Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune

Dato: 14.04.2023

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal hadde høyringsuttale til NOU 2022:18 til behandling i møte 12.04.2023, og gjorde følgjande samrøystes vedtak:

Møre og Romsdal fylkeskommune vil gje følgjande innspel til høyring av NOU 2022:18 «Mellom mobilitet og migrasjon. Arbeidsinnvandrernes integrering i norsk arbeids- og samfunnsliv»:

1. Møre og Romsdal fylkeskommune ser på arbeidsinnvandring som ein viktig ressurs for næringslivet, offentleg sektor og sivilsamfunnet i Møre og Romsdal og i resten av landet.

2. Møre og Romsdal fylkeskommune erkjenner at det er utfordringar knytt til integrering av arbeidsinnvandrarar, både når det gjeld arbeidsvilkår, språk og deltaking i samfunnet utanom arbeidsplassen.

3. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar difor NOU 2022:18 sin konklusjon om at det er behov for å forbetre integreringa av arbeidsinnvandrarar i Norge.

4. Møre og Romsdal fylkeskommune er einig med utvalet i at ein differensiert integreringspolitikk – det vil seie ein kombinasjon av generelle arbeidslivs- og kompetansepolitiske tiltak og målretta integreringspolitiske tiltak, som støttar opp under den norske modellen – er den mest hensiktsmessige tilnærminga til integrering av arbeidsinnvandrarar i Norge. Politikken må også omfatte arbeidsinnvandraren sin familie.

5. Tilbodet om opplæring i norsk språk og samfunnskunnskap for arbeidsinnvandrarar må styrkast. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar fleirtalet i utvalet om å innføre ein lovfesta rett til språkopplæring for alle arbeidsinnvandrarar.

6. Eit ryddig og seriøst arbeidsliv, der arbeidsinnvandrarar vert behandla på lik line med norske arbeidstakarar, er fundamentet for god integrering. Arbeidstilsynet og andre kontrollinstansar sin kapasitet til å gjennomføre tilsyn og å sanksjonere der regelverk ikkje vert følgt, må styrkast. Det er ikkje behov for å gjere generelle innstrammingar i regelverket, ressursane må brukast på å ta dei som ikkje følgjer reglane.

7. Det trengst ein samla innsats for å auke andelen fagorganiserte blant arbeidsinnvandrarane. Arbeidsgivarorganisasjonane må også ha tydelege forventningar til sine medlemsbedrifter om å sikre seriøse og likeverdige vilkår for arbeidsinnvandrarane.

8. Offentleg sektor må alltid sette krav til ryddige og seriøse arbeidsvilkår ved offentlege innkjøp. Her vil Møre og Romsdal fylkeskommune legge «Fylkesstrategi for seriøst arbeidsliv 2022- 2026» til grunn.

9. Integrering handlar ikkje berre om det som skjer på arbeidsplassen. Nye samarbeidsformer mellom næringsliv, kommunar og frivillig sektor bør prøvast ut, og støtteordningar styrkast slik at arbeidsinnvandrarane si deltaking i sivilsamfunnet aukar. Biblioteka kan vere ein god møteplass for integreringsaktivitetar i lokalsamfunna.

10. Møre og Romsdal fylkeskommune ser det ikkje som hensiktsmessig at fylkeskommunane får ansvar for å utvikle og koordinere velkomsttilbod for arbeidsinnvandrarar, slik utvalet foreslår. Dette bør i staden løysast gjennom ei forsterka digital teneste nasjonalt, der arbeidsinnvandraren kan finne all nødvendig informasjon på ein plass. Nasjonale styresmakter bør koordinere informasjon og tenester som gjeld for heile landet og kommunar/fylke kan levere info og tenester som er relevant der den enkelte arbeidsinnvandrar er busett.

11. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar utvalet i at ein må legge til rette for at fleire vaksne innvandrarar kan gjennomføre fag- og yrkesopplæring. Det må også innebere å styrke kapasiteten for realkompetansevurdering, slik at fleire kan få ein kortare veg til fagbrev.

12. Godkjenningsordningane for utdanninga arbeidsinnvandrarane har med seg frå utlandet må forsterkast, slik at fleire får brukt sin reelle kompetanse i arbeidslivet.

13. Møre og Romsdal fylkeskommune føreset at reforma finansierast fullt ut frå staten.

Med helsing

Line Hatmosø Hoem, fylkesordførar

Vedlegg