a. Nokre av dei føreslåtte lovendringane er nødvendige for ein ratifikasjon, og andre endringar er ønskelege for å få til ei god tilpassing til konvensjonen og for å betre behandlinga av saker som gjeld land som ikkje har slutta seg til konvensjonen.

Barnebortføring

Prop. 39 L (2013–2014) Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet blei behandla og vedtatt av Stortinget våren 2014. Lova gir på visse vilkår adgang til å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag for å forhindre barnebortføring og bidra til tilbakeføring av barnet. Arbeids- og sosialdepartementet vil som ansvarleg departement for lova følgje opp gjennomføringa av lova.

Høyring om ekteskapslova og anna

Departementet sende forslag om endringar i ekteskapslova og brudvigjingslova på høyring i april 2014. Endringane som blei føreslått har som formål å hjelpe mot nokre urimelege utslag av reglane i ekteskapslova § 18 a. Forslaget om å overføre oppgåver til Fylkesmannen har som mål å gi ei betre og meir effektiv saksbehandling.

Strategiar og tiltak for 2015

Familievernet

Styrking av familievernet er ei hovudsatsing i BLD sitt budsjettforslag. Satsinga er nærmare omtalt i del I Hovudmål og politiske prioriteringar, under hovudmål 1.3 Trygge rammer for familiane. Satsinga er òg omtalt under avsnittet Hovudinnhald og prioriteringar ovanfor.

Regjeringa vil styrkje det førebyggjande arbeidet til familievernet, arbeid retta mot familiar med høg konflikt og familiar og barn som er utsette for vald i nære relasjonar.

Styrkinga av det førebyggjande arbeidet er svært viktig. Det har som mål å betre relasjonen og samhandlinga mellom foreldre og styrkje omsorgskompetansen deira for å gi barn gode, trygge og utviklingsfremmande oppvekstvilkår. Regjeringa vil styrkje bemanninga på familievernkontora for å gi betre føresetnader for og ressursar til førebyggjande arbeid.

Det vil bli sett i gang eit arbeid med å byggje ut og implementere dei ulike eksisterande programma for foreldrestøttande tiltak. Foreldrestøttande tiltak / foreldrerettleiingsprogram har god førebyggjande effekt på befolkninga som heilskap, og for særleg utsette grupper. Dette vil òg gjere tidlig intervensjon lettare. Programma International Child Development Program (ICDP), Fortsatt Foreldre og Circle of security er kunnskapsbaserte program som er breitt utprøvde. Foreldrerettleiing til tenåringsforeldre skal inngå i arbeidet, òg til foreldre som er bekymra for om barnet deira er i ferd med å bli radikalisert.

Det vil òg bli arbeidd vidare med utvikling av førebyggjande samlivskurs for foreldre. Parkurset Godt samliv er eit godt utprøvd, forskingsbasert tilbod til førstegongsforeldre. Samlivskurset Hva med oss? er eit breitt utprøvd kurs for foreldre til barn med nedsett funksjonsevne, som gir kunnskap om kommunikasjon og konfliktbehandling.

Det vil vidare bli sett i gang eit arbeid med digitalisering av informasjon og program som er til nytte for brukarane av familieverntenesta. Dette vil styrkje meklingstenesta og tilbodet i tråd med eit brukarperspektiv om betre tilgjenge.

Det vil òg bli sett i gang eit arbeid med auka satsing på førebygging og samarbeid med andre tenester som til dømes helsestasjonane. Helsestasjonane møter dei aller fleste barn til kontrollar i dei første leveåra og er derfor ein ideell arena for å kunne fange opp barn og familiar i risikosona. Eit nærmare samarbeid mellom familievernkontora og helsestasjonane vil kunne gjere det lettare å fange opp familiar som treng samlivshjelp, på eit tidleg stadium. Skolehelsetenesta og barnevernet er òg viktige samarbeidspartnarar.

Barns utvikling blir påverka negativt av eit vedvarande høgt konfliktnivå mellom foreldra. Nyare forsking viser at skadeverknadane er større enn ein tidlegare har trudd. I 2015 skal familievernet prioritere arbeid med barnefamiliar der konfliktnivået er høgt, både under samlivet og etter samlivsbrot.

Det skal mellom anna byggjast vidare på erfaringane frå prosjektet Ser du meg? som var retta mot barn og foreldre i familiar med store samarbeidskonfliktar etter samlivsbrot. Tilbodet omfattar samtalegrupper for barn, foreldresamarbeidskurs og betre samarbeid mellom ulike lokale instansar for å fange opp barn som treng særskilt oppfølging. Familievernkontora skal gi kurstilbodet Fortsatt foreldre til foreldre etter samlivsbrot. Tilbodet skal medverke til lågare konfliktnivå mellom foreldra og betre samarbeidsklimaet til beste for barnet.

Det skal leggjast vekt på å utvikle vidare kompetansen i å samtale med barn, slik at barnet sitt perspektiv kjem fram, og slik at behova og interessene til barnet blir tekne vare på i saker som gjeld dei. Samtidig skal tilbodet om hjelp til foreldresamarbeid utviklast vidare, slik at avtalar om barna skal fungere best mogleg i tida etter samlivsbrotet.

I 2015 skal òg tilbodet frå familievernet til valdsutsette familiar styrkjast. Dette vil vere ein del av regjeringa sitt arbeid mot vald og undertrykking. Behandlingskapasiteten til familieverntenesta til å gi det fagleg tilrådde behandlingstilbodet skal styrkjast, slik at familievernet kan gi terapeutisk hjelp til familiar og barn som lever med vald. Det må tilsetjast nye behandlarar og gjennomførast kompetansehevande tiltak i tenesta. For familiar med valdsproblematikk bør tilbodet ved familievernkontora innebere hjelp til både den som utøver valden, ofra for valden, barna i familien og familien som heilskap. Kompetanse på valdsproblematikk bør byggjast opp ved eit utval kontor fordelte på regionane. Styrkinga inneber at det blir etablert ressurskontor innanfor familievernet som kan gi kvalifisert behandling i valdssaker. Desse kontora skal hjelpe andre kontor med kompetanse og rettleiing i valdssaker der det er nødvendig.

For ein nærmare omtale av innsatsen mot vald i nære relasjonar på BLDs ansvarsområde, sjå delmål 3.3 Effektive verkemidlar i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar. For å oppnå heilskaplege tiltak for den enkelte familien skal familievernet utvikle vidare samarbeidet og kompetanseutvekslinga med andre hjelpeinstansar, som helsetenesta og barnevernet.

Regjeringa vil gi eit betre tilbod til biologiske foreldre etter omsorgsovertaking av barnevernet. I revidert nasjonalbudsjett for 2014 blei det løyvt midlar for å styrkje familievernets kompetanse og kapasitet i arbeidet med å følgje opp biologiske foreldre etter omsorgsovertaking av barnevernet. Denne satsinga blir ført vidare i 2015. Målet er å styrkje tilbodet om foreldrerettleiing og gi betre støtte til foreldra ved samvær med barna. Betre oppfølging kan bidra til å redusere konfliktar, førebyggje utilsikta rettslege prosessar og gi barna større stabilitet. Det kan òg vere viktig for barna å vite at foreldra får god oppfølging etter omsorgsovertakinga. Familievernkontora vil få ei større rolle i denne oppfølginga, og kompetansen og kapasiteten skal styrkjast. Barnevernet og familievernet samarbeider på dette området.

Det er nødvendig å styrkje innsatsen i familiar med innvandrarbakgrunn for å medverke til betre integrering og førebyggje samlivskonfliktar og samlivsbrot. Ved å byggje vidare på gode erfaringar frå tidlegare prosjekt i regi av familievernet, vil innsatsen overfor barn og unge i desse miljøa kunne styrkjast. Eit utval kommunar har gode erfaringar med bruk av ICDP (International Child Development Programme) som ein del av introduksjonsprogrammet for nykomne flyktningar.

Mekling/betre utnytting av meklingsordninga

Det skal satsast vidare på informasjons- og samarbeidstiltak for å auke kjennskapen til familievernet sitt meklingstilbod og gjere familievernet meir kjent som eit alternativ til domstolsbehandling, både for foreldre og for profesjonelle aktørar som dommarar og advokatar.

Det er eit mål å redusere talet på foreldretvistar etter barnelova for domstolane. For å gjere familievernet meir kjent som eit alternativ til å reise sak for domstolane skal det vere etablert einskaplege rutinar for samarbeid mellom familievernkontor og domstolar i alle regionar. Samarbeidet med domstolane skal aukast i alle regionar i saker med høgt konfliktnivå.

Fleire foreldre med høgt konfliktnivå som kjem til mekling etter samlivsbrot, skal få hjelp til å dempe konfliktnivået og kome fram til gode avtalar om bustad og samvær med barna gjennom eit godt meklingstilbod. Ei auke i tidsbruken i meklingssaker vil støtte opp under dette. Tilbodet om samarbeidssamtalar i familievernet skal utviklast vidare. Det skal nyttast ein meir einskapleg metodikk, og kompetansehevande tiltak for mekling i høgkonfliktsaker skal styrkjast.

Levanger og Sør-Trøndelag familievernkontor har gjennomført prosjekter om å fremme samarbeid mellom familievernet, sakkunnige og advokatar, og å utarbeide formaliserte samarbeidsrutinar for tilfeller der retten sender saker tilbake til mekling i familievernet. Erfaringa frå prosjekta har vist at større forståing for kvarandres verksemd åpner for effektivt samarbeid. Kunnskapsdeling bidreg til kompetanseheving både i tingrettane og i familievernet, og til målretta og godt samarbeid i høgkonfliktsaker.

Tilsyn med familievernet

BLD har det overordna faglege ansvaret for tilsyn med familievernet. I samband med Riksrevisjonen sin årlege revisjon for budsjettåret 2011 gav Riksrevisjonen merknader knytte til departementet og Bufdir si styring av tilsynet med familievernet. Kritikken har mellom anna gått ut på at føringane frå departementet til Fylkesmannen ikkje er klare nok på at tilsynet skal rettast mot sentrale område med høg risiko. Revisjonen har vist at det har vore uklart for Fylkesmennene korleis tilsyna skal gjennomførast, og at dei tolkar retningslinjene for tilsyn ulikt. Som følgje av merknadene frå Riksrevisjonen har departementet justert embetsoppdraget til fylkesmannsembeta. Embetsoppdraget fokuserer no meir på risikovurderingar og tilsyn med internkontroll. Andre problemstillingar knytte til desse merknadene vil bli nærmare utgreidde av departementet, og ulike modellar for organisering av det overordna tilsynet vil bli vurderte.

Dimensjonering av familievernet

Det er varierande dekningsgrad for familievernkontora i ulike delar av landet. Bufdir utførte i 2013 ein omfattande gjennomgang av dimensjoneringa av familieverntenesta, medrekna korleis tenestene bør organiserast og dimensjonerast i område med låg befolkningstettleik. BLD vil følgje opp arbeidet om å få til eit likeverdig og tilgjengeleg tenestetilbod til brukarane, høg kvalitet på det faglege arbeidet og effektiv utnytting av ressursane.

Tilskotsordninga til samlivstiltak

BLD vil føre vidare ordninga med tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak på samlivsområdet. Midlane skal nyttast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje familie- og samlivsoppløysing. Eit viktig mål er å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir.

Likestilt foreldreskap

Det følgjer av regjeringsplattforma at regjeringa vil likestille foreldre som omsorgspersonar, slik at dei har dei same rettane. Samtidig skal ein sørgje for at omsynet til det som er best for barnet, alltid veg tyngst i saker om bustad, og samvær. Departementet vil greie ut spørsmålet om likestilt foreldreskap mellom anna ved å byggje vidare på tidlegare utgreiingar. Formålet med ei ny utgreiing er å føreslå endringar i barnelova. Departementet vil arbeide vidare med dette i 2015.

Det følgjer vidare av regjeringsplattforma at regjeringa vil gjennomgå bidrags- og støtteordningar knytte til omsorg for barn, for å utvikle eit enklare og meir rettferdig regelverk. Dette arbeidet vil mellom anna omfatte ein gjennomgang av utforminga av ordninga med bidrag etter fylte 18 år, jf. Prop. 1 S (2013–2014) og Dokument 8: 125 S (2010–2011). Departementet vil følgje opp dette vidare i 2015.

Domstolsbehandling av barnelovsaker

Departementet vil føre vidare den økonomiske støtta til Domstoladministrasjonen. Midlane skal brukast til kompetanseheving i behandlinga av foreldretvistar etter barnelova. Eit viktig mål er å betre kvaliteten på samtalar med og høyring av barn i samband med endringane i barnelova i 2014.

Det følgjer av regjeringa si politiske plattform at regjeringa vil greie ut særdomstolar for saker som omhandlar barn og familie. Regjeringa vil følgje opp dette vidare.

Ratifisering av Haag-konvensjonen 1996

Arbeidet for å leggje til rette for ratifisering av Haag-konvensjonen frå 1996 om foreldreansvar og tiltak for vern av barn held fram. Departementet vil arbeide vidare med å følgje opp høyringa frå 2014 om forslag om ei ny lov om gjennomføringa av konvensjonen i norsk rett, med forslag til endringar i barnelova, ekteskapslova, barnevernlova o.a.

Delmål 3.3: Effektive verkemidlar i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn, unge og vaksne. Innsatsen skal rettast mot å førebyggje, avdekkje, behandle og utvikle kompetanse om offer for vald og seksuelle overgrep.

Regjeringa vil mellom anna styrkje kompetansen i det samla offentlege hjelpeapparatet og betre koordineringa av arbeidet mot vald og tvang i nære relasjonar. Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i delmål 3.5 Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald i nære relasjonar i Prop. 1 S (2012–2013) og delmål 4.2 Gode og tilgjengelege tilbod til personar utsette for seksuell trakassering og vald i nære relasjonar i Prop. 1 S (2013–2014).

Resultatrapportering 2013/2014

Arbeid mot vald i nære relasjonar

BLD har ansvaret for gjennomføringa av ei rekkje tiltak i handlingsplanen Et liv uten vold – Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (20142017) som blei lagt fram 8. mars 2013. Tiltaka er forankra i Meld. St. 15 (2012–2013) Forebygging og bekjempelse av vold i nære relasjoner – Det handler om å leve.

Vidare har BLD ansvaret for gjennomføringa av fleire tiltak i Handlingsplan mot voldtekt (20122014). Ansvaret for å følgje opp fleire av tiltaka er delegert til Bufdir. Bufdir har i 2013 mellom anna utarbeidd eit utkast til eit rettleiingshefte for foreldre om seksualitet, respekt for kropp og kroppsgrenser og vald. Rettleiaren er send på høyring og vil bli ferdigstilt i 2014.

Vidare har Bufdir arbeidd med å synleggjere og utvide informasjonen om valdtekt på nettstaden ung.no. Ei nasjonal oversikt over hjelpetilbodet til valdsutsette og utøvarar er publisert på nettstaden bufetat.no.

I 2013 og 2014 har det kome fleire rapportar på området, mellom anna i regi av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS), som gir viktig kunnskap om omfanget av vald og overgrep i Noreg. På oppdrag frå fleire departement fullførte NKVTS ein nasjonal førekomststudie av vald og valdtekt i Noreg våren 2014. Undersøkinga viser at omfanget av vald i nære relasjonar og valdtekt er stort i Noreg. Kvinner blir oftast utsette for vald og overgrep, men få vel å melde slike saker til politiet. Å vere utsett for overgrep før fylte 13 år aukar sjansane mange gonger for å bli utsett for overgrep igjen som vaksen.

NKVTS har på oppdrag frå departementet initiert fleire prosjekt om sårbarheitsfaktorar knytte til vald i nære relasjonar.

Arbeid mot vald og seksuelle overgrep mot barn

Innsats mot vald og seksuelle overgrep mot barn har vore eit særskilt satsingsområde i 2013/2014. Strategien Barndommen kommer ikke i reprise – strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017) lagt fram av Stoltenberg II-regjeringa, følgjes opp av BLD saman med Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Strategien viser kor viktig førebygging og tidleg innsats er for å hindre krenkingar, vald og overgrep som barn og ungdom kan bli utsette for, òg digitalt. Det er behov for god og tilpassa informasjon, effektive tiltak og eit tettare samarbeid på tvers av faglege og organisatoriske grenser for å kunne gi rask, god og heilskapleg hjelp.

BLD har gitt Bufdir i oppdrag å setje i verk tiltaka i strategien i samarbeid med andre aktørar. Samtidig har dei ansvarlege departementa sett i gang med å lage ein ny tiltaksplan for arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn. Tiltaksplanen skal være heilskapleg og dekkande for det regjeringa vil gjennomføre fram til 2017. BLD tek sikte på å leggje fram tiltaksplanen hausten 2014.

Dei fem regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) har i 2014 fått ein tydelegare rolle i etableringa av gode samarbeidsformer i arbeidet mot vald i nære relasjonar. Dei er i gang med å utarbeide eit opplæringsprogram for ulike faggrupper i kommunane om å samtale med barn om vald og seksuelle overgrep. Fylkesmannen har fått i oppdrag å organisere og administrere opplæringsprogrammet.

I 2014 la NKVTS fram ein studie av erfaringar med vald blant minoritetsungdommar. Rapporten går igjennom omfangsstudiar som er gjennomførte i Norden, og anna forsking om risiko for vald i heimen blant barn og unge med minoritetsbakgrunn i Norden. Rapporten løftar òg fram sosialfagleg arbeid som er særleg relevant i arbeidet med familiar med minoritetsbakgrunn når det er mistanke om vald i heimen.

Vald og overgrep mot personar med nedsett funksjonsevne

NKVTS la våren 2013 mellom anna fram ein rapport om vald og seksuelle overgrep mot menneske med utviklingshemming. Rapporten viser at det er mangel på kunnskap om dette.

Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) ved Høgskolen i Oslo og Akershus har, på oppdrag frå Bufdir, sett på tenestetilbodet til valdsutsette personar med nedsett funksjonsevne. Hovudfunn i rapporten, som blei lagt fram våren 2014, er mellom anna at det er lite merksemd på førebygging av vald og oppfølging av valdsutsette med nedsett funksjonsevne i kommunane. Det er eit stort behov for informasjon om vald og krenkingar både til tenesteutøvarane og til valdsutsette.

Bufdir har i 2013 utarbeidd utkast til ein mal for retningslinjer og ein rettleiar til bruk i førstelinja for førebygging, varsling og oppfølging av overgrep mot vaksne menneske med utviklingshemming. Vidare har direktoratet spreidd opplæringsmateriell om kropp, intimitet og grensesetjing for personar med utviklingshemming til alle vidaregåande skolar i landet.

Tilbod til valdsutøvarar og valdsutsette barn i regi av familievernet

Alle familievernkontora gir høg prioritet til arbeid med valdsoffer, valdsutøvarar og barn som er direkte eller indirekte ramma av vald. Fleire familievernkontor nyttar metoden Tryggere barndom, som legg vekt på tryggleik for barna. Mange familievernkontor gir tilbod om sinnemeistringssamtalar.

I 2013 har tilsette ved familievernkontora fått opplæring som skal auke kompetansen i å avdekkje valdsproblem og behandle familiar med valdsproblematikk. Det er gjennomført sinnemeistringskurs, spreiing av metoden Tryggere barndom og opplæring i programmet Traumesensitivt familievern.

Bufdir har innleidd eit samarbeid med St. Olavs Hospital om opplæring i sinnemeistringsgrupper etter Brøsetmodellen. Opplæringstilbodet vil bli gjennomført over ein fireårsperiode, med oppstart i 2014. Opplæringa blir finansiert av Helsedirektoratet.

Bufdir fekk i 2013 i oppdrag å utarbeide ein plan for korleis familieverntenesta kan styrkje tilbodet sitt til utøvarar av vald i nære relasjonar. Arbeidet starta opp i 2013, og departementet mottok planen i august 2014.

Samarbeid mellom familievernet og ATV

Familievernkontora samarbeider med Alternativ til vold(ATV), der ATV er etablert, for å gi eit heilskapleg tilbod til valdsutøvarar og familiar der vald er eit alvorleg problem. BLD har i 2013 gitt tilskot til drift av etablerte ATV-kontor. Ordninga inneber at ATV har ansvar for å inngå samarbeidsavtalar om etablering og drift av ATV-kontor med aktuelle vertskommunar. Det er per 1. mai 2014 etablert 11 ATV-kontor. Det blei opna ATV-kontor i Bergen og i Nedre Romerike i 2013. Til saman har 1 043 klientar fått behandling gjennom ATV i 2013.

I arbeidet med å gjennomføre kompetansestyrkjande tiltak knytte til tilbodet til valdsutsette barn i familievernet blei det hausten 2013 gjennomført ein konferanse om vald og skadeverknader for barn i familiar med vald og høg konflikt mellom foreldra. Konferansen blei arrangert i eit samarbeid mellom Bufdir og ATV.

Krisesentera

I 2013 var det til saman 46 krisesentertilbod i Noreg. Alle kommunar har plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. På oppdrag frå Bufdir utarbeider Sentio Research Norge årleg ein statistikkrapport om bebuarar og dagbrukarar som har nytta seg av krisesentertilboda, og om organiseringa og tenestetilboda ved krisesentera. Hovudtrenden for 2013 viser at det er få endringar samanlikna med tidlegare år når det gjeld brukarane av krisesentertilboda og talet på senter. Dei aller fleste av brukarane er kvinner. Talet på dagbesøk har gått vesentleg opp frå 2012 til 2013. Det viser at krisesentera er ein viktig rettleiingsinstans, òg for tidlegare bebuarar, som står for 45 prosent av alle dagbesøk. Statistikken viser òg at barn (i følgje med foreldre/føresette) er ei sentral brukargruppe. Mange krisesentertilbod for kvinner opplever periodar med kapasitetsutfordringar.

Bufdir har i 2013 endra rapporteringa frå krisesentera og sentera mot incest og seksuelle overgrep for å betre kunnskapen om tilgjengelegheit og kvalitet i tilbodet. Departementet har i 2014 gitt Bufdir i oppdrag å vurdere korleis den noverande særrapporteringa frå krisesentertilboda kan innlemmast i KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering). Dette skal skje i samarbeid med Statistisk sentralbyrå.

RVTS-ane har alle hatt ei viktig rolle når det gjeld å følgje opp krisesentertilbodet i sin region med regionale samlingar, nettverksmøte o.a. I 2013 blei det i regi av RVTS-ane gjennomført ein nasjonal konferanse for å auke kompetansen i krisesentertilbodet.

Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) gjennomfører, på oppdrag frå BLD, ei evaluering av kommunane si implementering av lov om kommunale krisesentertilbod. Rapporten skal liggje føre i løpet av hausten 2014.

Som oppfølging av tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner har Bufdir på oppdrag frå BLD utarbeidd ein rettleiar til krisesenterlova for kommunane.

Tabell 4.14 Krisesentera. Talet på tilsette fordelt på kvinner og menn i perioden 2009–2013.

Tilsette

2009

2010

2011

2012

2013

Kvinner

478

492

544

526

569

Menn

18

17

31

49

49

I alt

496

509

575

575

618

I tillegg kjem tilsette som arbeider berre i tilbodet for menn.

Kjelde: Tala er utarbeidde av Sentio Research Norge.

Tabell 4.15 Aktiviteten ved krisesentera 2009–2013

2009

2010

2011

2012

2013

Talet på registrerte krisetelefonar

12 357

14 533

14 564

16 493

Ikkje registrert

Talet på dagbesøk

7 546

8 154

8 566

8 491

9 490

Talet på bebuarar:

– kvinner

1 869

2 038

1 895

1 929

1 917

– menn

9

37

79

117

111

– barn

1 734

1 994

1 725

1 763

1 746

Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentera for bebuarar (talet på døgn), av desse for

30

29

28

30

28

– bebuarar utan innvandrarbakgrunn

22

24

22

22

21

– bebuarar med innvandrarbakgrunn1

36

35

32

37

34

Bebuarar med innvandrarbakgrunn (i prosent)

61

63

62

65

66

1 Personar med innvandrarbakgrunn er personar som er fødde i utlandet eller har to utanlandske foreldre.

Kjelde: Tala er utarbeidde av Sentio Research Norge.

Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep

Sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit lågterskeltilbod utan krav til tilvising. Sentera gir råd, støtte og rettleiing til personar som er blitt utsette for seksuelle overgrep, og deira pårørande. På oppdrag frå Bufdir utarbeider Sentio Research Norge årleg ein statistikkrapport som omhandlar brukarane av sentera. Rapporten omfattar brukarstatistikk og statistikk om tenestetilboda og korleis sentera er organiserte. Statistikken dekkjer aktiviteten ved dei 22 sentera mot incest / seksuelle overgrep.

Tabell 4.16 Incestsentera. Talet på brukarar og tilsette fordelt på kvinner og menn i perioden 2009–2013.

2009

2010

2011

2012

2013

Førstegongskontakt med incestutsette

Kvinner

1 039

1 104

2 007

1 552

1 563

Menn

337

445

695

464

514

I alt

1 376

1 549

2 702

2 016

2 077

Tilsette

Kvinner

120

126

133

140

134

Menn

18

13

17

19

16

I alt

138

139

150

159

150

1 Tala for 2009–2010 gjeld berre førstegongs telefonkontakt. Tala for 2011–2013 gjeld førstegongskontaktar totalt, det vil seie telefon, SMS, e-post og brev.

Kjelde: Tala for 2009–2013 er utarbeidde av Sentio Research Norge.

Bufdir har i 2014 fått i oppdrag frå departementet å gjere ein heilskapleg gjennomgang og revidering av rundskrivet Retningslinjer for statstilskudd til incestsentre og voldtektssentre. Målet er å ferdigstille eit rundskriv for 2015. Det er departementet som vedtek rundskrivet.

Bufdir har forvalta tilskota til Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte og tilskotsordninga til Tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar. Ordninga skal dekkje tilskot til frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider med å kjempe mot vald i nære relasjonar. Ordninga inneheld frå 2013 både eit aktivitetstilskot og eit driftstilskot.

Menneskehandel

Koordineringseininga for offer for menneskehandel i Politidirektoratet rapporterer at det har vore ein nedgang i talet på offer som blei identifiserte og takka ja til bistand og vern, frå 349 i 2012 til 300 i 2013. Av dei 300 blei 124 identifiserte for første gong i 2013. Dei som ein trur er mindreårige, utgjer om lag 10 prosent av det totale talet på offer.

Lauras Hus er eit alternativt butilbod til offer for menneskehandel som ikkje har eit akutt behov for vern (ein funksjon krisesentera har), men som har behov for tett sosial, fagleg og miljøterapeutisk oppfølging. Det er Kirkens Bymisjon som driv tiltaket. BLD gir tilskot til tiltaket saman med Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet v/Helsedirektoratet og Arbeids- og sosialdepartementet v/Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Ei tverrdepartemental arbeidsgruppe har gått gjennom ansvarsdelinga mellom kommune og stat når det gjeld hjelp til offer for menneskehandel, mellom anna finansiering av mellombelse butilbod og andre hjelpetiltak for denne gruppa, anten dei er i refleksjonsperiode eller har søkt asyl. Rapporten frå arbeidsgruppa blei lagt fram i mai 2014, og skal no vurderast av departementa.

Strategiar og tiltak for 2015

Arbeidet mot vald i nære relasjonar

Departementet vil prioritere tiltak både for å førebyggje vald og overgrep og tiltak for å kunne gi gode og tilgjengelege tilbod til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Departementet vil mellom anna setje i verk og utvikle vidare ei rekkje tiltak som er forankra i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner(2014–2017).

Vidare vil evalueringa av kommunane si implementering av krisesentertilbodet vere eit viktig grunnlag for å utvikle krisesentertilbodet vidare, jf. omtale nedanfor om dei ulike tenestetilboda og prioriterte tiltak i 2015.

Som eit ledd i oppfølginga av regjeringa sitt arbeid mot vald i nære relasjonar, er det sett av midlar til tilskot til ideelle organisasjonar, stiftingar og institusjonar som arbeider på området. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir og er eit viktig verktøy for å leggje til rette for at ulike organisasjonar kan supplera det offentlege i innsatsen mot vald i nære relasjonar. Ordninga skal òg bidra til å mogleggjere drift for ideelle organisasjonar som har arbeid mot vald i nære relasjonar som si hovudverksemd.

Styrking av familievernet er ei hovudsatsing i BLDs budsjettforslag. Satsinga har mellom anna som mål å styrkje familievernet sitt tilbod til valdsutsette familiar og familiar med høgt konfliktnivå.

Den samla satsinga på familievernområdet er nærmare omtalt under strategiar og tiltak under delmål 3.2 over.

Samarbeidsprosjekt mellom familievernet og ATV

Departementet vil føre vidare ordninga med tilskot til stiftinga ATV til drift av ATV-kontor.

Den avgrensa geografiske spreiinga av ATV-kontor (11 kontor) gjer at familievernkontora vil vere det mest tilgjengelege hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar i dei aller fleste kommunar.

Familievernet skal auke kompetansen, utviklingsarbeidet og tilbodet til barn og familiar med valdsproblematikk. Det er sett i gang eit samarbeidsprosjekt mellom ATV og Bufdir/familievernet for å styrkje kompetansen og behandlingskapasiteten, jf. tiltak 18 i strategien Barndommen kommer ikke i reprise. Bufdir har i samarbeid med ATV utarbeidd ein plan for familievernet sitt tilbod til barn som er utsette for vald, og til unge med vald og aggresjon. Tiltak som samtalegrupper og hjelpetilbod til barn som er utsette for vald i nære relasjonar, og unge valdsutøvarar skal prioriterast. Samtalegrupper og samtaletilbod for valdsutsette barn vil mellom anna kunne byggje vidare på tiltak i prosjekt som Tryggere barndom, Barn som lever med vold i familien og andre tiltak i familievernet. Dette arbeidet er òg relatert til arbeidet med Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2014–2017).

Det er også utarbeidd ein plan i samarbeid mellom Bufdir og ATV om behandlingstilbodet til vaksne valdsutøvarar. Planen skal følgjast opp og arbeidet skal koplast til planen retta mot barn og unge som er utsett for vald og aggresjon.

Den føreslåtte styrkinga av familievernet vil gjere det mogleg å styrkje innsatsen på dette området. Styrkinga er nærmare omtalt under strategiar og tiltak under delmål 3.2 Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna.

Arbeid mot vald og seksuelle overgrep mot barn

BLD saman med Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, vil hausten 2014 leggje fram ein prioritert tiltaksplan for å motarbeide vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom. Tiltaksplanen skal synleggjere regjeringa si innsats for oppfølging av strategien Barndommen kommer ikke i reprise – strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017). BLD vil koordinere arbeidet. Tiltaksplanen skal vere heilskapleg og dekkande for det regjeringa vil gjennomføre fram til 2017. Planen vil erstatte tiltaksdelen i føreliggjande strategi, og innehalde forbetra tiltak frå den tidlegare strategien, samt nye tiltak. Bufdir vil få i oppdrag å koordinere oppfølginga av planen, og å settje i verk dei tiltaka BLD er ansvarleg for.

Barnehusa er eit samarbeidsprosjekt mellom BLD, Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, og dei er sentrale i arbeidet med å følgje opp barn utsett for vald og overgrep. Departementet vil òg i 2015 medverke til finansieringa av Barnehusa.

Departementet vil etablere ei ny tilskotsordning til tiltak for valdsutsette barn. Sjå omtale under delmål 5.1 Like moglegheiter for deltaking for alle barn og unge, under Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering.

Omfangsundersøking av vald og seksuelle overgrep blant barn og unge

Det er behov for meir kunnskap om omfanget av vald og seksuelle overgrep blant barn og unge. Departementet vil i 2015 setje i gang eit forprosjekt for å utvikle ei etisk og forsvarleg utforming for ei slik omfangsundersøking.

NKVTS

Departementet vil gi driftstilskot til NKVTS for å styrkje kunnskapen om vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn og unge.

I 2015 vil NKVTS arbeide vidare med å initiere prosjekt om sårbarheitsfaktorar knytte til vald i nære relasjonar. Sårbarheitsfaktorar det skal leggjast vekt på, er mellom anna seksuell orientering, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. NKVTS gjennomfører i 2014, på oppdrag frå BLD, ei kartlegging av behandlingstilbodet for utøvarar av vald og ei kartlegging av dagens behandlingstilbod til barn og ungdom som er utsette for vald og seksuelle overgrep. Eit individuelt tilrettelagt hjelpetilbod er eit overordna mål. Resultata frå desse forskingsprosjekta vil gå inn i arbeidet med å utvikle vidare hjelpetilbodet til kvinner, menn og barn som er utsette for vald og seksuelle overgrep, eller som sjølve utøver vald.

Krisesenter

Rettleiaren om krisesenterlova som Bufdir har laga, vil hjelpe kommunane med å utforme eit tilbod i tråd med det lova krev. Resultata frå evalueringa av innføringa av krisesenterlova i kommunane vil liggje til grunn for den vidare utviklinga av tilbodet i åra framover. Rapporteringa til Bufdir om brukarane og innhaldet i krisesentertilbodet er revidert, og ein vil i 2015 få betre kunnskap om kvaliteten i tilbodet og om barna som oppheld seg saman med foreldra sine på krisesenter. Det bur svært mange barn på krisesentera. Departementet er uroa over dette, og vil derfor følgje nøye med på situasjonen for desse barna framover. Departementet vil òg vurdere nærmare korleis delar av særrapporteringa frå krisesentertilbodet kan innlemmast i KOSTRA.

Ei kartlegging frå NOVA publisert i 2014 viser at få personar med nedsett funksjonsevne søkjer hjelp i hjelpetilbodet for valdsutsette, sjølv om det er ei særleg utsett gruppe. Tilrådingane frå kartlegginga vil liggje til grunn for arbeidet med dette i 2015. Temaet vil inngå i kompetansehevinga for tilsette i krisesentertilbodet og sentera mot incest og seksuelle overgrep, i tilskotsforvalting og i informasjonsarbeid. Det er òg behov for gode rutinar for å oppdage og følgje opp seksuelle overgrep mot vaksne personar med utviklingshemming.

Arbeidet i Bufdir med å prøve ut og setje i verk retningslinjer til bruk i førstelinja for førebygging, varsling og oppfølging av overgrep mot vaksne personar med utviklingshemming vil bli ført vidare i 2015.

Støttesenter mot incest og seksuelle overgrep

BLD vil føre vidare ordninga med tilskot til incestsenter og valdtektssenter. Formålet med ordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep og valdtekt, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet, og å gi tilgang til slike tilbod gjennom drift av sentera mot incest og seksuelle overgrep og ressurssentera mot valdtekt. Tilskotet blir forvalta av Bufdir. Betre tilgang til støttesentera mot incest og seksuelle overgrep for både kvinner og menn, inkludert personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er eit viktig mål. Tilbodet støttesentera gir til barn, er høgt prioritert. Rundskriv Q-22 er revidert i 2014 og vil liggje til grunn for tilskotstildelinga til sentera i 2015.

RVTS-ane speler ei viktig rolle når det gjeld kompetanseheving, rettleiing og etablering av nettverk innan det kommunale krisesentertilbodet og i incestsentera. Dette arbeidet vil bli ført vidare i 2015. Bufdir har, i samarbeid med RVTS-ane, utarbeidd ei oversikt over hjelpetilbodet for utsette for vald i nære relasjonar. I ein NKVTS-rapport (2: 2014) om valdsutsette sitt møte med hjelpetilbodet etterlyser både utsette og tilsette i tenestene ei samla, digital tilgjengeleg oversikt over kva for hjelpetilbod som finst, kvar dei er lokaliserte, opningstider og kva hjelp dei gir. Bufdir vil i 2015 gjere oversikta mest mogleg tilgjengeleg og enkel å bruke.

Menneskehandel

Det interdepartementale samarbeidet mot menneskehandel skal førast vidare i 2015 under leiing av Justis- og beredskapsdepartementet. Det er framleis stor etterspurnad etter trygge bustader for offer for menneskehandel, særleg for dei med store traume, gravide og dei med små barn. Mange av desse har samarbeidd med politiet og vitna i straffesaker mot bakmenn. Lauras Hus samarbeider godt med krisesentera (Rosa-prosjektet) og Oslo kommune når det gjeld inntak av personar.

Ei interdepartemental arbeidsgruppe har vurdert spørsmåla i tiltak 19 i handlingsplanen Sammen mot menneskehandel (2011–2014) om ein gjennomgang av organisering og finansiering av hjelpa til ofra. Arbeidsgruppa har mellom anna sett på ansvarstilhøva mellom kommune og stat om finansiering av trygge bustader for offer for menneskehandel. Inntil nødvendige vedtak om ansvar og finansiering ligg føre, tek ein sikte på ei samfinansiering av Lauras Hus òg i 2015. Det er Justis- og beredskapsdepartementet som koordinerer dette arbeidet.

Delmål 4.1 Eit meir likestilt samfunn med like rettar

Under dette delmålet blir det gjort greie for mellom anna stortingsmeldingar, lovarbeid og ulike typar innsats på område som likestilling- og ikkje-diskrimineringsområdet når det gjeld kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne.

Strategiar og tiltak under dette delmålet blei omtalte under delmål 3.1 Eit godt grunnlag for å utviklevidare politikken for likestilling mellom kjønna og delmål 4.1 Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne i Prop. 1 S (2013–2014).

Resultatrapport 2013/2014

Lovarbeid på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet

I 2013 la BLD fram forslag om ei ny diskrimineringslovgiving i Prop. 88 L (2012–2013), jf. Innst. 441 L (2012–2013) og lovvedtak 93–96 (2012–2013). Den 13. juni 2013 vedtok Stortinget i tråd med forslag i proposisjonen ei ny lov om forbod mot diskriminering pga. seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Stortinget vedtok samtidig ny likestillingslov, ny lov om etnisk diskriminering og ny diskriminerings- og tilgjengelov. Lovene tredde i kraft 1. januar 2014. Med ei eiga lov blei vernet mot diskriminering pga. seksuell orientering utvida til alle samfunnsområde, og alle transpersonar fekk eit diskrimineringsvern.

Ny stortingsmelding om likestilling mellom kvinner og menn

Regjeringa Stoltenberg II fremma den 21. juni 2013 Meld. St. 44 (2012–2013) Likestilling kommer ikke av seg selv. Denne regjeringa har trekt tilbake Meld. St. 44 (2012–2013) og starta arbeidet med ei ny melding til Stortinget om likestilling.

Likestilling 2014

BLD har i samarbeid med dei andre departementa følgt opp dei enkelte tiltaka i handlingsplanen Likestilling 2014, og i 2013 kom halvvegsrapporten. Denne rapporten konkluderer med at alle dei 86 tiltaka anten er i gang eller gjennomførte. Ein tek sikte på ei sluttrapportering når handlingsplanperioden er over.

