Høringssvar fra Hareid kommune

Dato: 31.05.2022

Høyringsuttale frå Politirådet for Ulstein kommune og Hareid kommune.
- Høyringsuttalen vert orienteringssak i kommunale råd og utval.


Hvilke utfordringer mener dere kommunen vil stå ovenfor innenfor områdene forebygging, beredskap og sivile tjenester de neste årene?


- Rekruttering og stabilisering av nøkkelpersonell
- Kompetanse (førebygging - beredskap)
- Kapasitet
- Vidareutvikle, etablere formålstenelege arenaer for tverrfaglige/-sektorell samhandling.

Er kommunen tilfreds med politiets bemanningsutvikling, tjenestestedstruktur og tjenestetilbud? Hvis ikke, hva er årsakene?

Positiv utvikling. Politiet er meir synleg, dei har meir fokus på førebygging og oppsøkjande arbeid noko som er særs viktig for lokalsamfunnet. Det er ikkje ønskeleg å dele opp eininga, snarare ei større eining for å sikre kapasitet, kunnskap og rekruttering/stabilt personell.

Både kommunen og politiet har ansvar for å sikre innbyggerne trygghet og gode tjenester. Hvordan kan polititjenestene og samarbeidet mellom kommunen, politi og evt. andre lokale aktører som nabokommuner og fylket videreutvikles for å sikre dette? Hvilke ressurser ser kommunen for seg at de kan avsette til videreutvikling av samarbeidet om å sikre innbyggernes trygghet?
Tett samarbeid på tvers av kommunegrensa er viktig. Korte avstandar (geografi) er formålstenleg, det gjer politiet meir synleg i lokalsamfunnet. Etablering av Politiråd og SLT-ordninga som arbeider på
tvers av kommunegrensa, er døme på tiltak som er særs viktig for førebyggjande arbeid innan rus, kriminalitet og radikalisering. SLT ordninga må styrkjast, også den førebyggjande innsatsen frå politiet. Dialog med dei unge og auka tverrfagleg kompetanse er viktig for vidareutvikling av eit trygt lokalsamfunn.
Kommunane har stram økonomi, det er ei utfordring å finne/vri ressursane inn imot det førebyggjande arbeidet. Prosjekt og konkrete tiltak der politi, kommunane og andre aktørar deltek er viktig for innbyggjarane sin tryggleik. Skal ein lykkast vidare i arbeidet må ressurstilgangen aukast.

Hva er ønsket utvikling når det gjelder tilgjengeligheten til politiets tjenester?
Via et tjenestested i politiet
Via fysisk tilstedeværelse annet sted enn på et på tjenestested?
Via fysisk oppmøte
Via telefon
Via internett

Politiet sin primærstrategi «om forebygging og skarp når det trengs» er viktig for vår tryggleik. Det er eit klart ynskje å vidareutvikle tiltak som oppsøkjande team/patrulje, SLT-arbeid og digitale tenester. Det at politiet er synleg i nærmiljøet; kjem innom arrangement, er der innbyggjarane møtast, samt vidareutviklar sine digitale tenester er viktige tiltak og gir tryggleik.

Ønsker kommunen et nytt tjenestesteder i politiet? Hvis ja, kan kommunen tilby lokaler, f.eks. samlokalisering med andre

Politireforma gir gevinst. Vår geografi (kort avstand), fokus på førebygging og utvikling av digitale tenester underbygger dette.

Det vert no jobba for ei samlokalisering av kontoret i Fosnavåg og Ulsteinvik. Det føreligg ein samstemt tilslutning på dette i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande kommune.

Ei samlokalisering vil som nemnt under punkt 2) gi større fleksibilitet, reduserer sårbarhet, større og meir robuste fagmiljø, lettare å rekkrutere og ikkje minst behalde personell.