Høringssvar fra Eidfjord kommune

Dato: 03.07.2023

Hardanger er av dei største og best kjente merkevarene innan reiseliv internasjonalt. Reiseliv er no og definert som ei viktig eksportnæring i Noreg. Den bidreg i betydeleg grad til desentralisert busetnad og næringsutvikling.

Me er positive til utkast til NTP om at Riksveg 7 skal sikrast strekningsvise utbetringar. Me opplever sterk trafikkvekst etter at Hardangerbrua vart etablert. Vegen er av korridorane aust-vest som har størst vekst. Vedlikehald av traseen må følgja med slik at vegen ikkje vert forringa.

Riksveg 7 skal vera ein prioritert veg for privatreiser og turisme, Riksveg 13 er ein indre stamveg på Vestlandet med mange av dei store reisemål, og reisemålsopplevingar på vestlandet. Ein av dei store utfordringane for reiselivet i Hardanger er å gjera seg meir synleg og attraktiv i vintersesongen. Då er det avgjerande at vegane inn i regionen ikkje får ein avvisande effekt med tanke på vinterregularitet.

Hardangervidda og Hardanger har og tek stort ansvar for ta vare på naturmangfald, og spesielt villrein. Det er krevjande å balansera dette omsynet og store infrastrukturtiltak. I Eidfjord kommune ser me potensiale å byggja på eksisterande transportkorridorar og naturrestaurerande tiltak i desse korridorane. Internasjonale forpliktingar mellom anna på villrein og naturrestaurering gjer at dette må vektast opp og i prioritering av samferdselsprosjekt.

Eidfjord kommune vil visa til arbeidet frå Hardangerviddarådet og deira syn/innspel for å betra levevilkåra for villrein. Her vert det peika på at riksveg 7 er den einaste hovudvegen aust-vest som i dag ikkje har kryssingspunkt der villreinen kan bevega seg fritt på tvers av korridoren.

Miljøtunnelar vil få på Hardangervidda fleire særs viktige positive verknadar for villrein, miljø og heilårsarbeidsplassar i reiselivet. Tunnelane vil få effekt på vinterreguleratiet og sikra dei historisk viktigaste trekkrutene for villrein slik at dei kan utnytta heile leveområdet sitt. Me vil oppmoda departementet å sjå på korleis natur restaurering og forpliktingane våre for villrein kan få eigne finansieringskjelder slik at det ikkje må konkurrera med andre prosjekt som vert vurdert ut frå etablerte samfunnsnyttemodellar.

Turismen som stor eksportnæring og ein av dei største arbeidsgjevarane i regionen må ha riksveg 13 i ein slik stand at me kan utvikla og halde på turistane i Hardanger, og ikkje senda dei ut av regionen på grunn av dårleg regularitet. Eidfjord kommune ber difor Nye vegar å prioritera Kyrkjenes-Bjotveit. Det er der det hastar mest i høve trafikkflyt. Situasjonen ved strekningen Kyrkjenes-Bjotveit er pr. i dag uhaldbar i sommarhalvåret.