Kjernemiljø for forsking om likestilling

CORE – Kjernemiljø for forsking om likestilling arbeider særleg med forsking på tre temaområde: utdanning og arbeidsmarknad, familie- og arbeidsliv, internasjonalisering, opinion og politikk. Kjernemiljøet har etablert seg godt som forskingsmiljø, arena for debatt og populærvitskapleg formidling og som nettverkshjelpar for forskarar og andre som jobbar med problemstillingar som heng saman med likestilling og arbeidsliv.

Likestilling i arbeidslivet

Rapporten Lønnsforskjeller mellom kvinner og menn. Hva har skjedd på 2000-tallet? frå Institutt for Samfunnsforsking viser at det har skjedd ein liten nedgang i lønnsforskjell per time mellom kvinner og menn sidan 2002. Rapporten viser at i 2011 tente kvinner i gjennomsnitt 12,7 prosent mindre enn menn. Tilsvarande tal i 2002 var 14,2 prosent. Eit interessant funn i rapporten er at yrkeskvinner med barn no tener nesten like mykje som dei utan barn. Forskjellen i lønn mellom mor og far har ikkje forandra seg spesielt mykje i perioden 2002–2011.

Frå 1. januar i 2014 har arbeidsgivarar etter likestillings- og diskrimineringslovene plikt til å opplyse om lønna til kollegaer dersom ein arbeidstakar har mistanke om at han eller ho er utsett for lønnsdiskriminering.

Samarbeidet mellom hovudorganisasjonane i arbeidslivet og styresmaktene (trepartssamarbeidet) skal sikre større kraft i arbeidet med likestilling i arbeidslivet. Samarbeidet er forankra i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd, som blir leidd av Arbeids- og sosialdepartementet. BLD leier ei arbeidsgruppe under rådet, Arbeidsgruppe for likestilling i arbeidslivet. Arbeidsgruppa vil medverke til at saker som blir drøfta i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd, blir sikra eit kjønnsperspektiv der det er relevant.

Likestilling i familien

Ein analyse av funna i SSBs tidsbruksundersøking frå 2010 blei ferdigstilt hausten 2013. Prosjektet har gitt ny kunnskap om tidsbruk i eit familie- og likestillingsperspektiv. SSBs analyse viser mellom anna endring og variasjon i tid brukt til inntektsgivande arbeid og hushaldsarbeid for gifte/sambuande fedrar og mødrer i perioden 1970–2010.

Fedrars hushaldsarbeid auka i heile perioden, men auken var særleg markant det siste tiåret. Fedrar bruker meir tid enn før både til husarbeid, barneomsorg og andre oppgåver heime. Fedrar bruker vidare klart mindre tid til inntektsgivande arbeid enn før, og nedgangen var særleg markant på 1970-talet og på 2000-talet.

Mødrer har redusert hushaldsarbeidet betydeleg sidan 1970. Nedgangen i mødrers hushaldsarbeid er bremsa opp det siste tiåret (2000–2010). Mødrer bruker langt meir tid på inntektsgivande arbeid i dag enn i 1970. Blant mødrer med barn i alderen 0–6 år auka yrkesarbeidet i heile perioden, men mødrer med barn mellom 7 og 14 år brukte omtrent like mykje tid til inntektsgivande arbeid i 2010 som i 2000.

Eit av tiltaka i Likestilling 2014 var ein studie av korleis menn og kvinner i parforhold forvalta økonomien i det felles hushaldet. Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) fekk i oppdrag å gjennomføre eit prosjekt for å få meir kunnskap om dette. Dei to første rapportane er no publiserte, og den siste rapporten kjem i løpet av 2014.

Stemmerettsjubileet 1913–2013

I 2013 feira nasjonen 100-årsjubileet for allmenn stemmerett lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. På vegner av regjeringa og i samråd med fleire departement la Stemmerettskomiteen opp til ei feiring gjennom heile året, over heile landet og med vekt på kvinners stemmerett.

Det var eit særleg mål å engasjere ungdom til å nytte stemmeretten sin og auke oppslutninga om folkestyret. Debattboka Sånn er det bare blei delt ut til alle elevar i 2. og 3. klasse i vidaregåande skole, i alt om lag 120 000 bøker. Til boka blei det utarbeidd ei enkel lærarrettleiing, ei nettside og Foreningen !les laga undervisningsopplegg. Lag og foreiningar fekk stønad frå både BLD og Kommunal- og regionaldepartementet til aktivitetar før valet i 2013, under den såkalla Stemmerettsveka. I samband med jubileet blei boka Norsk likestillingshistorie 1814–2013 gitt ut.

Det var eit særleg mål å skape eit grasrotengasjement over heile landet knytt til verdiar som folkestyret er tufta på: stemmerett, likestilling, representasjon og deltaking. I tillegg til at departementet lyste ut tilskot, blei lokale styresmakter, frivillige lag og foreiningar, museum, arkiv og bibliotek, politiske parti med fleire utfordra og oppmoda om å delta i feiringa. Frivillig sektor, med støtte frå sentrale og lokale styresmakter, stod for mange gode arrangement og tiltak. Det blei gjennomført nesten 600 arrangement rundt omkring i heile landet.

Kompetanseheving

Frå 2013 har Bufdir hatt ei sektorovergripande rolle som fagorgan for kjønnslikestilling. I 2013 har Bufdirs arbeid med likestilling mellom kvinner og menn vore knytt til å opparbeide seg kompetanse på området. I 2014 har direktoratet mellom anna som oppdrag å styrkje kommunar og andre sektorstyresmakter sin kompetanse på likestilling og ikkje-diskriminering.

I samarbeid med Kunnskapsdepartementet har BLD gitt midlar til Snöball Film for utarbeiding av fire kortfilmar om likestilling og kjønnsroller. Filmane handlar mellom anna om utdanningsval og det kjønnsdelte arbeidslivet, kjønn og familieliv/foreldreskap og kjønn og makt. I tilknyting til filmane har Snöball også utarbeidd eit undervisningsopplegg for lærarar. Filmane og undervisningsopplegget blei distribuert til alle ungdomsskolane i landet vinteren 2014.

Prøveprosjektet ved Gáldu, Likestilling og mangfold i det samiske samfunnet, som blei initiert av BLD saman med Sametinget og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, blir avslutta i 2014. Rapport frå prosjektet vil kome våren 2015.

Etnisitet

Bufdir har frå 2014 ansvar for å følgje opp direktoratsoppgåver knytte til arbeidet med å motverke etnisk diskriminering. Senter for kunnskap og likestilling (KUN) har gjennomført eit prosjekt som har undersøkt korleis ulike offentleg eigde føretak vurderer nytten av etnisk mangfald i sine styre, og kva tiltak som kan få fleire med minoritetsbakgrunn til å delta i slike styre. Funna visar at medvitet om etnisk mangfald er lågt, og at personlege nettverk er sentrale i rekrutteringsprosessane, noko som har negative konsekvensar for etniske minoritetar.

Departementet har i 2014 støtta den nasjonale kampanjen Stopp hatprat på nett. Kampanjen er knytt til Europarådets kampanje Young people combating hate speech online. Midlane skal nyttast til å førebyggje diskriminering, trakassering og hatefulle ytringar på Internett og støtte ungdom og grupper i samfunnet som kan vere spesielt utsette for dette. Tiltaket skal motverke diskriminering på grunn av kjønn, etnisitet og religion, seksuell orientering og nedsett funksjonsevne. Skeiv Ungdom tok i mot midlane på vegner av Stopp hatprat-komiteen.

Nedsett funksjonsevne

Meld. St. 45 (2012–2013) Frihet og likeverd – Om mennesker med utviklingshemming blei send til Stortinget i juni 2013. Meldinga blei behandla i februar 2014.

Handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelighet 20092013 blei avslutta i 2013. Ei ekstern evaluering av handlingsplanen konkluderte med at den breie satsinga i mange sektorar har gitt resultat som svarer bra på arbeidet for eit universelt utforma samfunn innan 2025. Det er innhenta synspunkt frå fagmiljø og organisasjonar gjennom breie innspelsprosessar. Desse støtta konklusjonane i den eksterne evalueringa. Fleire av dei viktige tiltaka i handlingsplanen er førte vidare i 2014.

Deltasenteret i Bufdir er det statlege kompetansesenteret for deltaking og tilgjengelegheit. I 2013 blei det gjennomført ein nordisk/russisk konferanse om universell utforming i transportsektoren på Nordkalotten. Nye innsikter om moglegheiter og felles utfordringar i samband med universell utforming i nordlege strøk kom fram, og faglege samarbeid er ført vidare etter konferansen.

Programmet UnIKT er oppretta for å styrkje arbeidet med digital deltaking og medverke til at fleire digitale satsingar kan bli til nytte for heile befolkninga. Programmet legg stor vekt på å byggje nettverk mellom statsetatar, fagmiljø og brukarmiljø, og har sett i gang fleire aktivitetar for auka innovasjon og samarbeid om inkluderande løysingar.

Det er gitt driftstilskot til organisasjonar for funksjonshemma, tilskot til ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne og tilskot til likemannsarbeid. Bufdir forvaltar ordninga, og fram til og med 2013 blei midlane fordelte av ei eiga nemnd. Det er vedteke nytt regelverk som vart sett i kraft i 2014. Det er lagt vekt på forenkling og ei meir gjennomsiktig og rettferdig tilskotsordning som kan etterprøvast. Ungdomsorganisasjonar kan no søkje tilskot. Det er oppretta eit eige tilskot til organisasjonar som ønskjer å slå seg saman.

Regjeringa sette hausten 2014 i gang arbeidet med rapportering på FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Frå og med 2013 har Nasjonalt senter for kunnskap om seksuell orientering og kjønnsidentitet, Lhbt-senteret, vore i permanent ordinær drift. Senteret, som ligg under Bufdir, er eit kompetansesenter for kunnskap om seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, som skal vere tilgjengeleg for alle offentlege og private aktørar.

I samband med at handlingsplanen Bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner blei avslutta i 2013, blei det arrangert ein kunnskapskonferanse, LHBT: Status 2013, i Oslo. Ein oppsummerande rapport frå statuskonferansen blei lagd fram våren 2014.

To viktige forskingsrapportar blei lanserte under konferansen. Rapporten Seksuell orientering og levekår, gjennomført av Uni Helse, viser at sjølv om det har vore ei positiv utvikling på ein del område, finst det også reelle utfordringar, mellom anna knytte til psykisk helse blant lhbt-personar. Det er ein for stor prosentdel av lhbt-befolkninga som har vurdert å ta sitt eige liv. Det er framleis ein lang veg å gå når det gjeld haldningar til lhbt-personar i den norske befolkninga. Bifile skårar dårlegare enn lesbiske og homofile på fleire område, dette gjeld særleg kvinner. Transpersonar er ei særleg sårbar gruppe. Fafo presenterte ein rapport som ser på levekår blant lhbt-personar med ikkje-vestleg etnisk minoritetsbakgrunn. Denne gruppa har fleire og samansette utfordringar, mellom anna risiko for diskriminering, vald og trakassering knytt til det å vere open i innvandrarmiljø og i eigen familie. Samtidig opplever mange problem i samband med det å bli inkludert i etnisk norske lhbt-miljø. Rapportar og oppdatert kunnskap vil vere grunnlaget for å vurdere den vidare innsatsen på området og arbeidet til Lhbt-senteret i Bufdir framover.

Den tverrdepartementale innsatsen på nasjonalt nivå, nedfelt i planen Bedre livskvalitet for lhbt-personer 2009–2012 blei evaluert i 2013 av Bufdir. Evalueringa konkluderer mellom anna med at det er viktig å føre arbeidet vidare gjennom ein koordinert og planmessig innsats.

Strategiar og tiltak for 2015

Melding til Stortinget om likestilling

Regjeringa vil leggje fram ei melding til Stortinget om likestilling mellom kvinner og menn. Sentrale tema for meldinga skal mellom anna vere oppvekst, utdanning og arbeid, næringsliv/entreprenørskap, vald og helse. Både manns- og minoritetsperspektiv vil vere gjennomgåande.

Likestilling i arbeids- og familieliv

Arbeidsmarknaden er eit viktig område for å skape reell likestilling. Arbeids- og sosialdepartementet, BLD og partane i arbeidslivet vil føre vidare trepartssamarbeidet for å auke likestillinga i arbeidslivet. I Arbeidsgruppe for likestilling i arbeidslivet vil styresmaktene og partane arbeide for mellom anna å minske kjønnsbaserte lønnsforskjellar, bryte opp den kjønnsdelte arbeidsmarknaden og hindre ufrivillig deltid.

Oppsummering av handlingsplanen Likestilling 2014

Handlingsplanen Likestilling 2014 går ut ved årsskiftet, og alle tiltak skal da vere avslutta. Departementet stod for ein halvvegsrapport i 2013, og ein tek sikte på også å kome med ei sluttoppsummering. Departementet har gitt dette oppdraget til Bufdir. Sluttrapporten er eit ledd i arbeidet med meldinga om likestilling mellom menn og kvinner som skal fremmast for Stortinget i 2015.

Forsking

CORE skal framleis vere eit kjernemiljø for forsking om likestilling og ein kompetansebase for likestilling og arbeidsliv for ulike aktørar som søkjer kunnskap om feltet.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Bufdir skal framleis vere fagorgan for kjønnslikestillingsfeltet og halde fram med arbeidet sitt der. Bufdir skal vere gjennomføringsorgan for likestillingspolitikken og styrkje kommunar og andre sektorstyresmakter sin kompetanse på likestilling og ikkje-diskriminering. Ved sida av fagleg utviklingsarbeid skal Bufdir forvalte ulike tilskotsordninger på familie- og likestillingsområdet.

Reform og likestillingssentera

Reform – ressurssenter for menn, Likestillingssenteret og KUN – senter for kunnskap og likestilling, er frie og viktige kunnskaps- og ressurssenter for å fremme likestilling og mangfald. BLD vil føre vidare driftstilskota til Likestillingssenteret og KUN. Tilskota til Reform og prosjektstøtta til Senter for likestilling ved Universitetet i Agder skal føres vidare. Likestillingssentera skal følgje opp lokale og regionale verksemder gjennom opplæring, rettleiing og erfaringsutveksling i arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering. Reform har som hovudoppgåve å fremme eit mannsperspektiv og deltaking frå menn si side i likestillingsarbeidet. Tilskota blir forvalta av Bufdir.

Felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov

Regjeringa har som mål at alle skal ha like moglegheiter og fridom til å gjere eigne val. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern for alle. Det lovbestemte vernet mot diskriminering er i dag spreidd på fleire lover – diskrimineringslova om seksuell orientering, diskrimineringslova om etnisitet, likestillingslova og diskriminerings- og tilgjengelova, i tillegg til enkelte reglar i andre lover. Departementet arbeider med ei ny felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov. Målet er eit meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. Departementet tek sikte på å sende forslag til ei felles diskrimineringslov på høyring i 2015.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Det er framleis behov for å styrkje dei grunnleggjande rettane for lhbt-personar og motverke diskriminering pga. seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

For å sikre ei god koordinering og forankring av arbeidet framover vil BLD, i samråd med andre departement, arbeide vidare med ein målretta og systematisk innsats frå 2015 på basis av oppdatert kunnskap og forsking. Lhbt-organisasjonar og andre relevante aktørar vil bli involverte i dette arbeidet.

Tiltak mot tvangsekteskap, kjønnslemesting og alvorlege inngrep i unges fridom

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom. Departementet viser til delmål 4.3 for nærmare omtale.

Etnisitet

I 2014 starta departementet i samarbeid med andre departement og underliggjande verksemder eit arbeid med å samle ny kunnskap og tilrådingar vedrørande etnisk diskriminering. Dette arbeidet vil danne grunnlag for ein målretta og systematisk innsats mot etnisk diskriminering frå 2015.

Bufdir fekk i 2014 ansvar for å følgje opp direktoratsoppgåver knytte til arbeidet med å motverke etnisk diskriminering. Bufdir har frå før oppgåver knytte til nedsett funksjonsevne, kjønn og lhbt. I 2015 vil Bufdir bli involvert i dei fleste oppgåvene når det gjeld arbeidet mot etnisk diskriminering.

Departementet tek sikte på, saman med fleire andre departement, å initiere ei undersøking om nordmenns haldningar til jødar og andre etniske og religiøse minoritetar. Prosjektet vil starte opp i 2015. Bakgrunn for den nye undersøkinga er Senter for studier av Holocaust og andre livssynsminoriteter si studie frå 2012 som dokumenterte at det var utprega fordommar og skepsis mot mellom anna jødar, muslimar og rom i Noreg. Det kan vere behov for ei ny undersøking, mellom anna for å sjå om dette har endra seg over tid

Nedsett funksjonsevne

Regjeringa vil følgje opp oppmodingsvedtaket nr. 357 (2013–2014) om å setje ned eit utval som skal føreslå eigna og konkrete tiltak for å styrkje dei grunnleggjande rettane til personar med utviklingshemming.

Sjølvbestemming, rettstryggleik, kvalitet i opplæringa, deltaking i arbeid, gode og normaliserte bustadforhold og god helse og omsorg vil vere viktige innsatsområde for å oppnå dei politiske måla. Gjennomføring av politikken krev koordinert innsats innanfor ulike sektorar. Regjeringa vil føre vidare Informasjons- og utviklingsprogrammet for menneske med utviklingshemming. Bufdir vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å oppdatere og følgje opp både informasjons- og utviklingsprogrammet og tiltaka i stortingsmeldinga.

Regjeringa si visjon er eit samfunn der alle kan delta. Regjeringa vil arbeide vidare for eit universelt utforma samfunn. Det er difor sett i gang eit arbeid for å utvikle ein handlingsplan for universell utforming som skal gjelde for perioden 2015–2019. Planen skal ha hovudvekt på IKT og velferdsteknologi. Det blir innhenta synspunkt frå fagmiljø og organisasjonar gjennom breie innspelsprosessar. Planen utarbeidast i samarbeid med andre aktuelle departement. Stortinget har oppmoda regjeringa, jf. oppmodningsvedtak nr. 106, 5. desember 2012, om å leggje fram eit forslag til ein framdriftsplan for å nå visjonen om eit universelt utforma samfunn fram mot 2025. Regjeringa vil vurdere korleis dette eventuelt kan følgjast opp.

I 2015 vil Deltasenteret jobbe vidare med å innhente og utvikle kunnskap om universell utforming, og i tillegg halde oversikt over status og framdrift innan universell utforming i samfunnet. Deltasenteret vil òg prioritere å trekkje fleire internasjonale erfaringar heim til norske aktørar, i tillegg til å bringe norske erfaringar ut til våre nordiske og europeiske samarbeidspartnarar.

På oppdrag frå BLD er Bufdir i gang med å etablere eit system for dokumentasjon av levekåra til menneske med nedsett funksjonsevne.

I samband med rapporteringa på FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne kan det sivile samfunnet sende inn ein skuggerapport som alternativ til den statlege rapporten. Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) vil få i oppdrag å koordinere arbeidet med ein skuggerapport i samarbeid med dei andre organisasjonane for menneske med nedsett funksjonsevne. Departementet vil i 2015 gi tilskot til arbeidet med skuggerapporten.

Delmål 4.2 Eit godt og effektivt handhevingsapparat

Under dette delmålet blir det gjort greie for handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda handhevar mellom anna lov om forbud mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, likestillingslova, lov om etnisk diskriminering og diskriminerings- og tilgjengelova.

Resultatrapport 2013/2014

Likestillings- og diskrimineringsombodet

I 2013 fekk Likestillings- og diskrimineringsombodet 1 448 spørsmål om rettleiing og 187 klagesaker. Dei fleste som tek kontakt med ombodet, opplever at dei blir urettferdig behandla på grunn av kjønn eller funksjonsevne. Dei fleste sakene gjeld diskriminering i arbeidslivet, etterfølgd av saker om forhold knytte til privat og offentleg vare- og tenesteyting, og om forskjellsbehandling i møte med offentleg forvalting.

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

Nemnda fekk 51 nye saker til behandling frå Likestillings- og diskrimineringsombodet i 2013. I tillegg fekk nemnda ei oppmoding om å gjere om eit tidlegare vedtak frå nemnda. Totalt fekk dermed nemnda 52 saker i 2013.

Det blei halde 11 møte og behandla til saman 55 saker i nemnda i 2013. Budsjettet for 2014 blei auka med 220 000 kroner samanlikna med budsjettet for 2013 for å dekkje inn kostnader med fleire møte i nemnda.

Organiseringa av nemnda vart endra med verkning frå og med 1. januar 2014, jf. Prop. 88 L (2012–2013). Endringane inneberer mellom anna at antall medlemmer i nemnda er økt fra 12 til 16 (10 ordinære medlemmer og seks varamedlemmer), jf § 5. Hensikten med omorganiseringen var å effektivisere nemndas saksbehandlingskapasitet.

Strategiar og tiltak for 2015

For at diskrimineringslovgivinga skal vere effektiv, er det sentralt at handhevingsapparatet har nødvendig gjennomslagskraft. Dette er eit viktig spørsmål i samband med arbeidet med ei ny, felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov. Departementet har sett i gang ei utgreiing av handhevingsapparatet. Arbeidsforskingsinstituttet skal vurdere kva endringar som eventuelt må gjerast, mellom anna med saksbehandlingsforma, samansetjinga og ressursane i Likestillings- og diskrimineringsnemnda, for å leggje til rette for at krava til rettstryggleik blir følgde dersom nemnda skal få avgjerdsmakt i saker om seksuell trakassering og avgjerdsmakt til å gi oppreisning. Utgreiinga skal leverast til departementet i desember 2014, og resultata vil bli vurderte i samband med arbeidet med ei ny ikkje-diskrimineringslov.

Delmål 4.3 Offentlege tenester tilpassa mangfaldet i befolkninga

BLD har det overordna samordningsansvaret i politikken retta mot barn og unge, likestilling og ikkje-diskriminering og integrering av innvandrarar og barna deira. Den enkelte sektorstyresmakta har det faglege ansvaret for å utvikle offentlege tenester innan eigen sektor som er tilgjengelege, tilpassa behova til brukarane og av ein kvalitet som er i tråd med det den enkelte har krav på. Offentlege styremakter har eit sjølvstendig ansvar for å sikre at kvaliteten på tenestene er tilpassa behova til brukarane, og at dei er tilgjengelege for alle, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, religion og livssyn.

Strategiar og tiltak under dette delmålet blei omtalte under delmål 3.1 Eit godt grunnlag for å vidareutvikle politikken for likestilling mellom kjønna og delmål 4.1 Gode verkemiddel mot diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne i Prop. 1 S (2013–2014).

Resultatrapport 2013/2014

Likestilling og ikkje-diskriminering

Bufdir fekk i 2013 i oppgåve å utvikle eit system for dokumentasjon av levekåra og livssituasjonen til personar med nedsett funksjonsevne. I 2014 har Bufdir utvikla dokumentasjonssystemet til også å gjelde dei andre diskrimineringsgrunnlaga. Dette inkluderer vurdering av eksisterande indikatorar, og utvikling av eventuelle nye indikatorar for alle grunnlaga. Indikatorane bør så langt som mogleg også reflektere relevante indikatorar som Noreg rapporterer på i internasjonal samanheng, spesielt til FN. Bufdir må sikre god tilgjengelegheit til dei dataa som blir utarbeidde. Frå 2014 har Bufdir hatt ansvaret for å følgje opp rammeavtala mellom BLD og SSB om koordinering av likestillingsrelatert statistikk.

Likestillings- og diskrimineringsombodet gjennomførte i 2013–2014 prosjektet Ein likeverdig skule for alle. Eit delprosjekt har handla om kvifor ein likeverdig skole for barn med rombakgrunn framleis er ei utfordring i Noreg, og korleis offentlege styresmakter kan oppfylle retten deira til likeverdig opplæring. Gjennom prosjektet har skolemyndigheitene fått auka innsikt i korleis diskriminering går føre seg i skolen. Elevane på åttande trinn har gjennom workshops fått auka kunnskap om kva diskriminering er, om kva rettar dei har, og kvar dei kan søkje hjelp dersom dei meiner at dei blir diskriminerte.

Innvandrarar og barna deira

Kunnskap

Det er eit mål at offentlege tenester skal være tilpassa behova i befolkninga. Ein føresetnad for dette er god kunnskap om endringane i samfunnet og om behova til befolkninga. BLD har i 2013 vidareført samarbeidet med SSB om utvikling og vedlikehald av statistikk og analysar om migrasjon, integrering og levekår.

BLD støttar:

  • programmet for forsking på Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) i regi av Noregs forskingsråd

  • program for forsking og sivilsamfunn og frivillig sektor

  • Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet

  • Transatlantic council on Migration

  • programmet Kjønnslemlesting i norsk kontekst hos Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS).

Mål for integrering er eit indikatorverktøy for å syne utvikling over tid på sentrale område for innvandrarar i Noreg. Dette verktøyet er viktig for å samordne integreringspolitikken. Formålet er å forankre det ansvaret styresmaktene har for integrering på eigne område. Det er åtte departement som er med i ordninga, og kvart departement rapporterer på sine indikatorar i eigen budsjettproposisjon. Den samla rapporteringa er å finne i del III i BLD sin proposisjon.

Arbeid mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom.

Regjeringa har ei rekke tiltak på området tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom. Viktige tiltak er minoritetsrådgivarar på ungdomsskolar og vidaregåande skoler, integreringsrådgivarar ved utanriksstasjonane, Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting og innføring av regionale koordinatorstillingar ved IMDis regionkontor. I tillegg er det utvikla ein app, #meg, som er ein app til hjelp for ungdom som er i fare for, eller som blir utsett for, tvangsekteskap i Noreg og i utlandet. Rapport om Transnasjonal oppvekst utarbeidd av institutt for samfunnsforsking bidrar med viktig innsikt til dette arbeidet.

Bruk av tolk

Alle fagstyresmakter har ansvar for å sikre god kommunikasjon og at alle i befolkninga får del i tenestetilbodet. Bruk av tolk vil i mange tilfelle vere nødvendig for å ta vare på rettstryggleiken til brukarane, og for at det offentlege skal kunne utføre oppgåvene sine. IMDi er nasjonal fagstyresmakt for tolking i offentleg sektor. Årlege kartleggingar utført av IMDi viser eit stort underforbruk av tolk i offentleg sektor samanlikna med behovet. Relativt ofte blir slektningar og barn nytta som tolk, og fleire etatar manglar rutinar for å kontrollere kvalifikasjonane til tolken. Eit lovforslag som skal hindre bruk av barn som tolk, er sendt på høyring.

IMDi samarbeider med Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), som har ansvaret for statsautorisasjonsordninga for tolkar, for å sikre at utdanningstilbodet er tilpassa det behovet samfunnet har for tolkar i ulike språk.

Tolkeutdanning og ei autorisasjonsordning skal medverke til å sikre kvaliteten på tolketenester. Eit nasjonalt tolkeregister drive av IMDi skal gjere tilgangen på tolkar enklare. Tolkeregisteret har 1218 tolkar i 65 språk per 30. juni 2014. Av desse er 64 prosent i dei tre høgaste kvalifikasjonskategoriane, mot 60 prosent ved utgongen av 2013.

Områdesatsing og gratis kjernetid i barnehagar

I nokre område med store og samansette levekårsutfordringar går stat og kommune saman om ein ekstra innsats: Groruddalen, Søndre Nordstrand og Indre Oslo Aust i Oslo, og Drammen, Saupstad i Trondheim og Årstad i Bergen.

For Groruddalen har staten og Oslo kommune inngått ein avtale for perioden 2007–2016 om ei brei og heilskapleg satsing for å betre miljø- og levekår. BLD har det overordna ansvaret for staten sin innsats på felta oppvekst, utdanning, levekår, folkehelse, kulturaktivitetar og inkludering.

I 2014 blei det sett av om lag 59 mill. kroner frå staten til ekstraordinære tiltak til dette.

Staten og Oslo kommune har òg inngått ein intensjonsavtale om Handlingsprogram Oslo Sør for perioden 2008–2017. Dette er eit forpliktande samarbeid for å betre oppvekst- og levekåra i bydel Søndre Nordstrand. Staten har gitt i underkant av 18 mill. kroner i ekstraordinære midlar til dette handlingsprogrammet i 2014. Støtte til skoleutviklingsprosjektet kjem i tillegg. Også i Handlingsprogram Oslo Sør har ein arbeidd med barn og oppveksttiltak, særleg når det gjeld språk og skole, og med styrking av foreldrerolla, i tillegg til auka deltaking i arbeidslivet og frivillige aktivitetar. Folkehelsetiltak har vore retta mot innvandrarbefolkninga i bydelen og har fokusert på betre kosthald og fysisk aktivitet.

I 2014 har staten og Oslo kommune samarbeidd om ein særleg innsats for indre Oslo aust. Staten bidrog med om lag 25 mill. kroner. Løyvinga er fordelt over budsjetta til fleire departement. Satsinga har omfatta nærmiljøtiltak og tilskot til bustad-, by- og områdeutvikling, tilskot til helsetenester, sosiale tenester og integreringstiltak. På BLDs budsjett blei det gitt 1,85 mill. kroner til tiltak som bidreg til at bebuarar med innvandrarbakgrunn i området får betre sjanse til å bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet. Det er også gitt midlar til ferie- og fritidsaktivitetar frå den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom. I 2014 er det òg gitt 7 mill. kroner til ei områdesatsing i Fjell i Drammen over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Staten har sidan 2006 finansiert forsøk med gratis kjernetid i barnehage i nokre utvalde område med ein stor prosentdel barn med innvandrarbakgrunn. Hovudformålet med forsøket er å førebu barn på skolestart ved å medverke til sosialisering og betre kunnskapen i norsk hos barn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Forsøket er òg eit viktig tiltak i områdesatsingane.

Fram til august 2014 innebar forsøket at alle barna i aktuelle årskull i områda fekk tilbod om gratis opphald i barnehage 20 timer i veka. Målgruppa har hovudsakleg vore fire- og femåringar. I barnehagen får barna systematisk språkstimulering, og foreldra får tilbod om språkopplæring og foreldrerettleiingsprogram. I 2014 omfatta forsøket seks bydelar i Oslo (dei fire bydelane i Groruddalen og bydelane Søndre Nordstrand og Gamle Oslo), to område i Drammen (Fjell og delar av Strømsø) og tre skolekrinsar i Årstad i Bergen.

Gratis kjernetid har medverka til at barnehagedeltakinga har auka i forsøksområda. I Oslo, som har hatt forsøket lengst, har nesten alle som begynner på skole, gått i barnehage. Førebelse resultat frå ei evaluering frå SSB viser ein positiv effekt av forsøket på skoleresultat i første klasse for elevar med innvandrarbakgrunn, særleg i norsk og særleg for jenter. Evalueringa av forsøket skal vere ferdig mot slutten av 2014.

Frå august 2014 blei det sett i gang prøveprosjekt med å målrette forsøket mot familiar med låg inntekt i bydel Gamle Oslo, Bergen og Drammen. Fleire aldersgrupper blei da innlemma i forsøket. Samtidig blei det innført krav om at foreldra til barn i forsøket skal delta i aktivitet. Forsøka i bydelane i Groruddalen og i Søndre Nordstrand blir førte vidare utan endringar i den perioden områdesatsingane varer.

Hausten 2013 starta regjeringa eit forsøk med gratis deltidsplass i skolefritidsordninga. Formålet med forsøket er å sjå om gratis aktivitetsskole kan gi elevar betre føresetnader for å lykkast i skolen, og om det kan føre til at skolekrinsen blir meir attraktiv. Forsøket blir gjennomført for elevar på 1.–4. trinn på Mortensrud skole med gratis deltidsplass i aktivitetsskolen, som ein del av Handlingsprogram Oslo Sør. Skolen rapporterer at deltakinga i aktivitetsskulen har auka frå 30 til 87 prosent, og at samarbeidet med foreldra er betre. Forsøket blir gjennomført i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og er planlagt avslutta i 2017.

Strategiar og tiltak for 2015

Offentlege tenester må vere tilpassa behova til befolkninga. Dersom tilgangen til og kvaliteten på tenestene er godt tilpassa brukarane, kan dei medverke til sosial utjamning og rettferdig fordeling. Dei enkelte fagstyresmaktene har ansvar for tenestetilboda til alle innanfor sitt område.

Oppgåver knytte til arbeidsliv, barnehage, skole og utdanning, helse og bustad ligg innanfor ansvarsområda til andre departement. BLD skal medverke til at fagstyresmaktene tek hand om det ansvaret dei har i likestillingspolitikken, barne- og ungdomspolitikken og integreringspolitikken.

Likestilling og ikkje-diskriminering

I 2013 fekk Bufdir i oppdrag lage eit kompetansehevingsopplegg for å styrkje kompetansen til kommunar og andre sektorstyresmakter når det gjeld likestilling og ikkje-diskriminering. Arbeidet med kompetanseheving har eit langsiktig perspektiv og skal halde fram i 2015. Bufdirs arbeid med å utvikle indikatorar og dokumentasjon når det gjeld likestilling og ikkje-diskriminering, har òg eit langsiktig perspektiv òg skal halde fram i 2015.

God kunnskap er viktig for å fremme deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne. Bufdir har etablert eit system for å dokumentere levekåra og livssituasjonen for menneske med nedsett funksjonsevne. Målet er å medverke til betre kunnskap om måloppnåing og effekten av verkemidla som er etablerte på området. Bufdir arbeider også for å byggje opp kompetanse i ulike delar av forvaltinga og tenesteapparatet om dei verdiane og måla som ligg til grunn i politikken for menneske med utviklingshemming.

Barnevern

Alle barn og unge i barnevernet skal ha same moglegheiter på alle område i livet som andre. Barnevernet må ha eit mangfaldsperspektiv for å dekkje dei ulike behova. Dei tiltaka som blir utvikla og sette i verk i statleg eller kommunalt barnevern, skal gi god hjelp til alle barn og foreldre.

BLD vil i 2015 leggje vekt på å styrkje barnevernet med utgangspunkt i eit brukarperspektiv. Det inneber at:

  • tilgangen til og kvaliteten på tenestene må tilpassast historia, situasjonen og behova barna har, slik at dei kan meistre livet sitt og utvikle evnene sine

  • barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får rett hjelp og omsorg til rett tid

  • barnevernstenestene for barn og ungdom må vere godt samordna

  • barnevernet må høyre barn og aktivt gi dei høve til å medverke i si eiga sak

  • barnevernet betrar tilbodet til foreldre etter omsorgsovertaking, og gir betre støtte til foreldra under samvær med barna.

Vidare vil mellom anna arbeidet med å rekruttere fleire fosterfamiliar frå grupper som i dag er underrepresenterte, som minoritetar, halde fram.

Departementet viser til programkategori 11.20 for meir informasjon om dette arbeidet.

Innvandrarar og barna deira

Departementet legg stor vekt på å underbyggje politikk og tiltak som gjeld innvandrarar og barna deira, med god og påliteleg kunnskap. Dette er ein føresetnad for at BLD skal ta hand om samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa skal kunne ta hand om ansvaret sitt. Samarbeidet med SSB om statistikk som gjeld innvandring, integrering og levekår blant innvandrarar og barna deira, vil bli ført vidare. Forskingsprogramma Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM), Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017, Konsortium for forsking om terrorisme og internasjonal kriminalitet, og Transatlantic Council on Migration og Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) vil få støtte.

Kunnskapsinnsatsen i 2015 skal aukast. Regjeringa vil gi SSB i oppdrag å gjennomføre ei ny stor undersøking om levekår blant innvandrarar.

Regjeringa fører vidare indikatorverktøyet Mål for integrering. BLD vil jobbe vidare med å utvikle indikatorane saman med dei andre departementa.

Regjeringa vil styrke arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom, og dei ulike tiltaka vil bli følgjeevaluert. I 2015 blir det ein auke i talet på plassar ved bu- og støttetilbodet for personar utsett for tvangsekteskap. Departementet vil arbeide med vidareutvikling av appen #meg, kompetanseheving spesielt retta mot personalet i krisesentra, til forsking samt til å betre det nordiske samarbeidet på området.

Arbeidet for at likeverd og rettsvern i offentleg tenesteyting ikkje skal svekkjast av språkbarrierar vil bli ført vidare. Tilgang på kvalifiserte tolkar medverkar til å styrkje rettstryggleiken til individet. Det langsiktige målet er at flest mogleg av tolkane i Nasjonalt tolkeregister skal ha statsautorisasjon og tolkeutdanning.

Det er viktig med gode system for rekruttering og kvalifisering for å møte behovet for tolkar i framtida. Det er òg viktig at offentleg sektor ha kunnskap om bruk av tolk. Styresmaktene og kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å utvikle gode rutinar for bestilling, betaling og bruk av kvalifisert tolk. Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har utvikla eit kursopplegg for kommunikasjon via tolk. Målet er at HiOA skal kunne gi eit permanent opplæringstilbod for tilsette i offentleg sektor.

Regjeringa føreslår å omprioritere 1,2 mill. kroner for å leggje til rette for at fleire kan kvalifisere seg i tospråklig sjekk for potensielle tolkar og i tolkens ansvarsområde.

Eit offentlig utval la hausten 2014 fram forslag til korleis offentlege tenesteytarar på ein effektiv måte kan organisere bruken av tolk i tenesteytinga si. Denne vil liggje til grunn for vidare arbeid på tolkefeltet. Sluttføring av arbeidet for ei lovregulering som hindrar bruk av barn som tolk vil stå sentralt i arbeid for betre bruk av tolk i offentleg tenesteyting. Tolk skal ikkje brukast som erstatning for krav til den enkelte om å lære seg norsk.

Enkelte område i større byar har særskilde utfordringar knytte til dårlege levekår. Personar med innvandrarbakgrunn er ofte overrepresenterte i desse områda. Områdesatsing skal medverke til å betre levekåra ved å sjå fleire verkemiddel i samanheng og til å skape synergieffektar av statlege og kommunale midlar. Regjeringa fører vidare områdesatsingar i Groruddalen, i bydel Søndre Nordstrand og i indre Oslo aust, i tillegg til områderetta tiltak i Drammen og Bergen.

For å leggje til rette for at barn som ikkje har norsk eller samisk som morsmål, skal meistre norsk så godt som mogleg ved skolestart, ønskjer regjeringa framleis å stimulere til auka deltaking i barnehage i nokre område som har ein stor prosentdel barn med innvandrarbakgrunn. I 2015 vil regjeringa styrkje forsøket med gratis kjernetid i barnehage med 20 mill. kroner. Regjeringa vil føre vidare prøveprosjektet som blei sett i gang hausten 2014 med å målrette forsøket mot familiar med låg inntekt i bydel Gamle Oslo, Bergen og Drammen. Det er òg innført krav om at foreldra til barn i forsøket skal delta i aktivitet.

Forsøket med gratis deltidsplass i aktivitetsskolen, som ein del av Handlingsprogram Oslo Sør, blir ført vidare.

