Høringssvar fra Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Dato: 19.04.2023

Høyringssvar frå Nynorsksenteret om NOU 2022: 18 Mellom mobilitet og migrasjon


Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) ynskjer å kome med eit innspel til høyringa om NOU 2022: 18 Mellom mobilitet og migrasjon. Det viktigaste innspelet vårt er at me er svært positive til fleirtalet i utvalet sitt forslag om at arbeidsinnvandrarar får ein lovfesta rett til norskopplæring. Me vil òg peike på at det er prekært at det vert løyvt midlar til utvikling av nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar.

Om Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Nynorsksenteret er eit ressurssenter for nynorsk i skulen og barnehagen, og me arbeider for god nynorskopplæring for alle. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har gjeve Nynorsksenteret ansvaret for rettleiing av dei som driv med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. Senteret skal også vere rådgjevar for dei nasjonale utdanningsstyresmaktene.

Nynorsksenteret støttar utvalsfleirtalet sitt forslag om at det må bli innført ein lovfesta rett til norskopplæring for arbeidsinnvandrarar. At denne gruppa får ein lovfesta rett til norskopplæring, er mellom anna viktig for inkludering i lokalsamfunnet og tryggleik på arbeidsplassen. Frå ein språkpolitisk ståstad er det viktig å sørgje for at dei fleste EU- og EØS-borgarane i Noreg lærer seg norsk. Dette er i tråd med det overordna målet i språkpolitikken om at norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg. Utvalet sitt fleirtal føreslår at dei som nyttar denne retten, må betale ein eigenandel for opplæringa. Nynorsksenteret meiner at ein slik eigenandel må vere overkomeleg, slik at dei faktisk nyttar retten til norskopplæring.

I NOUen er norskopplæring eit viktig tema. I den samanhengen vil me påpeike det manglande nynorskperspektivet. Det er ikkje tematisert at norsk er både nynorsk og bokmål, og at både opplæringssituasjonen og vilkåra for dei to språka er ulike. Ifylgje språklova har alle offentlege organ plikt til å særleg fremje nynorsk. Dette gjeld òg i integreringspolitikken.

I nynorskkommunar får som regel borna nynorskopplæring i skulen, og det er viktig at born og foreldre får opplæring i det same språket. Difor må det leggjast til rette for god nynorskopplæring for vaksne. I dag er det om lag halvparten av nynorskkommunane som driv vaksenopplæring på nynorsk. Av dei som ikkje gjer det, er mangelen på nynorske læremiddel ei viktig årsak.

Det er eit skrikande behov for midlar til å utvikle læremiddel på for vaksne innvandrarar. Etterslepet er stort, og det er mange år sidan sist det vart løyvt midlar til dette føremålet over statsbudsjettet. No skal i tillegg læreplanane for denne gruppa reviderast, og opplæringa skal leggjast om til modulbasert opplæring. Det bidreg òg til at behovet for midlar til nynorske læremiddel vert større. Forslaget om ein lovfesta rett til norskopplæring for arbeidsinnvandrarar fører til at fleire får slik opplæring, og det gjer òg behovet for læremiddel større.

Skal kommunane som driv norskopplæring for vaksne innvandrarar på nynorsk kunne halde fram med det, og fleire nynorskkommunar ta til med det, må det løyvast midlar til nynorske læremiddel på alle nivå. Departementet og underliggjande etatar må leggje betre til rette for læremiddel, prøver og kompetanseutvikling for nynorsk vaksenopplæring for innvandrarar.