Høyring - ny organisering for handsaming av søknader om adopsjon
Høring | Dato: 26.06.2003 | Barne- og familiedepartementet
1.1 Innleiing
Barne- og familiedepartementet legg med dette fram forslag til ny organisering for handsaminga av søknader om adopsjon.
Barne- og familiedepartementet har det overordna ansvaret for adopsjonsfeltet. Departementet har mellom anna ansvar for å utvikle lov- og regelverk på området og leggje til rette for og utvikle eit effektivt system for handsaming av sakene. Barne-, ungdoms- og familieforvaltninga (BUFA) er den sentrale faginstansen med forvaltningsoppgåver på adopsjonsfeltet. Kontoret er eit forvaltningsorgan direkte underlagt Barne- og familiedepartementet og har fått delegert mynde i ei rekkje saker på dette området. Mellom anna gjer kontoret vedtak som førsteinstans i alle saker om søknad om adopsjon. Tilsyn med at utanlandsadopsjon skjer på ein forsvarleg måte, er ei anna sentral oppgåve for kontoret. Barne- og familiedepartementet er i dag klageinstans for vedtak som er gjort av BUFA som førsteinstans i adopsjonssaker.
1.2 Generell bakgrunn for å leggje enkeltsaker ut frå departementet
Det er ein generell tendens i forvaltninga at handsaming av enkeltsaker vert lagt ut frå departementa til ytre etatar. Handsaming av klagesakene på adopsjonsfeltet har hittil gjeve departementet større innsikt i og kompetanse om adopsjon som har vore viktig mellom anna i lov- og regelverkarbeidet i departementet. Departementet vil likevel framheve at overføring av oppgåver frå eit departement til ytre etatar gjer at departementet vert avlasta for oppgåver, og kan konsentrere seg om dei meir overordna oppgåvene på eit felt. Departementet får større evne og kapasitet til å vere sekretariat for politisk leiing og styringsorgan for dei sektorane departementa har ansvar for. Det er også opplagt at mange enkeltsaker etter sin karakter ikkje treng handsamast på departementsnivå, men i eit organ på eit lågare nivå som òg har bygd opp særskild fagkompetanse og detaljkompetanse på feltet. På adopsjonsfeltet har ein i dag eit slikt organ i BUFA.
1.3 Vurdering av oppgåveporteføljen i Barne- og familiedepartementet
Barne- og familiedepartementet har over tid gjort ei kontinuerleg vurdering av oppgåveporteføljen i departementet, og sett på kva for oppgåver som bør liggje i departementet og kva som kan førast over til andre organ. BUFA har sidan opprettinga i 1998 mellom anna hatt ansvaret for handsaming av adopsjonssaker, operative oppgåver knytte til informasjon til born og unge og administrasjon av tilskotsordninga til barne- og ungdomsorganisasjonane. Departementet har seinare lagt stadig fleire sakstypar ut frå departementet til kontoret. Det gjeld mellom anna handsaming av søknader om skjønnsvederlag på departementet sine barne- og familieområde, og handsaming av søknader om tilskot til organisasjonar og andre som driv samlivskurs. Frå april 2002 delegerte departementet mynde til BUFA til å handsame klager på vedtak fylkesmannen har gjort etter ekteskapslova som førsteinstans, handsame saker om godkjenning av forma for vigsel for registrerte trussamfunn og skrive ut ekteskapsattestar for norske statsborgarar busette i utlandet.
Departementet handsamar heller ikkje lenger enkeltsaker på barnevernområdet. Fylkesnemndene for sosiale saker som vart oppretta 1. januar 1993, avgjer tvangssaker etter barnevernlova. Vedtaket i fylkesnemnda kan bringast inn for domstolen. Mellom anna gjeld dette saker om omsorgsovertaking og fråtaking av foreldreansvar. Saker som fylkesnemndene ikkje har mynde over, først og fremst vedtak i kommunane om hjelpetiltak til eit barn, kan påklagast til fylkesmannen.
1.4 Avgrensing av utgreiinga
Utgangspunktet for utgreiinga har i første rekkje vore å vurdere ny organisering av arbeidet med klagehandsaminga av søknader om adopsjon. Dette gjeld søknader om førehandssamtykke til adopsjon av born frå utlandet og søknad om løyve til adopsjon av born busette i Noreg. Departementet har likevel også funne grunn til å vurdere organiseringa av arbeidet med adopsjonssøknader på generelt grunnlag. Departementet har også vurdert om det kan vere andre sakstypar der departementet er klageinstans for vedtak i BUFA på adopsjonsområdet som kan leggjast ut frå departementet. Departementet har kome til at også etter ei ny organisering av adopsjonssakene bør departementet halde fram å vere klageinstans for enkelte avgrensa sakstypar. Det gjeld saker der BUFA framleis må vere førsteinstans i kraft av sitt overordna ansvar på adopsjonsfeltet, til dømes søknad om formidlingsløyve frå adopsjonsorganisasjonane som formidlar adopsjon av born frå utlandet og søknad om eingongsstøtte frå adoptivforeldre.
1.5 Sak i Stortinget i 2001 om praktisering av adopsjonslova på prinsipielt grunnlag
Kontroll- og konstitusjonskomitéen vedtok i møte 15. juni 2001 å ta opp til handsaming ei eiga sak til Stortinget om praktiseringa av adopsjonslova på prinsipielt grunnlag.
Dåverande statsråd Bekkemellem Orheim gjorde etter førespurnad frå komitéen greie for forvaltningssystemet ved handsaming av søknader om adopsjon i brev til komitéen i juli 2001. Vidare gjekk statsråden gjennom den praksisen som har utvikla seg dei seinare åra i BUFA og i departementet. Etter spørsmål frå komitéen vurderte også statsråden ei alternativ organisering av klagehandsaminga av adopsjonssaker. Statsråden konkluderte med at klagehandsaming av søknader om adopsjon burde leggjast ut frå departementet. Det vart gjort greie for dei generelle omsyn som må liggje bak ei slik vurdering, dessutan dei ulike alternativa som det synest naturleg å vurdere. Statsråden konkluderte med at så langt ein var komne på det tidspunktet, peika fylkesnemnda seg ut som eit aktuelt forvaltningsorgan. Det vart likevel understreka at det måtte gjerast ei nærare utgreiing av organiseringa av klagesakene. Når dette arbeidet var sluttført kunne derfor andre løysingar framstå som meir naturlege.