Nærmare om budsjettforslaget:

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

840

Krisetiltak

112 185

117 312

121 086

3,2

841

Samliv og konfliktløysing

25 025

30 891

31 574

2,2

842

Familievern

375 326

392 498

426 547

8,7

843

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

4 324

4 807

4 843

0,7

844

Kontantstøtte

1 210 693

1 414 000

1 777 500

25,7

845

Barnetrygd

15 190 248

15 110 000

15 235 000

0,8

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

75 763

53 187

47 533

-10,6

847

Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

227 881

221 379

223 621

1,0

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

54 140

54 035

54 035

0,0

Sum kategori 11.10

17 275 585

17 398 109

17 921 739

3,0

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

3842

Familievern

5 482

637

658

3,3

3846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

326

Sum kategori 11.10

5 808

637

658

3,3

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01-23

Drift

309 707

318 692

341 502

7,2

50-59

Overføringer til andre statsregnskaper

57 063

57 060

57 144

0,1

60-69

Overføringer til kommuner

78 699

77 500

79 980

3,2

70-98

Overføringer til private

16 830 116

16 944 857

17 443 113

2,9

Sum kategori 11.10

17 275 585

17 398 109

17 921 739

3,0

Kap. 840 Krisetiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter

2 839

3 527

3 124

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

76 801

77 500

79 980

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01

32 545

36 285

37 982

Sum kap. 0840

112 185

117 312

121 086

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga vil bli nytta til å finansiere rettleiingsopplegget retta mot foreldre og føresette som ein del av oppfølginga av tiltak 19 i Handlingsplanen mot radikalisering og voldelig ekstremisme, tiltak i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar Et liv uten vold (2014–2017), vidare oppfølging av handlingsplanen mot valdtekt og andre valdsførebyggjande tiltak, mellom anna til tiltak knytte til krisesentertilbodet i kommunane.

Departementet føreslår ei løyving på 3,1 mill. kroner i 2015.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 22 incestsenter og eitt valdtektssenter. Tilskotsordninga blir forvalta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) etter retningslinjer som departementet har gitt i rundskriv Q-22. I rundskrivet er det òg gitt rammer for ordninga:

Mål

Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep og valdtekt, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet og med god tilgjenge gjennom å mogleggjere drifta av incest- og valdtektssentera.

Kriterium for tildeling

Tilskota blir tildelte etter søknad. Rundskrivet frå BLD stiller nærmare krav til sentera som kan søkje om tilskot.

Finansieringa er delt mellom stat og kommune, slik at 20 prosent kommunalt tilskot, og eventuelt tilskot frå helseføretak eller fylkeskommunen, utløyser 80 prosent statleg tilskot. Statstilskotet er øyremerkt.

Oppfølging og kontroll

Incestsentera og valdtektssentera skal utarbeide årsrapport og statistikk for verksemda. Vertskommunen for det enkelte incestsenteret eller valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og har ansvar for økonomiforvalting.

Bufdir og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll av at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2015

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga i 2014. Departementet føreslår ei løyving på om lag 80 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak o.a., kan nyttast under kap. 858, post 01

Løyvinga dekkjer tilskot til ulike valdsførebyggjande tiltak og tiltak for å auke kunnskapen på valdsfeltet.

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til vold (ATV) som ledd i arbeidet for å etablere eit landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. Det er gitt tilskot til drift av eksisterande ATV-kontor.

Løyvinga har dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) og tilskot til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane) sitt arbeid for kompetanseheving, nettverksbygging o.a. innanfor det kommunale krisesentertilbodet og i incestsentera.

Løyvinga har òg dekt tilskot til Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte og til Kirkens Bymisjon til drift av Lauras Hus, som er eit tilbod til kvinner som er offer for menneskehandel. Det er gjort nærmare greie for desse aktivitetane under delmål 3.3.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til ATV, NKVTS, RVTS-ane og Kirkens Bymisjon (Lauras Hus) i 2015. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Delar av grunntilskotet BLD gir til NKVTS, har til no blitt løyvt over kap. 854, post 21. Departementet føreslår at grunntilskotet blir samla på kap. 840 Krisetiltak. Ein føreslår derfor å auke løyvinga på kap. 840, post 70 mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 21.

Løyvinga dekkjer òg ei tilskotsordning til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar. Tilskot til Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte inngår som ein del av ordninga. Ordninga blir forvalta av Bufdir. Desse overordna rammene blir lagde til grunn for tildeling av tilskot i 2015:

Mål

Tilskotsordninga skal bidra til å mogleggjere drift og konkrete tiltak i regi av ideelle organisasjonar som har hatt arbeid mot vald i nære relasjonar som si kjerneverksemd. Tilskotsordninga skal òg leggje til rette for at ideelle organisasjonar, stiftingar og institusjonar får høve til å bidra til debatt og haldningsendringar og fremme deltaking og kunnskap på området. Ordninga består av drifts- og aktivitetstilskot.

Kriterium for tildeling

Tilskota blir tildelte etter søknad. Tildelingskriteria går fram av retningslinjene for tilskotsordninga.

Tilskota skal mellom anna bidra til at regjeringa når måla i handlingsplanane mot vald i nære relasjonar (inkludert handlingsplanen mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting).

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Det er utarbeidd nærmare retningslinjer for tilskotsordninga.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på om lag 38 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

10 567

12 764

13 185

22

Opplæring, forsking, utvikling mv.

4 548

7 031

6 927

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

6 856

7 096

7 330

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858 post 01

3 054

4 000

4 132

Sum kap. 0841

25 025

30 891

31 574

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekning av reiseutgifter til foreldra i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter tilsvarande satsar som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Satsen er føreslått til 965 kroner per time frå 1. januar 2015. Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår ei løyving på 13,2 mill. kroner i 2015.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling o.a.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving av meklarkorpset. Bufdir forvaltar midlane til opplæring av meklarar.

Midlane skal vidare nyttast til å følgje opp Riksrevisjonens merknader knytte til forvaltinga av meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og styrkje kompetansen deira i å samtale med barn.

Midlane under posten skal òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen til kompetanseheving ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova.

Posten dekkjer òg utgifter til forvaltinga av barnelova og ekteskapslova.

Departementet føreslår ei løyving på 6,9 mill. kroner i 2015.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Divisjon for rettsmedisin og rusmiddelforsking ved Nasjonalt folkehelseinstitutt utfører alle DNA-analysar som er rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap, og departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer direkte av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap.

Departementet føreslår ei løyving på 7,3 mill. kroner på posten.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 858, post 01

Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Løyvinga blir forvalta av Bufdir. Ordninga har desse overordna rammene:

Mål

Det overordna målet med tilskotsordninga er å støtte opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje familie- og samlivsoppløysing.

Kriterium for tildeling

Midlane skal nyttast til to typar tiltak:

  1. lokale samlivskurs/samlingar for par

  2. utviklingstiltak i samlivsarbeidet

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar sender inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan sette i verk kontroll med at tilskotsmidlane blir nytta etter føresetnadane, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Det er gitt nærmare retningslinjer for tildelinga i rundskriv frå BLD. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene blir førte vidare i 2015.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 4,1 mill. kroner.

Kap. 842 Familievern

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

219 491

224 523

250 157

21

Spesielle driftsutgifter

16 802

24 727

28 415

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

139 033

143 248

147 975

Sum kap. 0842

375 326

392 498

426 547

Familievernet er ein del av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Bufdir leier dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvar for den faglege og administrative leiinga og drifta av familievernet. Familieverntenesta har familierelaterte problem som sitt fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter lov om ekteskap § 26 og § 51 i barnelova. Familievernkontora driv utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervisning retta mot hjelpeapparatet og publikum.

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til familievernet med til saman 15 mill. kroner. Regjeringa ønskjer å styrkje det førebyggjande arbeidet til familievernet og tilbodet familievernet har til valdsutsette familiar og familiar med høgt konfliktnivå. Satsinga vil auke kapasiteten til familievernet, slik at fleire kan få eit tilbod. Det blir lagt opp til digitalisering av informasjon og sentrale program for å auke tilgjenget og effektiviteten for brukarane av familievernet. Arbeidet med førebyggjing og tidleg innsats vil bli styrkt gjennom samarbeid med andre offentlege tenester, som til dømes helsestasjonar.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til faste stillingar, engasjement, ekstrahjelp og godtgjersle, og utgifter til varer og tenester i dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01), og dekkjer administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat.

Ved behandlinga av forslaget til tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2014 blei det vedteke å styrkje familievernet sin kompetanse og kapasitet i arbeidet med å følgje opp biologiske foreldre etter omsorgsovertaking av barnevernet. Dette blei gjort gjennom omdisponering av frigjorte midlar på kap. 854, post 21. Departementet føreslår at denne styrkinga blir ført vidare i 2015 og føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 842, post 01 med 6,9 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 854, post 21.

Departementet føreslår å auke løyvinga under post 01 med 12 mill. kroner som ledd i satsinga på familievernet.

Departementet føreslår ei løyving på 250,2 mill. kroner i 2015.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Midlane blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår å auke løyvinga under post 21 med 3 mill. kroner som ledd i satsinga på familievernet.

Departementet føreslår ei løyving på 28,4 mill. kroner i 2015.

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievern teneste o.a., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Dei kyrkjeleg eigde familievernkontora får midlar til drifta ved tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med inngått avtale om drift av familievernkontor. Løyvinga omfattar også tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss? (kap. 858, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01).

Departementet føreslår ei løyving på om lag 148 mill. kroner i 2015.

Kap. 3842 Familievern

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Diverse inntekter

912

637

658

15

Refusjon av arbeidsmarkedstiltak

33

16

Refusjon av foreldrepengar

938

18

Refusjon av sykepengar

3 599

Sum kap. 3842

5 482

637

658

Post 01 Diverse inntekter

Departementet føreslår ei løyving på 0,7 mill. kroner i 2015.

Kap. 843 Likestillings- og diskrimineringsnemnda

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

4 324

4 807

4 843

Sum kap. 0843

4 324

4 807

4 843

Status for verksemda

Kompetansen og oppgåvene til Likestillings- og diskrimineringsnemnda er regulerte i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande forskrift. Endringar i diskrimineringsombodslova blei vedtekne av Stortinget i juni 2013 og tredde i kraft 1. januar 2014.

Nemnda handhevar reglar om diskriminering i desse lovene: likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, diskrimineringslova om seksuell orientering, arbeidsmiljølova kap. 13, bustadlovene og skipsarbeidslova.

Nemnda er eit sjølvstendig forvaltingsorgan som er administrativt underlagd departementet. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om nemnda si utøving av styresmakt i behandling av enkeltsaker.

Nemnda er eit kollegialt organ med 16 medlemmer: 1 leiar, 1 nestleiar, 8 andre medlemmer og 6 varamedlemmer. I kvart møte deltek leiaren eller nestleiaren og fire medlemmer. Nemnda har eit eige sekretariat som førebur møta, legg fram saker for nemnda og utarbeider utkast til vedtak etter rådslåing i nemnda. Departementet har det administrative ansvaret for nemnda, med mellom anna tilsetjing i sekretariatet. Alle saker i nemnda blir først behandla av Likestillings- og diskrimineringsombodet, som gir ei fråsegn i saka. I hastesaker kan ombodet gjere bindande vedtak etter diskrimineringsombodslova § 4. Da blir nemnda ordinær klageinstans.

Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene nemnda er sett til å handheve. Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan gi påbod om at det diskriminerande tilhøvet skal stansast eller rettast.

Nemnda fekk 52 nye saker til behandling frå Likestillings- og diskrimineringsombodet i 2013. 20 saker var saker etter diskriminerings- og tilgjengelova, seks saker gjaldt likestillingslova, og ti saker gjaldt diskrimineringslova. Sju saker var saker etter arbeidsmiljølova kap. 13. Éi sak gjaldt både likestillingslova og diskrimineringslova, éi sak gjaldt både diskriminerings- og tilgjengelova og alder. Sju saker gjaldt klage over at ombodet hadde avvist eller lagt bort saka. Dei resterande sakene blei lagde vekk eller avviste av nemnda, jf. diskrimineringsombodslova § 6. Nemnda hadde 11 møte i 2013.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer lønn til medarbeidarar og andre driftsutgifter for sekretariatet, dessutan godtgjersle og utgifter til nemndmedlemmer og eventuelle vitne og sakkunnige som blir kalla inn.

Departementet føreslår ei løyving på 4,8 mill. kroner i 2015.

Kap. 844 Kontantstøtte

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskot, overslagsløyving

1 210 693

1 414 000

1 777 500

Sum kap. 0844

1 210 693

1 414 000

1 777 500

Mål og kriterium for tildeling

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre. Målet med ordninga og tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som er administrativt underlagt Arbeids- og sosialdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeids- og sosialdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i resultatoppfølging og økonomikontroll blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå nærmare omtale av Arbeids- og velferdsetatens forvalting på BLDs ansvarsområde under delmål 3.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Budsjettforslag 2015

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar for:

  • forventa tal på barn i kontantstøttealder (13–23 månader) basert på mellom anna den siste befolkningsframskrivinga til SSB

  • forventa utvikling i bruken av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • forventa utvikling i etterspørsel etter kontantstøtte, herunder forventa utvikling som følgje av auka maksimalpris for foreldrebetaling, innføring av moderasjonsordning og fleksibelt opptak i barnehagane frå 1. januar 2015.

Forslag til satsar for 2015 står i tabell 4.18.

Departementet føreslår ei løyving på 1 777,5 mill. kroner.

Tabell 4.17 Talet på barn med rett til stønad i 2013. Prognosar for 2014 og 2015

Gjennomsnitt 2013

Gjennomsnitt 20141

Gjennomsnitt 2015

Barn med rett til kontantstøtte

20 769

22 100

22 850

1 Saldert budsjett.

Tabell 4.18 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2015 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage per veke

Kontantstøtte i prosent av full yting

Beløp per barn per månad

Maksimalt1 beløp per barn

Ikkje bruk av barnehageplass

100

6 000

66 000

Til og med 19 timar

50

3 000

33 000

20 timar eller meir

0

0

0

1 Maksimalt 11 månader med kontantstøtte per barn.

Kap. 845 Barnetrygd

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskot, overslagsløyving

15 190 248

15 110 000

15 235 000

Sum kap. 0845

15 190 248

15 110 000

15 235 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål og kriterium for tildeling

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til forsørging av barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Tildelingskriteria går fram av lova.

Oppfølging og kontroll

Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2015

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar frå 2014 og prognosar for:

  • talet på barn med rett til barnetrygd og talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet)

  • talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

  • utgifter til etterbetalingar.

Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Departementet føreslår ei løyving på 15 235 mill. kroner.

Tabell 4.19 Forslag til satsar for barnetrygd for 2015 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd

970

11 640

Småbarnstillegg til einsleg forsørgjar med barn 0–3 år

660

7 920

Tabell 4.20 Talet på barn med rett til barnetrygd i 2013. Prognosar for 2014 og 2015

Gjennomsnitt 2013

Gjennomsnitt 20141

Gjennomsnitt 2015

Barn med barnetrygd

1 124 501

1 128 138

1 134 902

1 Saldert budsjett.

Kjelde:  Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.21 Talet på stønadsmottakarar i 2013. Prognosar for 2014 og 2015

Gjennomsnitt 2013

Gjennomsnitt 20141

Gjennomsnitt 2015

Stønadsmottakarar med barnetrygd for1

– eitt barn

309 546

312 883

315 373

– to barn

256 218

258 981

261 041

– tre barn

83 018

83 913

84 581

– fire barn

13 123

13 265

13 370

– fem eller fleire barn

3 320

3 356

3 383

Sum, stønadsmottakarar

665 225

672 398

677 748

Stønadsmottakarar med utvida stønad

130 362

131 649

129 385

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einsleg forsørgjar med barn 0–3 år

4 404

4 344

3 643

1 Saldert budsjett.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tala på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ei ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar.

Utrekning av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar o.a. i tabellane ovanfor vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2015. Avviket kjem i hovudsak av etterbetalingar.

Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

26 869

18 159

13 664

50

Forsking, kan nyttast under post 21

2 923

3 025

3 109

60

Tilskot til likestillingsarbeid i kommunal sektor

1 898

70

Tilskot

21 256

12 319

10 426

72

Tiltak for lesbiske og homofile

10 059

10 411

10 755

73

Tilskot til likestillingssentre

5 824

6 028

6 227

79

Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

6 934

3 245

3 352

Sum kap. 0846

75 763

53 187

47 533

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Forskings- og utviklingsmidlane på denne posten blir i hovudsak nytta til finansiering av større og mindre enkeltprosjekt av særleg relevans på områda familie, samliv, likestilling og ikkje-diskriminering. Løyvinga skal òg nyttast til finansiering av drifta av det etablerte kjernemiljøet for kjønnslikestilling (jf. nærmare omtale under delmål 4.1).

Departementet føreslår ei løyving på 13,7 mill. kroner i 2015.

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 21

Midlane skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon i regi av Noregs forskingsråd.

Departementet føreslår ei løyving på 3,1 mill. kroner i 2015.

Post 60 Tilskot til likestillingsarbeid i kommunal sektor.

Posten er avvikla frå 2014.

Post 70 Tilskot

Løyvinga blir nytta til tiltak og prosjekt for å fremme kjønnslikestilling, og tilskot til frivillige organisasjonar.

Løyvinga har vore nytta til å gi driftstilskot (grunnfinansiering) til Reform – ressurssenter for menn. I tillegg er det gitt tilskot til dei tre regionale sentera for likestilling og mangfald (KUN – senter for kunnskap og likestilling, Likestillingssenteret og Senter for likestilling ved Universitetet i Agder). Reform – ressurssenter for menn og Likestillingssenteret har òg fått tilskot til prosjekt innanfor ramma av regjeringa sin handlingsplan for likestilling Likestilling 2014.

Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS) har medverka til ulike aktivitetar på departementet sitt ansvarsområde. Det er gitt tilskot til prosjekt i regi av KILDEN informasjonssenter for kjønnsforskning, eit prøveprosjektet ved Gáldu, Likestilling og mangfald i det samiske samfunnet, og til Ung Innovasjonspris som Trondheim kommune deler ut.

Departementet føreslår at ein i 2015 kan gi tilskot til Reform, FOKUS, KILDEN informasjonssenter for kjønnsforskning, Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Ung innovasjonspris som Trondheim kommune deler ut, og til Norges teknisk-naturvitenskaplege universitet (NTNU) for eit internasjonalt ekspertseminar. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane. Prøveprosjektet ved Gáldu blei avslutta i 2014.

Ordninga med tilskot til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer som departementet gir i årleg rundskriv. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene blir førte vidare i 2015.

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å sikre drift, bidra til mangfald og skape større aktivitet blant frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk. Med likestilling meiner ein i denne samanhengen likestilling mellom kjønna.

Tilskotsordninga skal leggje til rette for at frivillige organisasjonar får høve til å setje dagsorden, supplere og korrigere styresmaktene sitt familie- og likestillingspolitiske arbeid, utvikle demokratiet, skape deltaking og bidra til kunnskap, debatt og haldningsendringar.

Kriterium for tildeling

Det kan bli gitt tilskot til drift av frivillige organisasjonar som har familie- og likestillingspolitisk arbeid som kjerneverksemd, og som kan dokumentere dette med vedtekter, målsetjingar og planar.

Ein kan gi aktivitetstilskot til tiltak/prosjekt som kan skape merksemd, informasjon/kunnskap, debatt og haldningsendringar når det gjeld familie- og likestillingspolitiske spørsmål.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukt i samsvar med vilkåra for tildelinga. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonsloven § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 10,4 mill. kroner.

Post 72 Tiltak for lesbiske og homofile

Løyvinga går til tilskotsordninga for betre levekår og livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt).

Ordninga omfattar tilskot til tidsavgrensa aktivitetar drivne av frivillige organisasjonar og andre som arbeider for å betre levekåra og livskvaliteten for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Ordninga omfattar også driftstilskot til dei landsdekkjande lhbt-organisasjonane og magasinet Blikk, i tillegg til regelmessige aktivitetar for å betre levekåra og livskvaliteten for lhbt-personar. Ordninga blir forvalta av Bufdir i samsvar med regelverk fastsett av departementet. Departementet har fastsett følgjande overordna rammer for ordninga:

Mål

Ordninga skal medverke til mangfald og skape auka aktivitet blant organisasjonar som arbeider innanfor dette området. Det kan bli gitt driftstilskot og støtte til tidsavgrensa og permanente aktivitetar. Det overordna målet er å betre levekår og livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Tilskotsordninga skal gjere det lettare for lhbt-organisasjonar å drive interessepolitisk arbeid og gi service til eigne medlemmer.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga vil omfatte frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for betre levekår og livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. For organisasjonar som får driftsstøtte, vil det bli lagt vekt på at organisasjonane er av og for lhbt-personar og arbeider for samfunnsmessig likestilling og deltaking for gruppa som dei organiserer.

Tilskot til aktivitetsstøtte blir gitt etter ei samla vurdering med utgangspunkt i måla for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukt i samsvar med vilkåra for tildelinga. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll av at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonsloven § 12 tredje ledd.

Departementet vil gi nærmare retningslinjer for ordninga.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 10,8 mill. kroner.

Post 73 Tilskot til likestillingssenter

Løyvinga har gått til delfinansiering av verksemda ved Likestillingssenteret, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Hamar, og verksemda ved KUN – senter for kunnskap og likestilling, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Nord. Regjeringa føreslår å føre vidare desse tilskota.

Departementet føreslår ei løyving på 6,2 mill. kroner i 2015.

Post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

Løyvinga dekkjer Noregs deltaking i EU-program på BLD sitt ansvarsområde.

Noreg har delteke i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007–2013). Programmet inneheldt desse områda: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald.

Noreg har vidare delteke i EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007–2013). Det overordna målet for programmet er å medverke til å verne barn, ungdom og kvinner mot alle former for vald og å oppnå eit høgt nivå for helsevern, velferd og sosial utjamning.

Begge programma er avslutta, men Noreg har økonomiske forpliktingar i inntil 3–5 år til for påbegynte aktivitetar i programma.

Departementet føreslår ei løyving på 3,4 mill. kroner i 2015.

Kap. 3846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Prosjektinntekter

326

Sum kap. 3846

326

Kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

17 411

16 058

13 857

70

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

171 802

171 894

178 567

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan overførast, kan nyttast under post 21

24 703

18 937

16 229

72

Tilskot

13 965

14 490

14 968

Sum kap. 0847

227 881

221 379

223 621

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Løyvinga blir nytta til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak og bidreg til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Hovuddelen av løyvinga blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår ei løyving på 13,9 mill. kroner i 2015.

Post 70 Tilskot til organisasjonane for funksjonshemma

Løyvinga går til tilskotsordninga for organisasjonane for funksjonshemma. Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Departementet har fastsett følgjande overordna rammer for ordninga:

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å gi organisasjonane for dei funksjonshemma betre høve til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til medlemmene sine mellom anna i form av lokale velferdstiltak. I tillegg skal ordninga gi paraplyane Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) betre høve til å drive velferdspolitisk arbeid og yte service til medlemsorganisasjonane. Tilskotsordninga skal også medverke til å styrkje organisasjonane når det gjeld sjølvhjelpsarbeid. Tilskotet skal bidra til å gi organisasjonane til dei funksjonshemma betre høve til å gjennomføre gode velferds-, fritids- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne.

Kriterium for tildeling

Søknadene blir vurdert etter desse kriteria:

For å bli godkjent må organisasjonen ha meir enn 250 medlemmer. Det er unntak for organisasjonar som organiserer 50 personar med nedsett funksjonsevne med ein sjeldan diagnose. Organisasjonen må ha medlemmer i minst fem fylke. Organisasjonen må ha vedtaksfesta at personar med nedsett funksjonsevne sjølv, eller deira pårørande, skal ha fleirtall i dei styrande organa.

Oppfølging og kontroll

Det er Bufdir som gjer vedtak om godkjenning som tilskotsrettskomen organisasjon og vedtak om tilskot.

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukt i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll av at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonsloven § 12 tredje ledd.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på 178,6 mill. kroner.

Post 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, kan nyttast under post 21, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til målretta tiltak på tvers av sektorar i regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge.

Det er sette i gang eit arbeid for å utvikle ein handlingsplan for universell utforming som skal gjelde for perioden 2015–2019. Planen skal ha hovudvekt på IKT og velferdsteknologi.

I 2014 blei det gitt tilskot til Standard Noreg for utvikling av standardar for universell utforming, Norsk designråd for kompetanseheving av designarar og Kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS) til prosjekt for universell utforming i kommunesektoren. Departementet føreslår å føre desse tiltaksområda vidare i ny handlingsplan frå 2015.

Departementet føreslår ei løyving på 16,2 mill. kroner i 2015.

Post 72 Tilskot

I 2015 skal Noreg rapportere i samsvar med FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Departementet føreslår at 0,3 mill. kroner blir gitt i tilskot til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon til arbeidet med skuggerapportering på vegner av det sivile samfunnet i samband med Noregs rapportering på konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Resten av løyvinga går til tilskotsordninga for å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne. Ordninga blir forvalta av Bufdir. Departementet har fastsett følgjande overordna rammer for ordninga:

Mål

Formålet med tilskotsordninga er å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga vil omfatte frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for personar med nedsett funksjonsevne. Ein kan gi støtte til tiltak som er retta inn mot å medverke til debatt og haldningsendringar, skape deltaking, generere og spreie kunnskap. Tiltak som er direkte retta inn mot å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne, kan òg få støtte gjennom ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsforvaltar og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll av at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonsloven § 12 tredje ledd.

Departementet vil gi nærmare retningslinjer for ordninga.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår ei løyving på om lag 15 mill. kroner.

Kap. 849 Likestillings- og diskrimineringsombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Basisløyving

54 140

54 035

54 035

Sum kap. 0849

54 140

54 035

54 035

Status og hovudoppgåver for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) er eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter , administrativt knytt til BLD. Formål og oppgåver går fram av diskrimineringsombodslova §§ 1 og 3.

Hovudoppgåva til LDO er å fremme likestilling og kjempe mot diskriminering uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Ombodet handhevar diskrimineringsforboda i lovverket, gir rettleiing og er en pådrivar for likestilling og mangfald. Ei fråsegn frå ombodet er ikkje rettsleg bindande. Ombodet kan likevel gjere bindande vedtak om å stanse diskriminerande handlingar dersom eit slik vedtak ikkje kan vente til Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan behandle saka, jf. diskrimineringsombodslova § 4.

LDO skal føre tilsyn med og handheve likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, diskrimineringslova om seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, arbeidsmiljølova sitt ikkje-diskrimineringskapitel og diskrimineringsforboda i bustadlova. Ombodet er eit alternativ til domstolbehanding av saker om diskriminering og skal vere eit lågterskeltilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane.

I tillegg har ombodet ansvar for å overvake at norsk rett samsvarer med FNs kvinnekonvensjonen (CEDAW), rasediskrimineringskonvensjonen (CERD) og konvensjon om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2013/2014

LDO gir relevant hjelp

I 2013 fekk LDO 1 448 førespurnader om rettleiing og 187 klagesaker. Dei fleste som tek kontakt med LDO opplever å bli urettvist behandla på grunnlag av kjønn eller funksjonsevne.

Oppsøkjande rettleiing

I tillegg til å gi relevant hjelp til dei som tek direkte kontakt med LDO, gir LDO rettleiing til arbeidsgivarar, tillitsvalde og andre. LDO prioriterer å gi informasjon og opplæring til personar, organisasjonar og verksemder, som igjen når ut til mange. Formålet er å styrkje kompetansen slik at dei lettare fangar opp saker som gjeld diskriminering og viser folk vidare til LDO.

LDO har gjennomført og delteke på fleire kursopplegg for aktørar i arbeidslivet. Vidare har LDO healde fleire kurs for innvandrarorganisasjonar, mellom andre Kontaktutvalget mellom innvandrere og norske myndigheter (KIM), Internasjonal helse og sosialgruppe, Primærmedisinsk verksted og andre frivillige organisasjonar.

LDO har òg samarbeidd med tillitsvalde i Politiets fellesforbund og Briskeby kompetansesenter, eit nasjonalt kompetansesenter for høyrslehemma, i 2013 med kurs for deira tillitsvalde, og slik sett dei i stand til å gjennomføre kursa sjølve utan at LDO er direkte involvert.

Kursa gir òg LDO kunnskap om og innsikt i utfordringar som brukargruppene til LDO har, og er såleis viktige innspel i arbeidet. Denne arbeidsmåten, «training of trainers», har lenge vore eit av satsingsområda til ombodet. LDO vil føre vidare dette i perioden 2014–2016. Kursa gir dessutan god dialog og hjelper LDO til å utvikle eit nettverk med brukarane sine.

I 2012/2013 la LDO særleg vekt på likeverdige helsetenester. I 2013/14 har fokuset vore på den kommunale skolesektoren.

Betre og raskare hjelp

LDO gjennomførte i 2013 fleire tiltak for å styrkje rettleiingstenesta og lovhandhevinga i verksemda.

Ein grundig gjennomgang og analyse av klagesakene som LDO har behandla dei siste åra har gjort det mogleg å sikre betre kvalitet og meir einskapleg praksis i behandlinga av nye klagesaker. LDO si behandling av klagesaker utviklar rettspraksis. Dei aller fleste diskrimineringssakene blir behandla og avgjorde hos ombodet. To av ti saker får eit anna utfall hos Likestillings- og diskrimineringsnemnda, og det er ikkje ofte diskrimineringssaker blir behandla i det ordinære rettsapparatet.

LDO har avslutta i alt 2 047 rettleiingssaker i 2013 mot 1 816 saker i 2012. Talet på aktive rettleiingssaker er såleis redusert frå 478 ved inngangen til januar 2013 til 146 ved inngangen til januar 2014. Det same gjeld klagesakene, der det ved inngangen til 2014 var 139 klager som ikkje var ferdig behandla, mot 176 saker ved inngangen til 2013. Ved inngangen til 2014 var det berre 17 saker som var eldre enn 12 månader, mot 58 saker ved inngangen til 2013. Resultatet er at det er færre som står i kø hos LDO.

Av dei 1 448 rettleiingssakene som blei registrerte i 2013, blei 1 315 (91 prosent) avslutta i løpet av 2013. Den gjennomsnittlege behandlingstida for sakene som er avslutta, er 21 dagar, ein nedgang frå 25 dagar i 2012.

Likestillingsarbeid i revisjonsbransjen

I 2013 har LDO sett søkjelys på revisjonsbransjen gjennom å kontrollere rapporteringa frå fire revisjonsselskap av likestillingssituasjonen for kjønn etter likestillingslova § 1a i årsmeldingane deira for 2011–2012. Årsaka til at ombodet valde å sjå på revisjonsbransjen, er at bransjen både har kompetanse og ei avgjerande rolle i utforminga årsmeldingar til andre selskap.

Ingen av selskapa fekk godkjent rapporteringa av kjønnslikestilling, men dei fekk høve til å gjere rettingar. Derfor har tre av selskapa fått godkjent årsmeldinga for 2012–2013.

Likestillingsarbeid i staten

I 2012 utarbeidde ombodet ein rapport om statlege verksemder si rapportering etter aktivitets- og rapporteringsplikta. I andre kvartal 2013 følgde ombodet opp dette arbeidet ved å halde eit kurs for departementa og med ein ny gjennomgang av rapportering frå statlege verksemder.

LDO deltek framleis i eit mangfaldsnettverk for statlege verksemder saman med Nav, Skatteetaten, Toll- og avgiftsetaten, Politidirektoratet, Forsvaret, IMDi ofl. Føremålet er å dele erfaringar og spreie kunnskap om aktivt likestillingsarbeid.

LDO sørgjer for at internasjonale forpliktingar får konsekvensar

LDO fører tilsyn med at norsk rett og forvaltingspraksis er i tråd med forpliktingar landet har etter FNs kvinnediskrimineringskonvensjon (CEDAW) og FNs rasediskrimineringskonvensjon (CERD). Frå sommaren 2013 fekk LDO tilsynsansvaret for FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Konvensjonsarbeidet er eitt av satsingsområda til ombodet. Dei siste par åra har det vore ei målsetjing å styrkje tilsynsrolla og bruke konvensjonane meir aktivt i klagesaker, høyringar og anna arbeid.

Nasjonal og internasjonal rapportering

I 2013 starta LDO førebuingane til sin supplerande rapport til FN-komiteen for avskaffing av rasediskriminering (CERD-komiteen). Den planlagde eksaminasjonen av norske styresmakter vinteren 2014 er utsett til vinteren 2015. Den supplerande rapporten vil bli send til FN hausten 2014.

I 2013 leverte LDO for første gong ein eigen rapport til FNs menneskerettsråd om sentrale utfordringar på diskrimineringsfeltet i Noreg. Denne blei presentert for Menneskerettsrådet i Genève i april 2014 som ledd i ein førebuande sesjon til eksaminasjonen av Noreg sommaren 2014.

Ombodet var representert under det årlege CSW-møtet i New York som ledd i tilsynsarbeidet etter CEDAW. I 2013 og 2014 hadde ombodet ein representant i den offisielle CSW-delegasjonen. Ombodet var òg medarrangør av eit sidearrangement om kjønnsbasert vald og menns rolle i kampen mot slik vald.

Samarbeidsprosjekt med Spania

LDO har i 2013 halde fram samarbeidet med dei spanske styresmaktene om kjønnslikestilling. Dette samarbeidet blir finansiert av EØS’ finansieringsmekanisme. Programmet dekkjer mellom anna kvinners tilgang til arbeidsmarknaden og entreprenørskap, likelønn, kjønnsbalansen i leiarstillingar og styre, moglegheiter til å kombinere arbeid og familieliv, og arbeidet mot vald mot kvinner.

Saman med Justis- og beredskapsdepartementet har LDO hatt ansvaret for erfaringsutveksling mellom norske, islandske, belgiske, engelske, amerikanske og spanske aktørar om modellar for tilpassa og koordinerte tenester for personar som er utsette for kjønnsbasert vald.

LDO skaper engasjement og debatt om likestilling

Året 2013 baud på fleire høve til å setje likestillingsarbeid på dagsordenen og skape engasjement for eit likestilt samfunn. Den 11. juni var det 100 år sidan norske kvinner fekk stemmerett på lik linje med menn. Stemmerettsjubileet prega mykje av arbeidet til ombodet. Ombodet brukte stortingsvalet til å skape engasjement om nokre sentrale tema: likestilling i arbeidslivet, fedrekvoten, prostitusjonspolitikk og kor viktig det er at skolebygg er universelt utforma.

Foredrag, arrangementar og debattmøtar er viktige verkemidlar for å skape engasjement om likestilling.

Samarbeid med sivilsamfunnet

Samarbeidet med sivilsamfunnet er viktig i LDO sitt pådrivararbeid og i arbeidet med å skape engasjement for likestilling.

LDO er i løpande dialog med mange organisasjonar. I samband med CRPD-rapporteringa hadde ombodet fleire møte med sivilsamfunnet for å finne ut kva for tema det var nødvendig å ta opp i rapporten .

Strategiar og tiltak for 2015

For å oppnå ei jamnare fordeling av likeverd, makt og medverknad arbeider LDO for individet sin rett til å få informasjon om eigne pliktar og rettar. Alle som blir diskriminerte, og som ønskjer hjelp, skal få prøvd saka si hos ombodet. Ombodet gir rettleiing til personar som ønskjer informasjon om lovverket. Det er eit mål for ombodet at enkeltpersonar får god rettleiing, og at dei kan få hjelp før førespurnadene blir formelle klagesaker.

Det er òg eit mål for ombodet at alle som har plikter etter lovverket, skal kjenne til desse og ha kunnskap om korleis dei kan leggje til rette for likestilling og motarbeide diskriminering i praksis. For å oppnå dette vil LDO gi rettleiing til verksemder, handheve diskrimineringsforboda i lovverket og vere ein pådrivar for likestilling og mangfald.

LDO skal føre tilsyn med at norsk rett og forvaltingspraksis samsvarer med FNs konvensjonar om rase, kvinner og menneske med nedsett funksjonsevne. Ombodet arbeider kontinuerleg med at både behandling av klager og rettleiing til enkeltpersonar skal skje effektiv og ha god kvalitet. Dette vil vere et viktig mål òg i 2015.

I 2015 vil LDO gjennomføre ein kampanje om graviditetsdiskriminering og ein konferanse som oppsummerer status på LDO sine områder.

Ombodet vil ferdigstille samarbeidsprosjektet med spanske styresmakter om mellom anna kvinners tilgang til arbeidsmarknaden og entreprenørskap, likelønn, moglegheit til å kombinere arbeid og familieliv og arbeidet mot vald mot kvinner. Prosjektet er finansiert med midlar frå EØS.

Tilsynet med FNs konvensjonar skal vere uavhengig, tilgjengeleg og effektivt. Dette arbeidet vil LDO styrkjeog det er gjort meir synleg ved at det frå 1. januar 2014 er oppretta ei eiga avdeling hos ombodet som har dette som hovudoppgåve.

Post 50 Basisløyving

Løyvinga skal dekkje lønn til dei tilsette og andre driftsutgifter. Departementet føreslår å vidaraføre løyvinga nominelt frå 2014. Departementet føreslår etter dette ei løyving på 54 mill. kroner i 2015.

Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge

Hovudmål og prioriteringar

Eit overordna mål for barne- og ungdomspolitikken er å gi barn og unge gode og trygge oppvekst- og levekår. Sentralt står arbeidet for å verne barn mot omsorgssvikt og overgrep, motverke marginalisering, bidra til å jamne ut skilnader i levekår og moglegheiter og fremme medverknad og deltaking for barn og unge på ulike område i samfunnet.

Departementet har ansvar for utforminga og samordninga av den generelle barne- og ungdomspolitikken. Analyser og val av verkemiddel skjer i samspel med ulike departement, andre statlege styresmakter, kommunesektoren og frivillige organisasjonar.

Departementet har òg eit ansvar for å følgje opp FNs barnekonvensjon om barnerettane. Å gi barn og ungdom rett til deltaking, mellom anna i frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, er noko Regjeringa legg vekt på.

Mange barn og unge veks opp i større byar og omlandskommunane deira. Her er det fleire som har dårlege oppvekst- og levekår enn i resten av landet. Regjeringa ønskjer derfor å auke støtta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn med 5 mill. kroner. Dette er eit ledd i arbeidet med å betre levekåra for sosialt og økonomisk vanskelegstilte barn og unge.

Regjeringa ønskjer å vidareutvikle samarbeidet på tvers av departementa for å motverke barnefattigdom og uheldige konsekvensar av fattigdom blant barn og unge. Ei rekkje tiltak er satt i gang og vil inngå i arbeidet med å utvikle ein samla strategi mot barnefattigdom. I arbeidet med strategien vil ein byggje på samarbeidsavtalen mellom Venstre, Kristeleg Folkeparti, Fremstegspartiet og Høgre.

