Høringssvar fra Fjord kommune

Dato: 23.06.2023

Høyringsuttale frå Fjord kommune til NOU 2023 : 10 , Leve og oppleve

"Fjord kommune er del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Store deler av Nasjonal turistveg Geiranger - Trollstigen går også gjennom vår kommune. Kommunen opplever at den aukande tilstrøyminga av turistar fører til eit sterkare behov for tilrettelegging og betre infrastruktur fleire stader i kommunen vår. Behov for parkeringsplassar, toalettfasilitetar, gode turstiar, avfallshandtering og liknande er stadig aukande. Kommunen har ikkje økonomi til å greie dette åleine.

Vi ser derfor svært positivt på at utvalet kjem med fleire framlegg til ei meir berekraftig utvikling av dei populære reisemåla i landet vårt. Fjord kommune støttar tankane om ei form for fellesgodefinansiering, slik at populære reisemål kan få naudsynt drahjelp til utvikle seg på ein måte som opplevest positiv for såvel fastbuande som turistar.

Fjord kommune viser til innspel og høyringsfråsegn frå Fellesgodeprosjektet ved Ståle Brandshaug og til vedtak gjort i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Sjå vedlegg.

Fjord kommune meiner at desse to grundige høyringsuttalane er dekkjande for det som er Fjord kommune sitt syn, og vil med dette støtte opp under dei synspunkta som kjem fram i dei to nemnde uttalane.

Fjord kommune vil særleg trekkje fram følgjande:

Vi meiner at å ta vare på dei mest besøkte og sårbare områda , er det viktigaste argumentet for ei fellesgodefinansieringsordning. Av den grunn vil vi på det sterkaste argumentere for at ein får prøvd ut ein pilot for dei områda er utgreidd gjennom det såkalla Fellesgodeprosjektet. Vi meiner til liks med Møre og Romsdal fylkeskommune at ei nasjonal ordning for fellesgodefinansiering ikkje bør stå i vegen for utprøving av ei lokal ordning. Verdsarvfjordane og Lofoten har gjennom Fellesgodeprosjektet utarbeidd ein modell som bør kunne utprøvast som ein pilot. Fjord kommune Side 2 of 2

meiner det hastar med å kome i gang med ei slik utprøving. Pilottestinga bør derfor prøvast ut før ein vurderer etablering av ei nasjonal ordning som vil ta lang tid å få på plass.

Sjølv om vi ynskjer ei lokal utprøving, er det likevel viktig, slik også Møre og Romsdal fylkeskommune peikar på, at lokale ordningar og lokale besøksstrategiar ikkje vert for lokale. Eit populært reisemål berører oftast fleire kommunar og kan involvere fleire reisemål. Eit døme på dette frå vårt område er at svært mange som har Geiranger som reisemål, også ferierer i populære reisemål i vår kommune. På sin veg til eller frå Geiranger reiser mange langs den Nasjonale turistvegen over Trollstigen gjennom Valldal, Linge og Eidsdal. Dette tilseier behov for tilretteleggingar også her. Det er derfor viktig at både besøksstrategiar og tilretteleggingstiltak ser større område i samanheng."