Bremanger kommune - motsegn mot kommunedelplan for kystsonen 2000-2004

Avgjørelse i innsigelsessak 17.01.02

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Deres ref

Vår ref

Dato

2001/2252- P/PSE

Bremanger kommune - motsegn mot kommunedelplan for kystsonen 2000-2004

Vi viser til brev frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane datert 12. juli 2001.

Saka er i samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 20-5 femte ledd sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd fordi Fiskerisjefen i Sogn og Fjordane har motsegn mot at det er vedtatt forbod mot taretråling i Bremangerpollen. Kommunen har lagt ut sjøarealet i Bremangerpollen til fiskeområde for å verne om eit gyteområde.

Fordi det berre er bindande arealbruk eller føresegner det kan rettast motsegn mot, er det ikkje naudsynt å ta stilling til motsegna frå Fiskerisjefen. Departementet si avgjerd inneber elles inga avgjerd i spørsmålet om ressursutnyttinga i Bremangerpollen. Ein meiner at plan- og bygningsloven, slik ein her nyttar den, ikkje heimlar ei slik avgjerd. Dersom kommunen ønskjer å nytte plan- og bygningsloven til å verne eit område mot taretråling, må det gjerast i reguleringsplan.

Bakgrunn for saka:

Planforslaget viser kystsonen i Bremanger. Konflikten i saka gjeld eit sjøområde i Bremangerpollen som kommunen har planlagt til fiskeformål, men med forbod mot taretråling. Kommunen har i tillegg vedtatt at området skal skjermast som gyte- og oppvekstområde. I tillegg til dei materielle forholda i saka er det reist spørsmål om kommunen si praktisering av plan- og bygningsloven. Motsetningane mellom lokale fiskarar og taretrålarar i området er sterke. Fiskerisjefen i Sogn og Fjordane har reist motsegn mot kommunen si planlegging. Kommunedelplanen ble vedtatt i kommunestyret 14. desember 1999.

Fiskerisjefen i Sogn og Fjordane har i brev av 30. september 1996 og 18. november 1999 reist motsegn mot kommunedelplanen for kystsonen. Fiskerisjefen viser m.a. til at det er staten sitt ansvar å sikre forsvarleg og langsiktig utnytting av tang- og tareressursane som del av ei heilskapleg forvaltning av kysten sine ressursar og naturmiljø. Han grunngjev motsegna med at det ikkje er heimel i plan- og bygningsloven til å prioritere gytefelt framfor hausting av tare. Fiskerisjefen meiner dessutan at det ikkje er fagleg dokumentert at taretråling er i konflikt med gyte- eller fiskeområde på ein slik måte at den eine verksemda utelukkar den andre.

Bremanger kommune handsama og vedtok i møte 14. desember 1999 kommunedelplanen for kystsonen 2000-2004. Motsegna mot forbodet mot taretråling i fiske-/gyteområder i Bremangerpollen blei ikkje tatt til følgje og saka ble vedtatt oversendt fylkesmannen for mekling. Kommunen si grunngjeving for å halde fast ved vedtaket i saka er at Bremangerpollen er eit viktig fiske- og gyteområde og fordi ein fryktar for verknadene av taretråling, m.a. i forhold til erosjon og økosystemet. Kommunen meiner ein bør avvente resultata frå pågåande forskings- og utgreiingsarbeid om konsekvensane av taretråling før ein eventuelt planlegger for slik aktivitet.

Fylkesmannen har i sitt brev til departementet av 12. juli 2001 tilrådd at departementet godkjenner kommmundelplanen for kystsonen i Bremanger 2000-2004. Fylkesmannen viser til at konflikten mellom lokale fiskarar og taretrålarar har vore sterk i regionen sidan 1980-talet, og at dei involverte partane er samde om å satse på forsking for å ha best mogleg kunnskapsgrunnlag for ei langsiktig forvaltning av ressursane. Forskinga pågår i regi av "Tareprosjektet i Sogn og Fjordane". Fylkesmannen meiner at kommunen sitt forbod mot taretråling i Bremangerpollen er ei oppfølging av dette og såleis er ei "føre-var" haldning til hausting av tare. Han er samstundes i tvil om hausting av tare kan styrast gjennom arealdelen til kommuneplanen. Meklingsmøte fant stad 23. april 2000 uten at det vart oppnådd semje i saka.