Den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom inngår i regjeringa si samla satsing mot barnefattigdom. Offentlege og private instansar, bydelar, frivillige organisasjonar og ungdomsgrupper kan søke om midlar gjennom ordninga. Tilskotsordninga skal bidra til at barn og unge som lever i fattige familiar kan delta i fritidsaktivitetar og til at familiane kan få tilgang til ferieopplevingar.

Vald og overgrep er ein alvorlig trussel mot barns grunnleggande rettar. Regjeringa vil opprette ei ny tilskotsordning til tiltak for valdsutsette barn. Det er eit stort behov for tiltak for desse barna, og da særleg tiltak som kan bidra til betre meistring av kvardagen. Målet med den nye tilskotsordninga er å gi støtte til etablering og drift av tiltak som kan auke livskvaliteten for barn som har blitt utsett for vald. Tilskotsmottakar kan være stiftingar, frivillige organisasjonar og andre aktørar.

Regjeringa arbeider med ei melding til Stortinget om familiepolitikken. I arbeidet med meldinga har ein som utgangspunkt at det må vere ei tydeleg kopling mellom familie- og oppvekstpolitikken, jf. omtale under Hovudmål og prioriteringar under programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

BLD har som oppgåve på barnevernsfeltet å leggje til rette for likeverdig tenesteyting i heile landet, rettstryggleik, legitimitet og varetaking av mangfald. Dei barna som har behov skal få rett hjelp til rett tid og dei skal møtast av barneverntilsette med høg kompetanse.

Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får rett hjelp og omsorg til rett tid, og å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Dette inneber at barnevernet må ha eit godt samarbeid med andre tenester.

Talet på barn som får hjelp frå barnevernet, har auka over fleire år. Tidleg innsats og foreldrestøttande tiltak er viktig for å forebyggje omsorgsovertakingar. Kommunane har sett i verk førebyggjande tiltak og auka ressursbruken i barnevernet. Talet på barn med behov for hjelp aukar framleis. Det er viktig at kommunane prioriterar ressurser til dette området. Regjeringa føreslår derfor å oppretthalde øyremerkinga av dei kommunale stillingane i barnevernet i 2015. Regjeringa føreslår vidare å styrkje det statlege barnevernet med 150 mill. kroner i 2015.

Fosterheimsområdet står overfor store utfordringar. BLD vil derfor sørgje for ein brei gjennomgang av politikken på dette området, og vil innan utgangen av 2015 legge fram ei melding til Stortinget om fosterheimsomsorgen.

Barn av minoriteter utgjer en stor og voksende andel av barna i barnevernet, og det er viktig å innhente mer kunnskap om dette temaet. Regjeringa vil derfor setje i gang forsking om minoritetsbarn i norske fosterhjem i 2015.

BLD har sett i gang ei evaluering av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker som skal vere ferdig i 2015. Formålet er å få meir kunnskap om fylkesnemndene fungerer etter intensjonen og med særleg merksemd på ressursbruk, organsering og rettstryggleik.

BLD sette hausten 2014 ned eit lovutval som skal gå gjennom barnevernlova. Målet er å tilpasse regelverket til den generelle samfunns- og kunnskapsutviklinga som har funne stad etter at barnevernlova trådde i kraft for over 20 år sidan.

Barn og unge med tiltak frå barnevernet gjer det ofte mindre bra i skole- og utdanningssamanheng enn andre. Å lykkast i skolen er ein av dei enkeltfaktorene som har størst betyding for eit godt vaksenliv. Regjeringa meiner at barn i barnevernet skal ha dei same moglegheitene til å utvikle evnene sine som andre barn, og vil halde fram satsinga frå 2014 på dette området.

Regjeringa legg opp ei ny ansvarsdeling mellom det kommunale og det statlege barnevernet, der kommunane gis eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Regjeringas ambisjon er eit betre barnevern som gjør at fleire barn får rett hjelp til rett tid. Departementet har starta arbeidet med strukturendringar og tek sikte på å prøve ut ny organisering i form av forsøksverksemd i eit lite utval av kommunar med oppstart i 2016.

Mål

For 2015 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

5: Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

5.1: Like moglegheiter til deltaking for alle barn og unge

5.2: Effektive tiltak mot fattigdom blant barn og unge

6: Eit godt og effektivt barnevern

6.1: Eit barnevern som gir tiltak og tenester av riktig kvalitet til riktig tid

6.2: Tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse i barnevernstenestene

6.3: Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Delmål 5.1 Like moglegheiter til deltaking for alle barn og unge

Regjeringa vil at alle barn og unge skal ha like moglegheiter til deltaking i samfunnet. Det er òg viktig at barn og unge blir sikra høve til deltaking og innverknad, både i samfunnet og i eigne liv. Regjeringa vil leggje vekt på at fleire kommunar arbeider for brei medverknad for barn og unge. For å nå målet er det viktig at barn og ungdom får gi og motta informasjon på sine premissar.

Resultatrapporteringa for dette delmålet tek utgangpunkt i delmål 5.1 Høgt kunnskapsnivå og god kompetanse om barn og unge, delmål 5.2 Deltaking og like moglegheiter for alle barn og unge og delmål 5.4 Makt og påverknad for barn og unge i Prop. 1 S (2012–2013) og i Prop. 1 S (2013–2014).

Resultatrapport 2013/2014

Godt samarbeid om innsats for barn og unge

Samarbeidet mellom departementa om ein gjennomgåande politikk for barn og unge blei ført vidare gjennom ulike politiske forum, samarbeidsgrupper og arbeid med mellom anna handlingsplanar, felles strategiar og forskings- og utviklingsarbeid. Publikasjonen Satsing på barn og ungdom, som gir eit oversyn over mål- og innsatsområde i statsbudsjettet, kom ut i februar 2013 og februar 2014.

BLD har i 2013, saman med Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet, løyvt midlar til Fylkesmannen i Troms for å formidle Sjumilssteg-modellen til fleire fylkesmenn. Mange fylke har så langt sett i verk eller vurderar å setje i verk Sjumilssteget eller liknande program.

Stimulere til målretta forsking, kompetanseoppbygging og erfaringsformidling

BLD har gitt midlar til Noregs forskingsråd gjennom forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon. I 2013 løyvte programmet midlar på til saman 50 mill. kroner til seks nye prosjekt. Til saman består porteføljen av 60 prosjekt. Det er òg løyvt midlar til ulike forskingsmiljø til oppdrag og undersøkingar.

Departementet har ført vidare samarbeidet med Kulturdepartementet og gitt midler til forskingsprogrammet Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor. Samarbeidet blei ført vidare gjennom forskingsprogrammetsom starta hausten 2013. Statistisk sentralbyrå (SSB) utarbeida aktuell statistikk om barn og ungdom.

Trygg bruk av digitale medium

Departementet tek del i ei tverrdepartemental kontaktgruppe for å fremme barn og ungdom sine interesser og behov i utviklinga av informasjonssamfunnet. Arbeidet har vore forankra i EUs program Sikrare Internett (2009–2013). BLD vil, saman med andre aktuelle departement, føre arbeidet vidare.

BLD tek del i den tverrdepartementale tiltaksplanen Barn, unge og Internett. Her blir haldningar til og bruk av Internett hos barn og foreldre jamleg kartlagde, og desse undersøkingane er saman med anna kunnskapsgrunnlag viktige for tiltaks- og politikkutviklinga på området. Tiltaksplanen er ein del av Trygg bruk-senteret, som blir koordinert av Medietilsynet. Nettsidene deira (tryggbruk.no) er utvikla til nytte for barn, foreldre og skole.

Det er utbetalt tilskot til organisasjonen Barnevakten til informasjonsarbeidet deira i foreldremøte i barnehagar og skolar om barn og digitale media.

Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom i større bysamfunn

Forvaltinga av tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blei i 2013 overført til Bufdir. Ordninga omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. I 2013 var løyvinga til ordninga på om lag 64,3 mill. kroner.

33 tiltak fekk midlar til etablering eller utvikling av opne møteplassar. Midlane er nytta til tiltak og prosjekt retta mot ungdom i alderen 10–20 år med særskilte behov og utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Tilskotsordninga bidreg til å skape opne og inkluderande fritidstilbod til barn og ungdom i kommunane/bydelane. Dette er fritidstilbod som ikkje stiller krav til spesifikke ferdigheiter, og som har låg eller inga eigenbetaling for ungdommane.

Informasjon til barn og ungdom

For styresmaktene er det viktig å leggje til rette for ein samla og lett tilgjengeleg informasjon til barn og unge. Nettstaden ung.no, som blir drifta av Bufdir, tilbyr ungdom mellom 14 og 20 år informasjon om det dei lurer på. Nettstaden medverkar òg til å gi barn og unge sine rettar og interesser på informasjons- og medieområdet. Ung.no skal vere den nettstaden offentlege instansar bruker for å nå ut til ungdom. I tillegg til formidling av informasjon har ung.no ei gratis spørsmålsteneste der barn og ungdom kan få svar direkte frå fagfolk i hjelpeapparatet. Ung.no har stadig fleire brukarar. I 2013 var det 7,2 millionar besøk på sida, mot 4,9 millionar i 2012.

Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering

BLD har teke del i arbeidet med handlingsplanen Felles trygghet – felles ansvar, handlingsplan for å forebygge radikalisering og voldelig ekstremisme, som blei lagt fram i desember 2010. BLD har òg ansvar for fleire tiltak i Gode krefter – kriminalitetsforebyggende handlingsplan (2009–2012). Alle BLD sine tiltak i handlingsplanen er gjennomførte eller sette i gang. Utsette unge er ei viktig målgruppe i begge handlingsplanane. Det er i 2014 sett i gang eit arbeid med ein opptrappingsplan for rusfeltet, der BLD deltar. Opptrappingsplanen skal vere retta mot brukarane og deira nærmaste og deira behov.

Modellkommuneforsøket i regi av Bufdir er ein del av regjeringa sine tiltak for barn av psykisk sjuke og/eller rusmiddelavhengige foreldre. Målet er å utvikle gode modellar for tidleg intervensjon, førebyggjande tiltak og heilskapleg, systematisk og langsiktig oppfølging av barn i denne målgruppa. 26 kommunar deltek og prøver ut sine modellar.

Modellkommunane blei i 2013 gitt i oppdrag å utarbeide utkast til ein formalisert modell for tidleg intervensjon og heilskapleg, systematisk oppfølging for målgruppa. Dei mellombelse erfaringane viser gode resultat. Modellkommuneforsøket blir avslutta i 2014.

BLD er partnar i Manifest mot mobbing (2011–2014) og har arbeidd særskilt med mobbing i fritidsmiljøa. Interesseorganisasjonen Ungdom og Fritid har våren 2014, med støtte frå Bufdir, arrangert to nasjonale fagdagar for ungdomsarbeidarar om arbeid mot mobbing.

BLD har gjennom tilskotsordninga Mangfold og inkludering støtta opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) har ansvaret for ordninga. Målgruppa for ordninga er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø. Det blei òg lagt ekstra midlar til ordninga Mangold og inkludering i revidert nasjonalbudsjett 2014, for å sette eit særskilt fokus på tiltak som førebyggjer radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Stortinget gav hausten 2013 ei tilleggsløyving på 15 mill. kroner for å styrkje arbeidet med det rusfrie tilbodet til barn av rusmiddelavhengige foreldre i 2014. 1 mill. kroner er øyremerkte pilotprosjektet FRI i regi av Kirkens Bymisjon, som følgjer opp kriminelle rusmiddelavhengige etter soning og hjelper dei med kontakt og samvær med barna sine. 5 mill. kroner er øyremerkte til Barnas stasjon, som blir driven av Blå Kors Norge seks stader i landet. Barnas stasjon er ein møtestad for småbarnsforeldre som har rusrelaterte problem og/eller psykiske vanskar, og som har barn i alderen 0–6 (8) år. Dei resterande 9 mill. kronene er lagt inn i tilskotsordninga mot barnefattigdom, som mellom anna inkluderer tiltak retta mot barn av rusmiddelavhengige.

Eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom

Departementet har ført vidare den særskilte innsatsen for ungdom som står utanfor opplæring og arbeidsliv, gjennom Losprosjektet, som starta hausten 2010. Losprosjektet blei avslutta i 2013, men departementet har oppretta ei ny tilskotsordning i 2014, Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. Bufdir forvaltar ordninga, og 28 kommunar fekk støtte i 2014. Gjennom ordninga skal ungdom i alderen 14–23 år få ein kontaktperson, ein los, som skal følgje dei opp og hjelpe dei med å gjere seg nytte av tilbod dei får i skolen eller frå andre instansar. I 2011 sette BLD i gang eit forskingsprosjekt for å evaluere måloppnåinga i Losprosjektet. Evalueringa blei ferdig hausten 2014.

For å styrkje kommunane og fylkeskommunane sitt arbeid med utsette barn og unge under 24 år har Kunnskapsdepartementet innleidd eit samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, BLD og Helse- og omsorgsdepartementet. Samarbeidet skal avdekkje felles utfordringar og fremme felles tiltak og strategiar for betre oppfølging av utsette barn og unge. Det overordna målet for samarbeidet er auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Arbeidet skal sjåast i eit oppvekstperspektiv, og skal begynne allereie ved barnehagealder. Departementa har gitt eit felles koordinert oppdragsbrev til sine direktorat. Oppdraget skal leie fram til faglege tilrådingar om tverrfaglege innsatsar som kan bidra til at fleire lykkast i skolen og fullfører vidaregåande opplæring.

BLD har òg i 2013 støtta opp om arbeidet retta mot barn og unge med nedsett funksjonsevne. Det har vore halvårlege kontaktmøte med Unge funksjonshemmede, og organisasjonen har fått driftstilskot til nasjonalt og internasjonalt arbeid.

Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

BLD støttar det nasjonale og internasjonale arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom tilskotsordninga for nasjonal og internasjonal grunnstønad. Midlane blir fordelte av Fordelingsutvalet. I 2013 var det ein nedgang i talet på organisasjonar som søkte om nasjonal grunnstønad. Det blei fordelt 98,9 mill. kroner i nasjonal grunnstønad til 89 organisasjonar. Vidare blei det fordelt 3,9 mill. kroner i internasjonal grunnstønad til 29 organisasjonar. Grunnstøtta bidrar til å leggje til rette for barn og ungdom si deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane. Det stimulerer til engasjement og medansvar nasjonalt og internasjonalt, og er med på å støtte organisasjonane som arena for medverknad og demokrati.

I tillegg fordelte Bufdir 10,6 mill. kroner i nasjonalt driftstilskot og 3,2 mill. kroner i internasjonalt driftstilskot til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede.

Departementet arrangerte òg i 2013 den årlege kontaktkonferansen for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane.

BLD sende i juni 2014 ut på høyring endringar i forskrift om tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane. Det er føreslått enkelte justeringar i regelverket. Høyringsfristen var 30. september 2014.

Unges makt og deltaking

Utgreiinga Ungdom, makt og medvirkning (NOU 2011: 20) blei sendt ut på brei offentleg høyring våren 2012. Utvalet la fram 49 forslag for å styrkje ungdom si makt og deltaking i samfunnet, fordelte på 7 område. Departementet har vurdert tilrådingane frå utvalet i lys av fråsegnene frå 128 høyringsinstansar. Departementet har innleidd eit samarbeid med andre departement om oppfølging av enkelte av forslaga frå utvalet.

Barn som søkjer asyl

Som ein del av oppfølginga av Meld. St. 27 (2011–2012) Barn på flukt, har BLD sett i gang eit prosjekt som skal innhente meir kunnskap om livssituasjonen for barn som søkjer asyl, både barn som kjem til Noreg aleine, og barn som kjem saman med foreldre eller andre vaksenpersonar. NTNU Samfunnsforsking i samarbeid med Norsk institutt for by- og regionforsking og Høgskolen i Nord-Trøndelag har fått i oppdrag å utvikle og gjennomføre ei levekårsundersøking om barn i asylsøkjarfasen. Målet med undersøkinga er å identifisere og finne ut meir om korleis tenestene til barn i mottak og omsorgssenter fungerer, og korleis offentlege tenester, som barnehage, skole, helsetenester og barnevern, følgjer opp barn som søkjer asyl. Eit viktig mål med undersøkinga er å vurdere behovet for betre statistikk om situasjonen til desse barna. Det er òg eit krav at barna sjølve skal vere med i undersøkinga. Sentrale departement og direktorat deltek i styringsgruppa for prosjektet, og Bufdir har ansvar for gjennomføringa.

Strategiar og tiltak for 2015

Godt samarbeid om innsats for barn og unge

Samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og ungdom blir ført vidare. Departementet leier mellom anna ei samordningsgruppe for arbeidet med barn og unge som består av ulike departement og direktorat.

Departementa sitt kontaktforum for oppfølging av FNs konvensjonen om barnerettane vil i 2015 halde fram med tverrdepartementale møter for oppfølging av konvensjonen. Kontaktforumet vil vere viktig i arbeidet fram mot ei ny landrapportering som skal leverast i 2016.

Stimulere til målretta forsking, kompetansebygging og erfaringsformidling

BLD ser det som viktig å stimulere til forsking, kompetansebygging og erfaringsformidling som ledd i arbeidet med å gi ein god politikk for barn og ungdom. Deltaking i Noregs forskingsråd sitt forskingsprogram Velferd, arbeidsliv og migrasjon (2009–2018) blir ført vidare. Departementet tek sikte på deltaking saman med Kulturdepartementet i forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017. BLDs støtte skal bidra til forsking spesielt om barn og unge og personar med minoritetsbakgrunn.

Informasjon og trygg bruk av digitale medium

Nettportalen ung.no, som blir drifta av Bufdir, vil bli ført vidare og skal vere den nettstaden offentlege instansar nyttar for å nå ut til ungdom.

Arbeidet med den tverrdepartementale tiltaksplanen Barn, unge og Internett, som Medietilsynet sitt Trygg bruk-senter har ansvar for, vil bli ført vidare i 2015. Organisering og finansiering avhenger av korleis EU-programmet CEF digital (Connecting Europe Facility) og det interdepartementale samarbeidet blir organisert i 2015. BLD vil i 2015 sjå på kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for arbeidet mot nettmobbing blant barn og unge.

Organisasjonen Barnevakten har gjennom ei årrekkje, gjennom eit frivillig korps av føredragshaldarar, møtt foreldre i skuler og barnehagar med føredrag om barn, unge og mediebruk. Dei har motteke tilskot til sitt opplysingsarbeid.

Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom i større bysamfunn

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vil i 2015 innrettast mot opne møteplassar for barn og ungdom i dei mest utsette byane og bydelane i Noreg. Ordninga legg opp til ei utvikling av attraktive fritidstilbod som ikkje stiller krav til spesifikke ferdigheiter og som har låg eller inga eigenbetaling. Regjeringa føreslår å styrkje ordninga med 5 mill. kroner i 2015, som eit ledd i arbeidet med å betre levekåra for sosialt og økonomisk vanskelegstilte barn og unge i storbyane.

Ordninga blir forvalta av Bufdir og omfattar 23 kommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 10–20 år med spesielle behov, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Målet er å medverke til å skape og utvikle opne møteplassar for målgruppa og bidra til deltaking for barn og ungdom som i liten grad tek i bruk eksisterande kultur- og fritidstilbod.

Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering

Innsatsen for å motverke vald, mobbing, rus, kriminalitet, rasisme, diskriminering, radikalisering og andre negative trekk i barne- og ungdomsmiljøa blir ført vidare. Gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn vil det òg i 2015 bli gitt støtte til tiltak som har som mål å motverke slike negative trekk i ungdomsmiljøa.

BLD skal samarbeide med Helse- og omsorgsdepartementet og andre departement om ein ny opptrappingsplan for rusfeltet. Modellkommuneforsøket skal være ferdig evaluert i 2014. Evalueringa vil danne grunnlag for ei vidare utvikling av arbeidet med å fange opp barn av rusmisbrukande og/eller psykisk sjuke foreldre så tidleg som mogleg. Forsøket har vore drive i 27 kommunar, og formålet er å finne fram til gode, tverrfaglege samarbeidsmodellar og tiltak for målgruppa.

Forsking viser at vald kan skape tilknytingsskadar hos barn og er ein sentral årsak til utvikling av alvorlege helseproblem. Ein vesentlig del av dei som er blitt utsette for vald i barndommen blir avhengige av offentlege stønadsordningar som vaksne. Mange valdsutøvarar har sjølv levd med vald i barndommen. Det er særleg behov for tiltak som kan bidra til betre meistring av kvardagen for barn og ungdom som er utsette for vald.

Regjeringa vil gjennom ei ny tilskotsordning bidra til betre ivaretaking av barn og ungdom som er utsette for vald. Målet med den nye tilskotsordninga er å støtte tiltak som kan auke livskvaliteten for barn som er blitt utsett for vald. Tilskotsmottakar kan være stiftingar, frivillige organisasjonar og andre aktørar. Sjå nærmare omtale under kap. 857, post 72.

Arbeidet mot vald og mobbing vil òg bli følgt opp i den nye tiltaksplanen mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom. Sjå omtale av innsats mot vald under delmål 3.3 Effektive verkemiddel i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar.

Eit inkluderande oppvekstmiljø og like levekår for alle grupper barn og ungdom

BLDs tilskotsordning Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom blir ført vidare i 2015. Evalueringa av Losprosjektet vil gi innspel til vidare innsats. Dette arbeidet inngår som ein del av regjeringa sin innsats for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring og skjer i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet.

Departementet vil føre vidare samarbeidet med Sametinget for å fremme utviklinga av tilbod i kommunane for å styrkje samisk identitet og tilhøyrsle, og bidra til at rettane til barn og unge blir innarbeidde i kommunale planar. BLD vil òg i 2015 støtte opp om arbeid retta mot barn og unge med nedsett funksjonshemming, mellom anna gjennom jamleg dialog med Unge funksjonshemmede.

BLD vil gjennom tilskotsordninga Mangfald og inkludering støtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Regjeringa vil leggje til rette for at frivillige organisasjonar og andre kan søkje om midlar til tiltak som førebyggjer radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Brei deltaking frå barn og ungdom i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane

Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar speler ei særs viktig rolle. Dei er ein arena for læring om demokrati, og dei tilbyr verdifulle aktivitetstilbod for barn og unge. BLD vil òg i 2015 stimulere til dialog og samspel mellom styresmaktene og frivillig sektor.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er sentrale aktørar i barne- og ungdomspolitikken. Regjeringa vil føre vidare tilskotsordninga for dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Ordninga omfattar grunnstønad til både nasjonalt og internasjonalt arbeid. Målet er å bidra til eit levande og mangfaldig organisasjonsliv for og med barn og unge. Regjeringa føreslår å føre vidare nivået på tilskotet. Sjå nærmare omtale under kap. 857, post 70.

BLD vil òg føre vidare tilskot til dei tre interesseorganisasjonane Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. Tilskota omfattar grunnstønad til både nasjonalt og internasjonalt arbeid, og blir forvalta av Bufdir.

Internasjonal deltaking for ungdom

Ved at Noreg deltek i EU-programmet Erasmus+, ønskjer BLD å stimulere utviklinga av interkulturell kompetanse, forståing og innsikt i andre kulturar og levesett. Bufdir administrerer ungdomsdelen av programmet, Erasmus+: Aktiv Ungdom. Det blir lagt særskilt vekt på å inkludere ungdommar med spesielle utfordringar. Internasjonalt deltaking fremmar medverknad, aktivt medborgarskap, sosial inkludering og solidaritet. I tillegg bidreg kulturutveksling til auka kunnskap om og forståing for kulturskilnader, demokratiutvikling og menneskerettar.

Delmål 5.2 Effektive tiltak mot fattigdom blant barn og unge

Det er framleis personar som står utanfor viktige sosiale arenaer, på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Barn råkast òg av fattigdom og regjeringa vil gjere det mogleg for fleire barn og ungdom å delta på viktige sosiale arenaer. Det er ei viktig samfunnsoppgåve å gi dei den hjelpa dei treng. Regjeringa vil òg styrkje tiltak som fremmer sosial integrasjon for utsette barn og unge, til dømes ferie- og fritidsaktivitetar.

Resultatrapporteringa under dette delmålet tek utgangpunkt i delmål 5.3 Tiltak mot fattigdom blant barn og unge i Prop. 1 S (2012–2013) og delmål 5.3 Målretta tiltak mot fattigdom blant barn og unge i Prop. 1 S (2013–2014).

Resultatrapport 2013/2014

Reduserte konsekvensar av fattigdom blant barn, ungdom og familiar

Den særskilde satsinga retta mot barn, ungdom og familiar ramma av fattigdom blei ført vidare i 2013 gjennom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Innsatsen blei styrka i 2013. 42,6 mill. kroner blei fordelt til 189 tiltak, av desse var om lag 150 tiltak knytt til kultur-, ferie- og fritidsopplevingar for barn og unge. Midlane blei fordelte på tiltak i dei 23 bykommunane og 8 prioriterte bydelane som var omfatta av ordninga. Det blei gitt støtte til tiltak som fremmer deltaking i kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar for barn, ungdom og familiar ramma av fattigdomsproblem, og tiltak som bidrar til kvalifisering og inkludering mellom anna gjennom etablering av alternative arenaer for meistring. Det blei òg gitt støtte til meir langsiktige og samordna tiltak som bidreg til å motverke marginalisering av barn og ungdom.

Kommunane står fritt i korleis dei ønskjer å utvikle tiltaka lokalt, men det har vore lagt vekt på at arbeidet skal vere forankra i ein heilskapleg og samordna barne- og ungdomspolitikk og i kommunanes planarbeid.

I 2014 etablerte BLD ei nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, der offentlege og private instansar, bydelar, frivillige organisasjonar og ungdomsgrupper kan søkje om midlar. Innsatsen mot barnefattigdom, som har vore ein del av tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, blei lagt inn i den nye nasjonale tilskotsordninga.

For 2014 var det i utgangspunktet avsett 105 mill. kroner til ordninga. Ordninga blei i tillegg tilført 5 mill. kroner som eit eingangsbeløp i 2014, jf. Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014 frå regjeringa Solberg. Målet med tilskotsordninga er å gi fleire barn, ungdom og familiar høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Tilskotsordninga har i 2014 betra vilkåra for at barn og ungdom skal få delta og utvikle seg ubunden av foreldra sin økonomiske og sosiale situasjon. Om lag 43 prosent av tilskotsmidlane blei tildelt frivillige organisasjonar og private instansar. Blant tiltaka er utlån av utstyr og ferie- og fritidsaktivitetar. Levekårsutsette område og tiltaksutvikling i eit samarbeid med frivillig sektor blei vektlagt ved tildeling av midlane. Alle kommunar kan søkje om tilskot til ferie- og fritidsaktivitetar.

Det blei òg i 2013 gitt ei tilleggsløyving frå Stortinget på 15 mill. kroner for å styrkje arbeidet med det rusfrie tilbodet til barn av rusavhengige foreldre i 2014, sjå omtale av dette under delmål 5.1 Like moglegheiter til deltaking for alle barn og unge under Innsats mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og diskriminering.

Riksrevisjonen la i 2014 fram ei undersøking av barnefattigdom (Dokument 3: 11 (2013–2014)). Målet med undersøkinga har vore å vurdere i kva grad statlege verkemidlar og tiltak som er sette i verk i kommunane, medverkar til å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Undersøkinga omfattar perioden 2002–2013. Riksrevisjonen fann at mange kommunar gjer for lite for at fattige barn skal kunne delta sosialt. Fleire kommunar har problem med å identifisere fattige barn, og innsatsen er derfor ikkje tilstrekkeleg målretta. Den statlige innsatsen kan koordinerast betre, og ordningane kan samordnast og forenklast. Det er òg behov for evaluering. BLD vil ta omsyn til tilrådingane.

Strategiar og tiltak for 2015

Meir likeverdige vilkår for barn som veks opp i fattige familiar

Regjeringa vil styrkje og samordne innsatsen mot barnefattigdom. Regjeringa ønskjer å vidareutvikle samarbeidet på tvers av departementa for å motverke barnefattigdom og vil utvikle ein samla strategi mot barnefattigdom. I arbeidet med strategien vil ein byggje på samarbeidsavtala mellom Venstre, Kristeleg Folkeparti, Fremstegspartiet og Høgre. Partane bak samarbeidsavtala har utarbeidd 14 konkrete forslag jf. forslag frå Dokument 8: 125 S (2012–2013). Fleire av forslaga er allereie følgt opp. Tilboda skal bidra til å dempe dei sosiale vanskane for barn og ungdom som følgjer med det å vekse opp i familiar med lav inntekt. Tilbodet til barn og unge ramma av fattigdom er styrka i 2014, og regjeringa foreslår å styrkje tilbodet til barn og unge i kommunar med storbyproblematikk i 2015.

Den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom inngår i regjeringa si samla satsing mot barnefattigdom. Tilskotsordninga blir sett i samanheng med andre statlege tilskotsordningar og satsingar. Her kan ein særskilt vise til tilskotsordning for å førebyggje og redusere fattigdom blant barn og barnefamiliar som er i kontakt med dei sosiale tenestene på Nav-kontoret, sjå omtale i Arbeids- og sosialdepartementet sin Prop. 1 S (2014–2015). Det er eit mål at det skal bli enklare for søkjarane å få ei heilskapleg oversikt over ordningane.

BLD ta omsyn til Riksrevisjonen si undersøking av barnefattigdom (Dokument 3: 11 (2013–2014) mellom anna gjennom arbeidet med Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Bufdir skal mellom anna bidra til at kommunane får utvikla indikatorar på barnefattigdom og det vil bli gjort eit arbeid med å få til betre evaluering av innsatsen. Det vil bli lagt til rette for meir erfaringsutveksling om arbeid mot barnefattigdom i samarbeid med kommunar og frivillige organisasjonar.

Riksrevisjonen anbefalte å betre samarbeid mellom direktorat som har oppgåver for utsette barn og unge. Bufdir og Arbeids- og velferdsdirektoratet har starta sitt samarbeid, som på sikt òg skal omfatte Integrerings- og mangfoldsdirektoratet. Det er òg starta eit arbeid med å betre koordineringa mellom barnevernet og arbeids- og velferdsforvaltninga for å hindre at barnevernsbarn fell utanfor arbeidslivet i overgangen til vaksenlivet.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom

BLD vil leggje til rette for at barn og unge får høve til å delta og utvikle seg i samfunnet ubunden av foreldra sin økonomiske og sosiale situasjon. Bufdir forvaltar ei nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Tilskotsordninga skal bidra til at barn og unge som lever i fattige familiar kan ta del i fritidsaktivitetar og til at familiane kan få tilgang til ferieopplevingar. I 2015 kan frivillige organisasjonar som arbeider for å gi eit tilbod til barn i fattige familiar sende søknad direkte til Bufdir.

Løyvinga blir òg nytta til tilskot til Blå Kors sitt tiltak Barnas stasjon og tiltaket FRI som Kirkens Bymisjon driv. Røde Kors – Ferie for alle har i 2014 fått direkte tilskot over kap. 857, post 71. Departementet føreslår at Ferie for alle får tilskot over kap. 857, post 61. Departementet føreslår ei samla løyving på kap. 857, post 61 på om lag 115 mill. kroner.

Delmål 6.1. Eit barnevern som gir tiltak og tenester av riktig kvalitet til riktig tid

Barnevernet skal setje i verk tiltak og yte tenester av riktig kvalitet og til riktig tid, og inneheld mellom anna strategiar om utviklinga av kunnskapsgrunnlaget i barnevernet og utviklinga av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som fagdirektorat for heile barnevernsfeltet.

Resultatrapport 2013/2014

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i kommunalt og statleg barnevern og 6.3 Heilskaplege og samordna tilbod og tenester, som blei presenterte i Prop. 1 S (2012–2013).

Førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon

Fleire av tilrådingane i NOU 2012: 5 Bedre beskyttelse av barns utvikling er førte vidare i Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven eller i Barndommen kommer ikke i reprise. Strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017). Det er mellom anna løyvt midlar til å følgje opp foreldre som mister omsorga for barna, etter omsorgsovertaking, og til ei tilskotsordning til kommunane slik at dei kan tilby foreldrerettleiing.

Bufdir har hovudansvaret for å følgje opp Program for foreldrerettleiing. Målet er å få til ei god spreiing av tilbodet på landsbasis.

BLD oppretta i 2013 to tilskotsordningar til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet. Den eine er ei driftstilskotsordning til organisasjonane og den andre til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet. Formålet med ordningane er av førebyggjande karakter og skal også bidra til at utsette barn og unge får betre hjelp til å meistre livet sitt. Det blei gitt tilskot til tolv prosjekt, der hovudområda brukarmedverknad og dialogarbeid mellom barnevernet og minoritetsbefolkninga blei prioriterte. I tillegg blei det gitt driftstilskot til sju organisasjonar. Sjå òg omtalen under kap. 854, post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a.

Kunnskapsutvikling i barnevernet

Den felles FoU-strategien for BLD og Bufdir (2009–2012) ligg til grunn for arbeidet inntil den nye strategien er utvikla. Departementet skal utforme ein forskingsstrategi, sjå mellom anna omtale under strategiar og tiltak for 2015. Forskingsprogrammet Fosterhjem for barns behov (NOVA, Fafo og Regionalt kunnskapssenter for barn og unge) blei sluttført hausten 2013. Det blei mellom anna tilrådd ei betre utgreiing av barn før plassering i fosterheim, ein gjennomgang av rammevilkåra til fosterforeldre og ei styrking av opplæringa og oppfølginga av fosterforeldre. Resultata frå programmet vil bli brukte i direktoratet og departementet sitt framtidige arbeid på fosterheimsfeltet.

Driftsstønaden til viktige kunnskapsmiljø blei også ført vidare, mellom anna til sped- og småbarnsnettverket ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse Aust og Sør. Da Regionalt kunnskapssenter for barn og unge i region Midt blei oppretta ved årsskiftet 2012/2013, blei samanslåinga av dei tidlegare utviklingssentera i barnevernet og dei tre regionsentera for barn og unges psykiske helse sluttført.

Departementet held fram med å styrkje den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet i 2013 gjennom å finansiere vidareutdanninga Barnevern i et minoritetsperspektiv. Det blei laga kontraktar for perioden 2014–2016 med fire utdanningsinstitusjonar. Bufdir har i 2014 som oppdrag å føre vidare samarbeidet med lærestadene og marknadsføre vidareutdanninga.

Bufdir har ført vidare drifta av mentorordninga Nattergalen i samarbeid med åtte universitet/høgskolar. Stavanger universitet blei ein del av prosjektet frå juni 2013. Om lag 22 barneskolar deltok. Den årlege konferansen i det internasjonale nettverket Nightingale Mentoring Network blei avvikla i Oslo i oktober 2013.

Arbeid mot vald og overgrep

Departementet har styrkt innsatsen for å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, og for at dei som blir utsette for vald og overgrep, skal få god hjelp og behandling. Samarbeidet om barn som treng hjelp, må bli betre. Derfor er strategien Barndommen kommer ikke i reprise. Strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017) utarbeidd.

Etter å ha vurdert eventuelle organisasjonsmessige endringar i 2013, er det bestemt at Kristiansand kommune framleis skal vere driftsansvarleg for Alarmtelefonen for barn og unge.

BLD har saman med andre departement og direktorat arbeidd med å setje i verk dei barneretta tiltaka i handlingsplanen Sammen mot menneskehandel (2011–2014). Tiltaka som gjeld innhenting av forsking og kunnskap om situasjonen til mindreårige offer i Noreg, er sette i gang i 2014.

Betre varetaking av barns utvikling

Departementet viser til rapportering om oppfølginga av NOU 2012: 5 Bedre beskyttelse av barns utvikling under overskrifta Førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon.

Gode omsorgstilbod til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

Refusjonsordninga for kommunale barnevernutgifter har vore i sterk vekst sidan innføringa, og har gjort at fleire einslege, mindreårige har fått omsorgstilbod frå barnevernstenesta i kommunen. Delen av kommunane sine utgifter som blir refundert blei redusert frå 100 til 80 prosent frå 2014. På grunn av endringa blei det utbetalt fleire refusjonar i 2013 enn venta. Dette førte til ei betydeleg meirutgift på posten i 2013. Ordninga med eit særskilt tilskot til kommunane ved busetjing blei ført vidare.

Evalueringa av omsorgsreforma er noko forseinka, men skal gjennomførast i 2014. Resultatet skal inngå i ei vidare vurdering og utvikling av tilbodet til alle einslege mindreårige asylsøkjarar under 18 år.

Stønad til organisasjonar på barnevernsområdet

Departementet viser til rapportering om tilskota under overskrifta Førebyggjande tiltak og tidleg intervensjon.

Endringar i finansieringsansvaret ved bruk av barnevernsinstitusjon

Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaget i Prop. 106 L (2012–2013) om gradvis å auke kommunane si eigenbetaling ved bruk av institusjonsplassar. Eigenbetalinga vil dermed i større grad spegle dei faktiske kostnadene ved tiltaket. Målet er å leggje til rette for barnevernfaglege vurderingar for å finne riktige tiltak og for å betre samhandlinga mellom kommunalt og statleg barnevern. Satsen for opphald i institusjon og senter for foreldre og barn blei auka til inntil 50 304 kroner per barn per månad i 2014. Kommunane blei kompenserte for auken i eigendelane gjennom ein auke i rammetilskotet.

Strategiar og tiltak 2015

Førebyggjande tiltak – tidleg intervensjon og hjelpetiltak i barnevernet

Regjeringa legg vekt på å styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane retta mot utsette barn, unge og familiane deira, slik at tenestene kan kome tidleg inn med gode tiltak og førebyggje problemutvikling. Det er viktig å støtte og utvikle tiltak og metodar som kan betre omsorgsevna til foreldra, for å unngå at det blir nødvendig med plassering i fosterheim og på institusjon. Målet er at det skal finnast gode førebyggjande tilbod til familiar som er i ein vanskeleg livssituasjon. Aktuelle tiltak er mellom anna foreldrerettleiingsprogram og andre støtte- og avlastingstiltak for familiar som treng det. Departementet vil arbeide for å betre kvaliteten i det førebyggjande arbeidet i barnevernet gjennom meir forsking og gjennom kompetansetiltak retta mot dei tilsette i tenesta.

Kunnskaps- og tiltaksutvikling

I 2015 vil regjeringa arbeide vidare med å utvikle kunnskapsgrunnlaget på fleire område i barnevernet. Eit av dei sentrale måla er å gjere tenestene meir kunnskapsbaserte. Departementet skal utforme ein forskingsstrategi der barnevernsområdet vil vere ein del av strategien. Den nye strategien vil mellom anna trekkje fram kva for område det skal satsast på dei neste åra. Det gjeld til dømes å få oppdatert kunnskap om den psykiske og fysiske situasjonen og skolegangen til barnevernsbarn.

