Prop. 127 S (2009-2010)

Ein del saker på Samferdselsdepartementet sitt område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

4.1 Dobbeltspor Holm-Holmestrand-Nykirke

I Prop. 1 S (2009-2010) er det sett av 280 mill. kr til prosjektet med sikte på oppstart i 2010. Det føreligg følgjande to alternative løysingar for utbygginga av Holm-Holmestrand-Nykirke: Alternativ 1 er å byggja prosjektet i to etappar. Holm-Holmestrand som første delparsell og Holmestrand-Nykirke med Holmestrand stasjon i dagen som andre delparsell. Alternativ 2 er ei samanhengande utbygging av Holm-Holmestrand-Nykirke, med Holmestrand stasjon i fjell. Alternativ 2 har ei traséføring og ein tunnelprofil som er tilpassa ein framtidig dimensjonerande fart på opp til 250 km/t med forbikøyringsspor gjennom Holmestrand stasjon.

Den pågåande kvalitetssikringa tyder på at det er relativt små kvantifiserte forskjellar mellom alternativa både når det gjeld nytte og kostnader. Forskjellar mellom alternativa som ikkje er kvantifiserte, er til fordel for ei løysing med stasjonen i fjell. Dette er i stor grad knytt til høgare kapasitet for togtrafikken og frigjeving og utnytting av areal i Holmestrand sentrum. Ved ei samanhengande utbygging kan prosjektet ferdigstillast og takast i bruk om lag tre år tidlegare enn ved ei parsellvis utbygging. I tillegg kan parsellen inngå i eit framtidig nett av banestrekningar med høg fart. Jernbaneverket vil sjå nærare på dei aerodynamiske tilhøva for mogleg framtidig samtrafikk mellom gods- og persontog.

Kvalitetssikringa har identifisert at det er uvisse med omsyn til val av signal- og sikringsanlegg til prosjektet. Grunnlaget for val av signalanlegg skal vera avklart innan 2013. For Holmestrand stasjon i fjell er det også identifisert uvisse med omsyn til løysing og kostnader for den planlagde stasjonshallen knytt til grunnforholda i fjellet. Denne uvissa er medrekna i kostnads- og styringsramma. Jernbaneverket skal gjera nye grunnundersøkingar som grunnlag for å oppdatera kvalitetssikringa av kostnadene og styringsdokumenta for prosjektet (KS2). Kvalitetssikringa (KS2) av prosjektet vil bli ferdigstilt når dette er avklart.

Ut frå ei samla vurdering av alternativa tilrår Samferdselsdepartementet at Holm-Holmestrand-Nykirke vert utbygd etter alternativ 2 med Holmestrand stasjon i fjell med ei kostnadsramme på 5 720 mill. og ei styringsramme på 4 900 mill. og at prosjektet kan starta i 2010 i samsvar med Prop. 1 S (2009-2010).

Gitt følgjande sentrale føresetnader, kan usikkerheita i prosjektet handterast innafor kostnadsramma som blir føreslått:

  • Løysinga for Holmestrand stasjon må tilpassast grunnforholda i fjellet, det vil seia at stasjonshall i eit stort volum må erstattast av enklare løysingar om grunnforholda viser seg å ikkje vera tilfredsstillande.

  • Grunnundersøkingar før anleggsstart vil truleg gi avgrensa informasjon om usikkerheita, og det vil difor vera naudsynt å ha alternative planar og klare vedtaksprosessar knytt til dette, også etter juni 2010. Vedtaksprosessane knytt til prosjektet vil derfor bli tydeleggjorde, og det vil bli etablert klare beslutningskriterium og beslutningsplanar.

  • Det vil bli gjennomført særskilte organisasjons- og styringstiltak slik at føresetnadene ovanfor blir ivaretekne.

Prosjektet vil ikkje starta før KS2 er ferdig. Byggestart omfattar bygging av tunnelløp ved Holm som er uavhengig av val av stasjonsløysing i Holmestrand.

Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til saka i samband med budsjettframlegget for 2011.