Den nye kontroll- og konstitusjonskomitéen heldt fram med å handsame saka etter at ho vart overført til neste valperiode. Statsråd Dåvøy, som vart beden av komitéen om å gje si vurdering av saka, uttalte i brev frå desember 2001 at ho ville gjere ei heilskapleg vurdering av kva for instans som på best mogleg måte kan ivareta oppgåva som klageorgan for adopsjonssakene. Det vil vere avgjerande å sikre at kompetansen om adopsjon er god på alle nivå slik at sakene får ei forsvarleg og rask handsaming som tek vare på borna som det vert søkt om adopsjon for, samstundes som rettstryggleiken til søkjarane vert ivareteken.
Komitéen gav si innstilling til Stortinget 31. januar 2002 i Innst. S. nr. 81 (2001-2002). Komitéen var nøgd med utgreiinga frå Barne- og familiedepartementet. Komitéen hadde merka seg at statsråd Dåvøy ville gjere ei heilskapleg vurdering av organiseringa av klagesakene. Komitéen meinte klagehandsaming av søknader om adopsjon bør leggjast ut frå departementet til eit frittståande og uavhengig organ. Vidare hadde komitéen merka seg framlegget frå tidlegare statsråd Bekkemellem Orheim om at fylkesnemnda for sosiale saker kan vere eit godt alternativ.
Innstillinga frå komitéen vart handsama i Stortinget 7. februar 2002. Komitéen si innstilling fekk samrøystes tilslutnad.
1.6 Oppbygging av utgreiinga vidare
I punkt 2 vert det gjort greie for adopsjonsprosessen og organiseringa av forvaltningssystemet som handsamar adopsjonssaker i dag. Punkt 3 omtaler det svenske og danske systemet for handsaming av adopsjonssøknader. I punkt 4 vert det gjort greie for kommunen som utgreiingsinstans ved søknad om adopsjon, og vurdert ny førsteinstans og ny klageinstans for handsaming av adopsjonssøknader med tilråding frå departementet. Punkt 5 omhandlar økonomiske og administrative konsekvensar av framlegget.
2 Gjennomgang av adopsjonsprosessen og organiseringa av adopsjonssakene i dag
2.1 Generelt om adopsjon - formål, vilkår og verknad
2.1.1 Formålet med adopsjon
Formålet med adopsjon er i første rekkje å gje ein god og varig heim til eit barn som dei biologiske foreldra ikkje kan ta hand om. Det er eit grunnleggjande prinsipp at adopsjon skal vere til beste for barnet , og at adopsjon skal skje i samsvar med barnet sine grunnleggjande rettar. Dette er regulert i "Lov om adopsjon 28. februar 1986 nr. 8" med forskrifter og i internasjonale konvensjonar om adopsjon.
"Konvensjon 29. mai 1993 om vern av barn og samarbeid ved internasjonale adopsjoner" (Haagkonvensjonen) legg viktige rammer for arbeidet med adopsjonar over landegrensene. Haagkonvensjonen tro i kraft for Noreg 1. januar 1998. Konvensjonen tek utgangspunkt i og fører vidare prinsipp nedfelte i FN sin barnekonvensjon.
Formålet med Haagkonvensjonen er tredelt:
- å etablere garantiar for å sikre at internasjonale adopsjonar skjer til beste for barnet, og med respekt for dei grunnleggjande rettane til barnet
- å etablere eit system for samarbeid mellom deltakarstatane for å sikre at desse garantiane blir respektert, for dermed å hindre bortføring av og handel med born
- å sikre gjensidig godkjenning landa imellom av adopsjonar gjennomført i samsvar med konvensjonen.
Konvensjonen legg opp til at ansvaret for internasjonale adopsjonar skal delast mellom landet barnet opphavleg kjem frå ("the State of origin") og mottakarlandet ("the receiving State"). Landet barnet kjem frå har ansvaret for at føresetnadene for adopsjon er til stades når det gjeld barnet. Dette landet har vidare ansvaret for at nødvendige samtykke er gjevne av rette personar og styresmakter. Mottakarlandet er ansvarleg for at adoptivsøkjarane kan godkjennast som adoptivforeldre, og at dei har fått tilfredsstillande rådgjeving. Mottakarlandet har vidare ansvaret for at barnet får innreiseløyve og også permanent opphald i landet.
Konvensjonen etablerar eit system med sentralstyresmakter til å utføre dei plikter som konvensjonen legg på slike styresmakter. Departementet har utpeika BUFA som sentralstyresmakt etter konvensjonen i Noreg.
2.1.2 Kort om vilkåra for adopsjon i adopsjonslova
Prinsippet om at adopsjon skal vere til beste for barnet er nedfelt i adopsjonslova § 2. I tillegg stiller lova krav om at den som søkjer om å adoptere anten sjølv ønskjer å oppfostre barnet, har oppfostra det eller at det er ein annan særleg grunn til adopsjon. Adopsjonslova § 3 set ei nedre aldersgrense på 25 år som vilkår for å kunne adoptere. Reint unntaksvis er det likevel opna for å gje løyve til den som har fylt 20 år.
Den som er under 18 år kan ikkje adopterast utan samtykke frå den eller dei som har foreldreansvaret, jf. adopsjonslova § 7. Forelder utan del i foreldreansvaret skal så vidt mogleg få høve til å uttale seg før vedtak vert gjort. Born som har fylt 12 år kan ikkje verte adoptert utan eige samtykke, jf. adopsjonslova § 6.
Det er med heimel i adopsjonslova utarbeidd nærare forskrifter og retningslinjer, mellom anna "Rundskriv om utenlandsadopsjon med retningslinjer for undersøkelse og godkjenning av adoptivhjem" frå september 1998, og retningslinjer om "Saksbehandling ved søknad om innenlands- og utenlandsadopsjon og særlig om skjønnsutøvelse ved innenlandsadopsjon" frå desember 2002.
2.1.3 Verknad av adopsjon
Vedtak om løyve til adopsjon er eit forvaltningsvedtak av heilt spesiell karakter. Det er eit vedtak som er svært inngripande med vidtrekkjande familierettslege følgjer. Adopsjon bryt med endeleg verknad alle familierettslege band mellom barnet og biologiske foreldre og deira slekter. Dette fører til at barnet ikkje lenger har arverett etter biologiske foreldre og deira slekt, og at forsørgjaransvaret til dei biologiske foreldra fell bort. Biologiske foreldre vil vidare ikkje lenger ha nokon rett til samvær eller kontakt med barnet. Samstundes vert tilsvarande band, rettar og plikter oppretta mellom adoptivbarnet, adoptivforeldra og deira slekter. Adoptivbarnet får same rettsstilling i adoptivfamilien som biologiske born ville hatt, jf. adopsjonslova § 13.
