Auka returstøtte til afghanarar

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa styrkjer tilboda til dei som returnerer frivillig til Afghanistan. Regjeringa legg til grunn at afghanarar som får avslag på asylsøknaden i Noreg, kan returnere i tryggleik. Å kome tilbake til Afghanistan er likevel vanskeleg på grunn av få jobbar og mangel på bustad. (28.09.06)

Pressemelding

Nr.: 105
Dato: 28.09.06

Auka returstøtte til afghanarar

Regjeringa styrkjer tilboda til dei som returnerer frivillig til Afghanistan. Regjeringa legg til grunn at afghanarar som får avslag på asylsøknaden i Noreg, kan returnere i tryggleik. Å kome tilbake til Afghanistan er likevel vanskeleg på grunn av få jobbar og mangel på bustad.

Fleire afghanarar tar imot tilbodet om frivillig retur til Afghanistan.

- Eg var i Afghanistan i sommar, og merka meg dei store utfordringane landet og befolkninga har. Derfor aukar me kontantbeløpet til dei som returnerer frivillig frå 5 000 til 15 000 kroner, seier statssekretær Libe Rieber-Mohn.

I tillegg blir yrkesopplæringa og etablerarrettleiinga utvida. Dei som etablerer eiga verksemd, vil også få hjelp til å skaffe nødvendig utstyr. Regjeringa håpar desse tiltaka vil stimulere til auka frivillig retur.

- Samla sett håpar regjeringa at desse tiltaka fører til at fleire afghanarar ønskjer å reise heim frivillig. Håpet er også at dei som reiser heim lettare vil kome i inntektsgjevande verksemd, bli sjølvhjelpne og bidra til utviklinga av eige land, avsluttar Rieber-Mohn.