Tysvær kommune - reguleringsplan for Sandvik camping, område for marina (strandsone)

Avgjørelse i innsigelsessak, 8. november 2006

Tysvær kommune - motsegn til reguleringsplan for Sandvik camping, område for marina

Vi viser til fylkesmannens sitt brev av 20.04.06.

Grunna motsegn frå fylkesmannen er saka i samsvar med § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Departementet stadfestar ikkje Tysvær kommunestyre sitt vedtak av 14.02.06 om reguleringsplan for Sandvik camping, etablering av marina. Det er uheldig med ein bit for bit nedbygging av strandsona. Etablering av marinaer og andre inngrep i strandsona skal primært avklarast i kommuneplanen. Marinaen er lokalisert til eit nasjonalt viktig landskap og den vil føre til at ei strand vert uegna til bading. Departementet meinar difor at planendringa vil være i strid med nasjonal politikk for strandsona.

Bakgrunn for saka

Sandvik camping fekk stadfesta reguleringsplan i mai 2003. Etter forslag frå grunneigar har kommunen starta arbeidet med å endre planen for å få etablert ein marina, utleigehytter og badepalass lengst sør i planområdet. Etter offentleg ettersyn tok kommunen ut utleigehyttene for å redusere den negative påverkinga av landskapet. For å unngå konfliktar mellom båttrafikk og bading vart badeplassen teken ut av planen. Reguleringsendringa er ikkje i samsvar med gjeldande kommuneplan.

Kommunen meinar at ein marina i området vil ha positiv effekt på utviklinga i ein del av kommunen som treng nye arbeidsplassar. Vika med strand er i dag er privat og står fram som eit tilbod til brukarane av campingplassen. Etablering av ein marina vil gjere området meir tilgjengelig for allmenta, meinar kommunen.

Motsegn vart fremja av fylkesmannen i brev av 24.02.04. Det vises til at i reguleringsplanen som vart vedteken i 2003, vart arealbruken tilpassa den utviklinga som hadde skjedd med høve til campingvogner og tilhøyrande bygg og anlegg. Dette vart gjort trass i at anlegga var oppført ulovleg og i strid med gjeldande planar. I forhold til landskapsbiletet meiner fylkesmannen at konsekvensane er særleg uheldige i sør. Her vert campingplassen eksponert i eit nytt landskapsrom. Da vert det særs viktig å ta vare på strandsona med kringliggande landskap som er regulert til landbruks- og friluftsføremål i gjeldande plan. Fylkesmannen påpekar at reguleringsendringa er i strid med retningslinene i fylkesdelplan for kystsona. Det vert lagd vekt på at marinaen ligg i landskapsrommet rundt Borgøy som er nasjonalt verdfullt. Den særprega strandsona er framheva som eit av dei spesielt viktige elementa for landskapsverdien. Fylkesmannen meiner at etablering av ein marina totalt vil endre vika sin karakter og at vilkåra for allmenn friluftsaktivitet fell bort.

Fylkesmannen har i sitt oversendingsbrev til departementet vist til at sikring av strandsona mot utbygging har fått auka fokus etter at denne saka var på høyring, og at det er eit aukande press når det gjelde bygging av båthamner i heile fylket. Fylkesmannen framhever at det nyleg er gjort avklaringar om utbygging i strandsona i samband med rullering av kommuneplanen for Tysvær. Etter ei samla vurdering rår fylkesmannen til at motsegna blir teken til følgje.

Synfaring i området og møte med kommunen vart halde den 28.06.06 med representantar frå grunneigar, kommunen, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning gav i brev av 18.08.06 til Miljøverndepartementet uttale i saka. Direktoratet rår til at motsegna vert teken til følgje fordi ei regulering av vika slik at ho ikkje lenger kan nyttas som badeplass, er klart i konflikt med den nasjonale strandsonepolitikken. Direktoratet ser ikkje bort frå at det er mogleg å utvikle ei gjestehamn med sørvistilbod på den eksisterande brygga utan å kome i konflikt med bruken av vika til friluftsføremål. Det understrekast at dette vil krevje ein ny planprosess.

Miljøverndepartementet si vurdering

Det er eit viktig nasjonalt mål å hindre utbygging i 100-metersbeltet langs sjøen, blant anna for å sikre allmenn ferdsel og omsynet til landskap og natur. Det er naudsynt med ei offensiv og framtidsretta forvaltning av strandsona. Dette er blant anna uttrykt i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Eit breitt fleirtal i Stortinget støtta opp om politikken i meldinga. Nåverande regjering ynskjer ein skjerpa praksis når det gjeld bygging i 100-metersbeltet langs sjøen.

Konflikten i denne saka er knytt til marinaen sin verknad på landskapet og moglegheitene for å bruke ei strand til badeplass i framtida.

Miljøverndepartementet meiner at det er særleg viktig å ta vare på naturområde i nærleiken av større konsentrasjonar av folk. Departementet oppfattar kyststrøka i Nord-Rogaland som eit slikt pressområde.

Departementet viser til at landskapet ved Borgøy er karakterisert som særprega og av nasjonal verdi. Ein må difor unngå utbygging som på sikt reduserer kvalitetane i landskapet. Forslaget til reguleringsendring er dessutan i strid med retningslinene i fylkesdelplan for kystsona.

Dersom kommunen har behov for å få etablert marinaer, bør spørsmålet om lokalisering takast opp i samband med rullering av kommuneplanen sin arealdel.

Etter ei samla vurdering meinar Miljøverndepartementet at det ikkje er grunnlag for å stadfeste reguleringsendringa for etablering av marina ved Sandvik camping. Motsegna frå Fylkesmannen i Rogaland er etter dette teken til følgje.

Vedtak

I medhald av § 27-2 nr.2 i plan- og bygningslova stadfestar ikkje Miljøverndepartementet vedtak i Tysvær kommunestyre i møte 14. februar 2006 om reguleringsendring for ”Sandvik camping”, GBnr 134/1.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.

Med helsing
Helen Bjørnøy

Kopi:
Tysvær kommune
Rogaland fylkeskommune
Direktoratet for naturforvaltning