2.2 Adopsjonsprosessen
Prosessen frå søknad fram mot eventuell gjennomføring av ein adopsjon er forskjellig avhengig av om søknaden gjeld ein utanlandsadopsjon, dvs. adopsjon av eit barn busett i utlandet, eller innanlandsadopsjon, ein adopsjon av eit barn busett i Noreg. "Lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker" (forvaltningslova) gjeld ved handsaminga av søknader om adopsjon. Retningslinjene om sakshandsaming ved søknad om adopsjon frå desember 2002 gjev nærare reglar for sakshandsaminga av adopsjonssaker.
2.2.1 Adopsjonsprosessen ved adopsjon av born frå utlandet - utanlandsadopsjon
Det følgjer av adopsjonslova § 16 e første ledd, at den som er busett i Noreg ikkje må adoptere born frå framand stat utan førehandssamtykke til adopsjon. Kravet om førehandssamtykke er nedfelt for å sikre interessene til barnet, mellom anna at det får ein trygg, varig og god heim.
Det er kommunen der søkjarane bur som skal utgreie søkjarane og gje tilråding i saka. Kommunane står fritt til å organisere arbeidet. Oftast vert ansvaret for utgreiingsarbeidet lagt til barneverntenesta. Utgreiinga i kommunen som er nedfelt i ein sosialrapport, er hovudgrunnlaget for avgjerda om førehandssamtykke.
Sosialrapporten med tilråding følgjer som eit vedlegg til søknad om adopsjon saman med ulike attestar. Søknaden vert sendt til BUFA som er delegert mynde frå departementet til å vedta førehandssamtykke. Det er såleis dette kontoret som gjer vedtak i sakene som førsteinstans.
Handsaminga av saka i BUFA har to føremål. Det eine er å vurdere om søkjarane er eigna til å vere adoptivforeldre. Samstundes skal kontoret vurdere om framgangsmåten for gjennomføring av adopsjonen er i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. Hovudregelen er at ein internasjonal adopsjon skal skje gjennom ein godkjent organisasjon for å sikre at adopsjonen blir gjennomført på ein forsvarleg måte. Unntaksvis kan adopsjon gjennomførast utanom godkjent adopsjonsorganisasjon. I desse tilfella krev det omfattande kunnskap hjå adopsjonsstyresmaktene om adopsjonslovgjevinga i landet barnet skal adopterast frå for å sikre at også desse adopsjonane skjer i samsvar med dei grunnleggjande rettane til barnet.
Vedtaket om førehandssamtykke skal innehalde ei tilråding om tildeling av eit barn i ei bestemt aldersgruppe og opplyse om kva for land barnet skal bli adoptert frå. Eit førehandssamtykke gjeld i to år frå utskrivingsdato med høve til forlenging i ytterlegare eitt år. Når eit førehandssamtykke er gjeve, gjeld adopsjonen i Noreg når han er endeleg gjennomført i utlandet.
I 2002 handsama BUFA 814 søknader om førehandssamtykke. Det vart gjeve førehandssamtykke i 761 av sakene, medan søkjarane fekk avslag i 53 av sakene. Om lag 10 til 20 av sakene gjaldt søknad om adopsjon utanom godkjent adopsjonsorganisasjon.
Eit avslag på søknad om førehandssamtykke til adopsjon av barn frå utlandet kan i dag påklagast til Barne- og familiedepartementet. I 2002 handsama departementet 30 klager på avslag om søknad om førehandssamtykke til adopsjon.
Adopsjonsorganisasjonanesom er godkjende etter "Forskrift om krav til organisasjon som formidler barn fra fremmed stat med sikte på adopsjon" av 30. november 1999, står for det praktiske og administrative arbeidet i samband med sjølve formidlinga av adopsjon av born frå utlandet. Det er tre godkjende adopsjonsorganisasjonar i Noreg: Adopsjonsforum, Verdens Barn og InorAdopt. Adopsjonsorganisasjonane har også til oppgåve å rettleie søkjarane for å finne eit land som har eit regelverk som i utgangspunktet ikkje er til hinder for tildeling av barn til nett desse søkjarane. Når førehandssamtykket med underliggjande dokument er sendt adopsjonsorganisasjonen som har teke på seg å formidle adopsjonen, sørgjer organisasjonen for å førebu saka og sende ho over til styresmaktene i det landet som er valt . I all hovudsak er det styresmaktene i dette landet som vel foreldre til borna blant søkjarar godkjende i mottakarlandet. Sosialrapporten utarbeidd i kommunen er grunnlaget også for denne vurderinga. Det kan skje at enkelte søkjarar må vente lenge, og det har i svært sjeldne tilfelle hendt at styresmaktene i landet ikkje har vilja tildele godkjende søkjarar eit barn. Adopsjonsorganisasjonane gjer også eit viktig arbeid etter at adopsjonen er gjennomført, mellom anna som bindeledd mellom familiar som har adoptert.
Barne- og familiedepartementet har oppnemnd eit fagleg utval for adopsjonssaker. Utvalet, som er oppnemnd for to år om gongen, skal vere samansett av ein spesialist i allmennmedisin, ein psykolog/psykiater med klinisk erfaring frå arbeid med born og ein psykolog/psykiater med klinisk erfaring frå arbeid med vaksne. Utvalet skal gje tilråding i enkeltsaker og prinsipielle saker som BUFA eller departementet legg fram for det. Dette kan mellom anna gjelde saker som reiser problemstillingar av medisinsk eller psykologisk karakter. I 2002 gav utvalet uttale i til saman 31 saker som gjaldt søknad om førehandssamtykke.
Fagleg utval skal vidare etter sitt mandat mellom anna godkjenne framlegg frå utanlandske styresmakter om å tildele foreldre til utanlandske born som har særlege behov, til dømes born med funksjonshemming, eldre born eller søskengrupper. I 2002 handsama utvalet 24 slike saker.
