Høringssvar fra Hordaland fylkeskommune

Dato: 24.01.2019

Svartype: Med merknad

Høyringssvar frå Hordaland fylkeskommune.

Høyringssvar blir sendt innan fristen med atterhald om politisk handsaming.

Omsynet til barn og unge sin tryggleik har ført til skjerpa krav også for norske borgarar for tilsetting i barnehage og skule, og det kan derfor forsvarast at krav om butid blir innført. Fylkesrådmannen meiner at krav om butid ikkje må gå ut over to år. I eit integreringsperspektiv vil det vere uheldig. Det er viktig at innvandrarar kjem i jobb og blir integrert i det norske samfunnet så raskt som mogleg, men kravet om butid er ikkje urimeleg når det er snakk om fast eller mellombels stilling i barnehage- og skulesektoren. Behovet for å beskytte barn og unge veg tungt, og det er særleg viktig at vaksenpersonar som har ansvar for barn og unge i barnehage og skule er skikka til oppgåvene.

Fylkesrådmannen ser at det kan vere vanskeleg for nokre innvandrarar å vente i to år med å komme i arbeid. Det kan synast urimeleg og som ei utestenging frå norsk arbeidsliv. Fylkesrådmannen er likevel einig med departementet i at obligatorisk deltaking i introduksjonsprogrammet vil gjere at eit krav om butid på to år ikkje treng å bli eit så stort hinder. Vidare må utanlandske borgarar opparbeide seg tilfredsstillande kunnskapar i norsk for å kunne bli tilsett i barnehage og skule, og det vil gjere at det nødvendigvis vil ta noko tid før ein kan regne med fast tilsetting i barnehage- og skulesektoren.