Høringssvar fra Aurland Kommune

Dato: 20.06.2023

Høyringsuttale vedteke i kommunestyret i Aurland kommune 15.06.2023.

KS-025/23 vedtak:
Kommunestyret i Aurland kommune godkjenner fylgjande høyringsuttale til NOU 2023- Leve og oppleve- Reisemål for en bærekraftig fremtid:

Aurland kommune stiller seg positive til store delar av innhaldet i NOU 2023:10 -Leve og oppleve. I rapporten framhevar utvalet at reiselivet må utviklast på ein måte som skapar attraktive lokalsamfunn for både lokalbefolkninga og dei besøkande. Det vert føreslege 39 tiltak som kan bidra til ein berekraftig reisemålsutvikling.

Anbefalinga omhandlar fylgjande problemstillingar:

1. Besøksforvaltning knytt til natur og kulturressursar

2. Reisemålsleiing og samarbeid på reisemål

3. Finansiering og forvaltning av fellesgode

4. Tilgjengelegheit og transport

5. Regulering av cruisetrafikk

6. Klimarisiko

Dette er òg problemstillingar som kan sjåast i samband med oppfylging av den regionale Masterplan for reisemålet Sogn del 3 «Frå ord til handling», og Kommuneplan for Aurland kommune 2022-2033 -samfunnsdelen. Målet om at reiselivet må utviklast på ein måte som skapar attraktive lokalsamfunn for både lokalbefolkninga og besøkande, òg at ein ynskjer ein berekraftig reisemålsutvikling samsvara godt med strategiane i Aurland kommune sin samfunnsdel. I kapittel 4.2.2. «Framtidsretta tilrettelegging for næringsliv og besøksforvaltning» vert det trekt fram at reiselivet skal vera ein pådrivar for bulyst, lokal verdiskaping og heilårssysselsetjing utan at lokale verdiar vert forringa. Fellesgodefinansiering vert nemnt som ein del av strategien for å redusera press på natur. Det skal vera ein balanse mellom besøk, næring og innbyggjarane sine behov.» Klima og miljø er eit gjennomgåande tema i Aurland kommune sin samfunnsdel og samferdsel er ein viktig del av dette. Aurland kommune er einig med utvalet sine tilrådingar om at det skal vera enkelt for besøkande å ta klimavenlege transportval, berekraftige og energieffektive kollektivtilbod må styrkast. Ein samanhengande nasjonal reisplanleggar vil gjere dette enklare. Fylkeskommunen bør gå i dialog med reiselivsnæringa når dei planlegg innkjøp av kollektivtransporttenester og fastset ruteplanar, for å inkludera reiselivets sine transportgrunnlag i anbodsgrunnlaget. Sesongvariasjonar for reiseaktiviteten bør inngå i vurderinga ved planlegging av drift av kollektive tilbod. Det må opprettast særskilte ruter for kollektivtransport i høgsesongen identifisert av reisemåla, og finansiert av besøksbidraget.

Utvalet føreslår ein ny modell for organisering av berekraftig norske reisemål. Som svar på mange av dei utfordringane som vert omtalt i NOU-en. Hovudelementa i modellen frå utvalet er:
1. Etablering av ei reisemålsleiing tilpassa lokale forhold forankra i kommunen.
2. Reisemålsleiinga får i oppdrag å drive strategisk besøksforvaltning og handtere utvikling og drift av fellesgode på det enkelte reisemål basert på ein breidd forankra besøksstrategi.
3. Arbeidet med reisemålsleiing, besøksforvaltning og fellesgode vert finansiert gjennom eit besøksbidrag som vert henta inn nasjonalt, men som vert forvalta regionalt og lokalt.

Aurland kommune ser at det er fleire element i modellen som samsvara med strategiane i kommunen sin samfunnsdel og oppfølging av masterplanen for reisemålet Sogn. Det er ein auka fokus på koordinering og samarbeid, samt at besøksforvaltning er eit viktig grep i samband med utviklinga. Gjennom det vidare arbeidet med masterplanen vert det lagt opp til koordinering mellom kommunane og lokalsamfunna òg destinasjonsselskap.

I rapporten vert det lagt fram til at fellesgode skal krevjast inn nasjonalt og ikkje lokalt. Òg reisemålsutvalet føreslår ei ordning som skal bidra til å utvikle nye reisemål, ikkje ivareta pressområda eller bidra til å styra besøksmengda. Pressområda er utsette med akutt behov for tilrettelegging og trafikkstyring. Lokale obligatoriske ordningar er knytt til handtering av besøksvekst og slitasje på stadar utan tilstrekkeleg ressursar. Fellesgodeprosjektet (FGP) er eit prosjektsamarbeid utvikla av Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, verdsarvkommunane for UNESCO Vestnorskfjordlandskap Stranda, Fjord, Vos, Vik, Lærdal og Aurland og kommunane Røst, Værøy , Moskenes, Flakstad, Vestvågøy og Vågan i Lofotrådet i samarbeid med Visit Sognefjord og Visit Lofoten. Dette samarbeide sendte inn ein anmodning til Nærings- og fiskeridepartementet 1 desember 2021 om at verdsarvområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden i lag med reiselivsregionen Lofoten vart valt ut til uttesting av ein modell for fellesfinansiering, der fellesgode vert både kravd inn og nytta lokalt. Denne modellen er basert på prinsippa i Svalbard sitt miljøvernfond med nokre tilpassingar.