Adopsjonen blir endeleg gjennomført i Noreg eller i utlandet avhengig av kva for land barnet kjem frå. Dersom adopsjonen er gjennomført i landet barnet opphavleg kjem frå, skal dei utanlandske dokumenta sendast BUFA. BUFA kontrollerer dokumenta og registrerer adopsjonen i det sentrale adopsjonsregisteret med oversikt over alle adopsjonar frå 1917. Når adopsjonen skal gjennomførast i Noreg, må dei utanlandske frigjevingsdokumenta sendast BUFA, slik at adopsjonen kan gjennomførast her i landet snarast råd er.
2.2.2 Adopsjonsprosessen ved adopsjon av born busette i Noreg - innanlandsadopsjon
Det er mange ulike situasjonar som kan føre fram til ein adopsjon av eit norsk barn, og som vert gjennomført etter reglane om innanlandsadopsjon. BUFA handsamar alle søknader om adopsjon av norske born og har fått delegert mynde til å gje adopsjonsløyve i desse sakene. BUFA ber kommunane gjere ei utgreiing av barnet sin situasjon i samband med handsaminga av søknaden dersom det er behov for ytterlegare opplysningar i saka.
Den eine ektefellen/partnaren kan med samtykke frå den andre ektefellen/partnaren adoptere borna til denne, jf. adopsjonslova § 5 a. Søknad om adopsjon av stebarn utgjer årleg det største talet saker der det vert søkt om adopsjon av norske born. I 2002 handsama BUFA 142 saker der det var søkt om stebarnsadopsjon. Det vart gjeve adopsjonsløyve i 114 saker, medan 28 saker vart avslått.
Dei biologiske foreldra til barnet eller ein av dei, som oftast mora, kan be offentlege styresmakter om hjelp til å adoptere bort barnet sitt når dei sjølve ikkje kan ta hand om det. Handsaming av desse sakene er regulert i adopsjonslova § 16 c med tilhøyrande "Forskrift om formidling av innenlandsadopsjon der foreldre samtykker til adopsjon" av 30. november 1999. På same måten som ved søknad om førehandssamtykke til utanlandsadopsjon utgreier kommunen søkjarane og gjev tilråding om adopsjon også i saker der foreldra samtykkjer til adopsjon. Søknadene blir sende til BUFA for registrering. BUFA er tillagt sekretariatsfunksjon for Fagleg utval for adopsjonssaker som har ansvar for å finne den til kvar tid best eigna familie til det enkelte barn blant registrerte søkjarar. Det er mogleg å søkje parallelt om å adoptere born frå utlandet og frå Noreg. Avgjerd i det faglege utvalet om tildeling kan ikkje påklagast, jf. adopsjonslova § 16 c og forskrift 30. november 1999. I 2002 handsama utvalet 9 slike tildelingssaker.
I dei tilfella der foreldra er fråtekne foreldreansvaret for barnet sitt etter barnevernlova, er det fylkesnemnda for sosiale saker som kan gje samtykke til adopsjon i foreldra sin stad, jf. barnevernlova § 4-20. Vedtaket i fylkesnemnda kan bringast inn for domstolen for overprøving. Etter at fylkesnemnda har gjeve samtykke til adopsjon etter reglane i barnevernlova, går adopsjonssøknaden frå fosterforeldra til adopsjonsstyresmaktene. Adopsjonsstyresmaktene kan ta saka til handsaming når det ligg føre rettskraftig vedtak eller dom i saka etter barnevernlova. Sjølv om fylkesnemnda har gitt samtykke til adopsjonen etter barnevernlova og vurdert at adopsjon vil vere til beste for barnet, må BUFA i utgangspunktet gjere ei sjølvstendig vurdering av om vilkåra i adopsjonslova er oppfylte. Det er i desse tilfella viktig for BUFA å klargjere om det er komne nye opplysningar i saka etter handsaminga i fylkesnemnda. Det vart i 2002 gjeve løyve til adopsjon i 27 saker som gjaldt fosterbarn.
Dersom ingen har foreldreansvaret for eit barn etter eit dødsfall, kan dei som ønskjer foreldreansvaret vende seg til domstolen for å få det, jf. "Lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre" (barnelova) §§ 36 og 37. Dei som får foreldreansvaret etter reglane i barnelova kan seinare søkje om å adoptere barnet. Sjølv om søkjarane av domstolen allereie er vorte vurderte til å vere eigna for å ha foreldreansvaret for barnet, skal BUFA også i desse tilfella prøve om dei alminnelege vilkåra etter adopsjonslova for å gje adopsjonsløyve er til stades.
Adopsjonslova er ikkje til hinder for adopsjon av vaksne. Adopsjon av vaksne har som oftast sin bakgrunn i eit stebarn- eller fosterbarnforhold der ein ønskjer å formalisere det som allereie er eit etablert familieforhold. Også overføring av foreldreansvaret etter barnelova §§ 36 og 37 kan gje grunnlag for å adoptere barnet etter at det er vakse. Generelt vert det ført ein streng praksis i desse sakene.
Vedtaket i BUFA om å gje eller avslå søknad om løyve til adopsjon kan påklagast til Barne- og familiedepartementet. Sakene og sakshandsaminga skil seg frå utanlandssakene mellom anna ved at det kan vere mange som er partar i saka: adoptivsøkjarane, biologiske foreldre og eventuelle andre med foreldreansvar og den det vert søkt om adopsjon for (avhengig av alder). I 2002 handsama departementet 24 klager på vedtak som gjaldt innanlandsadopsjon.
3 Systemet for handsaminga av adopsjonssøknader i sverige og danmark
Adopsjonslovene i Noreg, Sverige og Danmark har sitt opphav i eit fellesnordisk lovarbeid. Lovene i dei tre landa inneheld såleis langt på veg samanfallande materielle vilkår. Systemet for handsaming av den enkelte adopsjonssøknad skil seg derimot frå kvarandre i desse landa.
3.1 Sverige
Ein innanlandsadopsjon i Sverige vert gjennomført ved domstolen. Før det vert teke avgjerd, skal det hentast inn uttale frå vedkomande kommunale socialnämnd. Domen i Tingsrätten kan ankast inn for Hovretten og vidare til Ytterste högste domstolen.
Adopsjonar der dei biologiske foreldra til barnet bed styresmaktene om hjelp for å gjennomføre adopsjon vert også formidla gjennom socialnämndene i kommunane.
