Høringsnotat

Forslag til endringer i forskrift til opplæringsloven kapittel 13 Oppfølgingstenesta i vidaregåande opplæring

 
(Opplæringslova § 3-6 andre ledd)


§ 13-1 Formål

       Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at all ungdom som høyrer til målgruppa, jf. § 13-2, får tilbod om opplæring, arbeid, andre kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse. Tilboda skal primært ta sikte på å føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse innanfor vidaregåande opplæring.

§ 13-2 Målgruppe

       Målgruppa for oppfølgingstenesta er ungdom som er omfatta av den lovfesta retten til vidaregåande opplæring, og som det aktuelle skoleåret

a) ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass, eller

b) avbryt slik opplæring, eller

c) ikkje er i arbeid, eller

d) har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising med heimel i opplæringslova § 3-8 eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt eller opplæringskontakt i samsvar med opplæringslova § 4-6.

§ 13-3 Oppgåver

      Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta

a) ha oversikt over alle i målgruppa, jf. § 13-2, og aktuelle tilbod for målgruppa. Registrering av ungdom som høyrer til ansvarsområdet for oppfølgingstenesta, og som tenesta formidlar tilbod til, skjer gjennom heile året

b) gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har. Føresette til ungdom som ikkje er myndig skal ha same informasjon

c) etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa med sikte på rettleiing og oppfølging

d) gi alle i målgruppa tilbod i samsvar med § 13-1, eventuelt i samarbeid med andre aktørar

e) etter behov følgje opp ungdom som har teke imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta gjennom ei eller fleire veiledningssamtaler

Pliktene her gjeld så lenge ungdommen er i målgruppa for oppfølgingstenesta.

§ 13-4 Samarbeid og koordinering

Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa, og formidle, eventuelt samordne, tilbod frå ulike instansar. Aktuelle instansar for samarbeid er særleg grunnskolane og dei vidaregåande skolane og rådgivarane der, den pedagogisk-pykologiske tenesta, opplæringsadministrasjonen i fylkeskommunen og NAV.

Oppfølgingstenesta kan bistå dei skolane som ønskjer det, i arbeidet med å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring gjennom samarbeid med rådgivarane i grunnskole og vidaregåande opplæring.