Høringssvar fra Høyanger kommune

Dato: 30.05.2022

Bakgrunn:

Kommunane er av Justis- og beredskapsministeren, invitert til å gje ei vurdering av tenestene som politiet leverer og komme med innspel til korleis politiet kan levere betre tenester til lokalsamfunnet.

Frist for innspel til Justis- og beredskapsdepartementet er 1. juni 2022. Innspel frå kommunane skal handsamast i departementet.

Det er utarbeidd fem spørsmål som ministeren ber kommunen om å svare ut:

1. Hvilke utfordringer mener dere kommunen vil stå overfor innenfor områdene forebygging, beredskap og sivile tjenester de neste årene?

2. Er kommunen tilfreds med politiets bemanningsutvikling, tjenestestedstruktur og tjenestetilbud? Hvis ikke, hva er årsakene?

3. Både kommunen og politiet har ansvar for å sikre innbyggernes trygghet og gode tjenester.Hvordan kan polititjenestene og samarbeidet mellom kommunen, politiet og ev. andre lokale aktører som nabokommuner og fylket videreutvikles for å sikre dette? Hvilke ressurser ser kommunen for seg at de kan avsette til videreutvikling av samarbeidet om å sikre innbyggernes trygghet?

4. Hva er ønsket utvikling når det gjelder tilgjengeligheten til politiets tjenester?

· Via et tjenestested i politiet?

· Via fysisk tilstedeværelse annet sted enn på et tjenestested?

· Via fysisk oppmøte?

· Via telefon?

· Via internett?

5. Ønsker kommunen et nytt tjenestested i politiet? Hvis ja, kan kommunen tilby lokaler, foreksempel samlokalisering med andre kommunale tjenester?

Uttale frå Høyanger kommune om bedre polititjenester og beredskap:

1. Hvilke utfordringer mener dere kommunen vil stå overfor innenfor områdene forebygging, beredskap og sivile tjenester de neste årene?

Svar:

Høyanger kommune er ein industrikommune og har Schengen-kai (ISPS) som er knytt til Hjørnesteinsbedrifta Hydro Aluminium, lokalisert i tettstaden Høyanger. Knytt til prosessanlegget som produserer aluminium, er det store dammanlegg og kraftstasjonar med tilhøyrande linjenett. Straumforsyning til og frå anlegga er ein livsnerve i dette samfunnet, og kan vere utsette objekt i enkelte samanhengar. Det er fleire kraftstasjonar lokalisert i kommunen.

Det er fleire lange tunnelar i kommunen, mellom anna på E39. Med stort trafikkgrunnlag på E39 og transport av farleg gods, utgjer denne ferdselsåra gjennom kommunen vår ei særskild beredskapsutfordring.

Ferjesambandet Lavik – Oppedal på E 39 vert i dag trafikkert av ei El- ferje. Planen er at det skal komme fleire. Ein brann i ei El – ferje vil kunne medføre giftige gassar med påfølgande trong for rask og målretta evakuering.

Høyanger kommune er generelt sårbar ved hendingar på veg og tunnelar. Bygdene våre er har tunnelar knytt til alle grendelag. Det har ved fleire høve vore tilfelle der Høyanger tettstad har vorte isolert grunna stengde tunnelar i begge endar av bygda. På same måte har bygder på Høyanger sørside vorte avstengde grunna ras og flaum. Fleire av tunnelane har korkje naudnett, lys eller telefonsamband.

I kommunen på Fv 55 finn vi ein av dei lengste tunellane i landet, Høyangertunellen på 7,5 kilometer. Denne tunellen åleine utgjer eit eige beredskapspunkt.

Misbruk av narkotika er ikkje berre eit storbyproblem. Politiet driv i dag mindre med individbasert oppfølging av personar med rusproblematikk. Politiet sitt nærver i lokalsamfunnet er viktig i det førebyggande arbeidet mot bruk av narkotika.

Cruisetrafikk og anna skipstrafikk er ei stor næring langs Sognefjorden. Ulykker på eller med eit slike skip vil kunne bli krevjande.

