Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Barnekonvensjonen nynorsk

FNs konvensjon om barnerettane

- forkorta utgåve

1. ALDER 18 ÅR Alle under 18 år er barn, dersom ikkje ein tidlegare alder er lovfesta av staten.

2. INGEN DISKRIMINERING Rettane i konvensjonen gjeld for alle barn utan forskjellsbehandling og utan omsyn til barnet og foreldras rase, farge, kjønn, språk, religion, opphav, eigedom, funksjonshemming eller oppfatningar. Staten skal sørgje for at ingen vert diskriminert.

3. TIL BARNETS BESTE Handlingar som vedgår barn som vert sett i verk av styresmakter og organisasjonar, skal først og fremst ta omsyn til kva som gagnar barnet best. Staten skal sørgje for at dei institusjonar og tenester som har ansvaret for omsorga eller vernet av barn, har den standard som er fastsett, særskilt med omsyn til tryggleik, helse, talet på tilsette og deira kvalifikasjonar så vel som kompetent tilsyn.

4. STATENS ANSVAR Det er staten sitt ansvar å setje barnerettane ut i livet.

5. FORELDREANSVARET Staten skal respektere dei rettane og pliktene foreldra og andre føresette har for å gi barnet rettleiing og støtte slik at barnet skal kunne hevde rettane til konvensjonen.

6. RETT TIL LIV Staten pliktar så langt som mogleg å sørgje for at barn overlever og veks opp.

7. NAMN OG STATSBORGARSKAP Barnet har, rett etter fødselen, rett til namn og nasjonalitet, og så langt det er mogleg, å kjenne til foreldra sine og få omsorg frå dei.

8. IDENTITET Staten skal respektere retten til barnet om å halde på identiteten sin, medrekna nasjonalitet, namn og familieforhold. Dersom eit barn vert ulovleg fråteke slik identitet, skal staten hurtig hjelpe til med gjenoppretting.

9. HALDE FAMILIEN SAMLA Barnet skal ikkje skiljast frå foreldra sine mot eigen vilje, unnteke når dette er nødvendig av omsyn til kva som gagnar barnet best.

10. Å SAMEINE ATT FAMILIEN Søknader om å sameine att familiar over landegrenser skal handsamast på ein positiv, human og rask måte. Barnet har rett til regelmessig kontakt med begge foreldra.

11. ULOVLEG UTFØRING OG ATTENDEHALD Staten skal kjempe mot at barn vert tekne ulovleg ut av eit land eller hindra frå å vende attende, og skal inngå avtalar med andre land for å få til dette.

12. Å SEIE MEININGA SI Barnet har rett til å seie meininga si i alt som kjem det ved, og barnet sine meiningar skal det leggjast vekt på.

13. FÅ OG GI INFORMASJON Barnet har rett ytringsfridom, til å søkje, ta imot og spreie informasjon og idear av alle slag og på alle måtar.

14. TANKE-, SAMVITS- OG RELIGIONSFRIDOM Barnet har rett til tanke-, samvits- og religionsfridom. Staten skal respektere rettane og pliktene til foreldra til å opplyse barnet om rettane sine i slike spørsmål.

15. ORGANISASJONSFRIDOM Barnet har rett til organisasjonsfridom og rett til å vere med i samkommer.

16. RETT TIL PRIVATLIV Barnet skal ikkje verte utsett for vilkårleg eller ulovleg innblanding i privatlivet sitt, i familien, i heimen eller i korrespondansen sin. Det skal verte verna mot ulovlege åtak mot ære og omdøme.

17. MASSEMEDIA Staten skal sikre barn tilgang til informasjon frå eit mangfald av nasjonale og internasjonale kjelder. Staten skal oppmuntre massemedia og forleggjarar til å spreie informasjon som skapar forståing, kunnskap, sosiale dugleikar og velvære, til å lage eige barnestoff, også for barn som høyrer til ei minoritetsgruppe eller eit urfolk. Staten skal verne barna mot skadeleg informasjon.

18. FORELDREANSVARET Begge foreldra har eit hovudansvar for omsorga og utviklinga til barnet etter kva som er best for barnet. Staten skal gi støtte og sikre utvikling av institusjonar, tenester og tiltak for å gje barn omsorg, medrekna omsyn til utearbeidande foreldre.

19. VERN MOT MISBRUK Staten skal verne barnet mot fysisk eller psykisk mishandling, vanstell eller utnytting frå foreldre og andre omsorgspersonar.

20. BARN UTAN OMSORG FRÅ FAMILIEN Barn som er utan familiemiljø, har særleg rett på vern og omsorg, til dømes ved plassering i fosterheim, eller om det er naudsynt, ved høveleg institusjon eller ved adopsjon.

21. ADOPSJON Nasjonal og internasjonal adopsjon skal berre finne stad i samsvar med lova, og skal vere autorisert av styresmaktene. Adopsjon i utlandet skal ikkje resultere i urettvis økonomisk forteneste, og bør verte sett på som eit alternativ til omsorgstiltak i barnet sitt eigentlege opphavsland.

22. FLYKTNINGBARN Barn som søkjer flyktningstatus eller som vert sett på som flyktningar, skal få nødvendig vern og humanitær hjelp. Staten skal i samarbeid med internasjonale organ hjelpe eit barn som er åleine til å verte sameina att med foreldra sine.

23. FUNKSJONSHEMMA BARN Psykisk og funksjonshemma barn har rett til å leve eit fullverdig og anstendig liv under tilhøve som sikrar barnet sin vørdnad, fremjar sjølvtillit, og lettar aktiv deltaking i samfunnet. Eit funksjonshemma barn har rett til særleg omsorg. Barnet skal få undervisning, opplæring, helsetenester, rehabiliteringstenester, førebuing til arbeidslivet og høve til rekreasjon for å oppnå best mogleg integrering og individuell utvikling. Staten skal samarbeide med andre land om dette, og ta særlege omsyn til utviklingslanda sine behov.

