Forventningsbrev til fylkesmenne 2006

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Fylkesmennene

Dykkar ref

Vår ref

Dato

04/4047-17 TEF

20.04.2005

Forventningsbrev til fylkesmannsembetene 2006

Vedlagt følgjer ei oversikt over nye eller endra statlege styringssignal retta mot kommunesektoren. Oversikta byggjer på vedtak gjort i 2004.

Oversikta er meint som ei hjelp i det generelle samordningsarbeidet i fylkesmannsembeta, uavhengig om ho vert nytta eller ikkje.

Vi viser i samband med dette til rettleiar for forventningsbrevmetoden, og tidlegare oversikter over statlege styringssignal som er sendt frå Kommunal- og regionaldepartementet. I tillegg til dei sakene som er nemnde i den vedlagt oversikta, gjer vi merksam på at departementa sine budsjettproposisjonar, St.prp. nr. 1 (2004 – 2005), er sentrale styringsdokument.

Vi vil som tidlegare år understreke at bruk av forventningsbrev ikkje er den einaste måten å gjera samordninga mellom staten og kommunesektoren betre. Embeta står fritt til om dei vil nytte forventningsbrevmetoden, eller om dei vil velje andre verkemidlar for samordning av statlege styringssignal til kommunesektoren.

Vi ventar at oversikta vert delt ut til relevante statlege forvaltingsorgan regionalt. Den kan også sendast til KS-kretsen i fylket. Oversikta vert lagt ut på KRD si temaside om kommunar.

Det er gitt opp peikarar til internett for dei fleste av styringsdokumenta som er nemnde i forventningsbrevet.

Meir informasjon som er viktig for kommunane sitt plan- og budsjettarbeid for 2006 kjem i kommuneproposisjonen for 2006.

Med helsing

Kristin Morken
konst. avd.dir

Terje Falch
førstekonsulent

Vedlegg

Kopi til:

KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon)
Departementene

Likelydande brev sendt til:

Fylkesmannen i Aust-Agder

Fylkesmannen i Buskerud

Fylkesmannen i Finnmark

Fylkesmannen i Hedmark

Fylkesmannen i Hordaland

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Nordland

Fylkesmannen i Nord-Trøndelag

Fylkesmannen i Oppland

Fylkesmannen i Oslo og Akershus

Fylkesmannen i Rogaland

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag

Fylkesmannen i Telemark

Fylkesmannen i Troms

Fylkesmannen i Vest-Agder

Fylkesmannen i Vestfold

Fylkesmannen i Østfold