I utanlandssakene er det socialnämnden i kommunen som utgreier søkjarane og avgjer om søkjarane skal få førehandssamtykke til adopsjon. Eit avslag kan påklagast til Länsretten og vidare til Kammarrätten og til Regjeringsrätten som øvste instans. Socialnämnden har sjølvstendig anketilgang for Kammarrätten dersom Länsretten omgjer avslaget i socialnämnden.
Adopsjonsformidlinga vert gjennomført av ein godkjent adopsjonsorganisasjon. Statens nämnd för internationella adoptionsfrågor (NIA) avgjer søknad om adopsjon utanom godkjend adopsjonsorganisasjon. NIA er eit forvaltningsorgan underlagt Socialdepartementet med elleve medlemer, og har eit eige sekretariat. NIA er sentralstyresmakt etter Haagkonvensjonen, og gjev mellom anna formidlingsløyve til adopsjonsorganisasjonane og fører tilsyn med dei.
Der adopsjonen vert endeleg gjennomført i landet barnet opphavleg kjem frå, gjeld den automatisk i Sverige når dette er eit land som har ratifisert Haagkonvensjonen. NIA godkjenner adopsjonar gjennomført i land som ikkje har ratifisert konvensjonen. Dersom adopsjonen ikkje er gjennomført i utlandet før barnet kjem til Sverige, er det svensk domstol som gjev løyve til adopsjon.
3.2 Danmark
Alle innanlandske adopsjonar i Danmark vert gjennomført ved løyve frå statsamtet (fylkesmannen). Handsaminga av sakene varierer noko mellom sakstypane avhengig av kva for tilknyting adoptivsøkjarane har til barnet, og avhengig av om biologiske foreldre samtykkjer til adopsjonen. Adoptionsnævnet eller Civilretsdirektoratet er klageorgan for avgjerd i statsamtet. Når biologiske foreldre ikkje samtykkjer, kan saka bringast inn for retten. Adoptionsnævnet med ti medlemer er oppnemnd av justisministeren, og er eit uavhengig organ med sjølvstendig sekretariat. Nævnet er leidd av ein jurist, og er elles sett saman av mellom anna psykolog, lege og sosialrådgjevar.
Adopsjon av born frå utlandet krev som hovudregel ei førehandsgodkjenning frå søkjarane si amtskommune (fylkeskommune). Avgjerda vert teken av det amtskommunale adoptionssamråd. Samrådet er sett saman av tre medlemer som er sosialrådgjevar, lege og jurist. Adoptionsnævnet er klageorgan. Undersøkinga og godkjenning av søkjarane er oppdelt i tre fasar: Først vert det vurdert om søkjarane oppfyller dei generelle krava. Dersom søkjarane ikkje oppfyller vilkåra, vil samrådet gje avslag på søknaden. Dersom vilkåra er oppfylt, går søkjarane til fase to som er eit obligatorisk adopsjonsførebuande kurs. Etter dette kurset vert det gjort ei individuell vurdering av om søkjarane er eigna til å adoptere eit barn frå eit anna land. Adopsjonsformidlinga skjer gjennom to godkjende adopsjonsorganisasjonar. Civilretsdirektoratet kan i særlege tilfelle tillate adopsjon utanom organisasjon.
Når adoptivbarnet er kome til Danmark, sender amtskommunen søknad om løyve til adopsjon til statsamtet som legg søknaden fram for Civilretsdirektoratet. Direktoratet sjekkar at alle nødvendige samtykke frå utanlandske styresmakter ligg føre. Deretter skriv statsamtet ut adopsjonsløyvet.
Civilretsdirektoratet er sentralstyresmakt etter Haagkonvensjonen.
4 Vurdering av og framlegg til ny organisering av handsaming av søknad om adopsjon
4.1 Innleiing
Departementet la i "Ot.prp. nr. 63 (1997-98) Om lov om endringer i lov 28. februar 1986 nr. 8 om adopsjon m.m." fram forslag til nytt kapittel 3A i adopsjonslova som regulerer nærare adopsjonsformidlinga av norske og utanlandske adopsjonar. Stortinget har såleis ved handsaming av proposisjonen for ikkje lenge sidan teke stilling til sentrale spørsmål når det gjeld organisering av adopsjonssakene, mellom anna den rolla kommunane har som utgreiingsinstans ved utanlandsadopsjon.
Kommunane si oppgåve med å utgreie søkjarane ved søknad om førehandssamtykke til adopsjon av born frå utlandet vart nedfelt i lova. Det vart vidare vedteke å lovfeste eit generelt forbod mot privat formidlingsverksemd av born frå utlandet, men opna for at organisasjonar kan få særskilt løyve frå departementet til å drive slik verksemd. Tilhøvet mellom styresmaktene og organisasjonane vart klargjort ved endringa. Når det gjaldt utanlandsadopsjonane var formålet med endringane i første rekkje å presisere og tydeleggjere det systemet som allereie låg der.
Ved innanlandsadopsjon vart det underforstått i lovendringane at adopsjonsformidlinga skal skje gjennom eit eige utval, Fagleg utval for adopsjonssaker, oppnemnd av departementet. Det vart vidare gjeve ein forskriftsheimel for denne formidlinga. Mynde til å gje løyve ved innanlandsadopsjon vart elles overført frå fylkesmennene til BUFA. Formålet med denne endringa var mellom anna å skape eit meir heilskapleg system for handsaminga av innanlands- og utanlandsadopsjonane. Endringane førte også til at BUFA si sentrale rolle på adopsjonsområdet vart ytterlegare tydeleggjort og presisert.
Etter den tid har Stortinget handsama "Ot.prp. nr. 9 (2002-2003) Om lov om endringer i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester og lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontor". Det vart gjort vedtak 11. februar 2003 om statleg overtaking av det fylkeskommunale barnevernet og familievernet frå 1. januar 2004. Barne- og familiedepartementet meinar det er svært viktig at adopsjonssakene vert sikra ei forsvarleg og heilskapleg handsaming når ein ser på spørsmålet om ny organisering. Barnevernet og familievernet og adopsjonsfeltet er fagområde som har mange fellestrekk og med til dels samanfallande kompetansebehov. Organisering av adopsjonssakene bør derfor sjåast i samanheng med dei endringane som skal skje innanfor barnevernet og familievernet.