24. HELSE Barnet har rett til å få den best moglege medisinske behandling og hjelp til å kome seg etter sjukdom. Staten skal arbeide for å redusere spebarnsdød og barnedød, sikre at alle barn får nødvendig legehjelp, gi god helseomsorg til mødrer etter fødselen, kjempe mot sjukdom og gi orientering og utdanning om helse og riktig ernæring. Staten skal også arbeide for å avskaffe helsefarlege tradisjonar, samarbeide med andre land og særleg ta omsyn til utviklingslanda sine behov.

25. BARN UNDER OFFENTLEG OMSORG Barn plassert i omsorgstiltak utanfor familiemiljøet har krav på regelmessig vurdering av behandlinga og opphaldet der.

26. SOSIALTENESTER Staten skal sikre at barnet får den sosiale hjelpa og den økonomiske stønaden det har krav på etter lovene i landet.

27. LEVESTANDARD Barnet har rett til ein levestandard som er tilstrekkeleg på alle område. Foreldra, eller andre som har ansvaret for barnet, har det grunnleggjande ansvaret for å sikre dei livsvilkåra som er nødvendige for utviklinga til barnet. Staten pliktar å gje stønad til dei føresette.

28. UTDANNING Barnet har rett til utdanning. Staten skal gjere grunnskuleutdanninga gratis og obligatorisk, og gjere ulike former for vidaregåande utdanning tilgjengeleg for alle barn, og setje i verk tiltak for å redusere talet på dei som ikkje fullfører skulegangen. Disiplin i skulen skal verte utøvd på ein måte som kan sameinast med menneskeverdet til barnet. Staten skal også fremje internasjonalt samarbeid om utdanning, og særleg ta omsyn til utviklingslanda sine behov.

29. MÅLET MED UTDANNING Utdanninga skal fremje utvikling av personlegdommen til barnet, og teoretiske og praktiske dugleikar. Den skal skape respekt for menneskerettane og fremje haldningar om fred, toleranse og vennskap mellom folk. Utdanninga skal skape respekt for naturen og for barnet sin eigen og andre sin kultur.

30. MINORITETAR OG URFOLK Barn som høyrer til ein minoritet eller urfolk, har rett til saman med andre i gruppa si, å nyte godt av kulturen sin, utøve religionen og bruke sitt eige språk.

31. LEIK OG FRITID Barnet har rett til kvile, fritid og leik og til å ta del i kunst og kulturliv.

32. BARNEARBEID Barnet har rett til å verte verna mot økonomisk utnytting i arbeid og mot å utføre arbeid som kan svekkje høve til utdanning eller utvikling.

33. NARKOTIKA Barnet har rett til å verte verna mot ulovleg bruk, omsetjing og produksjon av narkotiske stoff.

34. SEKSUELL UTNYTTING Barnet har rett til vern mot alle former for seksuell utnytting og misbruk. For å verne barn mot slik utnytting skal staten setje i verk alle nødvendige tiltak, nasjonalt og internasjonalt.

35. BORTFØRING, PROSTITUSJON OG SAL Staten har plikt til å gjennomføre nasjonale og internasjonale tiltak for å hindre kidnapping, bortføring eller sal av barn til eit kvart føremål og i ei kvar form.

36. ANNA UTNYTTING Staten har plikt til å verne barnet mot alle former for utnytting som er skadeleg for barnet si velferd.

37. FENGSEL, DØDSSTRAFF OG TORTUR Barn skal ikkje verte utsett for tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Dødsstraff eller fengsel på livstid utan høve til lauslating er ikkje tillete dersom brotsverket vart utførd før fylte 18 år. Barn som er i fengsel, skal haldast skild frå vaksne, om ikkje det motsette vert sett på som å vere best for barnet. Fengsling skal berre nyttast som ein siste utveg og for eit kortast mogleg tidsrom. Pågriping og fengsling skal skje på lovleg måte, og barnet har rett til juridisk og annan aktuell hjelp og til å få ei rask og uavhengig overprøving av saka si.

38. BARN I KRIG Staten skal setje i verk tiltak for å hindre at barn som ikkje er fylt 15 år, tek direkte del i krigføring.

39. REHABILITERING OG REINTEGRERING Staten pliktar til å sette i verk alle meiningsfulle tiltak for å sikre rehabilitering og samfunnsmessig attendeføring av barn som er offer for misbruk, utnytting, vanstell, tortur, væpna konfliktar eller anna umenneskeleg eller vanærande behandling eller straff.

40. BEHANDLING I SAKER OM STRAFF Barn som er skulda eller dømd for straffbare handlingar, har rett til ei behandling som sikrar vørdnad og fremjar barnet sin respekt for menneskerettane. Målet er at barnet finn ein konstruktiv plass i samfunnet. Staten skal fastsetje ein kriminell lågalder. Det skal vere høve til å få overprøva ein straffedom av ein høgare styresmakt eller domstol. Barnet skal få gratis bistand av tolk dersom barnet ikkje snakkar det språket som vert nytta.

41. NÅR ANDRE LOVER ER BETRE Dersom andre nasjonale eller internasjonale lover som staten har vedteke, sikrar barnet betre enn med denne konvensjonen, gjeld desse lovene, og ikkje konvensjonen.

42. KJENNSKAP TIL KONVENSJONEN SKAL SPREIAST Staten har plikt til å gjere innhaldet i konvensjonen kjend for barn og vaksne.