Høringssvar fra Voss folkehøgskule

Dato: 11.12.2018

Svartype: Med merknad

Til Kunnskapsdepartementet                                   

 

 

Høyring: Endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova: Reglane om politiattest

 

Styret for Stiftinga Voss folkehøgskule hadde denne høyringssaka oppe til handsaming i styremøte 10.12.2018, sak 34/18. Saksutgreiing og vedtak er som følgjande:

 

Kunnskapsdepartementet sender på høyring forslag om endring i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova. Saka gjeld forbod mot tilsetting av personar som på politiattesten si har merknad med dom for seksuelle overgrep mot mindreårige. Departementet sitt framlegg er å innføre eit forbod tilsvarande det som i dag gjeld for grunnskulane, sfo, kulturskulen og leksehjelp. Forbodet gjeld både faste og mellombelse stillingar. I tillegg vil departementet endre folkehøgskolelova frå at skulane kan be om å få politiattest – til at skulane skal be om å få politiattest.

 

Det er etter skuleleiinga sitt syn ei naudsynt endring departementet vil innføre. Ungdom på vidaregåande skular og på folkehøgskular må ha same vern mot personar som er dømde for seksuelle overgrep, som elevar i grunnskulen. Omsynet til vern av barn og ungdom må vege tyngre enn omsynet til domfelte sitt behov for resosialisering og ønskje om arbeid i pedagogisk verksemd. Departementet ber om særskilt vurdering av politiattesten si effekt for dei som allereie er tilsett, dersom dei får ei ny stilling på skulen. Det er denne skuleleiinga sitt syn at kravet om politiattest også skal få konsekvens for dei som allereie er tilsett i skulen, og at denne dermed kan få tilbakeverkande verknad. Omsynet til vern av ungdom må i alle høve gå framfor andre behov. Grunnlaget for å drive ein folkehøgskule er tufta på dialog og tillit mellom dei vaksne og elevane. Dersom nokon er domfelt for seksuelle overgrep mot mindreårige, har dei ettertrykkeleg mista denne naudsynte tilliten. Ein kan straffast og sone, men ein kan ikkje oppretthalde tillit etter dom for slike overgrep mot barn og unge.  

 

Vedtak:               Styret for Voss folkehøgskule vedtek at:

-          Elevar i folkehøgskular har krav på same vern som elevar i grunnskulen.

-          Personar som er domfelt for seksuelle overgrep mot mindreårige barn har ingen ting å gjere i ein pedagogisk organisasjon. Omsynet til barn og ungdom går framfor einskilde sitt behov for resosialisering i arbeids- og samfunnsliv.

-          Ved ei nytilsetting må kravet også gjelde for tilsette som har hatt ei anna stilling.

-          Lov om folkehøgskular må endrast slik at det skal vere ei skal formulering mot dagens kan formulering, i vurderinga av politiattest til dei som søkjer fast eller mellombels stilling.

 

Claus Røynesdal

Rektor

Voss, 11.12.2018