Direktoratet for naturforvaltning(DN) har i brev av 7. september 2001 til Miljøverndepartementet tilrådd at motsegna frå Fiskerisjefen i Sogn og Fjordane ikkje blir tatt til følgje fordi det ikkje er høve til å reise motsegn mot retningsliner til ein plan. DN peiker på at motsegna frå Fiskerisjefen ikkje er reist mot bindande planføresegner eller bindande arealbruk.

Fiskeridepartementet har i brev av 20. september 2001 til Miljøverndepartementet peka på at det berre er gitt retningsliner og ikkje føresegner til planen, samt at forbodet mot taretråling berre kjem fram i planen sin tekstdel. Fiskeridepartementet legg tross det til grunn at det har vært meininga til kommunen å gi ei føresegn som forbyr taretråling og ber difor om at Fiskerisjefen si motsegn blir tatt til følgje. Dei legg vekt på at tillating til hausting av tang og tare ikkje er eit spørsmål som kan styrast etter plan- og bygningsloven, men av ein eigen forskrift om forvaltning og uttak av tang og tare gitt i 1995 med heimel i kontinentalsokkelloven og saltvannsfiskeloven.

Fiskeridepartementet legg til grunn at Fiskeridirektoratet i samråd med Direktoratet for naturforvaltning og fylkesgruppa for tareforskning ser til at både miljø og tradisjonelle fiskeriinteresser inngår i ei heilskapleg vurdering, dersom det kjem ein søknad om taretråling.

Miljøverndepartementet har følgjande merknader:

Bortsett frå konfliktområdet i Bremangerpollen er kommunedelplanen for kystsonen i Bremanger godkjend av kommunen ved kommunestyrevedtak av 14. desember 1999.

Det denne saka gjeld er om kommunen med heimel i plan- og bygningsloven kan gje føresegner med rettsleg verknad slik at det i eit sjøområde vert forbod mot taretråling. Samstundes er det og eit spørsmål om det er høve til å fremme motsegn mot noko som berre er retningsliner og ikkje bindande føresegner til planen.

Det område saka gjeld, Bremangerpollen, er på plankartet avmerkt som FI – fiskeområde (pbl § 20-4 nr. 5). Forbodet mot hausting av tare i dette området kjem fram i tekstdelen til planen pkt 4.4 der det heiter: ” Planen syner imidlertid kor det ikkje skal foregå taretråling av omsyn til eventuell konflikt med prioriterte gyteområde, oppdrett, sjøfuglreservat og i høve til eventuell erosjon på lausmassar på land.” Bremangerpollen blir deretter rekna opp som slikt fiske-/gyteområde der det ikkje skal drivast taretråling.

Bremangerpollen er altså lagt ut som område for fiskeformål med heimel i pbl § 20-4 første ledd nr 5. Etter loven er det ikkje høve til å gje bindande føresegner for bruken av område som er lagd ut etter pbl § 20-4 første ledd nr 5. Når kommunen likevel i tekstdelen til planen uttalar at det ikkje skal skje hausting av tare i Bremangerpollen, må dette sjåast på som ei retningsline til planen og ikkje noko bindande føresegn.