Bufdir vil systematisere erfaringar frå bruken av kommunale hjelpetiltak gjennom forsking for å få eit meir kunnskapsbasert barnevern. Hjelpetiltak frå barnevernet skal tilpassast livssituasjonen til det enkelte barnet og den enkelte familien, og barn skal få hjelp som fører til positive endringar i livet deira. Det statlege barnevernet skal framleis utvikle og tilby forskingsbaserte hjelpetiltak. Omfanget av det statlege tilbodet skal vurderast på eit heilskapleg grunnlag og ut frå omsynet til kva føresetnader kommunane har for å gjennomføre tilsvarande tiltak.

Gjennom det langsiktige utviklingsprogrammet i Bufdir blir det arbeidd med å styrkje kvaliteten i heile tilbodet. Dei viktigaste tiltaka her er:

  • arbeidet med eit differensiert institusjonstilbod for å redusere risiko for negativ sosial læring skal halde fram

  • kompetansen til dei tilsette i institusjonane skal utviklast. Nyutdanna og nytilsette i institusjonane skal få profesjonell rettleiing av erfarne kollegaer

  • dei tilsette i institusjonane skal få opplæring om barns psykiske helse. Mange barn i barnevernsinstitusjonane har psykiske vanskar, og dei tilsette treng derfor god kunnskap om kva behov desse barna har

  • det skal startast eit arbeid med å auke kompetansen til institusjonsleiarane.

Innsatsen for å rekruttere fleire fosterheimar vil òg halde fram i 2015. Bufdir vil rette særleg merksemd mot å rekruttere fleire fosterfamiliar frå grupper som er underrepresenterte i dag, mellom anna minoritetar og fosterforeldre som kan ta imot søsken.

Departementet viser til oppmodingsvedtak nummer 440 av 5. juni 2014. Regjeringa tek sikte på at ei melding til Stortinget om fosterheimsomsorga blir lagd fram innan utgangen av 2015.

Departementet er oppteke av å utvikle kompetansen og tiltaka på fleire område i det kommunale barnevernet. Særleg vil departementet styrkje utgreiingskompetansen og vurderinga av bekymringsmeldingar i barnevernet. Betre utgreiingar vil gi betre føresetnader for riktig tiltak for det enkelte barn.

Av barn med omsorgstiltak, har andelen barn som er i alderen 0-2 år og 3-5 år økt markant dei siste åra. Omfanget av akuttvedtak har også økt dei siste åra. For å trygge dei minste barna er sentre for foreldre og barn eit viktig tiltak. Å gi riktig hjelp så tidleg som mogleg i eit barns liv kan vere avgjerande for barnets vidare utvikling. Sentrene for foreldre og barn gjer eit døgnbasert og spesialisert tilbod om utredning og endringsarbeid for utsatte sped- og småbarnsfamilier. Bufdir leverer ein rapport til BLD om hvordan denne gruppa skal få eit best mogleg tilbod, og BLD vil jobbe vidare med dette i 2015.

Departementet samarbeider også med Kunnskapsdepartementet om oppfølginga av Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Meldinga inneheld ei rekkje tiltak for å betre kvaliteten på dei helse- og sosialfaglege utdanningane. Tiltaka omfattar mellom anna utdanningane som kvalifiserer til arbeid i barnevernet.

Regionale og nasjonale kunnskaps- og kompetansesenter er ein sentral del av dei nasjonale styresmaktene si satsing på å styrkje kompetansen i helse- og omsorgstenestene og barnevernet. Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har på oppdrag frå BLD og Helse- og omsorgsdepartementet hatt ein gjennomgang av sentera knytte til samfunnsoppdrag, organisering og finansiering. Departementet samarbeider med Helse- og omsorgsdepartementet om løysingar som skal gi ei betre utnytting av ressursane og gjere det lettare for tenestene å søkje hjelp, råd og rettleiing. Sjå elles omtalen i Prop. 1 S (2014–2015) frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Fagdirektoratsoppgåver til Bufdir

Bufdir er frå 2014 fagdirektorat for heile barnevernsfeltet – både det kommunale og det statlege barnevernet. Målet er å fremme kvalitet og kunnskapsbasert praksis gjennom faglege tilrådingar til hjelp for arbeidet i barnevernet. Direktoratet vil utarbeide faglege tilrådingar, utvikle indikatorar på barnevernsområdet og spreie kunnskap og vere ein pådrivar for at alle delar av barnevernet tek i bruk dei nasjonale kvalitetsmåla. Oppgåvene som fagdirektorat for barnevernet skal organisatorisk vere skilde frå oppgåva som leiar av Bufetat. Dette utviklingsarbeidet vil halde fram i 2015.

Kunnskaps- og kompetanseutvikling er sentralt for å styrkje kvaliteten i arbeidet til barnevernet. Derfor må det vere eit godt samarbeid mellom barnevernet, utdanningane som kvalifiserer til arbeid i barnevernet, og forsking. Dei må alle ha behova til barna i sentrum for arbeidet sitt. Vidareutviklinga av kompetansemodellar for det statlege tenestetilbodet vil på sikt danne ein nasjonal struktur som kjem heile praksisfeltet til gode.

Gode omsorgstilbod til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

Regjeringa vil føre vidare ordninga med statsrefusjon for utgifter til kommunale barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar utover ein eigendel. Inntil 80 prosent av utgiftene som overstig den kommunale eigendelen, skal refunderast. Ordninga med eit særskilt tilskot til kommunane ved busetjing blir ført vidare.

Stønad til organisasjonar og prosjekt på barnevernsområdet

Brukar- og interesseorganisasjonar innanfor barnevern og tilgrensande område har alltid vore ein viktig del av det samla tilbodet til utsette barn, unge og familiane deira. Organisasjonane har kunnskap, nettverk og arbeidsmetodar som utfyller dei andre aktørane på feltet. Det er òg eit gode i seg sjølv for utsette barn og unge at nokon kan representere interessene deira i politikkutforminga. Departementet ønskjer brukarmedverknad og at alle partane på barnevernsfeltet skal bli høyrde, og støttar òg samarbeid med organisasjonar på feltet. Støtte til organisasjonane vil bli lyst ut gjennom tilskotsordninga Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet. Det blir òg gitt støtte til prosjekt hos organisasjonar og verksemder som arbeider med eller har grenseflater mot barnevernet og interesse- og brukarorganisasjonar gjennom tilskotsordninga Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Tilskota blir forvalta av Bufdir, sjå omtalen under kap. 854, post 71 Utviklings- og opplysingsarbeid o.a.

Endringar i finansieringsansvaret ved bruk av barnevernsinstitusjon

Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaget i Prop. 106 L (2012–2013) om gradvis å auke kommunane si eigenbetaling ved bruk av institusjonsplassar. Departementet føreslår no å auke ytterlegare eigendelane til kommunane. Satsen for opphald i institusjon og senter for foreldre og barn blir auka til inntil 65 000 kroner per barn per månad i 2015.

Departementet vil vurdere endringar i den statlege refusjonsordninga for utgifter til fosterheim når evalueringa av fosterheimsområdet er klar i 2015.

Delmål 6.2. Tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse i barnevernstenestene

Delmålet omhandlar arbeidet som blir gjort for at det skal vere tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse i barnevernstenestene, og inneheld mellom anna strategiar om satsinga på skole- og utdanningssituasjonen for barn med tiltak i barnevernet og øyremerkinga i det kommunale barnevernet.

Resultatrapport 2013/2014

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i kommunalt og statleg barnevern, 6.3 Heilskaplege og samordna tilbod og tenester og 6.4 Auka kapasitet i det kommunale barnevernet, som blei presentert i Prop. 1 S (2012–2013).

Kompetansen i kommunalt barnevern

For å styrkje både grunnutdanningane og kompetansen etter fullført grunnutdanning blei det våren 2013 oppretta eit samarbeidsorgan mellom praksisfeltet, utdanningane som kvalifiserer til arbeid i barnevernet, sentrale barnevernsstyresmakter, Kunnskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, fylkesmannsembeta og KS. Målsetjinga med organet er å medverke til kvalitetsutvikling, eit meir likeverdig utdanningstilbod i heile landet og utdanningar som er tilpassa praktiske behov i barnevernet. Vidare blei det oppretta vidareutdanningar ved seks høgskolar og universitet for at nyutdanna i barnevernet skal få tilbod om eit rettleidd førsteår. Ei barnevernsleiarutdanning på mastergradsnivå skal òg utviklast i 2014. Denne utdanninga skal sjåast i samanheng med eit utdanningstilbod for leiarar av institusjonar.

Tiltaka over er ein del av oppfølginga av NOU 2009: 8 Kompetanseutvikling i barnevernet. Som oppfølging av den same utgreiinga har departementet gitt stønad til eit treårig pilotprosjekt ved Høgskolen i Oslo og Akershus (2011–2013). Gjennom å utvikle eit målretta og systematisk rekrutteringsarbeid skal ein auke delen mannlege studentar og studentar med innvandrarbakgrunn ved barnevernspedagogutdanninga ved høgskolen. Sluttprosjektet er venta første halvår 2014.

Bærum kommune avslutta ved utgangen av 2013 eit toårig forsøksprosjekt med opplæring av nyutdanna og nytilsette i kommunalt barnevern. Prosjektet blei gjennomført i samarbeid med Høgskolen i Oslo og Akershus og Diakonhjemmet Høgskole. Ein evalueringsrapport om prosjektet frå Høgskolen i Oslo og Akershus var ferdigstilt i april 2014.

Skolegangen til barnevernsbarn

Det blei tildelt 10 mill. kroner i 2014 til å betre skolegang for barnevernsbarn. Bufdir utarbeider eit opplæringsprogram om skoleoppfølging for leiarar og tilsette i statlege institusjonar, fosterheimstenester og tilsette som arbeider med statlege fosterheimstiltak (beredskapsheimar og familieheimar). Vidare har direktoratet begynt arbeidet med å utarbeide ein fagleg rettleiar. I tillegg skal Bufdir jobbe med kartleggingar og utvikling av statistikk på området, og prøve ut ulike prosjekt for å hjelpe utsette barn med skolegangen. Tilsette i skole og barnevern skal engasjerast gjennom regionale dialogkonferansar. I Bufetat er det no etablert skoleansvarlege ved alle statlege institusjonar.

Utvikle tiltaka i det statlege barnevernet

Forsking viser at det for dei fleste barn som ikkje kan bu i eigen familie, er fosterheim det beste tilbodet. Det er eit aukande behov for fosterheimar. Bufetat rekrutterte i 2013 om lag 1 300 nye fosterheimar. Det blir jobba særskilt med rekruttering blant slekt og nettverk og overfor tilsette i helse- og omsorgssektoren. Det er også ferdigstilt eit eige PRIDE-kurs for fosterheimar som tek imot ungdom.

Resultat frå forskingsprogrammet Fosterhjem for barns behov blei lagde fram i starten av 2014. Rapporten viser mellom anna at det er behov for gode kartleggingar av barn ved plassering i fosterheim, og auka behov for støtte og hjelp til fosterforeldre. Bufdir har fått i oppdrag å følgje opp resultata frå forskinga.

Bufdir har i 2013 arbeidd vidare med kvalitetsutvikling og spissing av kjerneverksemda i Bufdir. Omstilling og målgruppedifferensiering av institusjonar har stått sentralt, og arbeidet med effektivisering og omstillingar av administrative støttefunksjonar har halde fram.

Vidareutvikle samarbeid med KS

BLD førte i 2013 vidare ein samarbeidsavtale med KS. Som ledd i dette samarbeidet har departementet gitt tilskot til KS’ effektiviseringsnettverk på barnevernsområdet. Samarbeidet har medverka til kompetansespreiing og interkommunalt samarbeid.

BLD samarbeider også med KS gjennom konsultasjonsordninga mellom regjeringa og kommunane. Ordninga har bidrege til betre kontakt mellom KS og staten og større grad av einigheit om situasjonsbeskrivinga for kommunesektoren.

Betre samordning av tenester for barn og unge

BLD har i samarbeid med andre departement vurdert forslaga i NOU 2009: 22 Det du gjør, gjør det helt. Om bedre samordning av tjenester for utsatte barn og unge (Flatøutvalet). Departementet har mellom anna saman med Helse- og omsorgsdepartementet gitt Bufdir og Helsedirektoratet eit oppdrag i 2013 om å utvikle felles retningslinjer for samarbeidet mellom barnevern og psykiske helsetenester for å betre tilgangen på psykisk helsehjelp for barn i barnevernet.

BLD har også medverka til at det er sett i gang to forsøksprosjekt i Kristiansand og Levanger med mål om å styrkje samarbeidet mellom barnevern og psykiske helsetenester. Prosjekta blei starta i 2013 og vil gå ut høvesvis 2015 og 2016. Dei vil gi verdifull kunnskap om modellar som gir utsette barn og ungdom betre og meir samordna hjelp.

Styrkt kapasitet i det kommunale barnevernet

I 2013 var det 53 750 barn som mottok tiltak frå barnevernet. Det er om lag det same talet som året før og utgjer 3,7 prosent av alle barn i alderen 0–22 år. Det var, som tidlegare år, fleire gutar enn jenter i barnevernet.

83 prosent av barn og unge som var i barnevernet i 2013, tok imot hjelpetiltak, medan 17 prosent var under omsorg. Nær 38 000 undersøkingssaker blei avslutta i 2013. Det er ein auke på over 3,5 prosent frå året før. 43 prosent av alle undersøkingane som blei avslutta i 2013, førte til tiltak frå barnevernet.

Kommunane har sett i verk førebyggjande tiltak og auka ressursbruken i barnevernet. Barn med behov for hjelp har auka meir enn nye stillingar i mange år. Rapportar frå tilsyna frå fylkesmennene viser at mange av kommunane enno ikkje oppfyller alle lovkrava. For å betre kommunane si evne til å gi barn og unge som treng hjelp frå barnevernet, er det i 2014 øyremerkt til saman nær 0,6 mrd. kroner til det kommunale barnevernet. Løyvinga har gått til 890 nye stillingar. Målet med øyremerkinga er å styrkje barnevernstenestene i dei mest utsette kommunane.

Rapporteringar frå kommunane indikerer at satsinga har hatt positiv effekt ved at det er ein nedgang i talet på fristbrot, fleire barn har tilsynsførar, og fleire av barna har ein tiltaks- eller omsorgsplan.

Strategiar og tiltak for 2015

Tidleg innsats og samarbeid med andre tenester

BLD vil følgje opp tiltak i Prop. 106 L (2012–2013) for å betre samarbeidet mellom barnevernet og andre tenester. Departementet vil saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet starte ei utarbeiding av den samfunnsøkonomiske nytten av tidleg innsats og foreldrestøttande tiltak. Dette skal bidra til å betre samarbeidet mellom tenestene som møter dei yngste barna, slik at fleire får rett hjelp på eit tidleg tidspunkt. Departementet vil saman med andre departement arbeide særskilt for å betre samarbeidet mellom barnevern, skole, Nav og psykisk helsevern for barn og unge, mellom anna i form av rettleiingar for samhandling og ansvarsdeling.

Skolegangen til barnevernsbarn

I 2015 vil den særlege satsinga på skole- og utdanningssituasjonen for barn med tiltak i barnevernet frå 2014 førast vidare. Formålet er å styrkje samarbeidet mellom skole og barnevern, slik at fleire barn i barnevernet får utnytte potensialet sitt og fullføre skolegangen. Bufdir vil i 2015 mellom anna bli gitt i oppdrag å halde fram arbeidet med å følgje opp og utvikle vidare kompetansehevande og andre aktuelle tiltak. Departementet vil vidare saman med Kunnskapsdepartementet følgje opp tiltak i Prop. 106 L (2012–2013) for å bidra til at barnevernstenesta får samtykkekompetanse ved behov for spesialundervising. Tiltaka vil bidra til å gi barn og unge under omsorg av barnevernet ein betre tilpassa skolegang.

Tydelegare ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt barnevern

Stortinget slutta seg våren 2013 til forslaget i Prop. 106 L (2012–2013) om ei tydeleg ansvarsdeling mellom kommunalt og statleg barnevern.

Regjeringa sin ambisjon er eit betre barnevern som gir fleire barn rett hjelp til rett tid. Regjeringa er særleg oppteken av at det skal leggjast meir vekt på førebygging og tidleg innsats i arbeidet med utsette barn og familiar. Det er kommunane som best kjenner det enkelte barnet sitt behov. Regjeringa legg derfor opp til strukturendringar for barnevernet. Strukturendringane vil innebere ei ny ansvarsdeling mellom det kommunale og det statlege barnevernet, der kommunane får eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Departementet har starta arbeidet med strukturendringar og tek sikte på å prøve ut den nye organiseringa i form av forsøksverksemd i eit lite utval av kommunar med oppstart i løpet av 2015 eller 2016. Dette vil innebere overføring av nokre statlege oppgåver til dei kommunane som deltek i forsøksverksemda.

Framleis øyremerking i det kommunale barnevernet

Regjeringa føreslår å føre vidare øyremerkinga til det kommunale barnevernet i 2015. Løyvinga på 607 mill. kroner vil gå til 890 stillingar i det kommunale barnevernet. Fylkesmannsembeta fordeler midlane til kommunane.

Delmål 6.3. Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Delmålet omhandlar arbeidet som blir gjort for å gi rettstryggleik for barn, unge og familiane deira, og inneheld mellom anna forslag til ny adopsjonslov og arbeid knytt til barnevern over landegrensene.

Resultatrapport 2013/2014

Rapporteringa tek utgangspunkt i delmåla 6.1 Gode tiltak og høg kompetanse i kommunalt og statleg barnevern, 6.2 Høg rettstryggleik for barn, unge og familiane deira og 6.3 Heilskaplege og samordna tilbod og tenester, som blei presenterte i Prop. 1 S (2012–2013).

Barnevern

Departementet la våren 2013 fram Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven. Endringane blei vedtekne av Stortinget i juni 2013. Formålet med endringane er å bidra til høg kvalitet i arbeidet til barnevernet gjennom krav til rettstryggleik, lovfesta krav til forsvarlege tenester, barns medverknad og god samhandling mellom forvaltingsnivåa. Ei rekkje av desse lovendringane tredde i kraft 1. januar 2014.

Det var frå 2012 til 2013 ein auke i talet på barn som det blei gjennomført samtalar med, og det blir arbeidd systematisk med å auke dette talet vidare. Lovendringa som styrkjer barns rett til medverknad, og som slår fast at barn som barnevernet har teke over omsorga for skal kunne ha med seg ein tillitsperson i møte med barnevernet, tredde i kraft 1. juni 2014. Kva syn barnet har, kan ha stor betydning for å finne fram til tiltak som er til beste for barnet. At barna får uttale seg, er òg viktig for tilliten til avgjerdene som blir tekne. Barnevernet skal aktivt leggje til rette for å samtale med barna og lytte til kva dei seier. Ei ny forskrift om medverknad og tillitsperson gjeld frå same dato.

Effektivt og målretta tilsyn

Frå 1. januar 2014 har Fylkesmannen heimel til å føre tilsyn med alle statlege tenester og tiltak etter barnevernlova, ikkje berre institusjonane. Dette betyr at det no kan førast tilsyn med heile tiltakskjeda i barnevernet. Endringar i barnevernlova om reglar om tilsyn med barn i fosterheim tredde i kraft 1. februar 2014. Nærmare reglar om tilsynet blei fastsette i ei forskrift som tredde i kraft same dato. Lovendringa går ut på at dagens tilsynsførarordning er erstatta av eit meir profesjonalisert og tydeleg kommunalt forankra tilsynsansvar. Kommunen har eit klart ansvar for å føre eit forsvarleg tilsyn med det enkelte barnet. Samtidig har kommunen større administrativ fridom til å avgjere korleis oppgåva skal organiserast. Dette legg betre til rette for gjennomføring av tilsynsplikta.

Barnesakkunnig kommisjon

I 2013 blei det oppnemnt ein ny kommisjon for perioden 2013–2015 der om lag halvparten av medlemmane var nye. Evalueringa av kommisjonen blei utsett til 2014/2015.

Utdanningsprogram for barnefagleg sakkunnige, og eigenerklæring for sakkunnige i barnevernsaker

Departementet førte i 2013 vidare støtta til drift av utdanningsprogrammet for barnefagleg sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova, i regi av Norsk Psykologforening. Resultatet av utdanningstilbodet er at domstolar og forvalting kan finne og velje blant sakkunnige med god og oppdatert kunnskap om barn og unge. Om lag 300 personar står oppførte i registeret over barnefaglege sakkunnige. Studieplanen for utdanningsprogrammet blei fagleg oppdatert i 2013.

For å styrkje tilliten til det sakkunnige arbeidet har BLD gitt retningslinjer om at sakkunnige som utarbeider rapportar i barnevernsaker bør leggje fram eigenerklæring. Formålet er større openheit om det forholdet den sakkunnige har til oppdragstakarane og avdekkje eventuelle habilitetsproblem.

Adopsjon

Dei siste åra har talet på adopsjonar av barn frå andre land gått ned. Både talet på søknadar og gjennomførte adopsjonar blei vesentleg reduserte i 2013. Regionane mottok 251 nye søknader i 2013, mot 304 i 2012. Talet på barn som blei adopterte til Noreg gjennom ein av dei tre godkjende adopsjonsorganisasjonane, gikk ytterlegare ned til 144 barn i 2013, samanlikna med 240 barn året før. Taiwan og Vietnam blei godkjente som nye samarbeidsland.

I 2013 var det gitt ei løyving på 2 mill. kroner i støtte til drift til dei tre adopsjonsorganisasjonane, Adopsjonsforum, InorAdopt og Verdens barn, over kap. 854, post 71. Delar av midlane blei nytta til utvikling av avtalar med nye samarbeidsland.

Stortinget vedtok enkelte endringar i adopsjonslova våren 2014. Endringane går mellom anna ut på å flytte ansvaret for å greie ut adoptivsøkjarar ved utanlandsadopsjon frå kommunane til regionane i Bufetat, og det er opna for at sambuarar kan vurderast for adopsjon på lik linje med ektefellar.

Barn som gjer kriminelle handlingar

Ved behandlinga av Prop. 106 L (2012–2013) vedtok Stortinget i juni 2013 endringar i barnevernlova som gir barnevernstenesta ei plikt til å halde jamleg kontakt med kriminalomsorga og barn i fengsel. Barnevernstenesta skal delta i planlegging og tilrettelegging av tiltak etter opphald i fengsel. Endringa inneber også at ungdom som fyller 18 år under soning, skal kunne få tiltak etter barnevernlova når dei blir sette fri. Lovendringa har ikkje blitt gjort gjeldande.

Eit forsøk med eit tverretatleg team er etablert ved sonings- og varetektseininga for ungdommar som har gjort kriminelle handlingar (ungdomseininga i Bergen). Teamet og ungdomseininga er evaluert av Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

Barnevern over landegrensene

Departementet arbeider saman med Justisdepartement og Utanriksdepartementet om informasjon til kommunane om barnevernssaker som gjeld barn og familiar med utanlandsk statsborgarskap. Departementet har vidare jobba særskilt med informasjon til ambassadar og utanlandske styresmakter.

Departementet har i 2013 hatt på høyring forslag om ei ny lov om gjennomføring i norsk rett av Haag-konvensjonen 19. oktober 1996 om vern av barn, med forslag til endringar i mellom anna barnevernlova. Eit viktig formål er å bidra til å førebyggje og løyse barnevernssaker der familien er knytt til fleire land. Departementet viser til nærmare omtale under programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Departementet har sett i gang ei evaluering av fylkesnemndene som skal vere ferdig i 2015. Formålet er å få meir kunnskap om fylkesnemndene fungerer etter intensjonen og med særleg merksemd på ressursbruk, organsering og rettstryggleik. Fylkesnemndene blei i Revidert nasjonalbudsjett 2014 tilført 5 mill. kroner for å setje i gang tiltak for å betre saksbehandlingstida ytterlegare. Desse ressursane er brukt til å tilsetje midlertidige nemndleiarar.

Strategiar og tiltak i 2015

Barnesakkunnig kommisjon

Barnesakkunnig kommisjon blir evaluert i 2014/2015. Evalueringa skal undersøkje om kommisjonen oppfyller samfunnsoppdraget sitt, og sjå på om det bør gjerast endringar i ordninga.

Utdanningsprogram for barnefagleg sakkunnige

BLD vil føre vidare støtta til Norsk Psykologforening til å arrangere utdanningsprogram for barnefagleg sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova. BLD vil vurdere støtta til utdanningsprogrammet etter at Barnesakkunnig kommisjon er evaluert.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Departementet vil i samarbeid med Sentraleininga for fylkesnemndene følgje opp resultat frå evalueringa av fylkesnemndene, som vil bli sluttførte tidleg i 2015. Formålet er å få oppdatert kunnskap om fylkesnemndene fungerer etter målsetjinga, med særleg merksemd på ressursbruk, organisering og rettstryggleik.

Det er forventa at fylkesnemndene fortset å effektivisera drifta slik at å betre saksbehandlingstida ytterlegare.

Adopsjon

Lovutvalet som skal utarbeide forslag til ny adopsjonslov blei oppnemnt hausten 2012, og skal gi si innstilling i oktober 2014. Utvalet har som mandat å kome med ein fullstendig revisjon av adopsjonslova og forskriftene til lova. Utvalet skal mellom anna gjere ei prinsipiell vurdering av adopsjonsinstituttet og kva lova bør innehalde. Utvalet skal òg vurdere arbeidsdelinga mellom dei ulike organa på området, gangen i saksbehandlinga, rettsverknader av adopsjon, spørsmål i tilknyting til omgåingar av reglane, sanksjonar o.a. Departementet vil følgje opp forslaga frå utvalet vidare.

Departementet vil følgje opp lovendringane som blei vedtekne av Stortinget våren 2014, med ei ny forskrift om krav til søkjarane o.a. ved utanlandsadopsjon. I dette arbeidet vil departementet vurdere merknadene frå Stortinget si behandling av Prop. 171 L (2012–2013) Endringer i adopsjonsloven mv., jf. Innst. 143 L (2013–2014).

Dei fleste endringane, mellom anna om sambuarar og stebarnsadopsjon, tredde i kraft 1. oktober 2014. Flytting av ansvaret for utgreiing av søkjarar ved utanlandsadopsjon o.a. fra kommunane trer i kraft 1. februar 2015. I tråd med føresetnaden i lovproposisjonen føreslår BLD at Bufetat får overført midlar frå kommunane til denne oppgåva. Det blir føreslått å auke løyvinga under kap. 855, post 01 med 4,5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 571, post 60. Heilårseffekten av endringa er 5 mill. kroner i 2016. Kommunane skal gi hjelp til å opplyse ein søknad om adopsjon der Bufetat ber om det.

BLD legg vekt på å følgje Noregs plikter internasjonalt på adopsjonsfeltet. Det er viktig å ha eit forsvarleg og effektivt tilsyn med dei tre godkjente organisasjonane som er involverte ved adopsjon av barn frå utlandet. Som følgje av nedgangen i talet på adopsjonar og auka ventetid for adoptivsøkjarar, har adopsjonsorganisasjonane særlege utfordringar knytte til mellom anna finansiering av verksemda. Departementet har sett av midlar til driftsstøtte til dei tre godkjende adopsjonsorganisasjonane og støtte til anna arbeid. Bufdir forvaltar ordninga.

Institusjonar med heim

Stortinget vedtok ved behandlinga av Prop. 106 L (2012–2013) forslaget om å innføre heimel i barnevernlova for institusjonar med heim. Formålet med lovendringa er å leggje til rette for at barn med alvorlege åtferdsvanskar skal kunne plasserast i institusjonar med særskilde behandlingsheimar. Heimane må ha særlege føresetnader for å ta imot desse barna. Departementet vil arbeide vidare med å utvikle nærmare reglar i forskrift for tiltaket.

Barnevern over landegrensene

Departementet vil arbeide vidare saman med Justisdepartement og Utanriksdepartementet om informasjon til kommunar og andre om barnevernssaker som gjeld barn og familiar som er knytte til fleire land. Departementet vil opprette ei nettside med relevant informasjon.

Departementet vil arbeide vidare med å utarbeide eit lovforslag etter høyringa i 2013 om forslag om ein ny lov om gjennomføringa av Haag-konvensjonen frå 1996. Dette inkluderer forslag til nødvendige endringar i barnevernlova. Departementet viser til nærmare omtale i progamkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

Særdomstol for saker knytte til barnevernlov og barnelov

Det følgjer av regjeringa sin politiske plattform at ho skal greie ut særdomstolar for saker som omhandlar barn og familie. Departementet viser til nærmare omtale i programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

850

Barneombodet

14 430

13 812

13 621

-1,4

852

Adopsjonsstønad

7 466

12 694

10 663

-16,0

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

168 851

183 879

173 866

-5,4

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

2 526 285

1 836 730

2 059 998

12,2

855

Statleg forvalting av barnevernet

5 952 469

5 957 630

6 352 483

6,6

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

185 980

200 139

201 877

0,9

857

Barne- og ungdomstiltak

225 008

273 506

287 881

5,3

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

310 347

280 256

255 591

-8,8

859

EUs ungdomsprogram

9 390

7 798

8 038

3,1

Sum kategori 11.20

9 400 226

8 766 444

9 364 018

6,8

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

3850

Barneombodet

416

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

2 178

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 087 394

1 096 570

1 296 798

18,3

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

97 974

108 780

112 370

3,3

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

10 166

433

433

0,0

3859

EUs ungdomsprogram

3 831

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 11.20

1 201 959

1 208 083

1 411 901

16,9

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01-23

Drift

6 329 335

6 528 169

6 902 369

5,7

30-49

Nybygg og anlegg

22

19 052

7 257

-61,9

50-59

Overføringer til andre statsregnskaper

21 878

27 459

13 122

-52,2

60-69

Overføringer til kommuner

2 796 281

1 953 272

2 182 510

11,7

70-98

Overføringer til private

252 710

238 492

258 760

8,5

Sum kategori 11.20

9 400 226

8 766 444

9 364 018

6,8

Kap. 850 Barneombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

14 430

13 812

13 621

Sum kap. 0850

14 430

13 812

13 621

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er uavhengig, sjølvstendig og partipolitisk nøytralt, oppretta gjennom lov av 6. mars 1981 nr. 5 om barneombod. Barneombodet si hovudoppgåve er å fremme barn sine interesser overfor det offentlege og det private, og følgje med på utviklinga av barns oppvekstvilkår. Instruksen til Barneombodet gir retningslinjer for arbeidet til ombodet.

Mandatet til Barneombodet er avgrensa, og Barneombodet har inga formell avgjerdsmakt. Arbeidet Barneombodet gjer, er derfor først og fremst knytt til å gi handlingskompetanse og informasjon og å arbeide rettspolitisk.

Barneombodet skal:

  • ta vare på barns interesser i samband med planlegging og utvikling på alle felt

  • følgje med på om lovgivinga om vern av barns interesser blir følgde, og om norsk rett og forvaltingspraksis er i samsvar med dei forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barns rettar

  • føreslå tiltak som kan styrkje barns rettstryggleik

  • fremme forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunnet

  • følgje med på om det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om barns rettar, og om det blir sett i verk nødvendige tiltak.

Hovudbrukargruppene til Barneombodet er barn og unge og dei som tek avgjerder.

Resultatrapportering og strategiar

Resultatrapport for 2013/2014

Faglege mål

Barneombodet hadde i 2013 eitt stort fagleg fokusområde: Helse på barns premissar. Arbeidet blei delt opp i fire temaområde: kommunale helsetenester til barn og unge, helsesituasjonen til barn med fluktbakgrunn, barn på sjukehus og helsetilbodet til barn som er utsette for vald eller overgrep. Rapporten frå prosjektet blei lansert den 6. mars 2014, og Barneombodet kom med ei rekkje tilrådingar til styresmaktene.

I 2013 reiste Barneombodet rundt om i Noreg med Barneombussen for å gjere Barneombodet betre kjent blant barn og unge. Barneombussen besøkte 13 skolar i Rogaland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Troms, Hedmark, Oppland og Vestfold i 2013. I tillegg møtte Barneombodet Ung i Nordland i Bodø og 135 elevar på Klepp. Barneombussen er no også ein del av det offisielle programmet for grunnlovsjubileet 2014.

I 2013 utvikla Barneombodet, i samarbeid med UNICEF, ein forenkla barnekonvensjonsplakat og eit skoleopplegg om barnekonvensjonen som er tenkt brukt på alle skolar i Noreg. Samtidig laga Barneombodet 42 videosnuttar om dei ulike artiklane i barnekonvensjonen som kan brukast i skoleopplegget. Skoleopplegget har blitt brukt i samband med Barneombussen.

Av 487 skole- og barnehagerelaterte saker i 2013 er det registrert 76 nye skriftlege saker om elevar sitt psykososiale skole-/barnehagemiljø i 2013. I tillegg har Barneombodet hatt 127 telefonar om skole og mobbing. Ein viktig del av arbeidet med krenkingar i skolen har vore å svare på førespurnader som kjem inn. Dette går primært ut på å rettleie vaksne og barn om regelverket og klagesystemet, og å gi dei ein reiskap for å kome vidare med saka si.

Som eit ledd i arbeidet med å hjelpe elevar og foreldre i mobbesaker har Barneombodet i 2013 laga klagemalar som kan lastast ned frå nettsidene. Dei gir foreldre og elevar hjelp med å knytte klagen sin i aktuelt lovverk og ein disposisjon over det viktigaste som bør vere med i ein klage. I tillegg gir nettsida informasjon om kva rettar elevane har, og pliktene som skolen og fylkesmennene har når elevane klagar.

Ifølgje § 4 i instruks for Barneombodet skal dei tilvise saker som kan bringast inn for eit forvaltingsorgan til vedkomande organ. Nokre av virkemidla deira er derfor å oppmode Fylkesmannen om å gjennomføre tilsyn og å kome med generelle utsegner baserte på sine erfaringar. I 2013 har Barneombodet bedt fylkesmennene om å føre tilsyn i fleire saker. Barneombodet har òg gjennomført ei rekkje undervisningsoppdrag knytte til krenkingar og mobbing i skolen. Dette er undervisning gitt til, eller på oppdrag frå, fylkesmannsembeta, Utdanningsdirektoratet og andre.

Administrative mål og kommunikasjonsmål

Etter at verksemda fikk ny nettside, har dei hatt ein stor auke i talet på spørsmål frå barn og unge, dei fleste av dei om skole.

I 2013 var Barneombodet omtalt i totalt 2 874 treff i media og barneombod Anne Lindboe heldt 41 foredrag. Ein stor del av informasjonsarbeidet hennar dreier seg om opplæring i barnerettane for ulike faggrupper. Barneombodet har ei eiga Facebook-side for kontakt med barn, og er også på Twitter og Instagram. Barneombodet har i 2013 laga ein ny kommunikasjonsstrategi for å betre kommunikasjonsarbeidet ytterlegare.

I alt har Barneombodet teke imot og ekspedert 5 506 brev og e-postar til privatpersonar og andre. Heile 1 788 telefonar blei registrerte inn. Barneombodet leverte 34 høyringssvar i 2013, sende inn krav om innsyn i 33 saker og sende sju bekymringsmeldingar til barnevernet.

Barneombodet systematiserer utsendinga av brev frå Barneombodet til offentlege styresmakter. I desse breva gir Barneombodet uttrykk for synspunkt og uro for ivaretakinga av barn innanfor ulike sektorar av samfunnet. I 2013 blei det sendt 21 slike brev frå Barneombodet til ulike offentlige styresmakter.

Strategiar og tiltak for Barneombodet i 2015

Barneombodet har utarbeidd 21 langsiktige faglege mål og fem mål for organisasjonsutvikling for perioden 2012–2018. Barneombodet vel kvart år ut nokre av desse måla som det skal arbeide spesielt med. Barneombodet vil leggje vekt på desse måla i 2015:

Barn med funksjonsnedsetjingar skal ha eit verdig liv og eit tilrettelagt tilbod uansett kvar dei bur

Barneombodet vil sjå nærmare på rettar for barn med funksjonsnedsetjingar i 2015.

Barn kjenner til barnekonvensjonen og Barneombodet

Barneombodet held i 2015 fram med prosjekt «barneombuss», der Barneombodet reiser rundt i landet og besøkjer skolar. Barneombodet har med seg eit skoleopplegg som informerer om barnekonvensjonen og Barneombodet.

Alle barn i Noreg får oppfylt retten til utdanning i ein trygg og inkluderande skole

Barneombodet vil halde fram med det viktige arbeidet med psykososialt skolemiljø. Særleg vekt vil det bli lagt på lovendringar, elevmedverknad og mandat og praksis for fylkesmennene.

Barn skal ikkje utsette for ulovleg tvang i nokon offentleg institusjon

Barneombodet vil kome med tilrådingar om bruk av tvang mot barn i barnevern og psykisk helsevern.

Barn i risiko for, eller som er utsette for, vald og overgrep, møter eit system som ser, følgjer opp og gir god behandling

Barneombodet vil arbeide for å få gjennomslag for sine tilrådingar om tiltak for å redusere vald mot barn gjennom heile 2015.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Barneombodet.

Departementet føreslår ei løyving på 13,6 mill. kroner i 2015.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

7 466

12 694

10 663

Sum kap. 0852

7 466

12 694

10 663

Post 70 Stønad til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Eingongsstønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet, var i 2013 på 45 330 kroner per barn og i 2014 på 46 920 kroner per barn. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som forvaltar stønadsordninga, tok imot og innvilga 171 søknader om adopsjonsstønad i 2013, mot 264 søknader i 2012. 144 utanlandsadopsjonar blei formidla i 2013.

Om tildelinga av eingongsstønad

Eingongsstønad ved adopsjon av barn frå utlandet blei innført i 1992 for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar knytt til foreldra sin økonomi på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet.

Stønaden blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må anten vere gjennomført i Noreg eller i utlandet og registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir. Direktoratet skal ha motteke dei rette dokumenta frå opphavslandet til barnet før dei behandlar søknaden. Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg da dei fekk omsorga for barnet, og da adopsjonen blei gjennomført eller registrert her i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av forhold i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få eingongsstønad dersom barnet har kome til Noreg med sikte på adopsjon og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet da dei fekk omsorga for barnet.

Departementet føreslår at stønaden til foreldre som adopterer barn frå utlandet, blir sett til 48 470 kroner per barn i 2015. Det er ein auke som tilsvarer prisjusteringa.

Departementet føreslår ei løyving på 10,7 mill. kroner i 2015.

