Høringssvar fra Kommunegeologen for Kvam, Ullensvang, Bjørnafjorden, Kvinnherad, Samnanger og Ulvik

Dato: 19.08.2022

Høyringsuttale frå kommunegeologen

Kommunegeologen er tilsett som rådgjevar i Kvam herad og kommunen samarbeider med fem andre kommunar i nærleiken om kommunegeologen: Bjørnafjorden, Samnanger, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik. Kommunegeologen har fagansvar for naturfare, med mest erfaring og kompetanse om skredfare. Denne høyringsuttalen er på vegne av deltakarkommunane i kommunegeologe-samarbeidet ut frå erfaringa til kommunegeologen.

Høyringsuttale:

Kommunegeologen vil takkar Gjerdrumutvalget for grundig gjennomgang av kvikkleire i Norge og at dei har kome med mange gode forslag til endringar.

Kommunegeologen er einig med Gjerdrumutvalget at NVE treng meir ressursar for å forsette sitt arbeid med å rådgje og auke kunnskapen om skred, flaum og overvatn til kommunar, konsulentføretak og innbyggjarar i kommunen, samt lage gode løysningar for registrering av skred- og flaumdata, oversikt over tidlegare kartlegging og sikringstiltak, lage betre aktsemdkart og faresonekart, hjelpe til under store naturhendingar og ved evaluering i etterkant, hastesikring og å gje tilskot til utgreiing og til sikringstiltak med meir. Det har vore frustrasjon frå kommunar for enkelte endringar og kartløysningar NVE har kome med, men jobben NVE har gjort har ført til at me i dag veit mykje meir om skredfare enn før og me har betre malar for skredfarekartlegging no enn før dei overtok ansvaret i 2009.

Det er mangel på kartlegging som er det største problemet for kommunane som kommunegeologen er rådgjevar for. Me har ikkje gode nok kvartærgeologisk kart/lausmassekart til at MML (mulighet for marin leire) er tilgjengeleg, så kommunen må bruke marin grense som øvre aktsemdområde. Store deler av landbruket, utbygd område og område som er ønska utvikla ligg under marin grense.

NVE kjem i dag som standard med fråsegn om kvikkleire i planar under marin grense eller nær strandsona, slik at omsyn til kvikkleire har vore tema i reguleringsplanar, og prosedyren i NVE sin kvikkleirerettleiar har vore brukt. Marin grense er dermed i dag ofte brukt som aktsemdkart for kvikkleire, så det er eit «problem» i dag og ikkje på grunn av endringane Gjerdrumutvalget kjem med. Så betre kartlegging er nødvendig så snart som mogleg for å hindre unødvendig bruk av ressursar eller hindre utvikling på grunn av aktsemdkart for kvikkleire.

Det er grave og bora mykje i kommunane, så i teorien burde kommunane vite mykje om grunnforholda i kommunen sin. Men denne «kunnskapen» er ikkje sett i system eller samla i ein database, så me veit dessverre ikkje alltid kor det kan vere kvikkleire og kor det ikkje kan vere kvikkleire. Kommunegeologen veit at det er påvist kvikkleire i samarbeidande kommunar, så det er viktig at me tar omsyn til kvikkleire i plan- og byggesak. Kartlegging av grunnforhold kan derfor vere på sin plass, men kostnaden for å finne desse område vert veldig store for kommunen når store deler av kommunen truleg ikkje har kvikkleire, men store deler av landbruket, område med bygg og område som er ønska utbygd ligg under marin grense.

Det me etterspør er derfor betre moglegheit til å luke vekk område kor det ikkje kan vere kvikkleire og lokalisere kor det er større sannsyn for kvikkleire. Det kan «ordnast» med meir kunnskap, betre kart og kartverktøy (helst nasjonale), og betre system for å få oversikt over grunnen.

Kommunegeologen meiner derfor det er viktig å få på plass betre kartlegging av lausmassar og grunnforhold i kommunen. Det er viktig at kvikkleire vert eit tema i ROS-analyser ved utbygging under marin grense og i strandsona, sjølv om sannsynet for funn er liten. Det er bra at me har ein prosedyre i NVE sin kvikkleirerettleiar som kan brukast for å vurdere om geoteknisk undersøking er nødvendig, det er bra om det vert plikt å levere inn konsulentvurderingar av naturfare, inkludert grunnundersøking og grunnvass- og energibrønnar. Det bør vurderast ein refusjonsordning/premiering når rapporter vert levert inn til NVE eller NGU, som ein gulrot, sjølv om det er ein plikt. Det bør vere enklare for entreprenørar og andre som grev i bakken å gje tilbakemelding om grunnforhold, gjerne ved hjelp av ein kombinasjon av gulrot, enkelt system og plikt, helst i nasjonal database.