4.2 Nærare om utgreiingsinstansen. Kommunane
Etter adopsjonslova § 16 e er det kommunen som skal utgreie adoptivsøkjarar. Departementet vil understreke at kommunen har nærleik til søkjarane og det beste grunnlaget for å gjere utgreiinga og gje tilråding om søkjarane er eigna til å adoptere. Det er også kommunen som i hovudsak har ansvaret for dei tenester som adoptivfamilien kan kome til å trenge etter at barnet kjem heim. Vidare har kommunen på barnevernfeltet oppgåver som har stor likskap med utgreiing av foreldre/heim til adoptivborn.
Det fåtal av adopsjonssaker som vert handsama i den enkelte kommune, tilseier derimot at den endelege avgjerda vert lagt til eit meir sentralisert nivå. Eit adopsjonsløyve har vidfemnande verknader for det einskilde barnet og dei andre partane i adopsjonssaka. Departementet vil særleg peike på at også eit førehandssamtykke til adopsjon av eit barn frå utlandet får omfattande rettsverknader. Adopsjonen gjeld direkte her i landet når han er gjennomført i utlandet. Eit førehandssamtykke har såleis same rettsverknad som eit norsk adopsjonsløyve. Både omsynet til barnet og styresmaktene i landet barnet opphavleg kjem frå, krev at den endelege avgjerda i sakene ikkje skjer i kommunane, men på eit høgare nivå i forvaltninga. Ei meir sentralisert avgjerd av sakene vil såleis styrkje rettsvernet for søkjarane og barnet, og sikre lik handsaming og eins praksis. Departementet meiner at kommunen framleis må vere utgreiingsinstans med mynde til å gje tilråding.
4.3 Organisering av handsaminga av adopsjonssøknadene i førsteinstansen og klageinstansen
4.3.1 Alternative modellar for organisering av handsaminga av adopsjonssøknader
Departementet har vurdert ulike alternativ for organisering av arbeidet med adopsjonssøknader i førsteinstansen og i klageinstansen. Ei alternativ organisering av adopsjonssakene kunne vere å leggje handsaminga av sakene tilbake til fylkesmannen som førsteinstans med BUFA som ny klageinstan s. Fylkesmannen var fram til overføringa av innanlandssakene til BUFA i 1999 delegert mynde til å gje adopsjonsløyve ved søknad om slik adopsjon. I tillegg til behovet for å samordne handsaminga av innan- og utanlandsadopsjonane, tala den ulike praksisen fylkesmannsembeta i mellom, opplysningar frå fylkesmennene om sakshandsaminga og prioriteringa av sakene for ei overføring til ein sentral instans. Framlegget frå Barne- og familiedepartementet om overføring av sakene til BUFA fekk brei støtte i høyringsrunden. BUFA og alle dei 15 fylkesmannsembeta som uttalte seg var mellom dei som støtta forslaget. Departementet vil også framheve at fylkesmannen i framtida er meir tiltenkt ei rolle som ein instans som skal verne om rettstryggleik og ha tilsynsoppgåver på ulike område. På denne bakgrunnen er fylkesmannen etter departementet si meining ikkje eigna som førsteinstans for handsaminga av adopsjonssaker.
Departementet har vidare vurdert om BUFA bør halde fram som førsteinstans som i dag, men med ein annan klageinstans enn departementet. Det har i denne vurderinga vore naturleg å ta utgangspunkt i eksisterande etatar med tilknyting til Barne- og familiedepartementet. Fylkesnemndene for sosiale saker kan då peike seg ut som ny klageinstans. Fylkesnemndene for sosiale saker er frittståande og uavhengige forvaltningsorgan som er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet. Det er i dag tolv fylkesnemnder fordelt på tre regionar. Utanom tvangssaker etter barnevernlova, handsamar nemndene tvangssaker etter lov om sosiale tenester. Fylkesnemnda i Oslo og Akershus er også tillagt oppgåver etter lov om smittevern. Særlege sakshandsamingsreglar for fylkesnemndene er nedfelt i "Lov om barneverntjenester" og "Lov om sosiale tjenester m.v." Vidare gjeld også "Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker" for sakshandsaminga i fylkesnemndene. Barnets beste er sentrale vurderingstema både i barnevern- og adopsjonssaker. Likevel må adopsjonssakene seiast å skilje seg vesentleg frå sakstypane i fylkesnemnda som eine og åleine er saker om offentlege tvangsinngrep overfor enkeltpersonar. Fylkesnemnda har ein domstolliknande prosess ved sakshandsaming i nemnda som heller ikkje ville passe for handsaming av søknader om adopsjon . Vidare ligg det innanfor fylkesnemndsystemet ikkje til rette for saksførebuing som vanlege forvaltningssaker krev. Både ulikskap når det gjeld sakstype og formålstenleg handsaming av adopsjonssakene gjer såleis at det ikkje er naturleg å velje fylkesnemndene som klageinstans for adopsjonssaker. Vidare vil nemndshandsaming av adopsjonssakene vere svært ressurs- og kostnadskrevjande utan at det er grunn til å tru at dette vil føre til tilsvarande styrkt rettstryggleik. Departementet har på denne bakgrunn kome til at fylkesnemndene for sosiale saker ikkje er aktuelle som ny klageinstans for adopsjonssaker.
4.3.2 Framlegg til ny organisering
Barne- og familiedepartementet vil gjere framlegg om at regionane i den nye organisasjonen for det statlege barnevernet og familievernet overtek førsteinstanshandsaminga av søknader om adopsjon frå BUFA, og at BUFA blir ny klageinstans for desse sakene i staden for departementet.
Avgjerda i Stortinget om ny organisering av det fylkeskommunale barnevernet og familievernet inneber ein statleg modell med ein fagetat direkte underlagt departementet. Fagetaten skal omfatte eit statleg sentralt forvaltningsorgan og fem statlege regionale einingar. Forvaltningsorganisering vart vald mellom anna fordi det fylkeskommunale barnevernet ikkje berre driv tenesteyting, men også utøving av offentleg mynde. Det er lagt opp til at BUFA skal byggjast ut til å vere det sentrale, statlege forvaltningsorganet.
Endringane i barnevernlova og familievernlova dreier seg i hovudsak om organisatoriske endringar. Det er ikkje foreslått nokon endringar i oppgåvefordelinga for det ansvaret som etter gjeldande barnevernlov er lagt til statlege eller kommunale organ. Det er understreka at nærleik og dialog mellom statlege og kommunale aktørar er ein nødvendig føresetnad for gjennomføring av tenestetilbodet. Eit utvida statleg ansvar og ei meir heilskapleg styring av andrelinjetenesta i barnevernet vil kunne gje kommunane større tryggleik for at dei vil få den hjelp dei har krav på frå statlege styresmakter ved plassering av born utanfor heimen. Det er lagt til grunn at det er behov for ein sterk, fagleg kompetent leiing av verksemda i den statlege barnevern- og familievernetaten.