4.2 Lokaltogtrafikken på Bratsbergbanen

I statsbudsjettet for 2010 er det vedteke ei løyving på 8,4 mill. kr som kompensasjon for bortfall av statleg kjøp av persontog. Av løyvinga er 6,0 mill. kr tildelt Telemark fylkeskommune som kompensasjon for at fylkeskommunen etter avtale mellom Samferdselsdepartementet og Telemark fylkeskommune overtok driftsansvaret for lokaltoget på Bratsbergbanen frå og med 2004, jf Prop. 1 S (2009-2010), side 127. Det går fram av proposisjonen at løyvinga gjeld for første halvår og at den statlege kompensasjonen i samsvar med føresetnadene, fell vekk etter første halvår 2010.

Det har vore stor uvisse om Telemark fylkeskommune ville oppretthalda togtilbodet etter at det mellombelse øyremerka tilskottet over Samferdselsdepartementet sitt budsjett ville falla vekk. Denne uvissa har skapt stor misnøye lokalt blant dei som brukar lokaltoget på Bratsbergbanen. For å få ei avklaring på denne uvissa har Samferdselsdepartementet og Telemark fylkeskommune no blitt samde om at fylkeskommunen tek ansvaret for å oppretthalda drifta av lokaltoget ut dette året. Frå og med 2011 legg Samferdselsdepartementet opp til å etablera ei prøveordning avgrensa til 4 år der staten v/Samferdselsdepartementet overtek driftsansvaret for lokaltoget på Bratsbergbanen. Det er semje om at Telemark fylkeskommune forpliktar seg til å leggja forholda til rette slik at talet på reisande med lokaltoget på Bratsbergbanen kan aukast til minst 100 000 per år i løpet av prøveperioden. Som ledd i dette arbeidet skal fylkeskommunen leggja fram ein plan med forslag til tiltak om korleis denne føresetnaden kan bli oppfyllt. Eksempel på slike tiltak er mellom anna at fylkeskommunen tilpassar rutetider på sine busstilbod til rutetidene til lokaltoget for å sikra god koordinering mellom transporttilboda. Det er semje om at det skal utarbeidast ei ny avtale mellom Samferdselsdepartementet og Telemark fylkeskommune som skal innehalda vilkår for prøveordninga. Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til saka i samband med budsjettframlegget for 2011.

4.3 Vålåsjø kryssingsspor

Vålåsjø kryssingsspor på Dovrebana er omtala i Prop. 1 S (2009-2010) under kapasitetsaukande tiltak utan kostnadsoverslag. Prosjektet inngår i godsstrategien om å leggja til rette for ei dobling av godskapasiteten på jernbanenettet innan 2020. Jernbaneverket har no fullført hovudplan for prosjektet. Hovudplanen har eit kostnadsoverslag (P50) på 100 mill. kr. I 2010 er det sett av 50 mill. kr til eventuell oppstart av prosjektet. Prosjektet er planlagt sluttført i 2012. I forslaget til vedtak om fullmakt til å pådra staten forpliktingar knytt til investeringsprosjektet, er det lagt til 20 pst. avsetting for uvisse på kostnadsoverslaget.

4.4 Bodø godsterminal

Prosjektet er ikkje omtala i Prop. 1 S (2009-2010). I 2010 forventar Jernbaneverket noko redusert framdrift på nokre kapasitetsaukande tiltak på grunn av mangel på signalteknisk kompetanse. Jernbaneverket vurderer difor oppstart på Bodø godsterminal i 2010, då prosjektet ikkje krev signaltekniske ressursar. Ombygging av Bodø godsterminal inngår i godsstrategien med sikte på å dobla godskapasiteten på jernbanenettet innan 2020. Ombygginga av godsterminalen omfattar:

  • Forlenga togspor 4 til å kunna ta i mot godstog på 600 m

  • Nytt hensettingsspor

  • Tilrettelegging for kontainer-truckar

  • Utviding av lastegata og mellomlagring

Ombygging av Bodø godsterminal har eit kostnadsoverslag (P50) på 110 mill. kr. I 2010 vil det kunna bli aktuelt å forsera oppstart av prosjektet med inntil 26 mill. kr, mot tidligare forventa oppstart i 2011. Prosjektet er planlagt sluttført i 2012/-13. I forslaget til vedtak om fullmakt til å pådra staten forpliktingar knytt til investeringsprosjektet, er det lagt til 20 pst. avsetting for uvisse på kostnadsoverslaget.

Til toppen
Til forsida av dokumentet