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

168 851

164 827

166 609

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

19 052

7 257

Sum kap. 0853

168 851

183 879

173 866

Status for verksemda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er eit domstolliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernlova. Fylkesnemndene har vedtaksmyndigheit i tvangssakene etter barnevernlova, helse- og omsorgstenestelova og smittevernlova. Fylkesnemndene gjer vedtak om omsorgsovertakingar av barn, tvangsplasseringar av ungdommar og tvangsplasseringar av rusmisbrukarar etter høvesvis barnevernlova og helse- og omsorgstenestelova. Vel 90 prosent av sakene i fylkesnemndene er saker etter barnevernlova. Resultatrapport og strategiar og tiltak for fylkesnemndene er omtalte i programkategori 11.00 Administrasjon, under delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre utgifter, mellom anna saksutgifter og utgifter til drift, opplæring, leige av lokale og kjøp av varer og tenester i dei 12 fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Løyvinga dekkjer òg utgifter til lønn og andre driftsutgifter i sentraladministrasjonen for fylkesnemndene. Om lag ein tredjedel av løyvinga på posten blir nytta til saksutgifter i nemndene.

Departementet føreslår ei løyving på 166,6 mill. kroner i 2015.

Post 45 Større anskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Saksbehandlingssystemet i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker blir fornya. Det blir derfor føreslått ei løyving på 7,3 mill. kroner til nytt IKT-system i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker i 2015. Den totale budsjettramma for saksbehandlingssystemet er berekna til 32 mill. kroner. Eit effektivt og godt fungerande saksbehandlingssystem i fylkesnemndene vil bidra til å gi rettstryggleiken og personvernet i saker om tvang i barnevernet.

Posten blir føreslått redusert med 12 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 854, post 60, til å dekkje heilårseffekten av dei øyremerkte stillingane til kommunalt barnevern som blei oppretta i 2014.

Departementet føreslår ei løyving på 7,3 mill. kroner i 2015.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

66 296

85 083

92 373

22

Barnesakkunnig kommisjon

6 475

6 656

50

Forsking og utvikling

21 878

27 459

13 122

60

Kommunalt barnevern

464 989

573 356

607 183

61

Utvikling i kommunane

25 179

30 719

31 702

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

1 860 638

1 023 534

1 202 158

71

Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

29 861

30 149

39 949

72

Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet

57 444

59 955

66 855

Sum kap. 0854

2 526 285

1 836 730

2 059 998

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet, adopsjon, arbeid retta mot barn av rusmisbrukarar og psykisk sjuke, barn som er utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, oppfølging av biologiske foreldre, familieråd og liknande tiltak. Posten dekkjer òg kostnader til konferansar, tilsynsopplæring, informasjon, kompetanseutvikling i kommunane, innkjøp på forskingsfeltet, refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard og internasjonale forpliktingar.

Departementet føreslår å flytte 3 mill. kroner til kap. 854, post 60, til å dekkje heilårseffekten av dei øyremerkte stillingane til kommunalt barnevern som blei oppretta i 2014. Midlane blei i 2014 nytta til fylkesmennene si administrering av satsinga på kommunalt barnevern.

Departementet føreslår òg ei løyving på om lag 12 mill. kroner til arbeidet med strukturendringar i barnevernet, ei melding til Stortinget om fosterheimsomsorgen, eit lovutval som skal gå gjennom barnevernlova, forsking om minoritetsbarn i norske fosterheim og forsking om menneskehandel og barnevern.

Ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2014 blei det vedteke å styrkje kompetansen og kapasiteten i familievernet sitt arbeid med å følgje opp biologiske foreldre etter omsorgsovertaking av barnevernet. Dette blei gjort gjennom ei omdisponering på kap. 854, post 21. Departementet føreslår at denne styrkinga blir ført vidare i 2015 og føreslår derfor å redusera løyvinga under kap. 854, post 21 med 6,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 842, post 01.

Departementet føreslår vidare å flytte 1 mill. kroner til kap. 858, post 01, til Samarbeidsorganet mellom universitets- og høgskolesektoren og barnevernet og gjennomføring av Samarbeidskonferansen.

Posten blir føreslått auka med 0,5 mill. kroner til eit forprosjekt for å utvikle eit etisk og forsvarleg design av ei undersøking som kan gi meir kunnskap om omfanget av vald og seksuelle overgrep blant barn og unge.

Departementet føreslår ei løyving på 92,4 mill. kroner i 2015.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetssikre rapportar gitt av sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane.

Barnesakkunnig kommisjon er sett saman av personar med høg akademisk og barnefagleg kompetanse, mellom anna med erfaring frå sakkunnig arbeid i barnevernssaker. Kommisjonsmedlemmane skal ha kompetanse og innsikt til å kvalitetskontrollere sakkunnige rapportar.

Departementet føreslår ei løyving på 6,7 mill. kroner i 2015.

Post 50 Forsking og utvikling

Løyvinga på posten blir nytta av Noregs forskingsråd til forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) og forsking på barne- og ungdomsfeltet. Løyvinga til VAM skal dekkje både barnevernsområdet og den generelle barne- og ungdomspolitikken. Noregs forskingsråd får òg ei løyving til arbeid med program for praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene. Løyvinga dekkjer òg ei overføring til Sametinget for deira arbeid med barnevern.

Det blir føreslått å flytte 14,2 mill. kroner til kap. 854, post 71 til Vidareutdanning i barnevernfaglig rettleiing, Barnevern i et minoritetsperspektiv og Nattergalen, for å sikre at postbruken blir korrekt.

Departementet føreslår ei løyving på 13,1 mill. kroner i 2015.

Post 60 Tilskot til kommunalt barnevern

Mål

Løyvinga skal dekkje særskilde tilskot til kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet.

Tildelingskriterium

Løyvinga blir fordelt av fylkesmennene etter søknad frå kommunane. Hovuddelen av denne løyvinga skal gå til nye stillingar som blei oppretta i perioden 2011–2014.

Oppfølging og kontroll

Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom rapportering frå kommunane til Fylkesmannen.

Budsjettforslag for 2015

Det blir føreslått å auke posten med 15 mill. kroner mot ein reduksjon på 3 mill. kroner på kap. 854, post 21 og ein reduksjon på 12 mill. kroner på kap. 853, post 45 for å dekkje heilårseffekten av dei øyremerkte stillingane til kommunalt barnevern som blei oppretta i 2014.

Departementet føreslår ei løyving på 607,2 mill. kroner.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til prosjekt og program i regi av kommunar og fylkeskommunar.

Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barne- og ungdomsvernet. Delar av løyvinga går til kommunar som driv utviklingsarbeid, førebyggjande arbeid og arbeid som skal hindre problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge. Tilskot til kommunane i modellkommuneprosjektet for oppfølging og hjelp til barn av rusmisbrukarar og psykisk sjuke blir fordelte av Bufdir.

Delar av løyvinga blir fordelte etter søknader frå kommunar og fylkeskommunar i tråd med utlysing av prosjektmidlar. Prosjektmidlar blir lyste ut på heimesidene til Bufdir.

Delar av løyvinga blir fordelte til Kristiansand kommune for eit forsøk i akuttenesta. Ein annan del av løyvinga dekkjer Alarmtelefonen for barn og unge, som Kristiansand kommune er driftsansvarleg for.

Barnevernvakta, som i 2015 blir arrangør av den årlege landskonferansen for barnevernvakter og politi, vil òg få midlar over denne posten.

Posten dekkjer òg løyvinga til prisen Årets barne- og ungdomskommune òg tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjon for ungdom.

Departementet føreslår ei løyving på 31,7 mill. kroner i 2015.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Mål

Løyvinga skal dekkje refusjon for kommunale utgifter til barnevernstiltak. Målet med den statlege refusjonsordninga er å bidra til gode kommunale bu- og omsorgstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, og å oppnå ei rask busetjing av denne gruppa. Dersom utgiftene til bu- og omsorgstiltak med stønad og oppfølging er høgare enn den kommunale eigendelen, skal inntil 80 prosent av utgiftene refunderast av staten. Bufetat har ansvaret for å administrere refusjonsordninga. Refusjonsordninga dekkjer utgifter inntil tre år tilbake i tid.

Kriterium for tildeling

Kommunane blir omfatta av ordninga dersom dei set i verk barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Etter fullmakt frå BLD er det Bufetat som betaler ut refusjon til kommunane, jf. Rundskriv om statsrefusjon for kommunale barnevernutgifter for enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger (Q-05/2004).

Oppfølging og kontroll

BLD har tilgang til å setje i verk kontroll av at midlane blir nytta etter føresetnadene for løyvinga, jf. løyvingsreglementet § 10. BLD har saman med Bufdir, som forvaltar ordninga, sett i gang eit arbeid med å utvikle vidare rutinar for å få betre kostnadskontroll med refusjonsordninga.

Budsjettforslag 2015

Einslege mindreårige er ei svært heterogen gruppe barn, og tiltaka må tilpassast behovet til den enkelte. Det er føreslått å auke eigendelen til 16 600 kroner i 2015, tilsvarande prisjustering. Ein forventar at det blir utbetalt refusjon for om lag 1 800 barn i 2015. Utgiftene på posten har auka svært mykje dei siste åra. Dette kjem mellom anna av at fleire barn er omfatta av ordninga, og at dei enkelte tiltaka kostar meir enn tidlegare.

Departementet føreslår ei løyving på 1 202,2 mill. kroner.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 21

Målet for løyvinga er eit betre barne- og ungdomsvern. Løyvinga på posten blir nytta til dei to tilskotsordningane Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. I tillegg får enkelte mottakarar ei øyremerkt løyving frå posten, sjå tabell 4.22. Prisen til Årets forbilde blir òg løyvd over posten.

Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet

Bufdir forvaltar ordninga på vegner av BLD. Nærmare prioriteringar og storleiken på løyvinga vil kome fram i dei årlege kunngjeringane av tilskotsordninga.

Mål

Ordninga skal bidra til å utvikle barnevernet gjennom å stimulere brukar- og interesseorganisasjonar innanfor feltet til å styrkje engasjementet sitt og vise medansvar for utsette barn og unge og familiane deira.

Kriterium for tildeling

Potensielle tilskotsmottakarar er brukarorganisasjonar og ideelle, ikkje-kommersielle interesseorganisasjonar. Organisasjonen må vere av og/eller for utsette barn, unge eller familiane deira. Støtte kan bli gitt til organisasjonar som representerer målgruppa eller arbeider for interessene til målgruppa.

Det vil bli nytta ein stor grad av skjønn i vurderinga både av om søkjarar skal få tilskot, og av storleiken på tilskotsbeløpa.

Oppfølging og kontroll

Bufdir har ansvaret for å følgje opp at tilskotsmidlane blir nytta etter føresetnadene. Oppfølging og kontroll skal skje i tråd med Bufdir sine rutinar for tilskotsforvalting.

Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet

Bufdir forvaltar ordninga på vegner av BLD. Nærmare prioriteringar og storleiken på løyvinga vil kome fram i dei årlege kunngjeringane av tilskotsordninga.

Enkelte tiltak i Handlingsplan mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting blir lyste ut med eigne tildelingskriterium. Det kan òg vere aktuelt å lyse ut midlar innanfor Handlingsplan mot vold i nære relasjoner.

Mål

Målet for ordninga er å bidra til eit betre barnevern gjennom å førebyggje problemutvikling og å medverke til at utsette barn og unge får betre hjelp til å meistre livet sitt og utvikle evnene sine. Ordninga skal bidra til å nå målet gjennom å støtte kunnskapsutvikling og spreiing av informasjon, førebyggjande arbeid og utprøving av modellar og å utvikle samhandlinga mellom tenester som har grenseflater mot barnevernet.

Målgruppa for tiltaka er utsette barn og unge.

Kriterium for tildeling

Tiltaket skal kunne gi ny kunnskap, systematiserte erfaringar eller innovasjon på området. Tiltaket kan òg formidle kunnskap om forskingsresultat til relevante aktørar.

Tiltaket skal fremme dialog og samhandling mellom aktørar, tenester og/eller brukarar som har kontaktflater mot utsette barn og unge, til dømes gjennom større nyttiggjering av felles tenestetilbod.

I behandlinga av søknadene vil det bli brukt ein betydeleg grad av skjønn i vurderinga både av om søkjarar skal få tilskot, og av storleiken på tilskotsbeløpa.

Oppfølging og kontroll

Bufdir har ansvaret for å følgje opp at tilskotsmidlane blir nytta etter føresetnadene. Oppfølging og kontroll skal skje i tråd med Bufdir sine rutinar for tilskotsforvalting.

Budsjettforslag 2015

Delar av grunntilskotet frå BLD til NKVTS har til no blitt løyvde over posten. Departementet føreslår at grunntilskotet blir samla på kap. 840, post 70. Ein føreslår derfor å redusere posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 840, post 70.

Departementet føreslår å flytte 14,2 mill. kroner til posten frå kap. 854, post 50, til Vidareutdanning i barnevernfaglig rettleiing, Barnevern i et minoritetsperspektiv og Nattergalen, for å sikre at postbruken blir korrekt.

Departementet føreslår vidare å flytte 3,4 mill. kroner frå posten til kap. 854, post 72, til det årlege driftstilskotet til Sped- og småbarnsnettverket ved RBUP Øst/Sør. Flyttinga påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken både meir korrekt og betre tilpassa ei heilskapleg koordinering av kompetansemiljøa.

Departementet føreslår ei løyving på 39,9 mill. kroner.

Tabell 4.22 Mottakarar som får øyremerkt løyving

Mottakar

Formål

Norsk Psykologforening

Støtte til sakkunnig opplæring

Inoradopt

Autorisert adopsjonsorganisasjon, driftsstønad

Verdens barn

Autorisert adopsjonsorganisasjon, driftsstønad

Adopsjonsforum

Autorisert adopsjonsorganisasjon, driftsstønad

Post 72 Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet

Løyvinga på denne posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg.

Ein del av midlane dekkjer departementet sitt tilskot til Atferdssenteret. Senteret skal bidra til at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, deira familiar og skolar får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. Oppgåvene til Atferdssenteret er forskings- og utviklingsarbeid, tenestestøtte, og å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet. Atferdssenteret har fått eit nasjonalt ansvar for dette. I tillegg til å by på fagleg kompetanse til barnevernet, skal senteret utvikle, halde ved like og spreie kunnskap og kompetanse om førebygging og metodar for behandling til andre relevante tenester. Tilskotet blir forvalta av Bufdir i samarbeid med andre løyvande styresmakter.

Løyvinga dekkjer òg tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt). Kunnskapssentera har som oppgåve å utvikle, kvalitetssikre og forvalte vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeid med barnevern og barn og unges psykiske helse. Dei skal òg leggje til rette for at slik kunnskap er tilgjengeleg. Bufdir forvaltar midlane på vegner av departementet.

Departementet føreslår å flytte 3,4 mill. kroner frå kap. 854, post 71, til posten. Flyttinga gjeld det årlege driftstilskotet til Sped- og småbarnsnettverket ved RBUP Øst og Sør. Flyttinga påverkar ikkje bruken av midlane, men gjer postbruken meir korrekt og betre tilpassa ein heilskapleg koordinering av kompetansemiljøa. RBUP Øst og Sør har eit hovudansvar for å vidareføre det nasjonale kompetansenettverket for den psykiske helsa til sped- og småbarn ved å drive forsking, kunnskapsutvikling, kompetanseheving og utviklingsarbeid i samband med tiltak som fremmar dei den psykiske helsa til dei aller minste.

Departementet føreslår ei løyving på 66,9 mill. kroner i 2015.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

3 639 266

4 018 612

4 359 542

21

Spesielle driftsutgifter

18 392

22 452

22 227

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

1 910 156

1 724 359

1 772 356

45

Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

22

60

Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01

384 633

192 207

198 358

Sum kap. 0855

5 952 469

5 957 630

6 352 483

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Det statlege regionale barnevernet har hovudansvar for fosterheimstenestene og drift av barnevernsinstitusjonar. Løyvinga på posten omfattar i hovudsak lønnsutgifter til tilsette i barnevernsinstitusjonane. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, utgifter til opplæring og utgifter til varer og tenester. Posten dekkjer òg drift av andre statlege barnevernstiltak, der rekruttering og oppfølging av fosterheimar er dei viktigaste.

Barnevernsvedtak blir gjorde av kommunen eller fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Dette styrer inntaket i statleg barnevern. Bufetat er etter barnevernlova pålagd å gi eit tilbod til desse barna. Sidan Bufetat ikkje kan styre inntaket av barn og unge, er det knytt usikkerheit til aktiviteten innanfor dei budsjettrammene som er gitt.

Satsinga på det kommunale barnevernet har ført til at fleire barn med behov for hjelp er blitt oppdaga. Dette har òg gitt auka vekst i det statlege barnevernet. Kommunane sin innsats i det førebyggjande arbeidet vil vere ein viktig faktor når det gjeld kva slags behov for statleg hjelp det er etterspurnad etter. Utvikling av stabile fagmiljø, spesielt i små kommunar, vil òg påverke etterspurnaden etter statlege barnevernstenester.

Etaten har dei siste åra gjennomført eit betydeleg omstillingsarbeid. Dei samla budsjettrammene til det statlege barnevernet i 2015 føreset at etaten framleis må leggje stor vekt på å redusere utgifter gjennom omstillings- og effektiviseringstiltak. Regjeringa legg til grunn at det statlege barnevernet skal fase ut finansieringa av oppgåver som kommunane etter barnevernlova har ansvar for. For å nytte ressursane best mogleg er det avgjerande å framleis arbeide med utnyttinga av kapasiteten i eige tiltaksapparat. Det statlege barnevernet skal framleis tilby tenester av høg kvalitet som er tilpassa behova til barna. Høg kvalitet betyr i denne samanhengen òg god rettstryggleik og medverknad for barn som må høyrast om sin eigen situasjon.

Auken i talet på barn og unge som har behov for spesialiserte barnevernstenester, har vore betydeleg dei siste åra. Stadig fleire barn og unge har behov for hjelpetiltak, fosterheim eller institusjonsplass. Denne auken kan ikkje handterast innanfor den gjeldande løyvinga på posten. Auken i talet på barn og talet på opphaldsdagar frå 2009 til 2013 har vore større enn den reelle auken i dei samla utgiftene i det statlege barnevernet. Veksten er på 21 prosent målt i talet på opphaldsdagar og 28 prosent målt i talet på barn med tiltak, medan utgiftene reelt har stige med om lag 4 prosent. At vesentleg fleire barn får hjelp frå det statlege barnevernet, og at dei reelle utgiftene per barn går ned, viser ei betydeleg effektivisering i etaten.

I tråd med føresetnadene i Prop. 171 L (2012–2013) Endringer i adopsjonsloven mv. føreslår ein å overføra midlar tilsvarande berekna ressursbruk til adopsjonsutgreiing, frå rammetilskotet til kommunane til Bufetat. Departementet føreslår derfor å auke posten med 4,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 571, post 60, under budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Departementet føreslår å flytte 0,85 mill. kroner frå kap. 855, post 21 til posten. Flyttinga gjeld lønnsmidlar, og vil gjere postbruken meir korrekt.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 56,1 mill. kroner i samband med at kap. 858, post 22, blir avvikla frå og med 2015.

I tråd med utviklinga dei seinare åra er det forventa at aktivitetsveksten i det statlege barnevernet held fram. Regjeringa føreslår at det statlege barnevernet blir kompensert for meirutgifter som følgje av samla aktivitetsnivå i 2015. Auka i aktivitet er særleg knytta til kjøp av private fosterheim. Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 150 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 4 359,5 mill. kroner i 2015.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer i hovudsak utgifter til forsking, men òg utviklingstiltak for å styrkje kvaliteten i barnevernet sitt arbeid, slik at brukarane får eit betre tilbod.

Departementet føreslår å flytte 0,85 mill. kroner frå posten til kap. 855, post 01, til lønn til fast tilsette.

Departementet føreslår ei løyving på 22,2 mill. kroner i 2015.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 1 772,4 mill. kroner i 2015.

Post 60 Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjonar av utgifter som overstig satsen for kommunale eigendelar til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak. Refusjonane er regulerte i rundskriv om oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunar og statlege barnevernsstyresmakter.

Departementet føreslår ei løyving på 198,4 mill. kroner i 2015.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Diverse inntekter

19 746

13 873

14 331

02

Barnetrygd

3 069

3 833

3 959

15

Refusjon av arbeidstiltak

474

16

Refusjon av foreldrepengar

32 070

17

Refusjon lærlingar

113

18

Refusjon av sykepengar

107 798

60

Kommunale eigendelar

924 124

1 078 864

1 278 508

Sum kap. 3855

1 087 394

1 096 570

1 296 798

Post 01 Diverse inntekter

Størstedelen av inntektene på posten er eit resultat av at kommunen skal dekkje ekstrautgifter som gjeld den enkelte bebuaren, ved plassering i statlege tiltak når utgiftene ikkje er knytte til tiltak som er ein del av institusjonstilbodet. Dette er nærmare spesifisert i rundskriv Q-06/2007. I tillegg blir tilfeldige inntekter rekneskapsførte på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 14,3 mill. kroner i 2015.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Utgifter motsvarande refusjonane blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 4 mill. kroner i 2015.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim eller ved tiltak i heimen. Stortinget har slutta seg til departementet sitt forslag om gradvis å auke kommunane si eigenbetaling ved bruk av institusjonsplassar, jf. Prop. 106 L (2012–2013). Eigenbetalinga vil dermed i større grad spegle dei faktiske kostnadene til tiltaket. Målet er å leggje til rette for barnevernfaglege vurderingar for å finne riktige tiltak og for å betre samhandlinga mellom statleg og kommunalt barnevern. Samanfallande økonomiske insentiv mellom stat og kommune er viktig for å betre samhandlinga mellom forvaltingsnivåa ved val av tiltak for det enkelte barnet.

Det blir føreslått å auke kommunane sine eigendelar frå inntil 50 304 kroner per barn per månad til inntil 65 000 kroner per barn per månad for opphald i institusjon og senter for foreldre og barn. For andre tiltak blir eigendelen prisjustert frå inntil 29 483 kroner per barn per månad til inntil 30 600 kroner per barn per månad. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 160 mill. kroner som følgje av endringa i kommunane sine eigendelar. Kommunane blir kompenserte for auke i eigendelane ved ein auke i rammetilskotet.

Departementet føreslår ei løyving på 1 278,5 mill. kroner i 2015.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

185 980

200 139

201 877

Sum kap. 0856

185 980

200 139

201 877

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentera for barn og eventuelt til kjøp av plassar i private tiltak, og til arbeidet med busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år.

Løyvinga skal dekkje drift av 89 plassar. Prognosane for talet på einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år tilseier at det i gjennomsnitt vil vere 70 barn i omsorgssentera i 2015. Det er knytt usikkerheit til talet på barn som til kvar tid har behov for å bu i omsorgssentera. Det kan derfor vere store svingingar rundt dette gjennomsnittet i løpet av året.

Regjeringa føreslår å redusere bemanningsfaktoren i omsorgssentera til to årsverk per plass frå 2015.

Departementet føreslår ei løyving på 201,9 mill. kroner i 2015.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Diverse inntekter

205

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

89 874

108 780

112 370

16

Refusjon av foreldrepengar

2 014

17

Refusjon lærlingar

1

18

Refusjon av sykepengar

5 880

Sum kap. 3856

97 974

108 780

112 370

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Regjeringa føreslår at 112 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01, blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningtiltak iNoreg som er godkjende som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter på Utanriksdepartementet sitt budsjett. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 112,4 mill. kroner i 2015.

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

6 227

4 356

3 479

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

60 842

22 456

28 175

61

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

111 000

114 934

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

113 171

114 259

117 900

71

Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21

4 100

3 942

1 572

72

Tilskot til tiltak for voldsutsatte barn

11 500

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

40 668

17 493

10 321

Sum kap. 0857

225 008

273 506

287 881

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten vil bli nytta til utgifter i samband med konferansar, informasjonsmateriell, utgreiingar, forsking, statistikk og anna som inngår i arbeidet med å betre oppvekstmiljøet for barn og ungdom.

Det vil også i 2015 bli løyvd midlar frå posten til Medietilsynet sitt arbeid med barn, unge og Internett.

Departementet føreslår ei løyving på 3,5 mill. kroner i 2015.

Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Mål

Posten blir nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Formålet er å bidra til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar: Oslo (og åtte prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.

Tildelingskriterium

Løyvinga har barn og ungdom som målgruppe. Formålet er å skape opne møteplassar for barn og ungdom i alderen 10–20 år med særskilte behov, utsette ungdomsgrupper og -miljø.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor særskilte utfordringar, og arbeid og innsats som fremmer integrering er høgt prioritert.

Ordninga blir regulert av eit eige rundskriv. Bufdir forvaltar tilskotsordninga. BLD er klageinstans.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå kommunane til Bufdir.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår å auke budsjettramma for tilskotsordninga med 5 mill. kroner. Dette er eit ledd i arbeidet med å betre levekåra for sosialt og økonomisk vanskelegstilte barn og unge.

Departementet føreslår ei løyving på 28,2 mill. kroner.

Post 61 Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

Løyvinga under denne posten blir nytta til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.

I tilegg har løyvinga i 2014 vore nytta til tilskot til Blå Kors sitt tiltak Barnas stasjon og pilotprosjektet FRI som Kirkens Bymisjon driv. Dette er i tråd med føringar gitt i Innst. 14 S (2013–2014). Røde Kors sitt tiltak Ferie for alle har i 2014 fått direkte tilskot over kap. 857, post 71. Dette tiltaket har òg motteke midlar gjennom søknader til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Det er uheldig at finansieringa av dette tiltaket skjer over to ulike postar på statsbudsjettet. Frå 2015 føreslår departementet derfor at tilskot til Ferie for alle finansierast over kap. 857, post 61. Departementet føreslår i tråd med dette å auke kap. 857, post 61 med 2,5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 857, post 71.

Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til tiltaka Barnas stasjon, pilotprosjektet FRI og Ferie for alle i 2015. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknadar frå dei nemnde tilskotsmottakarane.

Bufdir forvaltar tilskota på posten. Det er fastsett følgjande overordna rammer for den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom:

Mål

Posten blir nytta til ei nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Målet er å gi fleire fattige barn og unge moglegheit til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Formålet er å betre sjansane for at barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Kriterium for tildeling

Løyvinga har barn og ungdom som er råka av fattigdomsproblem som målgruppe. Formålet er å leggje betre til rette for at barn og ungdom i familiar som er råka av fattigdomsproblem, skal få høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar.

Ordninga er retta mot alle kommunane i landet. Det er åpent for at frivillige organisasjoner kan søkje direkte til Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap sendt via kommunane. I tilfelle der utbetalinga skjer direkte til frivillige organisasjonar skal tilskotsmottakar sende rekneskap og rapport direkte til Bufdir.

Departementet vil gi nærmare retningsliner for ordninga i eige rundskriv.

Budsjettforslag 2015

For å sikre korrekt postbruk ved utbetaling direkte til organisasjonar, er posten gitt stikkordet «kan nyttast under post 71« .

Departementet føreslår å redusere budsjettramma på posten med 2 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 858, post 01. Sjå nærmare omtale under postomtalen på kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ein løyving på 114, 9 mill. kroner.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Mål

Formålet er å leggje til rette for barn og ungdoms deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane. Dei frivillige organisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken, dei er sosiale møteplassar for barn og unge, og dei bidreg til å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sikre organisasjonane som arena for medverknad og demokrati.

Kriterium for tildeling

Tilskot til nasjonal grunnstønad for barne- og ungdomsorganisasjonar er regulert i ei eiga forskrift som er fastsett av BLD. Departementet har utarbeidd forslag til endringar i forskrifta som er på høyring hausten 2014. Ein tek sikte på at ei justert forskrift skal gjelde frå tilskotsåret 2015.

Midlane i den nasjonale ordninga blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BLD er klageinstans for vedtak som er gjort av Fordelingsutvalet.

Også midlar til tilskotsordninga Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) har ansvaret for ordninga. Ordninga har eigne retningslinjer.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om driftstilskot til det nasjonale arbeidet sitt. Dette tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Posten kan og nyttast til forsking om barne- og ungdomsorganisasjonar.

Oppfølging og kontroll

Krav til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner og instruks for Fordelingsutvalet. Andre tilskot på posten blir kontrollerte gjennom oppfølging av rapportering og rekneskap.

Budsjettforslag 2015

Ramma til tilskotsordninga Mangfold og inkludering er føreslått auka med 0,2 mill. kroner til tiltak, slik at frivillige organisasjonar og andre kan søkje om midlar til tiltak som førebyggjer radikalisering og valdeleg ekstremisme. Forslaget er ei vidareføring av forslag i Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014.

Departementet føreslår ei løyving på 117,9 mill. kroner.

Post 71 Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til å støtte utviklingsarbeid som kan gi auka kunnskap og bidra til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Løyvinga blir òg retta inn mot tiltak som skal motverke marginalisering av barn og unge og gi gode og trygge oppvekstvilkår.

Departementet vil òg behandle søknader om tilskot frå Ungdom mot vold, Oslo Røde Kors og organisasjonen Barnevakten.

Oppfølging og kontroll

Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom rapportering og rekneskap.

Budsjettforslag 2015

Departementet føreslår at løyvinga under kap. 857, post 71 blir redusert med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 857, post 61. Bakgrunnen er at det øyremerkte tilskotet til tiltaket Ferie for alle i regi av Røde Kors blir føreslått flyttet til kap. 857, post 61.

Departementet føreslår ei løyving på 1,6 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til tiltak for valdsutsette barn

Mål

Posten blir nytta til ei ny tilskotsordning. Målet med den nye tilskotsordninga er å støtte tiltak som kan auke livskvaliteten for barn som har blitt utsett for vald. Det kan bli gitt driftstilskot og støtte til tidsavgrensa og permanente aktivitetar.

Kriterium for tildeling

Ordninga er retta mot stiftingar, frivillige organisasjonar og andre aktørar som ønskjer å tilby tiltak for barn utsett for vald. Tilskot blir tildelt etter søknad. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskap frå tilskotsmottakarane. Departementet vil gi nærmare retningsliner for tilskotsordninga.

Budsjettforslag 2015

Regjeringa føreslår ei løyving på 11,5 mill. kroner til ei ny tilskotsordning for barn og ungdom som er utsette for vald.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid o.a., kan overførast

Mål

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, enkeltpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.

Posten dekkjer Noregs bidrag til Det europeiske ungdomsfond i Europarådet (EYF). Posten dekkjer òg kostnadene Noreg har i samband med tiltak i regi av partnarskapet mellom Europarådet og Europakommisjonen.

Posten skal dessutan dekkje kostnader i samband med samarbeidet om barne- og ungdomspolitikk i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet, mellom anna tilskot til drift av informasjons- og rettleiingskontoret (BYCO) i Murmansk. Posten skal òg dekkje tilskot til eit fleirnasjonalt samarbeid i Barentsregionen, som blir forvalta av Barentssekretariatet. Posten kan òg nyttast til departementet si deltaking i mellomstatleg samarbeid om generell barne- og ungdomspolitikk.

Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstønad til det internasjonale arbeidet sitt. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til internasjonalt arbeid.

Tildelingskriterium

Storleiken på bidraget til Det europeiske ungdomsfond blir fastsett av Ministerkomiteen i Europarådet. Tilskot til samarbeidet i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsett av departementet ut frå gjeldande avtalar og prinsipp. Tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane blir forvalta av Fordelingsutvalet etter kriterium som er fastsette i eiga forskrift. Søknader frå LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede om tilskot til internasjonalt arbeid blir behandla av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Europarådets ungdomsdirektorat og Europarådets revisjonsstyre kontrollerer Det europeiske ungdomsfond. Tilskotet til ungdomssamarbeid i Barentsregionen blir forvalta av Barentssekretariatet i Kirkenes. Tilskotet departementet gir, blir følgt opp ved kontroll av rapport og rekneskap.

Bufdir og Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging og kontroll av tilskotet til LNU, Unge funksjonshemmede, Ungdom og Fritid og tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane.

Budsjettforslag 2015

Posten har til og med 2014 dekt etterbetaling av kontingent til programmet Aktiv ungdom. Frå 2015 legg ein opp til at dette blir dekt over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett. Kontingenten i 2015 er berekna til 7,75 mill. kroner.

Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 7,75 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 252, post 70 under Kunnskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 10,3 mill. kroner.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

240 962

234 570

242 410

21

Spesielle driftsutgifter

19 078

12 505

13 181

22

Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

50 307

33 181

Sum kap. 0858

310 347

280 256

255 591

Status for verksemda

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er eit fagorgan på områda barnevern, barn, ungdom og oppvekst, adopsjon, familievern, likestilling og ikkje-diskriminering, og vald og overgrep i nære relasjonar. Frå og med 2014 er Bufdir eit fagdirektorat for både kommunalt og statleg barnevern.

Bufdir er underlagt BLD, og blir styrt gjennom årlege tildelingsbrev. Direktoratet etatsstyrer dei fem regionane i Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), som yter tenester på barneverns-, familieverns- og adopsjonsområdet. Bufetat styrer verksemda i regionane og skal gi likeverdig tenesteyting i heile landet.

Hovudoppgåva til etaten er å gi barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet.

Ansvarsområda for etaten omfattar òg tiltak under desse budsjettkapitla:

  • kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

  • kap. 840 Krisetiltak

  • kap. 841 Samliv og konfliktløysing

  • kap. 842 Familievern

  • kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot o.a.

  • kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

  • kap. 852 Adopsjonsstønad

  • kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

  • kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

  • kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

  • kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

  • kap. 859 EUs ungdomsprogram

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855, post 01

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter i Bufdir, som opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester.

Bufdir skal samanstille og formidle forsking og utvikle faglege tilrådingar om god praksis i ulike delar av barnevernet sitt arbeid. Bufdir blir gitt i oppgåve å fungere som nasjonal koordinator for arbeidet med utvikling av nye faglege tilrådingar på barnevernsområdet.

Den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom blei etablert i 2014 i tråd med forslag i Prop. 1 S (2013–2014). Bufdir har ansvar for å forvalte ordninga. Etter etableringa er det gjort endringar i ordninga som gjer henne meir krevjande for Bufdir å administrere.

I det opphavlege regelverket for ordninga er det ein føresetnad at kommunane koordinerer og prioriterer søknader om tilskot før dei blir sende til Bufdir.

Det blei gjort endringar i regelverket for ordninga i samband med stortingsbehandlinga av Prop. 93 S (2013–2014). Endringane inneber at frivillige organisasjonar kan sende søknad direkte til Bufdir. Stortinget har òg auka budsjettramma for ordninga, jf. Innst. 14 S (2013–2014).

Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på kap. 858, post 01 med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 857, post 61. Dette skal bidra til ei god forvalting av den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom.

Det er føreslått oppretta ei ny tilskotsordning til tiltak for valdsutsette barn, jf. nærmare omtale under kap. 857, post 72 (ny). Det er lagt til grunn at Bufdir òg får i oppgåve å forvalte denne ordninga. Departementet føreslår å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner for ei god forvalting av ordninga.

Departementet føreslår å flytte 1 mill. kroner til posten frå kap. 854, post 21, til Samarbeidsorganet mellom universitets- og høgskolesektoren og barnevernet og gjennomføring av Samarbeidskonferansen.

Departementet føreslår ei løyving på 242,4 mill. kroner i 2015.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak og utbetalingar av godtgjering for medlemmene av Fordelingsutvalet.

Delar av løyvinga skal dekkje utvikling av eit nytt fag- og rapporteringssystem for Bufetat (BIRK). Prosjektplanen tilseier at utgiftene til prosjektet blir fordelte fram til 2016.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner for å dekkje vedlikehald og utvikling av saksbehandlingssystemet SEP-SKIL.

Departementet føreslår ei løyving på 13,2 mill. kroner i 2015.

Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskasser

Posten blir avvikla frå og med 2015. Midlane blir overførte til kap. 855, post 01.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Diverse inntekter

6 250

433

433

15

Refusjon av arbeidstiltak

62

16

Refusjon av foreldrepengar

1 354

17

Refusjon lærlingar

45

18

Refusjon av sykepengar

2 455

Sum kap. 3858

10 166

433

433

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak. Inntektene er knytte til eigendelar i samband med deltaking i Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak. Kor store desse inntektene er, varierer frå år til år.

Departementet føreslår ei løyving på 433 000 kroner i 2015.

Kap. 859 EUs ungdomsprogram

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter, kan overførast

9 390

7 798

8 038

Sum kap. 0859

9 390

7 798

8 038

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og utgifter til varer og tenester ved det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3859 som omhandlar Europakommisjonens bidrag til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. I 2015 vil det nasjonale kontoret ha ansvaret for behandlinga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspoliske tiltaka i programmet Erasmus+, i tillegg til å ha ansvaret for avslutninga av programmet Aktiv Ungdom.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 8 mill. kroner i 2015.

Kap. 3859 EUs ungdomsprogram

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Tilskot frå Europakommisjonen

3 478

2 300

2 300

16

Refusjon av foreldrepengar

7

18

Refusjon av sykepengar

346

Sum kap. 3859

3 831

2 300

2 300

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innan ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+.

Bufdir skal utarbeide ein arbeidsplan for det nasjonale kontoret som skal godkjennast av departementet og Europakommisjonen. Departementet har ansvar for å kontrollere korleis det nasjonale kontoret forvaltar den delen av programbudsjettet som tilkjem Noreg for nasjonal avgjerd av søknader om tilskot.

Departementet føreslår ei løyving på 2,3 mill. kroner i 2015.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i marknaden. Det føreset at forbrukarane har gode rammevilkår og rettar, at det finst gode og effektive system for tvisteløysing i konfliktar som oppstår mellom kjøparar og seljarar og at forbrukarane har kunnskapar som gjer det mogleg å ta informerte og ansvarlege val. Forbrukarane skal vite nok til å til dømes kunne velje bort varer som er skadelege for helsa eller omgivnadene.

Dei fleste forbrukarane i Noreg nyt godt av høg kjøpekraft og velstand. Vare- og tenestetilbodet blir stadig utvida og endra. Samtidig gjer kompleksiteten og mangfaldet som forbrukarane står overfor, at det er krevjande å få oversikt over risikoforhold.

Skal konkurransen i marknaden fungere tilfredsstillande, er det avgjerande at forbrukarane har tilstrekkeleg kunnskap både om vare- og tenestetilbodet og om rettane og pliktene sine. Slik kunnskap fremmar forbrukarmakt. Gode informasjonsløysingar er derfor ein viktig del av forbrukarpolitikken.

Regjeringa satsar i tråd med dette på å vidareutvikle gode, digitale løysingar for informasjon om marknadsforhold som er tilpassa behova til forbrukarane. I 2015 skal det utviklast ein ny portal med meir fullstendig informasjon om pris- og avtalevilkåra på straummarknaden. Den nye portalen vil erstatte Kraftprisoversikta til Konkurransetilsynet, som har blitt utdatert. Finansportalen (finansportalen.no) og Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) skal òg vidareutviklast med nye funksjonar. Mellom anna skal Finansportalen få nye modular om pensjonsprodukt og personleg økonomi for ungdom.