Ansvars- og oppgåvefordelinga på adopsjonsfeltet har vore vurdert ved fleire høve. Før Barne- og familiedepartementet vart oppretta, var det overordna ansvaret til dømes delt mellom ulike departement. Diskusjonen har til dels vore prega av at det har vore vanskeleg å finne ei naturleg og oversiktleg organisering av adopsjonssakene innanfor dei eksisterande forvaltningsnivåa. Dette var mellom anna bakgrunnen for opprettinga av Statens adopsjonskontor i 1987 som fekk eit sentralisert ansvar for handsaminga av adopsjonssøknader. Handsaminga av dei norske adopsjonane vart på det tidspunktet liggjande hos dei 19 fylkesmannsembeta. Ved lovendringane i adopsjonslova i 1999 var det ein viktig føresetnad for den nye organiseringa av arbeidet med adopsjonssakene å samle erfaring frå og kompetanse om utan- og innanlandsadopsjon i BUFA. På bakgrunn av den kunnskapen departementet hadde om den ulike praksisen hos fylkesmennene vart deira rolle ved handsaminga av adopsjonssakene særleg vurdert. Departementet vurderte mellom anna om oppretting av fire-fem regionar med enkelte oppgåver på adopsjonsfeltet kunne føre til større oppbygging og vedlikehald av kompetanse. Sjølv om departementet såg føremoner ved ei slik organisering, meinte departementet at det den gongen likevel var uaktuelt å opprette nye og sjølvstendige einingar utan forankring i det eksisterande forvaltningssystemet. Når det no er vedteke ei ny statleg organisering av barnevernet og familievernet med fem regionar og eit sentralt forvaltningsorgan, får ein eit forvaltningssystem som òg passar handsaminga av adopsjonssakene særs godt.
Endringa i 1999 har etter departementet sitt syn ført til eit meir oversiktleg og samordna forvaltningssystem for adopsjonssakene. Dette blir etter departementet si meining halde ved lag dersom ein delegerer førsteinstanshandsaminga av søknader både ved innan- og utanlandsadopsjon til fem regionale nivå med BUFA som klageinstans.
BUFA har allereie i dag breitt samansette oppgåver på barne-, ungdoms- og familieområdet. Ved å gje BUFA ansvaret for dei oppgåvene som skal liggje hos den sentrale etatsleiinga på barnevern- og familievernområdet, vil ein få eit organ som ytterlegare styrkjer og samordnar sentrale forvaltningsoppgåver på desse områda. Dette vil kunne gje faglege og administrative samordningsvinstar også for handsaming av adopsjonssøknader. BUFA vil som styresmakt på sentralt nivå ha det overordna ansvaret for kompetanseutvikling, fagutvikling og kvalitetsutvikling også i regionane. Adopsjonssakene vil inngå i ein større fagleg samanheng på alle nivå i sakshandsaminga. Omsynet til barnets beste er til dømes eit sentralt vurderingstema både i barnevernsakene og adopsjonssakene der det er viktig å nyttiggjere seg kompetanse som er felles for områda.
BUFA er som sentralstyresmakt på adopsjonsfeltet i dag pålagt den viktige oppgåva å føre kontroll og tilsyn med alle sider ved adopsjon av utanlandske born til Noreg. Tilsynsoppgåvene BUFA er pålagt er både komplekse og omfattande. Formålet er mellom anna å sikre at adopsjonar skjer med respekt for dei grunnleggjande rettane til barnet, og at bortføring av eller handel med born ikkje skjer. Organisasjonane må ha løyve frå BUFA for å drive formidlingsverksemd. Arbeidet med formidlingsløyva til organisasjonane og arbeidet med å gje førehandssamtykke er viktige for å utøve eit effektivt tilsyn. Tilsynsansvaret krev omfattande kunnskap om og oversikt over adopsjonslovgjevinga og adopsjonsverksemda generelt i dei land norske styresmakter samarbeider med. Nær kontakt og samarbeid med andre sentralstyresmakter er såleis ein viktig føresetnad for dette arbeidet. Adopsjon over landegrensene har også sterke utanrikspolitiske sider. Det er difor nødvendig at BUFA har eit nært samarbeid med Utanriksdepartementet og norske utanriksstasjonar generelt og i konkrete enkeltsaker. BUFA handsamar kvart år svært mange enkeltsaker som må ha høg prioritet.
Sjølv om det også ligg føre objektive kriterium for handsaming av adopsjonssaker i adopsjonslova og retningslinjene, er dette sterkt skjønnsprega saker. Dette krev ei heilskapleg vurdering av søkjarane som stiller alle instansar som handsamar sakene overfor vanskelege avvegingar. Oppfatninga av kva som er eit godt, fagleg skjønn i ei konkret enkeltsak, vil ikkje alltid vere eintydig. Forsvarleg handsaming av adopsjonssakene stiller krav til god juridisk og sosialfagleg kompetanse. Samstundes vil enkelte saker reise heilt særskilde spørsmål som vil krevje meir sakkunnig kompetanse hjå adopsjonsstyresmaktene. Regionane vil etter departementet si meining kome til å sitje på den breie kompetansen som er nødvendig for å ta ei god fagleg avgjerd ved søknad om adopsjon. Dei nye regionane på barnevernfeltet vil også ha stor fagleg og organisatorisk nærleik til kommunane. Med fem regionar vil saksmengda i kvar enkelt region bli så stor at organet får brei erfaring og kunnskap både om innan- og utanlandsadopsjon. BUFA vil som sentral klageinstans medverke til å sikre einskapleg praksis og handsaming av adopsjonssakene i regionane.