2. Er kommunen tilfreds med politiets bemanningsutvikling, tjenestestedstruktur og tjenestetilbud? Hvis ikke, hva er årsakene?

Svar:

Høyanger er ikkje nøgd med at den siste merkantile stillingen ved Høyanger Politistasjon ikkje vert erstatta. Reduksjon i stillingar har ført til reduserte opningstider på Politistasjonen, noko som går utover tenestene til publikum. Dette er også sårt tiltrengte arbeidsplassar i Høyanger kommune.

Høyanger er nøgd med at politisasjonen vert oppretthalen. Merkantilt arbeid og tilrettelegging i politiarbeidet må ikkje undervurderast. Høyanger politistasjon dekker Høyanger kommune og Balestrand i Sogn. Balestrand Lensmannskontor vart lagt ned i 2018 ism nærpolitireforma. Dette førte til at politiet i Høyanger fekk eit større arbeidsområde og fleire arbeidsoppgåver, men dei fekk ikkje ein naturleg auke i tal tilsette. Høyanger kommune er ikkje nøgd med at talet tilsette ikkje er justert i høve auka arbeidsoppgåver og storleiken på deira beredskaps-område.

3. Både kommunen og politiet har ansvar for å sikre innbyggernes trygghet og gode tjenester.Hvordan kan polititjenestene og samarbeidet mellom kommunen, politiet og ev. andre lokale aktører som nabokommuner og fylket videreutvikles for å sikre dette? Hvilke ressurser ser kommunen for seg at de kan avsette til videreutvikling av samarbeidet om å sikre innbyggernes trygghet?

Svar:

Det vert jamnleg halde møter i lokalt politiråd og SLT i Høyanger. Dette fungerer godt fordi vi har lokalt politi. Friviljuge lag og organisasjonar som mellom andre Raude Kross, Saniteten, Båtforeningar bidreg godt i dette samarbeidet. Sivilforsvaret og Heimevernet er òg særs viktige aktørar, i lag med lokale entrepenørar.

Kommunen nyttar sine ressursar på øvingar og arbeider kontinuerleg med å ha oppdaterte og gode beredskapsrutiner.

4. Hva er ønsket utvikling når det gjelder tilgjengeligheten til politiets tjenester?

Rett dimensjonert bemanning og fysisk nærver.

Høyanger politistasjon har pr dags dato seks tenestepersonar som er stadsplassert på Høyanger politistasjon. Alle seks er operative. Politistasjonen har vakt og beredskap for Høyanger og Balestrand, som er ein del av Sogndal kommune. Frå ytterkantane i tenesteområdet er det ei utrykningstid på inntil tre timar (Balestrand til Høyanger Sørside). Tidlegare var det 11 politistillingar som var heimla i Høyanger og Balestrand. No er det 6 heimlar. Dette er ein nedgang på fem stillingar på 10 år. I politireforma vart det lova ei styrking i talet stillingar på dei gjenverande lensmannskontora.

Innbyggartalet i Høyanger kommune er på om lag 4000, og i Balestrand er talet om lag 1200. Regjeringa Solberg la opp til to politistillingar pr 1000 innbygggar. Slik sett er Høyanger politistasjon i dag underbemanna med fire politistillingar.

Dagens bemanning på Høyanger politistasjon er slik at ein dekker politiarbeid på dagtid, men ein dekkjer ikkje kveldsvakter på alle kvardagar. Kveldsvakter må då dekkast av Førde Politistasjon, med dertil auke i responstid. I media har det kome fram at innbyggarar klagar på responstida til politiet. Responstida frå Førde til Høyanger tettstad er ein time. Det nasjonale kravet til responstid knytt mot alvorlege hendingar er at 80 % av hendingane skal bli respondert på innan 30 minutt. Dette gjeld der det bur mindre enn 2000 innbyggarar.

5. Ønsker kommunen et nytt tjenestested i politiet? Hvis ja, kan kommunen tilby lokaler, foreksempel samlokalisering med andre kommunale tjenester?

Svar:

Dagens lokalisering er god.