Høringsbrev

Høyringsbrev i pdf-format

 

Høyring – utkast til endringar av industrikonsesjonslova, vassdrags-reguleringslova og energilova
Vedlagt følgjer utkast til lovendringar i industrikonsesjonslova, vassdragsregulerings-lova og energilova. Det mest sentrale punktet i høyringsutkastet er framlegg til nye reglar for utleige av vasskraftproduksjon, som er ei oppfølgjing av Ot.prp. nr. 61 (2007-2008) om konsolideringsmodellen.

Siste frist for tilbakemelding er  fredag 20. februar 2009

Høyringsnotatet og anna relevant informasjon finst på Olje- og energidepartementet sine heimesider www.oed.dep.no. Også andre enn dei som står på høyringslista kan sende inn sine innspel.

Det er ønskjeleg at høyringsfråsegner i størst mogleg grad også vert sendt elektronisk til postmottak@oed.dep.no.


Etter fullmakt

 

Per Håkon Høisveen
ekspedisjonssjef                                               Trond Ulven Ingvaldsen
                                                                       fung. avdelingsdirektør