Lovendringane som gjeld marin grense som aktsemdområde har truleg stor nytte i område med store kvikkleireområdet og høg risiko for kvikkleire, men det me i Kvam lurer på er om det er rett at resten av landet, altså kommunar med låg risiko for kvikkleireskred, må utføre mange «unødvendige» utgreiingar for å finne dei få fareområde som er reelle? Er kostnaden større enn nytten? Vil fareområde bli oppdaga ut frå lova slik den er no, eller er det stor fare for at utfylling og planering i kommunen kan føre til kvikkleireskred. Det veit me ikkje, men mykje tyder på at sannsynet er liten for områdeskred i kommunen, men ikkje utelukka.

Kommunegeologen meiner derfor at NVE, NGU, utdanningsinstitusjonar med fleire bør få auka ressursar for å kunne auka kunnskapen og få fortgang i å kartleggje berggrunnen, lausmassekart, MML med meir i kommunane.

Naturskadesikringslov

§ 1–11

- Kommunegeologen er einig at det er på tide å oppdatere naturskadelova og at ansvarsforholda vert klargjort. Mykje av forslag til endringane er gjeldande bruk i dag og det er godt å få klargjort i lova kva kommunens ansvar er. Kommunegeologen har følgd opp mange uromeldingar som har kome inn, og er ikkje ukjend med det. Utfordringa vert å få på plass eit system og ha prioritert å ha nok ressursar (folk og økonomi) for å ta i mot bekymringsmelding, vurdere kva som er aktuelt å gå vidare med, få tinga konsulentrapport og vere med i prosessen vidare med å informere grunneigar og informere NVE. Refusjon frå NVE vil hjelpe kommunane, t.d. ved innlevering av rapport til NVE. Det vert sjølvsagt enklare om det vert laga eit nasjonalt system for å ta i mot bekymringsmeldingar og svara dei ut.

- Kommunegeologen meiner det bør vere krav på sluttdokumentasjon på sikringstiltak (som sikrar byggjeområde), og at del av sluttdokumentasjonen er ein vurdering av kva område som vert sikra (kven har nytte av tiltaket) og restrisikoen etter sikring. Det enklaste er faresonekart som viser situasjonen før sikring og etter sikring (etter tryggleikskrava byggteknisk forskrift (TEK 17)), men for mindre sikringstiltak så er kanskje vurdering av restrisiko godt nok.

- Statens sin plikt til sikring ved akutte hendingar er NVE usikker på om er en god løysing – jf. kap. 2.2. i NVE sin høyringsuttale. Om staten får denne plikta så bør det vere klare reglar for når staten får denne oppgåva. Utfordringa er å få på plass sikringstiltak som fell utanfor statens sin plikt til sikring. Her må det søkjast etter midlar og det kan gå tid og ressursar for å få på plass tiltak, og for nokon så er tiltaket så lite at det fell utanfor tilskotsordninga, men likevel veldig dyrt for grunneigar.

- Oppsummert så er kommunegeologen for endringa av naturskadelova ved å lage ny naturskadesikringslov.

Plan- og bygningsloven

§ 1-10 Sikker byggegrunn (ny, § 28-1 flyttes hit)

- Ok å flytte

§ 4-3 første ledd nytt andre punktum

- Her er det avhengig av kva kartleggingsnivå lovendringa legg opp til. I dag er det aktsemdområde som vert brukt i kommuneplanen, og for skred, flaum, stormflod og marin grense er dei nasjonale og gjeld heile kommunen og dermed enkelt for kommune å med seg i kommuneplanen. Sidan store deler av byggjeareal ligg under marin grense så er det ein fordel at det bør vere mogleg å lage temakart (eller kartlag som kan trykkast av og på), slik at det er mogleg å sjå kva som ligg under omsynssonene i kartet.

Om det er faresonekart som er meint, så vil det føre til større utgifter til kommunane og om alle kommune skal få det på plass så kan det gå ut over kapasiteten til konsulentbransjen.

- Det er litt usikkert kva som ligg i «også der det ikke legges opp til utbygging». Betyr det alt areal i kommuneplanen eller berre areal med eksisterande bygg? Om aktsemdkarta skal brukast, så er det kanskje ikkje så stor forskjell, men for tema som det ikkje er laga aktsemdkart for så kan det ha meir å seie for ressursbruken. Det kan derfor vere ok å spesifisere kva som er tenkt. I grunninga i NOU ’en så er faren for at eksisterande bygg ikkje er tatt med i ROS-analysen som årsak til forslag til endring, og ikkje alt av areal i kommuneplanen.

§ 19-2 andre ledd nytt tredje punktum

- Kommunegologen meiner det er ok å spesifisere at det ikkje er mogleg å gi dispersjonar som fører til at sakshandsamingsreglar vert sett til side.