Regjeringa føreslår i dette budsjettet ei betydeleg styrking av det utanrettslege systemet for løysing av tvistar som forbrukarar har med næringsdrivande om kjøp av varer og tenester. Systemet skal utvidast til å omfatte ei rekkje nye saksområde. Utvidinga skal vere gjennomført 9. juli 2015.

Forbrukarrådet vil få ansvar for mekling på mange av dei nye saksområda, og det er derfor nødvendig å tilføre Forbrukarrådet auka ressursar til å vareta desse. For å leggje til rette for eit sterkt fagmiljø, går regjeringa inn for å samle dei nye ressursane på ein stad. Ressursane skal lokaliserast til Forbrukarrådet sitt regionkontor i Tromsø. I tillegg vil Forbrukar Europa få utvida ansvar og ressursar til ei nettbasert plattform for tvisteløysing for å hjelpe forbrukarar som har handla på Internett i EØS-området. Forbrukartvistutvalet skal òg styrkjast for å kunne behandle tvistar av prinsipiell karakter som fell utanfor den noverande klageordninga (Forbrukartvistutvalet og ulike frivillige og offentlege tvistenemnder). For forbrukarane skal tvisteløysingstilbodet vere gratis eller koste lite.

Styrkinga av det utanrettslege tvisteløysingstilbodet til forbrukarane har bakgrunn i at nye EU-reglar om alternativ tvisteløysing krev tilpassingar i norsk rett. Samla vil lovendringane med utvidinga av det utanrettslege tvisteløysingssystemet til fleire saksområde enn i dag innebere ei svært merkbar betring av forbrukarvernet knytt til kjøp av varer og tenester.

For å sikre gode rammevilkår og rettar for forbrukarane vil BLD i 2015 mellom anna følgje opp ei evaluering frå 2014 av dei gjeldande reglane i marknadsføringslova for telefonsal og endringane i gjeldsordningslova og dekningslova som Stortinget vedtok våren 2014. Det er òg aktuelt å vurdere om andre reglar i marknadsføringslova bør endrast. Mellom anna er det aktuelt å vurdere om arbeidet til Marknadsrådet bør organiserast på ein annan måte enn i dag, og om Forbrukarombodet skal få vedtakskompetanse.

Frivillige merkeordningar er viktige for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om val som er gode for miljøet og medverkar til etisk forbruk. BLD vil i tråd med dette halde fram med å støtte opp under dei offisielle miljømerka i Noreg, Svana og EU Ecolabel (miljømerket til EU).

BLD har i 2014 sett i gang eit arbeid med å vurdere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. Departementet har bedt Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) om sjå nærmare på rolla og oppgåveløysinga til Forbrukarrådet, grenseflatene mellom Forbrukarrådet og Forbrukarombodet, og på kva som eventuelt kan gjerast for å tydeleggjere rolla ombodet har som tilsynsorgan. Vurderinga av verkemiddelapparatet skal leggje grunnlag for ei mest mogleg effektiv gjennomføring av forbrukarpolitikken, nærmare omtalt under delmål 1.2 under programkategori 11.00.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken inneheld løyvingar til Forbrukarrådet, Forbrukarombodet, Statens institutt for forbruksforsking (SIFO), Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet, Stiftelsen Miljømerking, forbrukarpolitiske tiltak og deltaking i rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk.

Mål

For 2015 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

7: Ei sterk stilling for forbrukarane

7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

7.2: God og effektiv løysing av forbrukartvistar

7.3: Informerte, ansvarlege og miljømedvitne forbrukarar

Resultatrapport og strategiar

Delmål 7.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

Under dette delmålet blir relevant lovarbeid i BLD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane omtalte.

Prioriterte tiltak under dette delmålet i 2015 er oppfølging av evalueringa frå 2014 av dei gjeldande reglane for telefonsal, arbeid med problemstillingar knytte til marknadsføring mellom næringsdrivande og oppfølging av endringane i gjeldsordningslova og dekningslova som Stortinget vedtok våren 2014.

Resultatrapport 2013/2014

Ei ny lov om opplysningsplikt og angrerett (angrerettlova) blei sett i kraft 20. juni 2014. Samtidig tok endringar i avtalelova, marknadsføringslova, forbrukarkjøpslova og finansavtalelova til å gjelde. Lovene gjennomfører Europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/83/EU om forbrukarrettar. Direktivet inneheld reglar om krav til informasjon ved forbrukarkontraktar, opplysningsplikt og angrerett ved fjernsal og sal utanfor dei faste forretningslokala til den næringsdrivande, regulering av risikoovergangen i forbrukarkjøp og enkelte andre forbrukarrettar. Direktivet byggjer på prinsippet om totalharmonisering, som inneber at alle medlemsstatane skal ha like reglar på områda som direktivet regulerer.

Den nye angrerettlova skal sikre at forbrukaren får relevant og nødvendig informasjon før kjøpsavtalar blir inngått, og rett til å gå frå avtalen i 14 dagar (angrerett). Den største fordelen med direktivet som lova gjennomfører, er at forbrukarar i heile Europa får like rettar ved fjernsal og sal utanfor faste forretningslokale. Krava til informasjonen forbrukarane skal ha før kjøpsavtalar blir inngått, blir òg skjerpte. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for enkelte av lovene som blir påverka av direktivet.

BLD følgde saman med Justis- og beredskapsdepartementet opp arbeidet i EU om ei felles europeisk salslov (ESL) som avtalepartar skal kunne velje å bruke i staden for nasjonal rett. Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for saka, som ikkje er avslutta.

Stortinget vedtok i mars 2014 endringar i gjeldsordningslova og dekningslova. Gjeldsordningslova skal hjelpe personar med alvorlege gjeldsproblem å få tilbake kontrollen over økonomien. Endringane, som blei lagde fram i Prop. 155 L (2012–2013) Endringer i gjeldsordningsloven og dekningsloven mv., vil gjere det enklare for utsette grupper å dra nytte av lova (sjå omtale under strategiar og tiltak).

Stoltenberg II-regjeringa føreslo i 2013 å opprette eit gjeldsregister, jf. Prop. 195 L (2012–2013) Endringer i tinglysingsloven mv. (registrering av gjeld). Regjeringa har trekt forslaget tilbake for å sjå nærmare på innretninga av ei slik ordning.

Pakkereiselova gir rettar til forbrukarane ved kjøp av pakkereiser, og regulerer mellom anna krava til informasjon, marknadsføring og ansvaret arrangøren har overfor kunden. Lova stiller òg krav om reisegaranti for å verne forbrukarane dersom reisearrangøren går konkurs. EU-kommisjonen la i 2013 fram eit forslag om eit nytt direktiv om pakkereiser. Etter at direktivforslaget har vore på høyring, har BLD arbeidd med å påverke utforminga av direktivet slik at reglane skal bli så gode som mogleg for både forbrukarane og dei næringsdrivande. Det er mellom anna lagt fram ei felles fråsegn frå EFTA-landa om direktivforslaget som er sendt til sentrale aktørar i EU.

På oppdrag frå BLD har Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) etter at den gjeldande marknadsføringslova tredde i kraft i 2009, gjennomført årlege undersøkingar av korleis reglane for telefonsal verkar. Undersøkinga i 2013, Telefonsalg og telefonhenvendelser til forbrukere. SIFO-survey 2011,2012 og 2013, viste mellom anna at telefonsal framleis er upopulært, og at mange har mangelfulle kunnskapar om framgangsmåten for å reservere seg mot telefonsal.

Stadig nye område i samfunnet blir regulerte med standardar som er utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar, til dømes gjennom den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO. For å få til gode og balanserte standardar er det viktig med forbrukarinnverknad i arbeidet. Samarbeidet mellom Forbrukarrådet, Standard Norge og BLD om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei derfor ført vidare i 2013. Vidare gav BLD tilskot til reisestønad til forbrukarrepresentantar i ulike standardiseringsprosjekt. Tiltaka medverka til at forbrukarrepresentantar deltok i fleire nasjonale og internasjonale standardiseringsprosjekt. Arbeidet med standardisering er ofte komplisert og tidkrevjande. Det er derfor vanskeleg å måle effekten av større deltaking frå forbrukarsida.

Strategiar og tiltak for 2015

BLD vil følgje opp konklusjonane i undersøkinga til SIFO av korleis reglane for telefonsal i marknadsføringslova verkar (omtalt under resultatrapporten). Det er òg aktuelt å vurdere om andre reglar i marknadsføringslova bør endrast. Mellom anna er det aktuelt å vurdere om arbeidet til Marknadsrådet bør organiserast på ein annan måte, og om Forbrukarombodet skal få vedtakskompetanse.

Forbrukarvern står sentralt på agendaen i EU. Trygge forbrukarar er ein føresetnad for vekst og innovasjon og for at den indre marknaden skal fungere godt. Norske forbrukarar er aktive på den europeiske marknaden, både ved reiser, opphald og netthandel. Derfor er forbrukarpolitikken til EU viktig, og aktiv norsk deltaking i EU sitt arbeid med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk avgjerande. BLD vil følgje opp og medverke i aktuelle prosessar for eit nytt EU-regelverk om forbrukarvern.

Det er venta at eit nytt direktiv om pakkereiser blir vedteke i EU mot slutten av 2014 eller i 2015. Sannsynlegvis vil dette føre med seg eit behov for å gjere endringar i det norske regelverket om pakkereiser. Direktivforslaget inneheld mellom anna reglar om krav til informasjon, ansvar for arrangøren og krav om ei reisegarantiordning for å verne forbrukaren dersom reisearrangøren går konkurs.

I tillegg til eit godt regelverk er handheving viktig, også over landegrensene. Forordning (EU) nr. 2006/2004 om forbrukarvernsamarbeid pålegg handhevingsorgana i medlemslanda å samarbeide og å handheve forbrukarrettane. EU ønskjer å styrkje og effektivisere samarbeidet. BLD vil følgje prosessen og eventuelt gi innspel.

Våren 2014 blei det vedteke viktige endringar i gjeldsordningslova og dekningslova (sjå omtale under resultatrapporten). Mellom anna vil behandlinga av gjeldsordningssaker bli lokalisert til færre namsmannskontor, og det blir opna for søknader om gjeldsordning frå utlandet. Behandlinga av visse skatte- og avgiftskrav er òg forenkla. Vidare er krava til eigeninnsats frå skuldnaren før søknaden kan leverast, noko reduserte, og det er fastsett ein standard livsopphaldssats for både utleggssaker og gjeldsordning. Regjeringa vil arbeide vidare med å følgje opp desse endringane i 2015.

Arbeidet med å utforme nasjonale og internasjonale standardar er ope for alle interessentar som ønskjer å delta. Næringslivet er ofte sterkt representert. Det er viktig å leggje til rette for at òg forbrukarinteressene blir tekne vare på i arbeidet, slik at det blir laga gode og balanserte standardar.

BLD har i samarbeid med Forbrukarrådet og Standard Norge oppretta eit fagråd for å fremme forbrukarane sine interesser og stimulere til forbrukardeltaking i standardiseringa. Sekretariatsfunksjonen ligg i Standard Norge. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap deltek òg. Sentrale oppgåver for sekretariatet er å koordinere og formidle forbrukarinformasjon som er viktig i standardiseringa, og opplæring og rettleiing for deltakarar i standardiseringsarbeid. Fagrådet og sekretariatsfunksjonen vil bli førte vidare i 2015.

Delmål 7.2: God og effektiv løysing av forbrukartvistar

Under dette delmålet høyrer arbeidet til Forbrukarrådet med behandling av forbrukarklager, arbeidet med sakene som går til Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet, og andre tiltak, medrekna lovtiltak, som skal gi forbrukarane tilgang til god og effektiv tvisteløysing.

Prioritert under dette delmålet i 2015 er arbeidet med å følgje opp nye EU-reglar om alternativ tvisteløysing.

På grunn av endringar i målstrukturen til BLD dekkjer rapporteringa under delmålet tiltak som i Prop. 1 S (2012–2013) blei omtalt under delmål 7.2 God og effektiv saksbehandling av tvistar på forbrukarområdet.

Resultatrapport 2013/2014

Forbrukarrådet fekk i 2013 inn 5 692 klagesaker frå forbrukarar som var misnøgde med varer eller tenester dei hadde kjøpt. Dette er ein auke på 14 prosent frå 2012. 75 prosent av klagesakene blei løyst ved mekling av Forbrukarrådet. Behandlingstida var i snitt på 75 dagar, mot 97 i 2012. Nedgangen har samanheng med at Forbrukarrådet i behandlinga av klagesakene har lagt større vekt enn før på munnleg kontakt og mekling.

Det kom i 2013 inn 1 463 saker til Forbrukartvistutvalet, mot 1 480 i 2012. Sakene som blei avgjorde, hadde i snitt ei behandlingstid på 93 dagar, mot 85 i 2012. Målet om ei gjennomsnittleg behandlingstid på under fem månader blei dermed oppfylt.

Til Marknadsrådet kom det i 2013 inn 21 saker, mot 15 i 2012. Sakene hadde i snitt ei behandlingstid på 96 dagar, mot 67 i 2012. Målet om ei gjennomsnittleg behandlingstid på under tre og ein halv månad for sakene som gjeld brot på marknadsføringslova, blei dermed oppfylt. Sidan sakene til Marknadsrådet er svært ulike i innhald og omfang, vil behandlingstida variere frå år til år.

For å gjere det enklare å klage på kjøp over landegrensene i EU og EØS-området har EU-kommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor (ECC Net) i dei fleste europeiske landa. Kontoret i Noreg (Forbrukar Europa) registrerte 1 969 førespurnader i 2013, ein reduksjon på 24,5 prosent frå 2012. Av dei 1 969 førespurnadene kom 1 343 frå forbrukarar som ønskte hjelp i samband med ei klage. Resten (626) kom frå forbrukarar som ønskte informasjon. Dei fleste førespurnadene kom frå nordmenn.

EU vedtok i mai 2013 eit nytt regelverk om alternativ tvisteløysning. Regelverket skal sikre at det i alle EU- og EØS-landa, med nokre få unnatak, finst tilbod om tvisteløysing ved kjøp av alle typar varer og tenester. Det er stilt minimumskrav til mellom anna kvaliteten på tvisteløysingsorgana. I tillegg skal EU-kommisjonen lage ei nettbasert ordning for løysing av tvistar knytte til netthandel. BLD vurderte i 2013 om rettsaktene er relevante og akseptable for innlemming i EØS-avtalen. Prosessen for innlemming er starta opp. Samtidig har departementet sett på det norske tilbodet for utanomrettsleg tvisteløysing opp mot krava i EU-rettsaktene, og slik lagt grunnlag for å kunne vurdere forslag om endringar i tilbodet. NOU 2010: 11 Nemndsbehandling av forbrukertvister og høyringsinnspela til denne vil òg vere grunnlag for desse vurderingane (sjå òg omtale under strategiar og tiltak).

Strategiar og tiltak for 2015

Det er eit viktig forbrukarpolitisk mål å gi forbrukarane tilgang til god og effektiv tvisteløysing. Tvistar som forbrukarar har med næringsdrivande om varer og tenester, handlar ofte om mindre beløp, og domstolbehandling kan derfor bli for kostbart og ressurskrevjande. Ekstra vanskeleg kan det vere å kome fram til ei løysing når kjøparen og seljaren held til i kvart sitt land. Norske forbrukarar handlar mykje i utlandet, både ved hjelp av Internett og på reiser.

Regjeringa vil derfor styrkje tilbodet for utanrettsleg tvisteløysing både for tilfelle der forbrukaren og den næringsdrivande held til i Noreg, og der forbrukaren og den næringsdrivande held til i kvart sitt land.

Det noverande systemet for utanrettsleg tvisteløysing består av Forbrukarrådet, Forbrukartvistutvalet og eit tjuetal nemnder etablert i samarbeid mellom Forbrukarrådet og bransjeorganisasjonar. Dette systemet fungerer bra, men det er mange saksområde som ikkje er omfatta. Mellom anna er det for mange typar tenester (til dømes taxi-, helse- og velværetenester) ikkje etablert noko utanrettsleg tvisteløysingstilbod. For desse er domstolbehandling einaste alternativ.

Regjeringa vil utvide systemet for utanrettsleg tvisteløysing til å omfatte ei rekkje nye saksområde. Utvidinga skal vere gjennomført 9. juli 2015. Forbrukarrådet vil få ansvar for mekling på mange av dei nye saksområda, og det er derfor nødvendig å tilføre rådet auka ressursar til å vareta desse. For å leggje til rette for eit sterkt fagmiljø går Regjeringa inn for å samle dei nye ressursane på ein stad. Ressursane skal lokaliserast ved Forbrukarrådet sitt regionkontor i Tromsø. I tillegg vil Forbrukar Europa få utvida ansvar og ressursar til ei nettbasert plattform for tvisteløysing for å hjelpe forbrukarar som har handla på Internett i EØS-området. Forbrukartvistutvalet skal òg styrkjast for å kunne behandle tvistar av prinsipiell karakter som fell utanfor den noverande klageordninga (Forbrukartvistutvalet og nemndene). For forbrukarane skal tvisteløysingstilbodet vere gratis eller koste lite.

Styrkinga av det utanrettslege tvisteløysingstilbodet til forbrukarane har bakgrunn i at nye EU-reglar om alternativ tvisteløysing krev tilpassingar i norsk rett (nærmare omtalt under resultatrapporten). BLD vil våren 2015 fremme to lovproposisjonar for Stortinget – eit lovforslag om å innføre ei offentleg godkjenningsordning for utanrettslege tvisteløysingsorgan, og eit forslag til ei ny lov om forbrukartvistar, som gir reglar for det offentlege tvisteløysingsorganet Forbrukartvistutvalet.

Samla vil lovendringane og styrkinga av Forbrukarrådet og Forbrukartvistutvalet gi forbrukarane eit betre og meir omfattande system for god og effektiv løysing av tvistar om kjøp av varer og tenester.

Viktige mål for Forbrukartvistutvalet (FTU) er at tilbodet om ei kostnadsfri og forenkla tvisteløysing er allment kjent, at saksbehandlinga er rask og god, og at sentrale prinsipp om rettstryggleik blir tekne vare på. Behandlingstida for sakene skal i snitt vere på under fem månader. Ein grunnleggjande føresetnad for funksjonen til FTU som konfliktløysar og førebyggjande organ er at utvalet har tillit og blir oppfatta som uavhengig og nøytralt.

Saker for Marknadsrådet som gjeld klage på brot på marknadsføringslova, skal i snitt behandlast på under tre og ein halv månad. For saker om alkohol- og tobakksreklame er det ikkje sett noko mål for behandlingstida. Sakene om alkoholreklame som har vore oppe hittil, har vore store og hatt omfattande innlegg frå partane. Ein må derfor rekne med noko lengre behandlingstid for desse.

Delmål 7.3: Informerte, ansvarlege og miljømedvitne forbrukarar

Under dette delmålet blir det gjort greie for ulike informasjons- og kunnskapstiltak som skal medverke til at forbrukarane kan gjere velinformerte val og opptre meir ansvarleg i ulike kjøpssituasjonar. Delmålet omfattar tiltak for å gjere forbrukarane meir medvitne om ulike problemstillingar knytte til marknadsføring, tiltak for å informere forbrukarane om rettane og pliktene deira, og tiltak for å informere om kva konsekvensar produksjonen og bruken av ulike varer og tenester kan ha for mellom anna helsa og naturmiljøet.

Eit prioritert tiltak under dette delmålet i 2015 er utvikling av ein ny portal som skal gi forbrukarane meir fullstendig informasjon om pris- og avtalevilkåra til leverandørane på straummarknaden.

På grunn av endringar i målstrukturen til BLD dekkjer rapporteringa under delmålet tiltak som i Prop. 1 S (2012–2013) blei omtalt under delmål 7.3 Informerte og opplyste forbrukarar og delmål 8.1 Medvit og informasjon om etiske og miljømessige konsekvensar av forbruksval.

Resultatrapport 2013/2014

Forbrukarrådet hadde i 2013 omfattande kontakt med forbrukarane gjennom om lag 76 000 telefonsamtalar, 11 000 e-postar og kvar veke om lag 35 000 unike besøk på nettsida (forbrukerradet.no). Totalt er dette færre enn i 2012. Nedgangen har samanheng med at Forbrukarrådet i første halvår hadde tekniske problem med e-posttenesta. Regionkontora hadde om lag 6 000 besøk. Det var særleg eldre og personar som har problem med å gjere seg forstått på norsk, som besøkte regionkontora.

Det var i 2013 ingen større endringar i kva saker forbrukarane vende seg til Forbrukarrådet om. Dei fleste førespurnadene handla om kjøp/sal av bil, handverkartenester, byggjevarer og mobiltelefonar.

I ei brukarundersøking i 2013 svarte 80 prosent at dei var tilfredse eller svært tilfredse med telefontenesta til Forbrukarrådet. 60 prosent svarte det same om e-posttenesta. Resultata er på linje med tala frå dei seinare åra og i tråd med måla for desse tenestene. Svært få svarte at dei var misnøgde med hjelpa frå Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet gjennomførte fleire informasjonskampanjar for å gi forbrukarane betre kjennskap til rettane deira. Mellom anna blei det rundt jul gjennomført ein kampanje om forbrukarkjøp og angrerett. Sommaren 2014 lanserte Forbrukarrådet ein kalkulator på internett som gjer det enklare for forbrukarane å finne ut kva dei har krav på når fly er forseinka, innstilt, eller bagasjen ikkje kjem fram. Kalkulatoren er tilpassa for bruk på smart-telefonar.

Forbrukarombodet og Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) gjennomførte òg ulike informasjonstiltak retta mot forbrukarane. I tillegg til å gi ut forskingsrapportar formidla SIFO forskingsresultat ved hjelp av foredrag, populærvitskaplege artiklar, medieoppslag, kronikkar og ei nyoppretta side på Facebook. Instituttet arrangerte òg seminar og konferansar om ulike forbrukartema. Forbrukarombodet lanserte saman med Finans Norge Økonomilappen, som er ein nettbasert kunnskapstest som skal auke kunnskapane til unge om personleg økonomi.

Digitale informasjonsløysingar

Ein marknadsportal for tannhelsetenester, hvakostertannlegen.no, blei lansert i februar 2013. På portalen får forbrukarane oppdatert informasjon om prisane, dei vanlegaste tannbehandlingane og servicefasilitetane til tannlegar. Portalen, som er finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet, blir driven av Forbrukarrådet. Ved utgangen av året hadde 95 prosent av tannlegane lagt inn prislistene sine på portalen. I snitt blei portalen besøkt av over 6 200 unike brukarar kvar veke. Målet for 2013 var å få 2 100 unike brukarar kvar veke.

Finansportalen (finansportalen.no) lanserte i 2013 nye kalkulatorar for samanlikning av pris og vilkår for ei rekkje forsikringsprodukt. I tillegg til bil-, hus-, innbu- og reiseforsikring dekkjer tenesta no både ulykkesforsikring, barneforsikring, forsikring for kritisk sjukdom, uføreforsikring og dødsrisikoforsikring i ein kombinert livsforsikringskalkulator. Vidare blei det starta arbeid med ei løysing som skal vise historiske bankprisar (renter). Denne vil kome i tillegg til den kontinuerleg oppdaterte prisoversikta for banktenester. Finansportalen hadde i snitt 14 000 unike brukarar kvar veke. Dette er ein auke på 30 prosent frå 2012. Målet for 2013 var å få 11 000 unike brukarar kvar veke. Reknar ein med andre medium som distribuerer data frå Finansportalen, hadde portalen 23 000 brukarar kvar veke.

På oppdrag frå BLD greidde Forbrukarrådet i 2013 ut eit forslag som blei fremma i NOU 2011: 4 Mat, makt og avmakt om å opprette ein informasjonsportal om daglegvarer. Forbrukarrådet vurderte forslaget som gjennomførbart, men krevjande. Basert på rapporten til Forbrukarrådet og synspunkt frå mellom andre konkurransestyresmaktene har BLD bestemt seg for ikkje å arbeide vidare med denne portalen.

BLD gav i 2012 Forbrukarrådet (FR) i oppdrag å utarbeide ei informasjonsløysing som skal gi forbrukarane betre rettleiing om merkeordningane som blir nytta på norske forbruksvarer. Bakgrunnen var ei undersøking frå SIFO som viste at det er behov for betre informasjon om kva dei ulike merkeordningane betyr. Informasjonsløysinga Merkeoversikten blei oppretta på heimesida til Forbrukarrådet i mars 2013. Oversikta gjer det enklare for forbrukarane å nytte merkeordningane til å ta velinformerte og medvitne val.

BLD førte i 2013 vidare frikjøpet av standardkontraktar for handverkartenester på bustader frå Standard Norge. Formålet med frikjøpet er å auke bruken av skriftlege kontraktar ved å gjere desse gratis tilgjengelege på Internett, for slik å redusere talet på tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, og betre tilliten til byggjebransjen. Tal frå Standard Norge viser at det i 2013 blei lasta ned 7 058 standardkontraktar, mot 6 653 i 2012.

Undervisning i forbrukaremne

Arbeidet med å fremme kunnskapar i forbrukaremne i skolen blei òg ført vidare. Reklame var eit sentralt tema i arbeidet. Barn og unge blir utsette for kommersielt press i nye former og i nye kanalar. BLD har derfor sett behov for å gi ut ein ny og oppdatert versjon av eit arbeidshefte til undervisning om reklame. Heftet er oppdatert etter den nye marknadsføringslova og tilpassa mediekvardagen til barn og unge. Formålet med heftet er å gjere ungdommar meir medvitne om ulike former for reklame dei blir utsette for, og betre rusta til å vurdere reklame i ulike kanalar.

Skolen er ein viktig arena for å skape forståing for etikk-, miljø- og ressursproblem og for å skape medvit om forbruk. I tråd med dette innleidde BLD hausten 2013 eit prosjektsamarbeid med Klima- og miljødepartementet og organisasjonen Ungt Entreprenørskap (UE) om eit undervisningsopplegg som skal fremme forståing om berekraftig forbruk. Undervisningsopplegget blir gjennomført for ungdomsskoleelevar.

BLD arbeidde vidare med å etablere eit kompetansemiljø ved Høgskolen i Hedmark (HIHM) som kan utføre praktiske oppgåver i samband med undervisning i forbrukaremne. HIHM leier òg ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervisning.

Forbruk og miljø

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) oppdaterer og produserer ny informasjon om miljømerkte produkt som enkle og trygge miljø- og klimaval i kvardagen. For å fremme gode miljøvanar hos nye generasjonar har Miljømerking i fleire år særleg retta kommunikasjonsarbeidet mot barn og deira omgivnader. I 2013 lanserte Miljømerking eit miljøundervisningsopplegg med maskoten Svanhild som gjennomgangsfigur. Opplegget er retta mot barnehagebarn i alderen 3-7 år og familiane deira. Om lag 600 barnehagar mottok pakka i 2013, og distribusjonen held fram i 2014.

Mange produkt med miljømerke og god kjennskap til merka er viktige føresetnader for at forbrukarane kan ta omsyn til miljø og etikk når dei gjer forbruksval. Ved utgangen av 2013 var det 5 398 svanemerkte produkt og tenester i Noreg, mot 4 693 ved utgangen av 2012.

For 2013 hadde Miljømerking som mål at over 90 prosent av befolkninga skulle ha kjennskap til Svana. Den årlege kjennskapsundersøkinga (januar 2014) viste at kjennskapen var på 94 prosent (mot 93 prosent i 2013). Kjennskapen til EU Ecolabel var på 10 prosent (mot 11 prosent i 2013).

BLD deltok i arbeidsgruppa under Nordisk Ministerråd som følgjer opp visjonen for Svana 2015 (vedteken av miljøministrane i 2010). Arbeidet skal medverke til at Svana forsterkar posisjonen sin som det mest relevante miljømerket i Norden, samtidig som det blir utvikla samspel med andre miljøinformasjonssystem. Ei midtvegsevaluering hausten 2013 viste at arbeidet med å nå visjonsmåla har hatt god framgang. Arbeidet blir ført vidare i 2014.

Det har vore eit mål å auke medvitet til forbrukarane om etiske og miljørelaterte aspekt ved forbruk. I 2013 fekk særleg etikk- og miljøaspekt innanfor tekstilområdet merksemd. BLD støtta mellom anna det bransjeretta prosjektet Tekstilpanelet, som arbeider for at klesbransjen i større grad skal ta omsyn til etikk og miljø i produksjonsverksemda si.

BLD støtta òg ei undersøking utført av Ipsos MMI og Initiativ for Etisk Handel om haldningar til etisk handel blant forbrukarane. Undersøkinga indikerer ein klar auke i medvitet til forbrukarane om kva bransjar som har etiske utfordringar knytte til produksjonen sin. I 2011 kunne 63 prosent av dei spurde ikkje nemne ein bransje med slike utfordringar. I 2013 var det 23 prosent som ikkje kunne det. Særleg har medvitet om utfordringar knytte til produksjon av tekstilar auka. Framleis svarer likevel dei fleste forbrukarane at dei ikkje legg vekt på etiske aspekt når dei handlar.

Høgskolen i Hedmark fekk i 2013 midlar frå BLD til å vere sekretariat for utdanningsprosjektet PERL (Partnership for Education and Research about Responsible Living). PERL er eit nettverk av lærarar og forskarar frå over 120 institusjonar i meir enn 50 land som arbeider med å utvikle kompetanse og undervisning om berekraftig forbruk, sosial innovasjon og ansvarleg levesett. PERL-partnarane driv med forsking, debatt og utviklar undervisningsmetodar og -materiell.

Midlane frå departementet blei mellom anna nytta til å utarbeide, trykke og omsetje undervisningsmateriell. Dette er verktøy som kan nyttast i undervisning i forbrukaremne og medverke til å gjera elevane i stand til å opptre som sjølvstendige og kritiske forbrukarar. Det var stor etterspurnad etter materiellet frå skolane. PERL-partnarane blei òg nytta til å halde innlegg på fagdagar for lærarskolestudentar og til fagleg rettleiing. PERL-prosjektet har oppnådd gode resultat i EU sine evalueringar og har blitt tildelt midlar frå EU for ein ny prosjektperiode (2012–2015).

Strategiar og tiltak for 2015

Informasjon er eit av dei viktigaste verkemidla i forbrukarpolitikken. Skal konkurransen i marknaden fungere tilfredsstillande, er det avgjerande at forbrukarane har god og tilstrekkeleg kunnskap om vare- og tenestetilbodet og om rettane og pliktene sine. Informasjon fremmar forbrukarmakt og gjer det mogleg for forbrukarane å ta medvitne val. For det offentlege forbrukarapparatet er det ei viktig oppgåve å medverke til at forbrukarane får slik informasjon.

Forbrukarrådet møter dagleg forbrukarar gjennom heimesida si (forbrukerradet.no), Finansportalen (finansportalen.no), Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no), Forbrukar Europa (forbrukereuropa.no), sosiale medium som Facebook og Twitter, Forbrukartelefonen 03737, e-post, klagenemnder, skriftleg kontakt, besøk på regionkontora og nærvær i media. I 2015 ventar Forbrukarrådet å ha individuell kontakt med mellom 80 000 og 90 000 forbrukarar gjennom e-post, vanlege brev og Forbrukartelefonen 03737 og kvar veke i snitt om lag 40 000 unike brukarar av heimesida. Slik speler Forbrukarrådet ei viktig rolle i arbeidet med å informere forbrukarane om gjeldande rett og viktige forbrukarsaker.

Forbrukarrådet vil i 2015 halde fram med å gjennomføre informasjonskampanjar om aktuelle tema.

Både Finansportalen og Tannhelseportalen skal i 2015 utviklast vidare med nye funksjonar. Mellom anna skal Finansportalen få nye modular om pensjonsprodukt og personleg økonomi for ungdom.

Konkurransetilsynet har i fleire år drive ei nettside med kontinuerleg oppdaterte prisar på kraft til hushald (Kraftprisoversikta). Denne nettsida er under avvikling fordi ho er utdatert. BLD har gitt Forbrukarrådet i oppdrag å utvikle ein ny portal som skal gi forbrukarane betre oversikt over pris- og avtalevilkåra for straum. Den nye portalen skal utviklast i samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Konkurransetilsynet og etter planen lanserast i første halvår 2015.

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har ei sentral rolle i arbeidet med å få fram, forvalte og formidle kunnskap om tilhøva til forbrukarane. Kunnskapen instituttet bringer fram, skal vere til nytte for både styresmakter, politikarar, næringslivet, ulike organisasjonar og forbrukarane.

I den gjeldande strategiplanen til SIFO er hushaldsøkonomi og referansebudsjettet, forholdet mellom forbruk og miljø, forbrukskultur, maktforhold og moglegheitene for forbrukarmedverknad trekte fram som område instituttet vil prioritere. SIFO vil halde fram med å foreine den vitskaplege produksjonen med populær formidling av forskingsresultat og -perspektiv. Dette vil til dømes skje gjennom omtale i media, kronikkar, populærvitskaplege artiklar, føredrag og deltaking på arrangement (sjå òg omtale under resultatrapporten og delmål 1.4 under programkategori 11.00).

Matsvinn er eit miljømessig og etisk problem, som òg har store negative økonomiske konsekvensar. I Noreg blir det årleg kasta over 300 000 tonn mat som kunne vore eten. Den største delen av svinnet kjem frå private hushald. Klima- og miljødepartementet vil saman med BLD, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet inngå eit samarbeid med matvarebransjen for å redusere matsvinnet. Det privat initierte prosjektet ForMat har sidan 2010 gjennom organisasjonen Matvett AS hatt som formål å redusere matsvinnet i samfunnet med 25 prosent innan 2015. Prosjektet har vore retta mot å redusere matsvinnet i daglegvarehandelen, næringsmiddelindustrien og private hushald. Gjennom det nye samarbeidet vil prosjektet i tillegg omfatte storhushald og bransjeorganisasjonane for primærnæringane.

Regjeringa vil arbeide for at det skal bli enklare for forbrukarane å gjere miljømedvitne val. Dette inneber å byggje opp under tiltak som kan gi forbrukarretta miljøinformasjon om varer og tenester. Dei offisielle merkeordningane Svana og miljømerket til EU (EU Ecolabel) er viktige verktøy i denne samanhengen. Kunnskapsgrunnlaget om utviklinga i forbruket og konsekvensane dette har for miljøet, skal òg styrkjast.

Den nordiske Svana og EU Ecolabel blir nytta til å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om produkt og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) vil halde fram med å informere om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval i kvardagen. Miljømerking har som mål at over 90 prosent av befolkninga skal ha kjennskap til Svana.

EU Ecolabel blei oppretta av EU-kommisjonen i 1992. Merkeordninga er ein del av EØS-avtalen. Stiftinga Miljømerking forvaltar merket i Noreg på oppdrag frå BLD. Dei som søkjer om å få nytte merket, må dokumentere at produkta tilfredsstiller ei rekkje helse- og miljøkrav. Som eit ledd i ei vidare vurdering av ordninga med EU Ecolabel gjennomførte EU-kommisjonen i 2014 ei evaluering av forordninga om merket. Det skal leggjast fram ein EU-rapport i 2015 om korleis merkeordninga har fungert. For Noreg er det viktig å følgje opp rapporten, mellom anna for å ta vare på Svana som eit sterkt miljømerke.

BLD arbeider for at barn og unge skal få god undervisning i forbrukarkunnskap. Forbrukaremne er mellom anna tema innanfor kompetansemåla i matematikk, samfunnsfag, mat og helse, naturfag, geografi, kunst og handverk. Forbrukaremna skal gi elevane kunnskapar om personleg økonomi, berekraftig forbruk, kommersielle medium og generelt om forbrukarrettar og -plikter. Undervisninga skal gjere elevane i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. BLD vil i 2015 særleg leggje vekt på tiltak som kan heve kunnskapane og forståinga om personleg økonomi hos unge forbrukarar.

BLD vil føre vidare prosjektsamarbeidet med Klima- og miljødepartementet og organisasjonen Ungt Entreprenørskap om eit undervisningsopplegg som skal fremme forståing om berekraftig forbruk. Departementet vil òg føre vidare samarbeidet med Høgskolen i Hedmark om eit kompetansemiljø på forbrukarundervisning, som òg vil kunne utføre praktiske oppgåver i samband med undervisning i forbrukaremne. Målgruppene for arbeidet er elevar, lærarstudentar og lærarar.

Nærmare om budsjettforslaget:

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

860

Forbrukarrådet

118 897

123 024

143 783

16,9

862

Positiv miljømerking

6 200

6 917

7 145

3,3

865

Forbrukarpolitiske tiltak

12 908

15 374

11 507

-25,2

866

Statens institutt for forbruksforsking

28 799

26 307

27 039

2,8

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

10 964

9 428

10 403

10,3

868

Forbrukarombodet

25 091

23 037

23 266

1,0

Sum kategori 11.30

202 859

204 087

223 143

9,3

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

392

3868

Forbrukarombodet

1 263

Sum kategori 11.30

1 655

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01-23

Drift

41 703

40 287

38 230

-5,1

50-59

Overføringer til andre statsregnskaper

147 696

149 331

170 822

14,4

70-98

Overføringer til private

13 460

14 469

14 091

-2,6

Sum kategori 11.30

202 859

204 087

223 143

9,3

Kap. 860 Forbrukarrådet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Basisløyving

106 653

107 351

125 673

51

Marknadsportalar

12 244

15 673

18 110

Sum kap. 0860

118 897

123 024

143 783

Status for verksemda

Forbrukarrådet er eit uavhengig interesseorgan som skal gjere forbrukarane dyktigare og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med at dei har kjøpt ei vare eller teneste, og som til dømes treng hjelp til å fremme ei klage.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er Forbrukarrådet gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3 fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva til dei tilsette er regulerte i tenestemannslova. Forbrukarrådet leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

Dei ti regionkontora til Forbrukarrådet har ansvaret for kontakten med forbrukarane, anten han skjer ved besøk på kontora eller via elektroniske kommunikasjonsformer. I tillegg arbeider regionkontora opp mot næringslivet lokalt og mot pressa for å få merksemd om forbrukarsaker. Det forbrukarpolitiske arbeidet blir leidd frå hovudkontoret i Oslo.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter til faste medarbeidarar, godtgjering til medlemmene av styret, utgifter til kontordrift og politiske aktivitetar og husleige i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer løyvinga kostnader ved å greie ut aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, og kostnader ved å bringe prinsipielle spørsmål inn for domstolane for å få avklart kva som er gjeldande forbrukarrett. Forbrukarrådet gir eit tilskot over posten til å dekkje utgifter til drifta av eit forbrukarsekretariat i Standard Norge (nærmare omtalt under delmål 7.1). Løyvinga på posten skal òg dekkje nasjonale utgifter i samband med deltakinga i European Consumer Centres-nettverket.