Det har lenge vore ei prioritert oppgåve å styrkje kunnskapen om adopsjon til partane i ei adopsjonssak og dei instansar som handsamar sakene. Særleg har arbeidet med utgreiing av søkjarane i kommunane vore kritisert for å vere av varierande kvalitet. Kommunane har også fått kritikk for ikkje å ha nødvendig kompetanse om adopsjon. Samstundes må det understrekast at mange små og store kommunar gjer eit godt arbeid på dette feltet. Det som kjenneteiknar desse kommunane er at dei har fagpersonar med kunnskap om adopsjon, og som er dyktige til å nyttiggjere seg den kompetansen dei har på nærliggjande område som barnevern. Dei vurderingane som vert gjort ved utgreiing av fosterheimar er særleg relevant her. Framlegget frå departementet om å la regionane vere den instansen som gjev førehandssamtykke og løyve til adopsjon, vil gjere det enklare for BUFA å drive generelt opplærings- og informasjonsarbeid på adopsjonsfeltet mellom anna gjennom dei regionale einingane. Regionane vil ha større nærleik til adoptivsøkjarane og kommunane enn ein sentral avgjerdsinstans. Dette vil kunne gjere sitt til å effektivisere sakshandsaminga av dei enkelte sakene. Kommunane kan lettare vende seg til regionane for rettleiing undervegs i utgreiingsprosessen. Regionane kan på si side enklare kalle inn søkjarane til samtale dersom det er nødvendig for å opplyse saka ytterlegare før det vert teke avgjerd.
Departementet vil vurdere nærare kva rolle regionane kan ha i samband med nye adopsjonsførebuande kurs som er under utvikling. Det kan vere naturleg å sjå dette i samanheng med oppgåvene med å rekruttere og lære opp fosterheimar som er ei oppgåve som vil liggje i det regionale barnevernet.
Departementet sitt framlegg til ny organisering av adopsjonssakene vil framfor alt føre til at den faglege handsaminga av sakene blir ytterlegare styrkt. Etter departementet si meining vil den breie kompetansen som er føresett å liggje i den nye organisasjonen innan barnevernet og familievernet, kunne gjere at det ikkje er turvande å oppretthalde Fagleg utval som rådgjevande organ for BUFA i enkeltsaker. Dette gjeld også Fagleg utval si rolle som den instansen som godkjenner framlegg frå utanlandske styresmakter om å tildele foreldre til utanlandske born med særlege behov.
Det følgjer av adopsjonslova at det skal vere eit eige utval som skal formidle adopsjon i dei tilfella ei biologisk mor ber om hjelp til å adoptere bort barnet sitt. Framlegget til ny organisering av adopsjonssaker opnar for at regionane kan få ei rolle ved handsaminga av desse sakene for på best mogleg måte å ivareta barnet og dei biologiske foreldra. I dag skjer førebuinga til slik adopsjon gjennom sekretariatet for Fagleg utval i BUFA. Departementet vil vurdere nærare kva rolle regionane og utvalet bør ha i desse sakene.
Departementet sitt framlegg reiser særskilde spørsmål når det gjeld dei få søknadene om førehandssamtykke til adopsjon utanom godkjent adopsjonsorganisasjon. Som tidlegare nemnd krev desse sakene omfattande kunnskap hjå adopsjonsstyresmakta om adopsjonslovgjevinga i landet barnet skal adopterast frå. Det er BUFA som har denne kunnskapen som sentralstyresmakt etter Haagkonvensjonen. Det synest ikkje formålstenleg å byggje opp den særlege kompetansen som er nødvendig for å handsame desse sakene i regionane. Departementet vil vurdere nærare korleis ein kan finne ei forsvarleg og praktisk handsaming av sakene mellom regionane og BUFA på dette området, og korleis klagehandsaminga skal organiserast.
4.3.3 Behov for lovendringar
Framlegget frå departementet til ny organisering for handsaminga av søknader om adopsjon krev ingen lovendringar. Mynde til å gje adopsjonsløyve er i adopsjonslova lagt til departementet, jf. adopsjonslova § 1. Departementet kan delegere dette myndet til eit nytt forvaltningsorgan direkte underlagt departementet. Det same gjeld mynde til å gjere vedtak ved søknad om førehandssamtykke, jf. adopsjonslova § 16 e. Det er ein føresetnad for delegering av mynde til å gje løyve til adopsjon og førehandssamtykke at departementet ikkje går inn i enkeltsaker som er til handsaming i underliggjande instansar. Departementet styrer fagområdet gjennom lovverk og regelverk i form av forskrifter, retningslinjer og rundskriv.
5 Økonomiske og administrative konsekvensar
I 2002 handsama BUFA som nemnd ovanfor 814 søknader om førehandssamtykke om adopsjon av born frå utlandet, og i underkant av 200 søknader om adopsjon av norske born. Dei fleste av dei norske sakene gjaldt stebarnadopsjon . Ut frå tal frå tidlegare år er det grunn til å tru at det vil vere ca. 30 klager på avslag på søknad om førehandssamtykke kvart år . Vidare er det grunn til å tru at det vil vere ca. 20 til 25 klager som gjeld innanlandsadopsjon kvart år.
Dei økonomiske og administrative konsekvensane av framlegget frå departementet må sjåast i samanheng med dei endringane som følgjer av den statlege overtakinga av det fylkeskommunale barnevernet og familievernet. Barnevernet og familievernet og adopsjonsfeltet er fagområde som har mange fellestrekk og med til dels samanfallande kompetansebehov. Dette vil vere ein viktig føresetnad som det må leggjast vekt på ved oppbyggjinga av den nye organisasjonen innanfor barnevernet og familievernet. Etter departementet si meining vil den nye organiseringa av adopsjonssakene ikkje krevje fleire stillingsressursar enn i dag. Tvert om vil ei samordning av sentrale forvaltningsoppgåver på nærliggjande fagområde på sikt truleg føre til faglege og administrative samordningsvinstar også for handsaminga av adopsjonssakene.
Tidspunktet for iverksetjing av ny statleg organisering av barnevernet og familievernet er sett til 1. januar 2004. Sjølv om BUFA først etter kvart vil få det fulle ansvaret som sentralt forvaltningsorgan for barnevernet og familievernet, gjer Barne- og familiedepartementet framlegg om at den nye organiseringa av adopsjonssakene trer i kraft frå 1. januar 2004.
Oslo vert halde utanfor den statlege overtakinga av dei fylkeskommunale oppgåvene for barnevernet og familievernet, jf. ny § 2-3 a i barnevernlova. Det kan også verte sett i gang enkelte forsøk etter forsøkslova med kommunal oppgåvedifferensiering. Dette vil innebere at nokre større kommunar åleine eller fleire mindre i samarbeid overtek dei same oppgåvene i forsøksperioden. Departementet legg til grunn at dette ikkje vil få noko å seie for handsaminga av adopsjonssakene. Regionane vil vere førsteinstans med BUFA som klageinstans for alle sakene.