FGP føreslår ein modell for både fellesgodefinansiering og besøksstyring, der styring av besøksstraumane er ein del av reisemålsforvaltninga. Ved bruk av dynamisk prising inn i pressområda vert styringa ein del av reisemålsforvaltninga. Innkrevjinga vert gjort lokalt på nokre få utvalde pressområde og statsforvaltaren skal ha ansvar for vurdering og tildeling av modellen på søknad frå kommunane på kvalifiserte reisemål. Reisemålsleiinga skal forvalte midlane forankra i lokale planar for berekraftig reisemålsutvikling. Ved ein lokal ordning med besøksbidrag vert det tydlegare for dei besøkande kva bidraga vert brukt til. I Aurland kommune sin samfunnsdel av kommuneplan er det ein eigen strategi som seier at kommunen skal leggje til rette for god infrastruktur for å kunne halde fram som ein attraktiv besøkskommune. Aurland kommune har òg vedteke ein eigen sti og løypeplan. Fellesgodefinansieringa vil vera eit godt tiltak for å få midlar til infrastruktur som me har stort behov for grunna eit stort besøkstrykk.

I samband med temaet fellesgodefinansiering så støttar Aurland kommune høyringsinnspelet frå Fellesgodeprosjektet:
FGP meina at innføring av ein eventuell nasjonal ordning er tidskrevjande, komplisert og usikker. Det hastar med å få prøvd ut ordningar for reisemåls- og besøksforvaltning med moglegheit for dynamisk besøksstyring på utsette pressområde. Pressområda, spesielt UNESCO Vestnorsk fjordlandskap og Lofoten, er sårbare reisemål med eit akutt behov for sterkare grad av tilrettelegging og trafikkstyring. Utprøving av lokale, obligatoriske ordningar kan vera avgjerande verkemiddel for å kunne handtera besøksvekst og slitasje på natur- og kulturressursane i små lokalsamfunn utan tilgang til tilstrekkeleg med ressursar. Med bakgrunn i dette meinar Fellesgodeprosjektet at pilottesting bør prøvast ut før ein vurdera etablering av ein nasjonal lokal og/eller nasjonal modell. Pilotområda i verdsarvfjordane og Lofoten er i prosess og er klare til å bidra i det vidare modelleringsarbeidet og til å prøve ut modellane for å forsterke kunnskapsgrunnlaget for fellesgodefinansiering.

Aurland kommune støttar Aurland hamnevesen sin konklusjon på deira høyringssvar levert 05/23/2023 der dei seier at Aurland hamnevesen KF er i hovudsak positive til reisemålsutvalet sine tilrådingar om cruise. Det vert tilrådd at nullutsleppskravet bør gjelde alle norske farvatn og innførast gradvis. Det lyt presiserast at gradvis innføring også må gjelda for verdsarvfjordane.

Aurland kommune er ein reiselivskommune og cruise har hatt sin historiske plass i næringsutviklinga i kommunen sidan Flåm og Gudvangen byrja med å ta imot cruiseskip på 1800-talet. Kommunen har òg over fleire tiår hatt ein god strategisk utvikling av destinasjonen Flåm, noko som har bidrege til at bygda har vorte til den destinasjonen den er i dag. Flåm har vorte til ein føregangsplass og var tidleg ute med elektriske fartøy på fjordane. Sidan 2017 har Flåm vore heilårsope, og med det lagt grunnlag for fleire heilårsarbeidsplassar, med profesjonalitet og kvalitet i alle ledd. Aurland kommune og Aurland hamnevesen har teke ei aktiv rolle i høve besøksforvaltning knytt til cruiseturisme med omsyn av tolegrenser. Ein såg behovet for å innføre lokale krav til utslepp, som eit resultat har tal anløp stabilisert seg og gått ned i noko grad med omsyn til nettopp desse tolegrensene. I Aurland har ein òg klart, gjennom styring, å forlenge sesongen frå april til oktober -samt sørge for at det i 2023 er fleire cruisebesøkande i mai og september enn i juli, som er høgsesongmånaden for reiselivet i kommunen. Dette syner kor viktig det er at ein har eit lokalt handlingsrom for korleis ein regulera cruisetrafikken.

I ei sak om nullutslepp i verdsarvfjordane viser faglege utgreiingar at lokale klimakrav til internasjonal skipsfart ikkje vil gje tilsikta effekt. Sjølv om skipa ikkje lenger kan koma heilt inn til Flåm, vil dei framleis kunne gå inn Sognefjorden eller andre fjordar i Norge, og utsleppa vil der vera dei same. I saksutgreiinga frå reisemålsutvalet går det fram at klimautsleppa lyt løysast gjennom nasjonale grep. Dette samsvarar med utgreiinga til Sjøfartsdirektoratet som syner at eit lokalgeografisk nullutsleppskrav i verdsarvfjordane er uheldig og utan klimaeffekt. Aurland kommune ynskjer difor å oppmode Reisemålsutvalet til å tydeleggjere det same.

Grønt skipsfartsprogram sin cruisepilot, eit samarbeid mellom norske myndigheiter og cruisenæringa, har allereie tilrådd krav om innblanding av biofuel og utbygging av landstraum nasjonalt i fleire år – som eit meir verknadsfullt alternativ. Dette gjev reell klimaeffekt, utan å lage kunstige og uhensiktsmessige trafikkstraumar frå satelitthamner rundt verdsarvfjordane på landsida. Ei slik lokal barriere medfører større belastning på lokalsamfunn, høgare klimautslepp, lågare norsk verdiskapingsdel og kvalitetsforringelse i produktet. Dette verkar mot det langsiktige og strategiske arbeidet gjort lokalt dei siste tiåra. Miljødirektoratet har nyleg hatt ute på høyring innføring av omsetningskrav for biodrivstoff til sjøfart. Kravet gjev effekt på innanriksflåten, medan internasjonal trafikk som cruise fell utanfor, ettersom dei bunkrar utanfor Noreg. Å følgje tilrådingane i Grønt skipsfartsprogram vil difor også sikre like konkurransevilkår.