Løyvinga er føreslått auka med 17,4 mill. kroner for å styrkje det utanomrettslege systemet for løysing av tvistar som forbrukarane har med næringsdrivande om kjøp av varer og tenester. Styrkinga, som gjennomfører nytt EU-regelverk, inneber at Forbrukarrådet får ansvar for å mekle på fleire saksområde som ikkje er dekte innanfor det noverande systemet. Dei nye ressursane til meklingsarbeidet skal i all hovudsak lokaliserast til regionkontoret til Forbrukarrådet i Tromsø. Av beløpet over skal i 2015 0,9 mill. kroner nyttast til nye oppgåver Forbrukar Europa får som nasjonalt kontaktpunkt for tvistar over landegrensene (nærmare omtalt under delmål 7.2).

Departementet føreslår ei løyving på 125,7 mill. kroner i 2015.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift av Finansportalen og prisportalen for tannhelsetenester (hvakostertannlegen.no). Løyvinga på posten skal dekkje kostnadene med utvikling og drift av ein ny portal som skal gi forbrukarane fullstendig oversikt over pris- og avtalevilkåra på straummarknaden.

Posten er føreslått auka med 2 mill. kroner til drift av den nye straumprisportalen og til utvikling av nye modular i Finansportalen (finansportalen.no) om pensjonsprodukt og personleg økonomi for ungdom.

Departementet føreslår ei løyving på 18,1 mill. kroner i 2015.

Kap. 862 Positiv miljømerking

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Driftstilskot til offentleg stifting for positiv miljømerking

6 200

6 917

7 145

Sum kap. 0862

6 200

6 917

7 145

Status for verksemda

Formålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Dette skal ein oppnå gjennom å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmene er oppnemnde av BLD, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Landsorganisasjonen (LO), Forbrukarrådet, handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2013 6,2 mill. kroner i statleg driftstilskot frå BLD. Av desse blei om lag 1,5 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking litt over 1,1 mill. kroner i tilskot frå Miljødirektoratet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 27,3 mill. kroner. Hovuddelen av desse inntektene var knytt til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot til offentleg stifting for positiv miljømerking

Posten dekkjer tilskot til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

Departementet føreslår ei løyving på 7,1 mill. kroner i 2015.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

5 648

7 822

4 561

70

Tilskot

1 903

2 570

1 300

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

5 357

4 982

5 646

Sum kap. 0865

12 908

15 374

11 507

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane på posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Midlar vil bli nytta til arbeidet med å styrkje undervisninga i forbrukaremne i skolen. Departementet har eit samarbeid med Høgskolen i Hedmark, som leier ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervisning. Departementet vil òg føre vidare samarbeidet med høgskolen om andre praktiske oppgåver knytte til undervisning i forbrukaremne.

Løyvinga vil òg bli nytta til å finansiere marknadsundersøkingar som skal gi kunnskap om behova for tiltak som kan gjere marknaden tryggare og enklare for forbrukarane. Departementet samarbeider med SIFO, Forbrukarrådet og Forbrukarombodet om å utvikle og gjennomføre slike undersøkingar, og Noreg tek del i EU-kommisjonen sitt arbeid med å overvake og dokumentere situasjonen for forbrukarane på ulike marknader. Posten dekkjer òg utgifter til ein ekspert i EU-kommisjonen knytt til rammeprogrammet om forbrukarpolitikk.

Departementet føreslår ei løyving på 4,6 mill. kroner i 2015.

Post 70 Tilskot

Midlane på posten vil bli nytta til tiltak og enkeltprosjekt som medverkar til å fremme måla for regjeringa sin forbrukarpolitikk.

Midlane vil bli brukte til å delfinansiere drifta av Forbrukarsekretariatet i Standard Norge (nærmare omtalt under delmål 7.1). Departementet føreslår å setje av 500 000 kroner til tilskot til Standard Norge i 2015. Departementet vil òg ta del i eit prosjektsamarbeid med Miljøverndepartementet og organisasjonen Ungt Entreprenørskap om eit undervisningsopplegg i ungdomsskolen om berekraftig forbruk. Det vil bli gitt eit tilskot til dette arbeidet i 2015. Vidare vil departementet delta i eit samarbeid med andre departement og bransjeorganisasjonar om ForMat-prosjektet som skal redusere matsvinn (nærmare omtalt under delmål 7.3). Det vil bli sett av tilskotsmidlar på posten til organisasjonen Matvett AS for å finansiere tiltak innanfor dette samarbeidet.

Departementet føreslår ei løyving på 1,3 mill. kroner i 2015.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Mål

Noreg deltek i det fleirårige forbrukarprogrammet til EU. Det nye programmet for perioden 2014–2020 er i hovudsak ei vidareføring av programmet for perioden 2007–2013. Det har som mål å medverke til å verne helsa, tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane så vel som arbeidet for rett til forbrukarinformasjon, utdanning og organisering av forbrukarinteressene. Programdeltakinga fører blant anna med seg at Forbrukarombodet og andre tilsyn er med i samarbeidet om handheving over landegrensene, og at Forbrukar Europa kan formidle råd og hjelp til norske forbrukarar som handlar over landegrensene.

Kriterium for tildeling

Bidraga for deltaking i dei ulike EU-programma blir fastsette etter ein fordelingsnøkkel som er nedfelt i EØS-avtalen.

Oppfølging og kontroll

Revisjonsretten i EU og EU sin internrevisjon kontrollerer bruken av budsjettmidlar til programma Noreg deltek i.

Budsjettforslag 2015

Hovuddelen av posten skal dekkje kontingentkostnadene ved deltakinga i EU-programmet om forbrukarpolitikk. Storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen varierer med aktiviteten under programmet og storleiken på EØS-budsjettet.

Løyvinga på posten skal òg dekkje departementet sin del av kontingentutgifta til EU-programmet om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land (Interoptability Solutions for European Public Administrations – ISA), der Kommunal- og moderniseringsdepartementet dekkjer 50 prosent av utgiftene til programmet og resten blir dekt av dei andre departementa som deltek.

Posten er auka med 0,5 mill. kroner for å dekkje kostnadene med å delta i programmet.

Departementet føreslår ei løyving på 5,6 mill. kroner.

Kap. 866 Statens institutt for forbruksforsking

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Basisløyving

28 799

26 307

27 039

Sum kap. 0866

28 799

26 307

27 039

Status for verksemda

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har som formål å drive forsking og utgreiing ut frå omsynet til rolla forbrukarane har i samfunnet. Instituttet bidreg med forskingsbasert kunnskap til styresmakter, politikarar, næringslivet, organisasjonar og forbrukarar.

SIFO er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, eigne vedtekter og eit styre. Drifta er finansiert med ei basisløyving over statsbudsjettet og med prosjektinntekter. Instituttet utfører prosjekt med finansiering frå statlege verksemder, Noregs forskingsråd, EU, næringslivet og ulike organisasjonar. Som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter er SIFO gitt fritak frå det statlege bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. Bevilgningsreglementet § 3 fjerde ledd. Tilsetjingstilhøva for dei tilsette er regulerte i lov om statens tenestemenn. SIFO leverer årsrapport til departementet, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten § 1.5.1.

Driftsinntektene til SIFO var i 2013 på vel 46,5 mill. kroner, mot 45,6 mill. kroner i 2012. Av desse var 28,8 mill. kroner basisløyving frå BLD. Inntektene frå eksterne prosjektoppdrag var på 16,4 mill. kroner. I 2012 var basisløyvinga frå BLD på 27,8 mill. kroner og inntektene frå eksterne prosjektoppdrag på 17,7 mill. kroner.

Fleirtalet i familie- og kulturkomiteen på Stortinget (Høgre og Framstegspartiet) bad ved budsjettbehandlinga hausten 2013 regjeringa vurdere verksemdsområdet til SIFO (nærmare omtalt under delmål 1.2). BLD vil melde tilbake til Stortinget om saka på ein eigna måte.

Post 50 Basisløyving

Basisløyvinga omfattar tre hovudelement: løyving til grunnfinansiering av instituttet, løyving til forvaltingsrelaterte oppgåver og løyving til strategisk kompetanseutvikling.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 27 mill. kroner i 2015.

Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

10 964

9 428

10 403

Sum kap. 0867

10 964

9 428

10 403

Status for verksemda

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (FTU) har i oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i Marknadsrådet og FTU. Førebuinga av sakene for FTU legg beslag på størstedelen av ressursane.

Marknadsrådet, som består av ein leiar, ein nestleiar og sju medlemmer med personlege varamedlemmer, behandlar hovudsakleg saker om marknadsføring som blir lagde fram gjennom Forbrukarombodet. I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkereglane i tobakksskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova. Marknadsrådet er òg klageinstans for vedtak som Statens medieforvalting har gjort i medhald av kringkastingslova § 3-1 tredje ledd om reklame for livssyn eller politiske bodskap.

FTU, som består av ein leiar, fire nestleiarar og tolv medlemmer, behandlar tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukarar og mellom private partar. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir bringa inn for tingretten. Ein tvist som forbrukaren ønskjer å bringe inn for FTU, må først ha vore behandla ved eit av regionkontora til Forbrukarrådet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for faste medarbeidarar og andre driftsutgifter ved sekretariatet. Posten dekkjer òg godtgjering og utgifter til medlemmene i Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet.

Posten er føreslått auka med 1,5 mill. kroner. Midlane skal dekkje lønn til nye medarbeidarar og andre driftsutgifter som følgje av utvida saksområde for FTU (nærmare omtalt under programkategori 11.30, delmål 7.2).

Departementet føreslår ei løyving på 10,4 mill. kroner i 2015.

Kap. 3867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

16

Refusjon av foreldrepengar

85

18

Refusjon av sykepengar

307

Sum kap. 3867

392

Kap. 868 Forbrukarombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

25 091

23 037

23 266

Sum kap. 0868

25 091

23 037

23 266

Status og hovudoppgåver for verksemda

Forbrukarombodet skal føre tilsyn med at dei næringsdrivande si marknadsføring og vilkår i standardkontraktar er i samsvar med marknadsføringslova, jf. §§ 32 og 34.

Forbrukarombodet handhevar forskrifter om fibermerking og vedlikehaldsmerking av tekstilar og fører tilsyn med reglar gitt i medhald av kringkastingslova og finansavtalelova og ny lov om angrerett. Forbrukarombodet er òg nasjonalt kontaktpunkt for e-handel etter e-handelslova. I tillegg har Forbrukarombodet ansvaret for å føre tilsyn med marknadsføring av alternativ behandling av sjukdom. Gjennom marknadsføringslova fører Forbrukarombodet òg tilsyn med anna lovverk som vernar forbrukarinteresser.

Saker som Forbrukarombodet ikkje løyser gjennom frivillige ordningar, kan bringast inn for Marknadsrådet, som kan gjere forbodsvedtak. Saman med forbodsvedtak skal det som hovudregel òg gjerast vedtak om tvangsmulkt, som den næringsdrivande må betale dersom vedtaket ikkje blir følgt. I tillegg kan det etter marknadsføringslova gjerast vedtak om gebyr for lovbrot som allereie har skjedd.

Forbrukarombodet arbeider for å betre vernet for sårbare forbrukargrupper. Ombodet arbeider i den samanhengen aktivt med å forhindre bruk av ulovlege oppmodingar om kjøp til mindreårige, å nå ut med råd og forbrukarinformasjon til unge forbrukarar i aldersgruppa 18-25 år og å identifisere utfordringar for seniorar som forbrukargruppe.

Vidare arbeider Forbrukarombodet internasjonalt for å betre forbrukarvernet. Ombodet tek del i eit system der tilsynsmakter i alle dei europeiske landa samarbeider for å hindre ulovleg marknadsføring over landegrensene. I tillegg er Forbrukarombodet aktivt i arbeidet i OECDs forbrukarkomité og ICPEN (International Consumer Protection and Enforcement Network).

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2013/2014

Rapporteringa tek utgangspunkt i strategiar og tiltak som blei presentert i Prop. 1 S (2013–2014).

Redusere førekomsten av lovstridig marknadsføring

Forbrukarombodet brukte i 2013 store ressursar på å redusere lovstridige marknadsføringsmetodar innanfor marknader som har stor økonomisk påverknad på forbrukarane, slik som finans, bustad og IKT.

På finansområdet har Forbrukarombodet lagt særskilt vekt på marknadsføring av kreditt. Bransjenorma for marknadsføring av kreditt som er utarbeidd i samarbeid med Finansieringsselskapenes Forening og Finans Norge blei revidert. Norma samlar og standardiserer opplysningane som skal givast i marknadsføring av kreditt, mellom anna om effektiv rente og bruk av representative prisdøme. Forbrukarombodet gjennomførte fleire kontrollaksjonar for å kontrollere at den reviderte bransjenorma om kredittmarknadsføring blir følgd. Både annonsar på Google, Facebook, bloggar og i trykte medium blei undersøkte. Selskap som marknadsførte lån utan tilstrekkelege opplysningar om effektiv rente og brukte villeiande «frå renter» m.m. fekk brev frå ombodet og retta deretter marknadsføringa si.

I undersøkingar gjorde av SIFO har det kome fram at forbrukarar meinte bustadkjøpsprosessen var forvirrande og prega av dårleg tid. Forbrukarombodet har derfor saman med Forbrukarrådet, Norges Boligbyggelag og aktørar frå eigedomsmeklarbransjen utarbeidd ein ny bransjenorm for marknadsføring av bustad. Viktige endringar er krav om at nøkkelinformasjon og ei kortfatta liste med vesentleg informasjon om eigedommen tydeleg skal vere synleg tidleg i salsoppgåva. Ei anna viktig endring er at ved annonsering på Internett skal salsoppgåva som hovudregel vere tilgjengeleg for elektronisk nedlasting seinast 48 timer før første visning. Desse tiltaka er gjort for å gjorde bustadkjøpsprosessen tryggare og enklare for forbrukarane.

Forbrukarombodet gjennomførte våren 2013 ein kontrollaksjon for å kontrollere om cirkaprisar på bustad har vore sette urealistisk og villeiande lågt (òg kalla «lokkepriser»). Aksjonen avslørte ein slik praksis hos tre meklarkontor i Oslo. Dei tre kontora har skrive under på at dei ikkje skal gjenta den ulovlege praksisen. Ombodet har i tillegg hatt tett dialog med meklarorganisasjonane med mål om å auke internkontrollen i føretaka for å komme problemet til livs. Ny kontroll vil bli gjennomført i 2014.

Det blei òg gjennomført ein kontrollaksjon for å identifisere forbrukarutfordringar på tv-marknaden, både når det gjeld marknadsføring og avtalevilkår hos dei tradisjonelle tv-tilbydarane og hos nye strøymetenester. Aksjonen viste at det blir gitt for dårleg informasjon om vesentlege føresetnadar for tv-tilboda, og at det var spørsmål om urimelege avtalevilkår om bindingstid, oppseiing og angrerett. Det blei derfor sendt ut brev til 23 tilbydarar og alle sakene kunne avsluttas i desember på bakgrunn av at tilbydarane har innretta seg etter tilbakemeldingane frå ombodet.

Ombodet har òg stansa villeiande marknadsføring av telefoniabonnement (tale, SMS og datatrafikk) frå 11 teleoperatørar der orda «fri bruk» og «fastpris» blei nytta i strid med marknadsføringslova. Det er no einskapleg praksis i bransjen om korleis slike påstandar kan nyttast i marknadsføring.

Forbrukarombodet arbeidde mykje med prismarknadsføring og prismerking i ulike bransjar i 2013. God og riktig informasjon om pris er viktig for forbrukarane når dei skal velje mellom ulike varer og tenester. Forbrukarombodet hadde i 2013 ei rekkje saker der ein såg på villeiande marknadsføring av sal, billigastpåstandar, prissamanlikningar m.m. I møbel- og sportsbransjen henta ombodet inn fleire skriftlege stadfestingar og fatta forbodsvedtak med tvangsmulkt for å få dei næringsdrivande til å endre marknadsføringa.

Forbrukarombodet får framleis mange klager frå forbrukarar som reagerer på uønskte oppringingar frå telefonseljarar. Trass i innstramminga av regelverket i 2009 fekk Forbrukarombodet i 2013 om lag 1 000 skriftlege klager på oppringing til forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret. Klagetalet i 2013 er stort sett på same nivå som føregåande år sjølv om Forbrukarombodet har nytta store ressursar til å gripe inn mot brot på regelverket og dialog med aktørar i bransjen om kva endringar dei må gjere for å unngå å bryte forbodet mot oppringing til reserverte forbrukarar.

Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Forbrukarombodet har arbeidd mykje både nasjonalt og internasjonalt med å få i stand rimelege og gi vilkår for brukarar av nye betalingsmetodar, og særleg betaling med mobiltelefon. Ombodet har gjennomført forhandlingar med eit felles selskap som skal stå for betalingstenestene hos dei store mobiloperatørane i Norge. Det er einigheit om alle hovudprinsippa i vilkåra. Det har òg vore dialog med andre aktørar som tilbyr mobilbetaling. Dialogen har ført til endringar i vilkåra for og marknadsføringa av desse tenestene.

Innanfor finansområdet er forhandlingane avslutta med Finans Norge om vilkåra i standardkontrakt for kontoavtale for barn, og kontrakt for ungdomsbetalingskort (13 til 18 år) og barnebetalingskort (7 til 13 år). Dei nye kontraktane inneheld balanserte og rimelege vilkår, der det i kontraktane for barn og unge i særleg grad er teke omsyn til det særskilde behovet for å verne denne gruppa, mellom anna gjennom låge eigenandelar ved misbruk av kort.

Ombodet har halde fram arbeidet med å få betre vilkår for forbrukarar i kontraktar om oppføring av ny bustad. 11 prosjektmeklarar har endra avtalene sine og har no mellom anna klarare vilkår om ferdigstilling og rettar for kjøparane.

I arbeid med tilsyn med kontraktsvilkåra i private skolar har ombodet sett på studiekontraktane til privatskolar med kreative fag som kunst, dans osv. Ombodet tok opp sakar med aktørar som ikkje gir studentane gode nok vilkår og/eller hadde god nok informasjon om tilboda sine i marknadsføringa av studia. Fire av dei sju skolane som blei sjekka hadde urimelege kontraktar, og har no endra kontraktane etter oppmoding frå Forbrukarombodet.

Betre vernet for sårbare forbrukargrupper

Med bakgrunn i sitt mangeårige arbeid med unge vaksne og betalingsproblem, har Forbrukarombodet etablert eit godt samarbeid med Finans Norge om informasjon til unge vaksne om økonomi. I denne samanhengen blei det nettbaserte verktøyet Økonomilappen lansert i august 2013, med målom å auke kunnskapen om personleg økonomi blant unge forbrukarargjennom ein kunnskapstest.

Forbrukarombodets rettleiing om marknadsføring på blogg blei oppdatert i 2013. Der gis det mellom anna no klarare informasjon til bloggarar om korleis dei skal merke innlegg som er marknadsføring slik at dette blir klart for målgruppa, spesielt barn og unge.

Ombodet har òg hatt ein omfattande dialog med Facebook om marknadsføring av falske merkevarer og annonsar med direkte kjøpsoppmodingar til barn. Facebook har innført rutinar som skal redusere talet på annonsar for falske merkevarer. I tillegg har ombodet publisert lister over nettbutikkar som sel falske merkevarer, og åtvara forbrukarane mot desse.

Forbrukarombodet har drive eit utstrekt informasjonsarbeid overfor unge vaksne i 2013. Ombodet har òg hatt informasjon på Facebook-sida si (U-lurt) og Twitter.

Arbeide internasjonalt for betre forbrukarvern

Forbrukarombodet deltek aktivt i det europeiske nettverket for organ tilsvarande ombodet i andre europeiske land. Mellom anna tek ombodet del i eit prosjekt om urimelege avtalevilkår der styresmakter frå 13 land utvekslar informasjon og diskuterer praksis omkring handhevinga av forbodet mot urimelege vilkår i forbrukarkontraktar. Etter eit prosjektmøte i Oslo i november 2013 blei det ble sendt eit felles brev frå åtte av landa i prosjektet til medlemmer i EU-parlamentet der det blei slått fast at EU-kommisjonen sitt forslag til nytt ekom-regelverk vil gi forbrukarar dårlegare vilkår i kontraktane dei inngår med ekom-tilbydarar. Synspunkta i brevet fekk tilslutning frå eit fleirtal av representantane i EU-parlamentet.

Forbrukarombodet har eit nært samarbeid med dei andre nordiske forbrukaromboda og deltek i eit verdsomspennande nettverk av organ tilsvarande ombodet (ICPEN) og i forbrukarkomiteen i OECD. I ICPEN oppnådde ombodet i 2013 einigheit om ei felles haldning til mobilbetaling, der heile ICPEN-nettverket stiller seg bak hovudsynet til ombodet om at betaling med mobil skal vere like trygt som betaling med kort.

Strategiar og tiltak for 2015

Hovudmålet for Forbrukarombodet i 2015 er å redusere førekomsten av lovstridig marknadsføring og betre vern for forbrukarar i standardkontraktar.

Verne forbrukarar mot lovstridig marknadsføring på dei områda som har mest å seie økonomisk for forbrukarane.

Avtalar om finansielle tenester er ofte store og viktige avtalar for den enkelte forbrukaren. Det er viktig at opplysingar som blir gitt i marknadsføringa er eigna til å gi eit riktig bilete av innhaldet i og kostnadene ved tenestene. Nytt regelverk opna i 2014 for sal av alternative fond og fripolisar med fritt investeringsval til forbrukarane. Forbrukarombodet vil i 2015 særleg følgje med på at marknadsføring og sal av denne typen spareprodukt ikkje skjer på ein lovstridig måte. Forbrukarombodet vil òg arbeide for at marknadsføring av ulike banktenester, under dette lån og kreditt, mellom anna skal gi lovpålagde opplysningar og ikkje vere villeiande.

Kjøp av bustad er ofte den største investeringa den enkelte forbrukaren gjer. Forbrukarombodet vil arbeide vidare for at marknadsføringa av bustader gir god informasjon om til dømes alle kostnadene som kjøparen er forplikta til å betale, og at ho heller ikkje på annan måte er villeiande.

IKT-marknaden er òg eit område som har mykje å seie for forbrukarane sin økonomi med til dømes avtalar om breiband, telefoni og abonnement på tv-kanalar. Marknaden er prega av rask utvikling. Prisstrukturane innanfor denne bransjen kan vere vanskeleg tilgjengeleg for den alminnelige forbrukaren og er i stadig endring. I tillegg til pris er det stadig viktigare for forbrukaren å få god og riktig tilgang på annan viktig informasjon om produktet. Forbrukarombodet vil halde fram arbeidet med å kontrollere at marknadsføringa og informasjonen er god og lett tilgjengeleg for forbrukarane. Forbrukarombodet vil også framleis leggje vekt på å vere aktive overfor bransjen og halde seg orientert om utviklinga i marknaden.

Forbrukarombodet vil òg følgje med på om det er andre marknader der det er nødvendig å stille krav til og eventuelt nytte sanksjonar mot ulovleg marknadsføring.

Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Det blir stadig utvikla nye elektroniske betalingsløysingar samtidig som forbrukarane blir eksponerte for mange nye tenester som krev betaling, til dømes ekstraytingar i spel (in-apps). Forbrukarombodet vil i 2015 halde fram med arbeid både nasjonalt og internasjonalt for å bidra til at nye elektroniske betalingsløysingar for forbrukarar er trygge og at det ikkje blir nytta urimelege vilkår.

Forbrukarombodet vil framleis arbeide for rimelege og balanserte forbrukarkontraktar for finansielle tenester. EU har vedteke eit nytt bustadkredittdirektiv, og vil venteleg vedta eit nytt betalingstenestedirektiv. Gjennomføring av denne reguleringa, først i norsk lovgiving, og seinare i standardkontraktane mellom næringsdrivande og forbrukarar vil vere eit prioritert område for Forbrukarombodet.

Forbrukarombodet vil halde fram med å arbeide for rimelege og balanserte kontraktar for forbrukarar som kjøper bustad under oppføring. I ein bustadmarknad der det er høge krav til eigenkapital for å kjøpe bustad, vil mange måtte leige bustad. Det er derfor viktig å arbeide for at kontraktar som profesjonelle utleigarar nyttar, gir gode rettar for forbrukarane og er rimelege og balanserte.

For at forbrukaren til kvar tid skal kunne nytte det IKT-tilbodet som er best tilpassa sitt behov har forbrukaren behov for å kunne byte tilbydar raskt og enkelt. Forbrukarombodet vil arbeide for at kontraktane for både dei nye og dei tradisjonelle tilbydarane er rimelege, og at dei mellom anna ikkje inneheld urimelege innelåsande mekanismar som forhindrar valfridommen til forbrukaren.

Forbrukarombodet vil òg følgje med på om det er andre marknader der det er nødvendig å stille krav til og eventuelt nytte sanksjonar mot urimelege kontraktar.

Betre vernet for sårbare forbrukargrupper

Visse grupper forbrukarar har større behov for vern enn andre. Forbrukarombodet har dei siste åra retta særskild merksemd mot marknadsføring og kontraktar retta mot unge vaksne. Forbrukarombodet vil i 2015 halde fram arbeidet med forbrukarutfordringar for barn, unge vaksne, eldre og andre grupper med forbrukarar som lettare blir råka av villeiande marknadsføring eller har eit særleg behov for vern.

Arbeide internasjonalt for betre forbrukarvern

Ombodet vil òg arbeide på nasjonalt og europeisk nivå for eit best mogleg forbrukarvern i ny EU-lovgiving på ulike livsområd.

Forbrukarombodet tek del i eit system der tilsynsmaktene i alle dei europeiske landa samarbeider for å forhindre brot på marknadsføringslova over landegrensene. Dette samarbeidet har det siste året utvikla seg slik at styresmakter i fleire land no saman med EU-kommisjonen rettar krav til næringsdrivande innom bestemte bransjar om å endre lovstridig praksis. Forbrukarombodet ønskjer i 2015 i enda større grad å ta del i desse samarbeidsprosessane.

Forbrukarombodet vil òg i 2015 vere aktivt i samarbeidet mellom dei nordiske forbrukaromboda og i internasjonale forum som OECD og ICPEN.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn til tilsette og andre driftsutgifter ved Forbrukarombodet. Departementet føreslår ei øyving på 23,3 mill. kroner i 2015.

Kap. 3868 Forbrukarombodet

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Diverse inntekter

41

16

Refusjon av foreldrepengar

746

18

Refusjon av sykepengar

476

Sum kap. 3868

1 263

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Mål

Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Regjeringa sitt mål er ei foreldrepengeordning som gir foreldre valfridom og fleksibilitet til å velje den beste omsorgsløysinga for sitt barn. For 2015 blir desse måla prioriterte:

Hovudmål

Delmål

3: Trygge rammer for familiane

3.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Foreldrepengeordninga er ein viktig del av familiepolitikken. For ei samla framstilling av politikkområdet, sjå innleiinga til programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

Resultatrapport og strategiar

Delmål 3.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Eit tiltak for å nå målet om valfridom og fleksibilitet for familiane er å auke fellesdelen av foreldrepengeperioden, slik at foreldra kan fordele ein større del av stønadsperioden slik dei sjølve ønskjer. Fellesperioden blei auka 1. juli 2014 frå 18 til 26 veker. Samtidig ønskjer regjeringa at fleire foreldre skal få høve til å overføre kvoten til den andre forelderen i tilfelle der det er vanskeleg for vedkomande å ta permisjon. På den måten vil òg barnet få meir tid saman med ein av foreldra.

Resultatrapporteringa tek utgangspunkt i delmål 3.6 Ei foreldrepengeordning som bidreg til å fremme likestilt foreldreskap i Prop. 1 S (2012–2013) og under delmål 3.5 med same tittel i Prop. 1 S (2013–2014).

Resultatrapport 2013/2014

Tredeling av foreldrepengeordninga

Med verknad frå 1. juli 2013 blei foreldrepengeperioden tredelt, med éin del til far (fedrekvoten), éin del til mor (mødrekvoten) og éin felles del. Frå same tidspunkt blei stønadsperioden utvida med to veker og fedrekvoten auka tilsvarande, slik at det blei 14 veker til far, 14 veker til mor og 18/28 veker felles. I tillegg har mor tre veker før fødselen. Ettersom foreldrepengane kan takast ut fram til barnet fyller tre år, kan ein først i 2017 sjå full verknad av endringane.

Uttak av foreldrepengar

Om ein ser på alle dagar med foreldrepengeutbetaling i 2013, blei 78,3 prosent av dagane tekne ut av mødrer og 21,7 prosent av fedrar. Til samanlikning tok fedrar ut 20,3 prosent i 2012 og 17,8 prosent i 2011. Fedrar som tok ut foreldrepengar i 2013, kan ha fått barnet i 2010, 2011, 2012 eller 2013, ettersom foreldrepengar kan utbetalast inntil barnet fyller tre år. Fedrekvoten var frå 1. juli 2009 på 10 veker. Kvoten blei auka med to veker frå 1. juli 2011, og frå 1. juli 2013 blei kvoten auka igjen til 14 veker. Alle som tok ut fedrekvote i 2013, hadde dermed rett til minst 10 veker.

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at stadig fleire foreldre tek ut foreldrepengar i 49 veker med full sats framfor i 59 veker med redusert sats. Av dei kvinnene som tok ut foreldrepengar første halvår 2014, tok 62 prosent foreldrepengar med full sats, samanlikna med 56 prosent i første halvår 2013. I første halvår i 2005 var tilsvarande del med full sats berre 23 prosent.

Eingongsstønad

Kvinner utan rett til foreldrepengar får ein eingongsstønad ved fødsel og adopsjon. Eingongsstønaden blei auka med nær 3 500 kroner til 38 750 kroner frå 1. januar 2014. Ifølgje tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet har det i første halvår 2014 blitt utbetalt eingongsstønad til 5 757 personar, ei auke på nær 12 prosent samanlikna med første halvår 2013.

Forslag om lovendring i foreldrepengeordninga

I august 2013 fremma Stoltenberg II-regjeringa eit forslag om lovendring i foreldrepengeordninga, Prop. 184 L (2012–2013) Endringer i folketrygdloven (forenklinger i foreldrepengeordningen). Regjeringa valde å trekkje tilbake forslaget etter valet hausten 2013 for å gjere ei ny vurdering av lovforslaget.

Utviding av fellesperioden for foreldrepengar

Regjeringa føreslo i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) Endring av Prop. 1 S (20132014) Statsbudsjettet 2014 å redusere mødre- og fedrekvoten frå 14 til 10 vekar. Endringa blei vedteken og sett i verk frå 1. juli 2014. Med endringa er den delen som er til fri fordeling mellom foreldra åtte veker lengre. Den totale lengda på stønadsperioden er framleis 49 veker med full sats eller 59 veker med redusert sats. Regjeringa meiner det er viktig at familiane får valfridom og fleksibilitet, og at barna får mest mogleg samla tid med foreldra. Den enkelte familien må sjølv få velje den løysinga som passar dei best. Derfor valde regjeringa at ein mindre del av foreldrepengeordninga skal vere bunden opp i kvotar.

Tabell 4.23 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2010–2013

2010

2011

2012

2013

Endring 2012/2013

Talet på fødslar

60 608

59 417

59 403

58 174

-1 229

Talet på levandefødde barn

61 422

60 220

60 255

58 995

- 1 260

Talet på foreldrepengedagar ved fødsel og adopsjon

12 518 257

12 739 344

12 514 314

12 482 424

- 31 890

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

– Kvinner, prosent

85,3

82,2

79,7

78,3

-1,4

– Menn, prosent

14,7

17,8

20,3

21,7

1,4

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

90 593

89 522

88 626

85 509

- 3 117

  • – av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

52 376

44 328

38 133

35 132

- 3 001

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved fødsel

117

116

112

114

2

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

49 193

55 184

58 426

58 916

490

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved fødsel

37

41

43

46

3

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kr)

317 103

323 715

333 654

345 869

12 215

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kr)

374 464

378 538

383 820

395 232

11 412

Talet på kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

4 639

5 307

5 330

4 810

-520

Talet på menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel

7 074

10 784

13 239

14 127

888

Talet på kvinner med svangerskapspengar

3 958

4 421

4 892

5 110

218

Talet på kvinner med minst éin dag foreldrepengar ved adopsjon

592

536

448

327

-121

  • – av desse med 80 prosent lønnskompensasjon

355

297

234

156

-78

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved adopsjon

111

104

981

89

-9

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved adopsjon

375

424

393

288

-105

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved adopsjon

48

41

46

53

7

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved adopsjon (kr)

350 334

357 395

373 600

369 210

- 4 390

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved adopsjon (kr)

385 236

400 731

408 518

417 995

9 477

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 299

1 181

1 063

1 089

26

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn utan rett til fedrekvote

86

83

80

80

-

Talet på kvinner med eingongsstønad ved fødsel

11 294

10 177

9 3501

9 825

475

Talet på menn med eingongsstønad ved fødsel

18

30

25

27

2

Talet på kvinner med eingongsstønad ved adopsjon

1

1

1

0

-1

Talet på menn med eingongsstønad ved adopsjon

0

0

0

0

-

1 Endra i høve til Prop. 1 S (2013–2014).

Strategiar og tiltak for 2015

Høyringssak om unntak frå kvotane i foreldrepengeordninga

Regjeringa sende i juni 2014 på høyring ei sak om ei ny, utvida unntaksordning for kvotane i foreldrepengeordninga. I høyringsnotatet blir det føreslått å opne for at fleire grunnar gir rett til unntak frå kvotane. Ein del foreldre har ikkje høve til å ta ut foreldrepermisjon, og ønskjer derfor å kunne overføre kvoten til den andre forelderen. I dag kan det berre skje om forelderen er sjuk eller skada og derfor heilt avhengig av hjelp for å ta seg av barnet. I notatet blir det føreslått å gi rett til unntak òg ved arbeidsløyse, sjølvstendig næringsdrift, arbeid i utlandet, at mors arbeidssituasjon ikkje passar med amming o.a. og ved straffegjennomføring. Unntaket ved sjukdom blir føreslått ført vidare.

Forslaget om utvida unntaksordning skal gjere det enklare for foreldre i visse situasjonar å kunne overføre kvoten til den andre forelderen. På den måten kan foreldra saman utnytte heile foreldrepengeperioden, sjølv om den eine forelderen ikkje har moglegheit til å ta ut heile eller delar av sin kvote. Barnet vil på den måten òg kunne vere heime lenger med ein av omsorgspersonane sine.

Frist for høyringssvar er 15. oktober 2014. Departementet vil følgje opp saka, mellom anna i lys av høyringsfråsegnene.

Auking av oppteningskravet

Regjeringa vil auke inntektskravet for opptening til foreldrepengar frå ½ G til 1 G frå 1. juli 2015. Det inneber at foreldra må ha hatt ei pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei siste ti månadene som tilsvarer 1 G (for tida 88 370 kroner) på årsbasis. Auking av oppteningskravet inneber at det i større grad er personar som primært er yrkesaktive som får rett til foreldrepengar. Ei auking vil kunne stimulere fleire til å ha større deltaking i arbeidslivet før fødsel, noko som kan gi ein betre tilknyting til arbeidsmarknaden og gjere det meir sannsynlig at forelderen kjem attende til lønna arbeid seinare. Ei slik endring av inntektskravet vil på kort sikt kunne føre til at nokre fleire manglar opptening til foreldrepengar, og færre personar med eit lågt inntektsgrunnlag vil kome med i foreldrepengeordninga. Kvinner som manglar opptening, har rett til eingongsstønad. Eingongsstønaden er frå 1. januar 2014 på 38 750 kroner. Når oppteningskravet aukar, vil fleire personar få rett til eingongsstønad, noko som vil medføre ei meirutgift over stønadsbudsjettet den første tida. På sikt vil endringa gi ei mindreutgift over stønadsbudsjettet.

Nærmare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

       

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

16 259 960

17 685 000

18 093 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

351 282

395 000

397 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

429 198

435 000

465 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

67 014

68 000

55 000

Sum kap. 2530

17 107 454

18 583 000

19 010 000

Mål

Stønadene under dette kapitlet skal kompensere for bortfall av inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Tildelingskriterium

Tildelingskriterium er omtalte under dei enkelte budsjettpostane nedanfor og går også fram av folketrygdlova kap. 14.

Oppfølging og kontroll

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Budsjettforslag 2015

Det er føreslått å auke oppteningskravet for foreldrepengar frå ½ G til 1 G frå 1. juli 2015.

Det er ikkje føreslått endringar i satsen for eingongsstønad ved fødsel og adopsjon.

Utgiftsanslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB og andreårsverknaden av reduksjon av fedrekvoten med fire veker frå 1. juli 2014.

Departementet føreslår ei løyving på 19 010 mill. kroner på budsjettkapittelet.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-4 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønt utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir oppteningsrett til foreldrepengar. Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 59 veker med 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Val av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.

Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2014 utgjer grunnbeløpet 88 370 kroner. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 49 veker, kan det maksimalt betalast ut 499 630 kroner per stønadstilfelle.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 10 veker øyremerkte til seg (mødrekvoten og fedrekvoten). Mor må starte sin permisjon seinast tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkte til kvar av foreldra, kan foreldra dele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. Fellesdelen i stønadsperioden er på 26/36 veker avhengig av valt dekningsgrad.

Når berre far har rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 40/50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. Når mor har uførepensjon, kan far ta ut inntil 10 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til mors aktivitet, jf. folketrygdlova § 14-14.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir også rett til å utsetje stønadsperioden når den som tek imot foreldrepengar, er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer også svangerskapspengar som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt etter reglane i folketrygdlova § 14-17 til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar. Stønaden er på 38 750 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei første 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker ved 80 prosent lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Ettersom stønadsperioden med 100 prosent dekning er avgrensa til 46 veker, kan det maksimalt utbetalast 469 040 kroner per stønadstilfelle. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 10 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten).

Sjå elles omtalen under post 70.

Fotnotar

1.

Målsetjinga med tiltaket er å auke sysselsetjinga blant innvandrarar som står langt frå arbeidsmarknaden, som har behov for grunnleggjande kvalifisering, og som ikkje er omfatta av andre ordningar. Heimeverande kvinner med innvandrarbakgrunn som ikkje tek del i opplæring eller kvalifisering, og som ikkje får sosialhjelp, er prioritert målgruppe for Jobbsjansen. Forsøksordninga Ny sjanse er blitt ein del av Jobbsjansen

2.

Formålet med tiltaket er å auke kvaliteten og betre resultatoppnåinga i kommunane sitt integreringsarbeid med vekt på opplæring i norsk og samfunnskunnskap

3.

Tala i parentes er for 2012

4.

Midlane skal gå til Kirkens Bymisjon / Primærmedisinsk Verksted, MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner og NORSOMbro (norsk-somalisk brubyggingsprosjekt) / Leadership Foundation

Til forsida av dokumentet