Spørsmålet om kva det kan reisast motsegn mot er handsama i rundskriv T-4/95 frå Miljøvern­departementet. Der står det mellom anna følgjande i pkt 2.3.2: ” Konkret kan motsegna rette seg mot utlagt arealbruk etter § 20-4, 1-6 eller § 25, og mot planføresegner etter § 20-4, a-h, eller § 26, for høvesvis arealdelen i kommuneplanen og reguleringsplanen.” Det som Fiskerisjefen i dette høvet har reist motsegn mot, er ikkje planføresegner etter pbl § 20-4 andre ledd bokstav a – h, eller arealbruk etter § 20-4 første ledd. Etter Miljøverndepartementet si oppfatning kan det heller ikkje seiast å ligge føre motsegn mot utlagt arealbruk så lenge hausting av tare i Bremangerpollen ikkje kan seiast å vera eit tiltak som er til vesentleg ulempe for gjennomføring av planen (i dette høvet tradisjonelt fiske), jf pbl § 20-6. Sjå også side 44 i felles rundskriv T-4/96 frå Miljøverndepartement og Fiskeridepartementet.

Når det gjeld spørsmålet om kommunen med heimel i plan- og bygningsloven kan legga ut eit område med forbod mot hausting av tare, har det før vore handsama av Miljøverndepartementet i samband med motsegn mot kommuneplanen for Giske kommune for 1997-2009. Då konkluderte departementet med at det ikkje var heimel til å leggja ut områder med sikte på å forby hausting av tare i kommuneplanen sin arealdel. Det vart sagt at dersom ein ønskte å verne eit område mot hausting av tang og tare, må det gjerast i reguleringsplan.

I forskrift av 13. juli 1995 framgår at ansvaret for forvaltning av tang- og tareressursar ligg til Fiskeridepartementet med Fiskeridirektoratet som utøvande organ. Staten har ved forskrifta og rundskriv T-4/96 lagt opp til at større område skal sjåast i samanheng. Vidare skal det leggjast opp til at planlegginga skal skje ut frå ein heilskapleg forvaltning der næringa får tilgang til råstoff, samtidig som ein tar omsyn til miljøet og tradisjonelle fiskeriinteresser.

Kommuneplanen sin arealdel er altså, slik loven i dag er utforma, ikkje egna til å avgjere spørsmålet om taretråling. Departementet tar difor ikkje stilling til interessekonflikten i Bremangerpollen i denne saka. Med bakgrunn i det som er uttalt ovanfor, finn derimot departementet å kunne godkjenne kommunestyret sitt vedtak om arealbruk (FI) slik det er vist på plankartet.

Vedtak:

I medhald av § 20-5 femte ledd i plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 godkjenner Miljøverndepartementet Bremanger kommunestyre sitt vedtak i møte den 14. desember 1999 om kommunedelplan for kystsonen 2000-2004 gjeldande området i Bremangerpollen disponert til fiskeområde (FI).

Departementet presiserer at kommunen ikkje har lovheimel til å ytterlegare spesifisere arealbruken i sjø verken ved å nytte underformål til plan- og bygningsloven § 20-4 nr. 5, eller ved å nytte utfyllande føresegner.

Departementet si avgjerd inneber ingen avklaring i spørsmål om utnyttinga av ressursane i Bremangerpollen, då ein meiner at plan- og bygningsloven, slik den her er nytta, ikkje heimlar ei slik avgjerd.

Det godkjende plankartet følgjer vedlagt med påteikning om godkjenninga.

Departementet finn etter det opplyste at kommunedelplanen er handsama i samsvar med føresegnene i plan- og bygningsloven, og at sakshandsaminga elles ikkje gjer grunn for merknader.

Om kunngjøring av endeleg arealdel til kommuneplan viser vi til føresegnene i plan- og bygningsloven § 20-5 åttande ledd.

Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet. Saksdokumenta følgjer vedlagt i retur.

Med helsing

Børge Brende

Vedlegg: Saksdokumenta

Det godkjende plankartet med påteikning om godkjenninga

Kopi: Bremanger kommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fiskeridirektoratet, Region Sogn og Fjordane
Direktoratet for naturforvaltning

Fiskeridepartementet