Høringsbrev - Retten til fiske i havet utenfor Finnmark

NOU 2008:5

 

NOU 2008: 5 Retten til fiske i havet utenfor Finnmark – høyring
Kystfiskeutvalet for Finnmark vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon 30. juni 2006. Mandatet til utvalet var mellom anna å greie ut samane og andre sin rett til å drive fiske i havet utanfor Finnmark, på prinsipielt grunnlag. Utvalet vart vidare bedt om å gjere ein historisk gjennomgang av samar og andre si utøving av fiske i Finnmark.

Utvalet si innstilling, NOU 2008: 5, vert med dette sendt på høyring. Innstillinga finnst på www.regjeringen.no/fkd

NOU 2007: 13 Den nye sameretten inneheld i kapittel 22 ulike synspunkt og vurderingar knytt til kyst- og fjordfiske i sjøsamiske område. Denne innstillinga vart sendt på høyring 15. februar 2008. Vi ber dei høyringsinstansane som vil gje høyringssvar til denne delen av NOU 2007: 13, om å sende det til Fiskeri- og kystdepartementet saman med høyringssvar til NOU 2008: 5.

Høyringsfristen er sett til 1. desember 2008. Vi vil understreke at alle er velkomne til å gje høyringssvar, sjølv om dei ikkje er førte opp som høyringsinstans her.

Høyringssvara skal sendast til Fiskeri- og kystdepartementet, postboks 8118 Dep, 0032 Oslo, eller til postmottak@fkd.dep.no.

Med helsing

Johán H. Williams
ekspedisjonssjef                                             Jan Frederik Danielsen
                                                                    avdelingsdirektør