Byggesaksforskriften (SAK 10)

§ 4-1, bokstav f, punkt 7 nytt siste punktum

- Kommunegeologen er heilt einig om at det er viktig å få slutt på utfylling som aukar skredfaren i område der kvikkleirefaren er høg. Men han lurer på om kostnaden for kommunar med generell låg kvikkleirefare er for høg i forhold til nytten. Kvam herad må bruke marin grense som aktsemdkart for kvikkleire, og store deler av landbruket og byggjeområde ligg under marin grense. Det vil få store følgjer og gjere det vanskelegare ved planering i landbruket, som til dømes ved omdisponering av jordbruksjord ved utbygging. Søknadsplikten er ikkje det viktigaste, men spørsmålet er om det er landbruket og/eller utbyggjar som må betale for dårleg kartlegging når sannsynet for å finne farlege område truleg er veldig liten i kommunen. Ved å bruke prosedyren i NVE sin kvikkleirerettleiar så vil nok nokon område lett kunne frigjerast, men det vil nok vere ein del område som ikkje kan bli frigjort utan geoteknisk undersøking, men kor sannsynet for kvikkleirefare truleg vil vere liten. Spørsmålet er derfor om nytten er større eller mindre enn kostnaden med lovendringa for område med låg risiko for kvikkleireskred.

§ 4-1 første ledd, bokstav f, nytt punkt 12

- Slik kommunegeologen forstår det så er det i dag plikt å levere inn data til NGU (NADAG) ved boring etter grunnvatn og energibrønnar. Om det ikkje er tilfelle så bør det truleg vere det, slik at kommunen kan få betre oversikt over grunnforholda når det først skal borast i grunnen (djupne til fjell, og helst og om det er blaute/faste massar, leire eller ikkje, om det er mogleg å merke det når ein borer).

- Når det gjeld søknadsplikt og nivå på kartlegging så viser kommunegeologen til kommentar i § 4.1. Det bør vurderast ut frå kost/nytte om faren til kvikkleireskred ved boring av grunnvass- og energiboring er så stor at søknadsplikt er nødvendig og kor grundig ein slik kartlegging skal vere. Kvam herad lurer derfor på om kostnaden ved lovendringa vil vere mykje større enn nytten av lovendinga, i alle fall i område med generell låg kvikkleirefare. Det er i alle fall viktig at betre aktsemdkart for kommunar med generell låg kvikkleirefare vert prioritert i kartlegginga, slik at ein lovendring ikkje fører til for store kostnader, verken for samfunnet eller den som vil bore grunnvass- og energibrønnar og dei fordeler det kan ha med seg. Men som NVE nemner så kan det vere mange andre grunner til søknadsplikt, t.d. på grunn av leidningsnett med meir.

Forurensningsforskriften

§ 4-1 nytt andre ledd:

- Kommunegeologen har ikkje anna kommentar til endringa enn at det er viktig at naturfare vert del av vurderinga ved planering.

§ 4-7 nytt første og andre punktum:

- Kommunegeologen meiner det er ok at omsynet til kvikkleire vert spesifisert som tema der kommunen kan gje forbod om planering.

- Kommunegeologen meiner òg at det er bra at kommunen får heimel til å gje pålegg om vedlikehald av hydroteknisk anlegg for å forebygge erosjon. Det bør vurderast om «i område under marin grense» kan kuttast ut, då vedlikehald av hydroteknisk anlegg òg kan vere viktig over marin grense der vatn kan kome på avvege på grunn av dårleg vedlikehald. Vatn på avvegar kan føre til skred eller anna skade om vatnet kjem på feil stad.

Forskrift om nydyrking

§ 1

- Kommunegeologen har ikkje anna kommentar til endringa enn at det er viktig at naturfare vert del av vurderinga ved nydyrking. Det gjeld både på grunn av auka avrenning t.d. i område der det var skog eller myr. For myr-område er det òg viktig å ta omsyn til auka CO2-utslepp.

Oppsummering

Kommunegeologen takkar igjen Gjerdrumutvalget for grundig arbeid. Det kommunegeologen er mest usikker på er lovendringar som viser til marin grense. Kommunegeologen meiner at desse endringane er viktig å få på plass for områder med høg risiko for kvikkleireskred, men er meir usikker på om kost/nytten er god nok for at lovendringane skal gjelde heile landet. I kommunar med generell låg kvikkleirefare så kan kostnaden med lovendringane bli mykje større enn nytten, då risikoen for skade er liten.

Det er viktig å få på plass betre kvikkleirekartlegging i høgrisikoområde, men det er òg viktig å få på plass betre aktsemdkart for kvikkleire i område med generell låg risiko for kvikkleireskred, sidan marin grense i dag vert brukt som aktsemdkart for kvikkleire. Nytta med betre aktsemdkart er derfor stor i desse områda.